Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8652_MR_Sande
Transkripsjon av filen #NEG_39_8652_MR_Sande
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: I eldre tid var det fast skikk, i det siste har det minka av, men enno få ein seie det er vanleg her på bygdom. 2: Som det kunne høve. Sikkert ingen fast regel for det. 3: Det hender nok, men var sikkert ikke vanleg. 4: Til vanleg 4. dagen og seinare. 5: Kjenner ikkje til at dei gjekk meir enn 1. gong. 6: I eldre tid var det rjomegraut. No er det meir «blanda kost», kaker o.a. søte saker, frukt etc. 7: Kan eg ikkje seie noko om, (sjå nr. 5.) 8: Det vanlege var i steintyfat, men ymsa noko etter kva slag og kor mykje ein hadde tenkt seg til med. 9: Namnet var helst «sengjamat» men var det graut t.d., vart det nok sagt «barselgraut». 10: Oftast var det kona sjøl, men var ho gamall eller uferdig so sende ho ei dotter eller ei tenestgjente. Nokon fast regel var det knappt for dette. 11: Det var ikkje vanleg og kunne nok gjeva høve til spitord om det hende. 12: Det var vanlegt. Trakteringa ymsa nok, men meir etter dei økonomiske tilhøva enn etter noko anna. Ein kjenner ikkje til at det gjorde nokon skilnad soleis om det var gut eller gjente. 13: Noko namn på desse gjesteboda har eg ikkje høyrt. 14: Dette er ukjendt og eg kan ikkje seie noko om det. 15: Til vanleg, men det ymsa vel litt etter som tilhøva var. 16: Det var nok ikring 1917 – 20 åra. 17: Det hende nok, men ein kan ikkje seie at det var fast skikk herikring. 18: Ikkje utom den gamle skikken med faddergåver, som har hal- de seg til no. Ikring hundreårsskiftet var det mykjegodt fast skikk at det skulle vera ei sylv tokrone. 19: Ja det var og er vanleg. Med er fadderane og ymse nærskylde ettersom vertsfolket har husrom og hjartelag til. 20: Det kallast «barsøl», endå om ein sjeldan eller aldri har øl i slike lag. 21: Det hender, men er ikkje vanlegt. 22: Det var kanskje litt større faddergåve frå «karafadderane» enn «kvinnfolkfadderane». «Gussmora» (ho som bar) gav gjerne litt meir, men det ymsa etter kor velkomen barnet var, og kor nærskyld ein var. 23: Om lag som før. B. Fødselsdag 24: Ikkje til vanleg. Det hende ein fekk litt ekstra til \[s. 2\] måls, men oftast var det lite påansa. 25: Som regel ikkje. 26: Det vert knapt bedd etter nokon plan. Det er vener, kjen- ningar og andre. 27: Vert ein bedd i slikt lag, må ein oftast finne på eit kvart attistaden. Ved serleg høve kan det verta sendt gåver og helsingar sjøl om ein ikkje er bedd. 28: Nei det er ukjendt. 29: Det er so ymse. C. Konfirmasjon. 30: I det stille. Huslyden heldt som ein høgtidsdag med betre mat og husa ekstra velflidde. Fadderane til konfirmanten og nærskylde kunne senda gåver. men serlege lag eller gjestebod kjenner ein ikkje til frå eldre tid. 31: No er det vanleg med eit «selskap». Skikken har smått om senn auka på frå 1920-1930 åra og er no vanleg. 32: Fyrst og fremst dei av fadderane ein kan nå i, so læraren og gjerne presten om det høver. 33: Nei ikkje utover det at fadderane bruker å gi gåver til konfirmanten. 34: Som under 33. 35: Ikkje her. C. Bryllaup. 36: Nei ikkje som nokon hugsar. 37: Det må i tilfelle vera lenge sidan. No er det ikkje vanleg. 38: Til vanleg var det tvo dagars bryllaup. Dei som hadde lengste vegen kom kanskje kvelden før, sameleis dei som ville hjelpa til med brudlaupsståketø. a/ Dei fekk mat fyrste kvelden,. gjerne med kokamat (helst fisk) b/ attåt. Brudlaupsdagen var det mat på senga – kaffi og kaker – tidlegare øl og ein «bite». So var det kaffi og brødmat før ein for til kyrkje og middag straks ein kom derifrå. Middagen var oftast kjøt i ei eller anna form men berre ein rett og supa. Kaffi og kaker ei stund etter. Til kvelds var det kaffi og brødmat. Andre dagen sameleis, men då var det fisk til middag. helst lutefisk. Tilslutt rjomegraut, «brudagrauten». Dei som hadde lang veg kunne verta liggande over til tredjedag morgon, men då var det ikkje rekna for brudlaup lenger. c/ Ein kan godt seie at det hadde vakse seg fram ei viss «sed- vane» når det galdt maten og måten, serleg med lutafisken og Brudagrauten. d/ Ikkje utover det som er nemnt ovanfor. 39: Det var truleg etter råda og hjartelaget. Det var ingre visse normer som eg har høyrt om. 40: Jau det kan ein seie. Smøret måtte formast i utkrota former med roser av ymse slag om det skulle vera gromt – og kven ville vel ikkje det? 41: Nei det var ikkje vanleg. 42: Det var namnet «sending» som var brukt, men då det ikkje var so vanleg med slikt, har det truleg ikkje laga seg noko stadeige namn. 43: Det var nok so ymse. 44: Ukjennt her. 45: Sameleis. 46: Den som stod for maten kallast «budakone» og det var ein høgt betrudd plass. Når det galdt «heimattsendinga» eller brudabiten, so var det bruda og foreldra hennar (om dei heldt brudlaupet) som saman med budakona tok avgjerd om korleis det skulde vera til kvar av gjestane. \[s. 3\] 47: Til vanleg ikkje. Det slutta av ikr. 1920 – 30. 48: Ofte det. 49: Svært ofte. 50: Det vert forholdsvis mindre av dei. 51: Som regel ikkje. E. Gravøl. 52: Munnleg eller skriftleg som det høver. 53: Altid berre 1. dag. 54: Som vanleg. Det vert oftast brukt langbord. 55: Nei det er ukjendt her. 56: Nei, ikkje som ein kjenner til. 57: Det hender at ein brukar eit forsamlingslokale eller anna, men det vanlege er å vera i heimen. 58: Det er ikkje vanleg med sendingar. 59: Ikkje som ein veit om. 60: Nei. det er ukjennt her. 61: Sameleis. 62: Nei ingen veit om slik overgang. 63: Det vart tidleg slutt med drikkevarer i gravøl. 64: Nei, tvert om vart det før slutt i gravøla. 65: Så enkel som muleg. 66: Ikkje det eg veit om. 67: Det hender, der ein har hotell ved handa. 68: Det kan ikkje seiast noko visst om. 69: Ikring hundreårsskiftet. F. Nye festar. 70: Nei ikkje enno. 71: Ein merker det her og der. Skikken er i auking. 72: Det høyrest lite om det. 73: Nei. 74: Det hender vel. 75: Gjenom blada og radio o.s.b. ---
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste