Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8943_MR_Borgund
Transkripsjon av filen #NEG_39_8943_MR_Borgund
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Det har vore, og er i noko mun enno vanleg skikk å gå med mat til barselkona. Det er serleg skyldfolk og grannekoner som no går med sengja- mat, som skikken kallast. 2: Ein skulle koma einskildvis. Å koma fleire i lag samstundes var ikkje bra. Då tok ein liksom høgtida frå kvarandre. 3: Nei, det var etter fritt og eige val. Men jamnaste var det rjomegraut, og då så rikeleg at heile husstanden fekk smaka. 4: Helst skulle ein koma med sengjamat så snart kona var fara i seng. Det var ikkje rett å drya så lenge til kona var oppattstaden. 5: Berre ein gong. 6: Helst rjomegraut frå gardkoner og slike som bodde i grannelaget, men kom dei lenger i frå, kom dei med korg. Her låg vaflar, lefse, bakkels av ymse slag, smør i øskje eller form,søst. 8: I dreia trefat, krusfat, eller steinty-terrin med lok. Rjomefettet fylgde med i eit lite spann. Grauten var strødd med sukker, kanel, eggeskiver og riven sukkerkavring eller kveitebrød. \[s. 2\] 9: All mat vart kalla sengjamat 10: Det var vanleg at husmora sjølv bar sengja- mat. Var det mykje å bera og lenger veg, fylgde det med ei smågjente til hjelp. I undtaks høve vart tenestegjenta send. 11: Mannen fylgde sjeldan med utan det trongst skyss til å få maten fram. 12: Sendingsfolket fekk alltid traktering som ved vanleg gjestevitjing. Ingen skilnad om bar- net var gut eller gjente. 13: Gjestebodet hadde ikkje noko sersskildt namn. 14: Barsøl var nemninga berre på dåpshøgtida 15: Vanleg var det berre til gifte mødre ein gjekk med sengjamat, men ein kunne og i ymse høve gå til ugifte. Då måtte ein visa takt og finkjensle og ikkje nemna farsskapet. 16: Skikken med sengjamat og barselgraut har endra seg etterkvart. Dei fleste barselkoner fer no helst til fødselsheimen i byen. Difor kjem gåvene no til dåps- dagen i form av bløtkaker, blomar mm. Etter dåpen vert gjevarane bodne til etterselskap. Denne skikken tok til for 20-30 år sidan. 17: Noko serskild gåve til den nyfødde var ikkje skikk før. 18: No gjev ein ei lita gåve i form av klær-tøy- stykker, tråd o.l. 19: Dåpsgilde var det sjeldan før, no er det vanleg. Dei som er med er fadderane, og næraste skyld- folk. 20: Dåpsgildet heitte før barsøl. No barnedåp. 21: Sendingar var vanleg før. Det var ei noko stor kake- lefser – bakkels- smør og søst. 22: Ho som bar – kom med største sendinga. 23: No vert det helst sendt bløtkaker eller blomar. \[s. 3\] B. Fødselsdag (åremålsdag) 24: Nei 25: Helst berre ved runde tal. 26: Det er vanleg at på sjølve dagen kjem kven som vil. Etterpå er det gilde for innbedne. 27: Det er vanleg skikk å gi gåver, men folk som kjem berre til å gratulera – gjev ikkje gåver. Helsingstelegram er det mest vanlege. 28: Nei 29: No må det vera sjokolade, kaffi, kringle og bløtkaker – (for barn med lys på). C. Konfirmasjon 30: Det var ikkje skikk å feira konfirmasjonen før. 31: No er det vanleg skikk. Tok til for 30-40 år sidan, og har vakse på etterkvart. 32: Presten og læraren vert sjeldan bedne. Det er fadderane til konfirmanten og nære skyldfolk. 33: Det vert sendt bløtkaker. 34: Gåver vert sende i form av presanger – eller pengar – ikkje berre gjester, men skyldfolk og vener. 35: Det vert servert fin middag – sidan kaffi og kaker – kveldsmat. D. Bryllup 36: Festarøl vart det slutt med for eit 50-60 år sidan 37: Det er sume som har ei festleg samankome i heimen til gjenta når trulova byter ringar; men det er ikkje vanleg. 38: Då brurevigsla som vanleg var under høg- messa sundag, kom dei første gjester laurdags kvelden. Det var skyldfolk som budde lengst i frå brudlaupsgarden. Alle gjester vart mottekne av kjøkemeisteren med ein dram ute på tunet. \[s. 4\] Når gjestene hadde benka seg til setes, kom kjellarmannen med ølbollen. Denne gjekk rundt frå mann til mann, stova rundt. Kvinnene sende oftast bollen i frå seg utan å smaka på ølet. Så var det kveldsmat laurdagskvelden. Då var det anten luta eller salta fisk og uskrella poteter. Fisken og potetene var lagd på same fat. Tinfat trefat eller brune krusfat, vart brukt til å setja fram på bordet. Midt i fatet stod ein kopp med dupp – Det var trædd talg av sau eller kjøtfeitt. På bordet stod ein «krukje» med flatbrød – (på eit vanleg langbord stod foresten tri slike flat- brød\[tirar\].) Alle skulle nå i flatbrødet utan at det vart sendt rundt. På bordet stod dess- utan smør i form eller i smørøskjer. Lefser, svelekaker og fjerdingar av runde brød låg der og, dertil fleire fat med søst (gumme). Dei brukte ikkje gaflar, knivar hadde kvar gjest med seg heimanfrå. Når brudlaupet var sett og kjøkemeisteren hadde sunge velkomst verset, sa han: «No må de ta opp knivane dykkar og forsyne dykk av det som er på bordet er eller kome kan». Måltidet enda med mjølke- supe av gryn eller mjøl. Ølskåla gjekk fleire vender rundt bordet under måltidet. Sundag tok til med morgondram til nykomne gjester, og dram på senga til dei som overnatta. Eit bakelse fylgde med å bita i attåt. Morgonmaten var om lag som kveldsmaten, men då var det ikkje suppe. – berre øl. Middag, sundag var salta kjøt og flesk, poteter og mjølkesuppe, øl og ein dram til kvar. Det vart framlagd \[?\]kar – (tallerken av tre eller tin) Kveldsmat sundag var som laurdagskvelden. \[?\] – flatbrødsetjing. \[s. 5\] Måndag var morgonmaten som laurdag og sundag. Måndag middag var det rjomegraut. Det var høgda i høgtia. Når gjestene var komne til bords, kom graut berarane med spelemannen først, så gjævaste matmora, og så dei andre hjelpeskonene og unge gjenter og gutar i rad etter kvarandre med kvar sitt graut- fat berande inn på borda. Første fatet vart sett fram for brurefolket av matmor nr.ein. Før toget gjekk inn i brudlaupsstova, gjekk toget ein runde kring i tunet, gjerne rundt tuntreet og spelemannen spela grautmarsjen. Tredjedagen var vigd hjelparane, kokka, matmødrene og tenarskap- kjøkmeister og kjellarmann, gardsfolk. Kjøkemeisteren sa så opp brudlaupet og vart til slutt teken opp gjennom \[?\]. 39: Ei sending var: 30 lefser, 30 svelekaker, 10 plater vafler, 40-50 rjomebakkels, 1 fat søst, 1 smørform eller smørøskje og ei brurkake, utkrota \[?\]. 40: Smøret var støypt i roseform. Smørøskja hadde gjerne lok med utskoren rose. 41: Nei 42: Gåvekorg. 43: Helst husmora når ho kom til brudlaupet. 44: Grannekonene sende mjølk og rjome til brud- laupsgarden kvelden før. Det var tenestgjenta eller vaksne døtre som gjekk med dette. Atti spannet fekk dei lagd smakebitar av brudlaupsmaten. 46: Dei som sto for maten og heimattsendinga kalla dei matmødre. Heimattsending vart lagd att i sendings- korga – det vart kalla å leggja att i korga. 47: Fleirdagsbrudlaup er det slutt med no. Det slutta for 30-40 år sidan. 48: No er det vanleg med å halda brudlaup på hotell. 49: Dette er mykje brukt no. 50: Brudlaupsgåver vert sendt til heimen. \[s. 6\] Fest på årsdagen for brudlaupet er lite brukt. Det er 25 års og 50 års – 60 års – 65 års og 70 årsdagen. \[\_E. Gravøl\] 52: Kvar grend hadde sitt gravølslag. Ein av familien gjekk til kvart hus i grenda og bad. Dessutan bad ein skyldfolk. 53: Gravølet varde ein dag. Skyldfolk som hadde lange vegar, kom kvelden før. Det var to måltider gravølsdagen. 54: Det var kakemat med lutefisk eller salta fisk til – øl- seinare kaffi. Maten vart servert ved langbord. 55: Ukjent. 56: Nei 57: Berre i heimen, men ein hadde stundom bord- sete på låven, eller i godver på tunet. Slik og i brud- laup. 58: Det var inga sending – men gravølslaget skøytte i med mjølk om det trengdest. 59 – 60 ukjent. 61: Ukjent. 62: For 20-25 år sidan var det skikk å gi gravøls- folket mat både før og etter gravferda – no er det berre slektfolk og gode vener og gardsfolk som vert bedne med i heimen etter gravferda. 63: Rusdrykk vert ikke servert i gravøl no. 64: Nei 65: Svar under nr. 62. 66: Svar under nr. 63. 67: Nei 68: Det er vanleg å setja lysinga om dødsfall i avisa, og då vert alle som vil fylgja til grava, bedne. 69: Denne skikken er no ei 20-25 år gamal. F. Nye festar 70: Nei \[s. 7\] 71: Morsdagen er det vanleg å feira no. Det tok ein til med for ei 10 år sidan. 72: Det har så smått teke til, men ikkje ålment. 73: Bløtkaker. 74: Lysingar i blada, i radio – borna på skulen har det travelt med å teikna morskort – telegram frå burteverande born er mykje brukt. 75: Gjennom aviser og «nyskikk» i byen.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste