Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8724_He_Løten
Transkripsjon av filen #NEG_39_8724_He_Løten
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: (Svara nedanfor er vortne til i samråd med Kristine Berg, f. 1871 i Vallset, Rornedal, busitjande lengste tida i Løten, med upp- hald elles i Rornedal og Vang. Ho har vore hushjelp og husmor, og har havt å gjere med landsens stell både i småheimar og på store gardar.) A. Fødselen. 1: Vitjing med mat til barselskonor har vore skikk og er det enno. 2: Kunne koma både kvar for seg og i følgje. 3: Ingen regel at ein laut avtala innbyrdes um det som kvar ein skulle ha med seg. 4: Åtte dager etter fødselen var minste frist. (Det hende at sume barselskonor stod upp att etter 3 dagar – for å vera umfram «svore»? –, men det var ikkje ein skikk som var råde- leg å fylgja.) 5: Det var ikkje vanleg å koma med send- ing meir enn ein gong; men unnatak kan det sakte ha vore. 6: Rømgraut, søtsuppe, vaflar, kakor var det vanlege som var gjeve før. \[s. 2\] 7: Sjå pkt 5. 8: I Vallset kunne de bera grauten i en rund koparkjel med lok; elles er ikkje andre kjoreld ukjente: ømbør (amber) av tre, steinty-terrin eller fat. Til sup- pe var det råd å bruka blekkspann (Ordet «potte» er ikke mykje i bruk utanum samansetnadene «blomster-potte» og «natt- potte».) 9: All mat til dette bruket var «barselsgraut». «Sengemat» er ikkje nytta her. 10: Det var fyrst og fremst kona sjølv som skulle gå med grauten; var det noko i vegen for det, laut ho sende døtra eller tenestgjentor. 11: Det var ikkje vanleg at menn fylgde med, men ikkje usømeleg heller i fall det hende. 12: På gardane var det nok traktemang å få, men ikkje stødt på småstelle. Ikkje noko regel um kva det vart bode på, men kaffi kanskje, heimelaga vin ell. likn. Skilnad på gut og gjente når det galdt traktering og den stasen som var gjord i samanheng med den, var kanskje til stades, men let seg ikkje slå fast med døme. 13: Namn på slike små-lag finst ikkje. 14: Ei ihop-beding etterpå når barselskona var på føtene att, kunne nok gå for seg; men det var aldri kalla «barsøl». 15: På gifte og ugifte mødre var det sakte ein skilnad; men det er ikkje \[opast?\] at dei ugifte var sette reint utanfor. Det fanst jamt nokon som hugsa på deim òg. \[s. 3\] 16: Ein må nok et stykke inn på 19.hundre- talet før grauten kom burt (til sending åt småkårsheimar heldt han seg lengst). So fylgde søtsuppe, til ein no til dags helst held seg til blomster eller kakor. 17: Dei hadde gjerne med både noko til å «bite og slite» i: kjolety åt ungen t.d. Barselskona kunne få noko, hu òg. (Siste barsesgåva som Kristine Berg fekk for 47 år sidan, var ei kaffikanne.) 18: Det er um lag som før med dette. 19: Til dåpshøgtida var som oftast berre fad- darane og nore skyldfolk bedne. 20: Dåpsselskapet heitte og heiter enno barsøl (eller barsel). 21: Matsendingar har ikkje vore vanlege til barsøl, utanum slike tilfelle då det stod kleint til med utkomet åt deim som skulle ha barndåp. 22: Men dei som var bedne, hadde sakte dåpsgåvor med, alt etter økonomisk råd, eller det romet dei fylte i denne samanhengen. Faddarane, og serskilt ho som heldt barnet over dåpen, laut kjenna skyldnaden sin i so måte. 23: Um lag som før. B Fødselsdag. 24: Til vanleg var det ikkje spursmål um årmålshøgtiding når det galdt dei yngste årgangane; men dei vaksne kunne halda fødselsdagsselskap like mykje som no for tida. Det siste galdt «storingane»; presangar var det likevel ikkje. \[s. 4\] 25: No til dags er det vanleg at årmålsdagen både åt born og vaksne blir høgtida; men som regel kjem folk ubedne, og det anten det er runde eller ikkje-runde år det er tale um. 26: Som nemnt i pkt 25 var det nok med årmålsdagane åt vaksne folk òg i gamal tid, vel merkja seg: på gardane, ikkje millom småkårsfolket. 27: Skikken med å gje gåvor når ein møter upp på ein årmålsdag, har breidt seg mykje i det siste; det er det sama anten ein er beden eller ubeden. 28: Nokon serskild fødselsdags-rett er ikkje kjend på desse kantar. 29: Sjokolade, kringle og fylte kakor er svært vanlege i slike høgtider no; ljos til å syna alder og år er det enno sjeldan å sjå. C. Konfirmasjon. 30: I småkårsheimar vart det ikkje halde konfirmasjonslag, berre på gardane der dei hadde råd til det. Umfram fadderane kunne skyldfolk og gran- nar vera bedne til middags, og ved des- serten vart det drukke skåler i vin og halde tale for konfirmanten. 31: No til dags har denne høgtidinga breidt seg til nær sagt alle lag av folket, og presang-flaumen er snart like mek- tig som til noko brudlaup. Overgangen frå lite til mykje festing har kome med auken i innkomme. I fyrste storkrigen kan ein verkeleg segja at umskiftet kom. \[s. 5\] 32: Læraren i krinsen kan nok vera beden i mange konfirmasjonslag same dagen; presten lyt helst nøgje seg med mindre. Men i hovudsaka er det då skyldfolk og kjenningar som er med og høgtider dagen no. Ein av fad- derane held gjerne tale for heidersper- sonen. 33: Sendingar har ikkje vore vanlege, og er det ikkje no heller, derimot gåvor. 34: Alle som møter fram, har nok med seg ei eller anna konfirmasjonsgåve; dei som er bedne, men ikkje kan koma, plar likeeins senda presang. Andre nøg- jer seg med telegram. Ubedne er det ikkje brukeleg å kome i konfirmasjon. 35: Vanleg selskapskost kan ein venta å få i ein konfirmasjonsmiddag, ikkje visse retter som naudsynleg høyrer til. D. Brudlaup. 36: Ordet «festarøl» er ikkje nytta, og det er mest ikkje spor å finna etter tru- lovings-gilde som har vore haldne. Det hindrar likevel ikkje at noko i den leida har gått fyre seg. Kristine Berg veit i allefall um eit tilfelle då foreldra til guten heldt lag for dei unge, og \[?\]mora hans skule skulle \[verta?\] fekk ei gåve. 37: Sjå punktet ovanfor. 38: a-d. Dersom gjestene ikkje låg over heile tida i brudlaupsgarden, vart det fulla helst berre middag, dessert og – um det skulle vera retteleg ei langvareg sam- \[s. 6\] kome – nattmat til sist. Når fyrste dagen var fråseggjord, vart det um lag det same andre- og tridjedag òg, berre i noko mindre målestokk. Matrettene var mange, serleg der kvar gjest gjekk til eit uppdeka bord og forsynte seg, noko som visst var det vanlege. At det skulle vera ein rett som ikkje måtte saknas på noko brudlaupsbord, er ikkje spurt. Ferskt kjøt i mange slag tilstellingar laut det vera, det er greidt, og fisk like eins; men nærare inn på spursmålet har det ikkje lukkast å koma. 39: Det som sit at best i minnet hjå gamle folk når det gjeld brudlaups-send- ingar, er kanskje det at dei som heldt laget, stundom hadde meir mat når det var fråseggjort, enn då dei tok til! – Noko mål på kor mykje dei ymse gjestene skulle yta, har ikkje kome fram. 40: Smøret vart pynta med det at dei la det i ymse utskorne former. Og der dei hadde ein heilsteikt gris på bordet, laut den pyntast på ymis vis. 41: Det er ukjent at bemannen samla inn kjøt frå gjestene fyre brudlaupet. 42: Sendinga var kalla seinning. 43: Helst var det døtrer eller tenestgjentor som gjekk med sending. 44: Kvelden fyre festen kalla dei sendings- kvelden, og då var det gjerne våde varm mat og annan gjestebodskost å få. 45: Ikkje vanleg å senda med noko heim att. 46: Det gamle ordet «rei-kjerring» er so vidt kjent enno; men ho var visst ikkje med sendingskvelden, ikkje med heimattsending i alle fall. \[s. 7\] 47: Ein kan segja det er slutt med tri- dagars brudlaup for minst femti år sidan. 48: No blir det helde mange brudlaup på samlingshus ute i bygdene, i Løten t.d. på «Bøndenes Hus» eller på arbeider- lokalet Solheim. 49: Vigsle utan brudlaupslag er likeins svert vanleg. 50: Brudlaupgåvor for dei likevel; for avisene syter for at dag og stad er gjort kjent. 51: Venteleg svært ulikt å høgtida brudlaups-år. Fyre 25-årsdagen er det knapt nokon som lagar «offentleg» fest. E. Gravøl. 52: Skikken med å beda grenda, og la bemannen (bu-mann) stå for inn- bedinga, hugsar gamle folk enno. 53: Tridagars gravøl blir umtala soleis, at fyrste dagen var sjølvefolket i bedar- laget med, andre dagen var for dei yngre, og tridjedagen for tenarar, born og hjelparar. – Skulle kista takest ut frå heimen, og gjestene koma tidleg, kunne det bli tale um både frukost, middag og kveldsmat (eller dessert). 54: Som nemnt i punkt 39 var det mest duka langbord som gjestene for- synte seg frå. Deretter gjekk dei til småbord og sette seg. Dette galdt då både middag, dessert, kaffi o.a. 55: Spursmålet er vanskelig å svara på. Av kjøtslag er det kjent at hestekjøtet var \[vannsyndt?\]; men kanskje det her er tenkt \[s. 8\] på andre ting. 56: Nokon anna nemning enn gravøls- middag er ikkje kjend. 57: I gamle dagar fekk husmannsfolk gjerne halda gravøl på garden dei høyrde til (på husbonds konstnad). Elles hjelptest grannar som budde nære kvarandre, so det vart som til å samlast. Sumarstid heldt dei ofte til på låven, i en «lauv-sal» ute eller so. 58: Sendingane kom dagen i fyrevegen. 59: Pynten var som i andre gjestebud; sjå elles pkt. 40. 60: Um sendingskvelden, sjå pkt. 39. Det som stor der, gjeld forresten i fyrste rekkje gravøl. 61: Spursmålet «gift eller ugit» er reint utenfor røynsla på desse kantar. Men når det er nemnt noko um «bruragraut», \[Notat: «B» står skrevet i margen\] har Kristine Berg døme på at det har vore ete mjølkgraut med godt smør, sukker og kanel til gravøls-middag. Det var i ei gravferd etter ei ugift kvinne; men hei- melsmannen tolkar det som at grau- ten hadde sin grunn i kleine økono- miske kår. 62: Overgangsformer millom store og små gravøl har det sakte vore i alle år, etter stand og stilling. Dei gravølsmiddagane som blei tinga no til dags på eit lokale der dei driv matsal, kan gjerast dyre og mindre dyre etter ynskje, og heile gjestebodet er i alle høve mer einfelt og tek mindre tid. Overgangen her til «ute- eller burte-gravøl» tek til å bli nokre 10 år no. \[s. 9\] 63: Maltøl-bryggjing har det vore slutt med lenge i Løten og bygdene ikring. Det er berre so vidt ein kan koma burt i folk som har set det har vore gjort. Men brennevin har det vore lettare å få tak i her i brenneri- strøka, og det vanta ikkje på det slaget i gravøla i gamle dagar. Folk drakk seg stundom fulle fyrste dagen, og andre- eller tridjedagen var det nok ikkje betre. 64: Sendingane til gravøl (heime i syrgjehu- set) er det ikkje seint slutt med enno; men um heimebryggjinga heldt seg lengar for gravøla skuld, er uvisst. 65: Um gravøls-middagen på offentlege matstadar sjå pkt. 62. Blir gravølet halde i syrgjehuset, var\[?\] høgtida gjerne noko lengre; men matprogrammet er i røynda det same. 66: Alkoholbruket held seg utruleg uppe, med di taket på overtydde fråhaldsfolk her er mest mikroskopisk, og den store mengda ikkje vågar å gå imot straumen i det stykket meir enn elles. Ein høyrer difor um at når gravølsmiddagen er på ein stad der det ikkje er nokon bren- nevinsrett, blir det sytt for dram på «pri- vat» vis. Men noko slag fyll kjem det likevel til vanleg ikkje ut av det. 67: I Løten finst ikkje hotell; men i alt er det 3-4 matstelle som kan skipa til gravøls- eller brudlaupslag. 67: Årstal er vanskelege å halde greie på, og det er berre ei gissing å segja at gravølsbreva (med syrgjerand) løyste \[s. 10\] av bemennene sist på 18.hundretalet. 69: Lysingar i avisene kom ein god \[?\] seinare, og det er enno mange som ikkje kunngjer avferda åt folka sine på den måten. F. Nye festar. 70: Nokon tradisjon um maten 17. mai er det vanskeleg å tale um. Det ser ut til at mange reknar med egge-dosis den dagen; men elles er det helst innan- for det einskilde husstandet at visse vanar \[notat: «B.» i margen\] gjer seg gjeldande. Kristine Berg meiner at brun lapskaus er kjend som ekte 17. mai- \[Notat: «A.» i margen\] rett. (Nedskrivaren har ikkje høyrt gjete det før.) 71: Morsdagen er det truleg ikkje so \[f?\] som hugsar på, av di forretningslysningene i blada er ute kvart år og minner um han. Venteleg var det ikke mange åra etter idéen var komen hit til landet (fra Ame- rika?) Årstalet er det ingen som har skrive upp av deim som er tilspurt. 72: Farsdagen er det ikkje mange som har fest seg ved. Dei som har fylgt med best, gissar på at han fell inn ei tid fyre jul; men meri har dei ikke å fortelja. 73: Nei, fast matsetel finst det nok ikkje når det gjeld mor- og farsdag, meir enn på dei andre festdagane. 74: Kunsten å laga flotte og godsmakan- de kakor i heimane har gått storveges fram i dei siste åra, so ein treng ikkje so mykje gå til bakarane. Men \[lærdomen?\] er truleg mest komen gjenom uppskrifter i blada. 75: Dagspressa er den store upplysningskjelda her som elles.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste