Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8585_Te_Rauland
Transkripsjon av filen #NEG_39_8585_Te_Rauland
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: A. Fødselen 1: Det hev vore og er den skikken enno. 2: Vanleg åleine, hadde dei born, var dei med. 3: Ingi avtale om det. 4: Ikkje noken sers dag. 5: Ein var der ein gong. 6: Det var vanleg med smørgraut, elles kunne ein gjeva smør og annan mat etter som det høvde, og gåver ellers. 7: Kjenner ikkje til skikken å sende fleire vendor. 8: Til ha grauten i var det rosemåla eller brennemerkte spann, som gjekk i arv og var haldne svært gjæve. Til annan mat var det fine sendings- korger. \[s. 2\] 9: Det vart kalla: Sending. 10: Det var helst kona sjølv. 11: Var det av lengdom so køyrde man- nen og ingen såg noko ulagleg i det. 12: Dei vart traktera med det beste huset hadde, gjerne med smørgraut. Øl og dram vart og halde svært. Kjen- ner ikkje til at det var skilnad på gjente og gut. 13: Kjenner ikkje til noko namn. 14: Ukjent. 15: Gjekk nok helst berre til konor. 16: Skikken med graut er enno ved lag. Oftast er det vel no kaker, av og til blo- mar, aldri søtsuppe. Det er so 30 år si- dan det vart sjeldnare å bera graut. 17: Ukjent. 18: Ikkje vanleg med noko gåve. 19: Dåpskalas var ukjent her før, og svært sjeldan no og. 20: 21. 22. Fell burt. 23: Det er helst innflutte byfolk som held dåpslag. \[s. 3\] 24: Feiring av årmålsdag hev vore lite bruka hera før. Det er fyrst i dei seinare åri skikken hev teke til. 25: For vaksne er lagi helst ved runde tal. 26: Gjestene kjem helst ubedne. 27: Er ein i årmålslag hev ein gåve med anten ein kjem ubeden eller beden. 28: Ukjent. 29: Ingen regel om mat. Ljos lite i bruk. C. Konfirmasjon 30: Det var ingi feiring av konfirmasjonsdagen før. 31: Det er ikkje ålment med lag enno. Tok til for ca. 20 år sidan. 32: Dei næraste av slekti, vener og ofte læraren og presten. 33: Ikkje vanleg med sending. 34: Gåver gjev ein til sine næraste og om ein er beden i lag. 35: Ikkje nokon bestemt mat. D. Brudlaup. 36:37. Kjenner ikkje til at noko lag vart halde om det var truloving anten før eller no. \[s. 4\] 38: Fleire dagars brudlaup hev vore lite i bruk hera. Det ålmenne var 1 dag og stun- dom 2. a. Det var vel ofte skiftande. b. Fyrste måltidet ein fekk etter ein fenge øl var: Haglette, gommi, koka aure, kling, flatbraud, brød, smør og ost. Etter ein kom frå kyrkja var det soi kjøt og spa med øl til og i eldre tider jamleg dram. c. Haglette, gommi, kling var sjølvskriven mat i brudlaup. d. Andre dagen var det smørgraut. Elles ikkje noko sers. 39: Her har ‘kje vore den skikken å ko- ma med sending til brudlaup anna enn mjølk til haglette. Dei kom med det dei kunne, det var ikkje noko fast kor mykje kvar skulle koma med. 40: Det vart ikkje boren noken slag mat. 41: Det hendte aldri at bedaren samla kjøt. 42: 43. Fell burt. 44: Når dei kom med mjølki vart dei bedne inn på øl og kaffi med kaker. 45: 46. Fell burt. 47: Heilt slutt med tvo dagars brud- laup er det ikkje enno. 48: Det hender at det vert halde brudlaup på hotell. \[s. 5\] 49: Det hender og. Ofte hev dei då eit lite lag når dei kjem heim, «Heimkomøl». 50: Gåver gjev dei som er i laget. 51: Ukjent hera. E. Gravferd 52: Det var ein krins som høyrde til og vert beden attåt, slekt og vener. Ein mann for rundt og bad. 53: Gravferdi varde 1 dag med tvo mål- tid, kaffi og kaker. 54: Det var morgonmat med: Haglette, gommi, kling, koka aure, flatbrød, brød, smør, ost og kaffi. Dei åt ved langbord. 55: Kjenner ikkje til det. 56: Kjenner ikkje til det. 57: Det vart sjeldan halde gravferd an- dre stader enn i heimen av den døde. 58: Ingen annan sending enn mjølki som dei kom med dagen fyre. 59: 60. 61. Er ukjent her. \[s. 6\] 62: Brukar enno den gamle gravferdsskik- ken. 63: Hev ikkje vore noko alkoholforbruk i gravferder som eg kan hugse. 64: Hev ikkje lagt merke til det. 65: Morgonmaten er den same som før. Middagen er ikkje alltid soekjøt og spa som før, men kan vere kjøtkaker, steik o. a. 66: Ikkje njoting av alkohol. 67: Aldri middag på hotell. 68: Skrivtleg ber ein berre dei som bur langt burte. 69: Ca. 40 år sidan. F. Nye fester 70: Ingen tradisjon om mat 17. mai. 71: Av vanlege bønder er det ikkje man- ge. Det er helst innflutte byfolk som byrja med det for ca. 25 år sidan. 72: Det same gjeld for farsdagen. 73: Maten er som det høver. 74: Brukar heimelaga mat. 75: Gjenom tidsskrifter, bøker og blad.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste