Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8812_MR_Stordal
Transkripsjon av filen #NEG_39_8812_MR_Stordal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Fødselen. Nabokonor og nære slektninger har «sengja-mat» til ei «barselkjerring». Sengjamaten var eit fat med rjøme-graut og påsmurde snikaløvse. Grautfatet og løvsne vart påkka i gåvekorga. Og so var det ei treliter-spann med søt mjølk. ‘Mjølk vart av eldre folk også gjerne kalla sul eller suul). Som regel var det husmora som bar fram sengja- maten. Men det kunne vel hende at vaksne dotre eller tenesttausa kunne bera fram gåva. Karane var ikkje med. Traktering for dei besøkjande var det visst ik- kje. Men etterpå at barnet er døypt i kyrkja, held foreldra eit lite lag fordei næraste, Dette er kalla «barsøl» (eit). Skikken med og bera sengjamat er i bruk endå Men det kan nok vera at det gjeng meir på bløtkake og kond- itterkake no. Fødselsdag. Fødselsdag kallast ogso «gibusdag» Spesiel fest denne dagen var ikkje almindeleg. Derimot og gjeva born «gibusgåve» var ofte brukt, I dei siste 10 til 20 år forekjem oftare gibus-selskap med tratering av bløtkake. Konfirmasjon. I den første tid eg minnest,ca,1908 var det ikkje noko selskap i høve konfirmasjonen. Derimot i dei siste 20 år er det blitt noko almindeleg. Det er gjerne lærar og prest og so næraste slekt som vert bedne i dette selskap. Ei Konfirmasjonsgåva til den ny- konfirmerte høyrer då gjerne med. Brullaup. Eit par månad før bryllaupet vart gjerne halde eit lite lag av dei næraste til brudeparet. Dette lag var kalla «omtalsøl» Det var foreldra til bruda som var \[s.2\] vert. Maten var vanleg gjestebodsmat. Dette er det no helst slutt med. Eit bryllaup (det vert sagt «brylljap») varde i førstninga av hundertalet i 2 dager. Sundag og mån- dag. Og det var tre hovedmåltid. Memorgå, middag og so kveldsmat. Gjesterne fekk kakemat før dei reiste til kyr kje. Attkomne derifrå var det middagsmat, som gjerne var «sødd» (kjøtsupe) Til kvelds var det kake og kaffi eller mjølk. Andre dag var det kake og kaffi morgonen. Rjøme- graut til middags og kakemat til kvelds. Dei næraste slektningar har gåvor til brylljaps- garden. det kunne vera brudakake søst i eit fat og løfse. Dette var påkka i ei «gåvekorg» Mjelk og rjøme var det næsten plikt for heile grannelaget og senda til bryll- japsgarden. Brylljap varer no berre ein dag. Og det vert ofte halde på hotel. Fest på brylljasdagen er ikkje noko al- mindeleg. Gravøl. Kvar grend hadde sitt faste gravølslag. Til dette gravøls-laget høyrde Stavdal, Talberg, Støle, Lianes, og Nakken. Gardane framanfor Lianes var eit lag Jasvoll og Jasvolsæter var eit. Og so vart sjølsagt neras- te slekta bedne til gravølet. Gravøls-gjesterne fek først middagsmat. Det var entenn rjømegraut eller «pylse». Pylse var kokt av mjøl poteter kjøt og noko kjøtfeit. Denne matretten er ikkje brukt no, men inntil for ca \[40\]år sia var den almindeleg mat gravøl. Siste gong eg åt pylse var i grav- til Stava-Marta i 1908. Etter kyrkjeferdi fekk folket seg eit mål kakemat i ei stova i nerheita kyrkja. Øl eller anna akohol hev ikkje vore brukt i gravøl so seint eg minnest. Men inntil for 60 år sia var det ikkje sjeldan at det vart brukt. Gravøl som varde fleire dagar er det ingen som veit om her. No er skikken at etter likferdi på kyrkje- garden vert folket innbedd på bedehuset på kake og kaffi Og averter dødsfall i aviser hev brukt ca 30 år. Spesiel mat på 17de mai er ikkje brukt. Morsdag og farsdag er noko som prestar og aviser hev agitert for i seinare år. Nokon spesiel mat- setel er vist ikkje opfunnen. Det er heller ikkje almindeleg høgtida endå.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste