Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8826_MR_Fræna
Transkripsjon av filen #NEG_39_8826_MR_Fræna
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: Sp.1. Det var grannekoner, venniner og slektningar som kom med Sengamat. Sp.2. Jamnast kom dei åleine-men kunde og koma eit par ilag. Sp. 3. Det var sjeldan avtala fyreåt. Sp. 4. Jamnast ei 8 dagar etter fødselen. Sp. 5. Det var vanleg ein gong. Sp. 6. I eldre tid var det vanleg rømmegraut. Sp. 7. Kom dei fleire gonger hadde dei ei god kake 2 dre gong. Sp.8. I eldre tid var det amber-Dall-Seinare ein fin Terrin- komme-av porselen eller steinty. Sp. 9. Det vart kalla Sengemat-eller barselsgraut. Sp. 10. Det var helst kona sjølv som skulle gå.men det hende at ho kunne sende beininga. Sp. 11. Mannen skulde aldri være med før i tida. Sp. 12. Dei skulle ha kaffi og finbrød-før og ein dram. Det var ingen skilnad om det var gut eller jentebarn. Fødselsgilde-Nybarnslag- Sp. 13. Barselkona var vanleg oppe att, når beininga kom. og noko «konemåltid» etterpå er ikkje kjend. Sp. 14. Ogso ugifte venniner gjekk med sengamat, men ikkje graut. Sp. 15. Det er enno so ymse, sume kjem med graut.men no er det vorte mest kaker av ømse slag og blomster, - ikkje søstsupe-Det er rekna som skralt. Sp. 16. Dei kunne ha med eit klesplagg til barnet. Sp. 18. Det er om lag likeeins no. Men det er fåare som går. No er det helst slike som er skyldig Sengamat(Dei har fått sjølve før) og so slektningar. Sp. 19. Når barnet vert døypt er det jamt bars-øll. Sp. 20 Sp. 21. Gjestane har med ei lita beining. Sp. 22. Det er berre gifte folk som er med i bars-ølet, som har med beiningar-ikkje ungdom. Sp. 23. Det er slik endå.Men alle faddrane må gje ei gåve B Fødselsdag. Sp. 24. For ei 50 år sidean var det ikkje vanleg med selskap. \[s. 2\] korkje for born eller eldre. Sp. 25. Det var berre ved høg alder og i serlege høve- ikkje kvart år. Sp. 26. Dei som sender helsingar.telegram eller gåver vert bedne, og so nere slektningar. Sp. 27. Det er skikk å gjeva ei lita gåve eller blomster. Men kven som helst gjer det. Sp. 28. I eldre tid var det festmat-serleg rømmegraut og øl. Sp. 29. No er det jamnast kaffi og all slags kaker og på toppen blautkake-men ogso sjokolade. C Konfirmasjon. Sp. 30. Det var inga feiring med fest,men konfirmanten fekk gåvor frå faddrane og slektningar.Og kom dei med gåva i heimen fekk dei vanleg traktering. Sp. 31. No held dei eit lite lag. Det er berre 5-10 år sidan det vart vanleg. Sp. 32. Slekt-faddrane og dei som har sendt telegram og gåver. Sp. 33. Gjestane har ikkje med matsendingar. Sp. 34. Kjende, slektningar-gjev Sp. 35. Ein har ein god middag og eit fint kaffebord. D. B r y l l u p. Sp. 36. Forlovelsesgilde er blitt litt brikt i det siste i sumø høve-men ikkje vanleg. Sp. 37. I eldre tid -for eit hundrad år sidan var det vanleg på gardane. Spm.38.I ein bryllaupsgard i eldre tid var det ikkje faste måltider.Maten var på bordet heile dagen-d.v.s.vanleg turrmat, mjølk, øl, kaffe.Ein gjekk til bords når ein ynskte. Det var berre hovudmåltida som var faste. Middagen første bryllupsdagen var kjøt-sådd.ellers var det turrmat, men til turrmaten hadde ein graut – kald- med rosiner og anna krdde i- dei kalla han Gomgraut. So var det lefser og vaflar, smør, ost , spikekjøt. Utover natta fekk ein og mat om ein vilde.Men dei eldre karane sat då ved punsjen. Attåt hadde dei trevaser med oppskore spikjekjøt på. Middagen andre dagen-dåbrurfolkett km frå kyrkje, var det rømmegrauten-eller graut med rømmegrautfeitt på- bruragrauten-Kjøkemeistern song då folket kom inn. Ei av kjøkemeister-visene lydde slik: «Når kroppen er sulten blir ånden så kjed, da grøten på bordet man fryder seg ved, ti den er oss alle til glede. La grøten jer smage-ja ære den gjør.Den koktes på ilden, så den er vel tørr. La feittet da rigeligen flyte. Velkommen, da kvinne og mann, enhver udi rang eller stilling og stand, som gjester er dere alle budne» Brur og brudgom skulde då sitja ved bordet til alle hadde fått graut. Då kvar bordsetnad hadde ete ropa kjøkemeistern opp gjestene kring bordet. Han hadde ein stav i handa. So sat det ein kar og skreiv.Kjøke- meistern slo i bjelken og spurde:Kva skal brurfolket ha i skåla. \[s. 3\] Han tok da jamt til med foreldra og neraste skyldfolket åt brurfolka. Og so svara di eiskildt. t.d.ei helv tynne bygg-ein grå sau—eit torskegarn- o.s.b.Og han som sat og skreiv – skriv då det ned etter kvart. Slik gjekk det før seg for hundrad år sidan. Dei fleste gav då korn, sauer, og lausøyre. Dei andre gav pengar. 3 dje brullupsdagen var det restane sin dag. Kjøtsådd, rømme- graut -som var att -og elles anna turrmat. Hjelparane hadde oftast ein ettermiddag lag nikre dagar etter brylluppet. Sp.39. Sendingane var Grautemne: Ei 3-4 liter nymjølk, og 1 liter rømme.Ei stor korg-kalla beiningskorg med vaflar, lefse-ost og smør. Smøret og osten var jamt forma i utskorne treformer. Sp.41. Han samla ikkje inn kjøt-men han kunde tinga noko ettersom dei trong-og folk hadde råd for. Sp. 42. Sendingane her var kalla beiningar. Sp. 43. Alle so gjekk til brylluppet tok beininga med. Sp. 44. Men når de var fleire dagars bryllupp, og grauten var andre dagen, tok dei ikkje med Grautemnet. Det kom då døtra på garden eller tenestjenta med på føremiddagen. Og ho var då med i brulluppet til ut på natta. Ho skulde vera med i dansen, smaka grauten og maten. Sp. 45. Dei som kom med beininga fekk jamt noko med heim, og det skulde vere ein smak av grauten, med. Sp. 46. Den kvinna som stod for matstellet i det heile var kalla Matmor. Og det var ho som koka grauten. Oftast var det ei som var kjend som dugande og var i alle brylupp vide i kring. So vart det i seinare tid ei som stod for å koka kaffien. Kaffikokar. So var det ei som tok mot beiningar og ga attilegg.-Beiningskona. Dei som servera var unge konor eller jenter.-Bordtaus-matjenter. Her var ikkje brukt -reidekone. Sp.47. Sume av storgardane harendå fleire dagars bryllupp men det vanlege er noe in dag. Sp. 48. Å halde bryllupp på hotel er og berre unnatak. Sp. 49. Å gifte seg utan å halde bryllupp er og berre eit unnatak. Sp. 50. Dei fær brudegåvene etterpå.So helddei eit lite lag for dei som har gjeve gåver Sp.51. Ikkje kvart år-berre sølv og gullbryllup. E. G r a v ø l Sp.52 Slekt og grannar blir bedne. Sume går kring og bed-men no er det mest gjenom blada. Sp. 53. Før kunde gravølet vara i to dagar. No er det jamnast fra middag til kvelds. Sp. 54. Var det flere dagars gravøl, var det kjøtmiddag Det var jamt å servera ved langod og gjestane sat. No er det berre kaffebord i gravøl. Sp. 55. Det er ikkje kjennt, men rømmegraut var ikkje nytta Sp. 56 Det er ikkje kjennt . Sp. 57. Var det liten plass i heimen, kunne serveringa vera på ein grannegard-eit ungdomshus eller bedehus. Men den døde var jamnast syngen ut frå heimen. Sp. 58. Gjestane tok beininga med. \[s. 4\] Sp.59 . Dette er ikkje kjennt. Sp.60 og 61. do. Sp.62. Eit retteleg gamalt gravøl tok til t.d. ein fredag ettermiddag. Då kom slektningar, lærearen i grenda og grannane til heimen og fekk eit måltid, når dei anten ordna liket eller la det i kista. Det var då eit par drammar på kvar og øl attåt. Neste dagen var gravferdsdagen.Då var det først turr- mat eit måltid. So var det kjøtmiddag, so var liket songe ut. Var det lang veg til kyrkja fekk ein kaffe og turrmat før ein kjøyrde til gravplassen. Og mann- folka fekk ein dram. Når liket var nedsett fekk dei som vilde ogso ein dram før ein tok til på heimvegen. Heime var so turrmat-og mjølk-kaffi-sjokolade etter smak.-seinare varmt øl.Ungdomen leika i ei stova- og det var heller ikkje fritt for dans, utover natta. Neste dag var det først turrmat- so middag av same slag som dagen før. og tilslutt turrmat og kaffe. Det første av dette som bort var drammen og ølet. Seinare kom middagen bort-og det vart gravøl berre ein dag. Og maten vart berre turrmat med kaffe, mjølk og sjokolade. Sp.63. Det vart slutt til vanleg med alkohol. Sp.64. Her har det helde seg lengt med ølbrygging og alkohol i bryllupper. Det heng att endå. Sp.65. No er det berre eit måltid før ein reiser til kyrkjegarden—og eit når ein kjem heimatt. Sp.66. Det er reine unnatak, at mannfolk kan få ein dram. Sp.67. Gravølsmiddag på hotell er ikkje kjend her. Sp.68. for ei 20 år siden. Sp.69 som 68. F. N y e Fe s t a r: Sp.70. Ingen tradisjon, når det gjeld maten. Men det var vanleg å dram til 17de mai. Sp.71. Det har vorte vanleg-for ca.10.år sidan. Sp.72. Nei ikkje med nok lag- Sp.73. Ikkje visse rettar-men jamnast formkaker. Sp.74. Jamnast bakar ein sjøl. Blada og radioen gjer sjølvsagt mykje. Sp.75. Gjenom blada.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste