Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8540_Te_Sauherad
Transkripsjon av filen #NEG_39_8540_Te_Sauherad
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Det har vori og er framleis fast skikk. 2: Ingen regel for det, men sjølvsagt hende det at kjenningar la over om å gjere vitjinga samstundes. 3: Før var «sendinga» graut. 4: Nærmaste slekta kom fyrst. Barsels- konas mor og svigermor kom gjerne alt 2. eller 3. dagen etter fødselen. 5: Bare ein gong etter kvar barnefødsel. 6: Graut. Risgraut med tjukt lag av fløtegraut (rømmegraut) ova- på. Feitet av fløtegrauten tok dei med på flaske og tømde det så utover grauten når dei skulle bera han fram. På grauten strøydde ein sukker (og gjerne kanel). Raffinadestykker vart og stukne ned i grauten. \[notat: 7. Sjå 5.\] 8: Grauten blei sendt i graute- spann av tre. Dei sto på tre bein og hadde lok. Dei var rosemåla og fint frå- seggjort, sommetider kunstner- \[s. 2\] isk utførde. 9: Ja, men ein nytta vel ikkje annan graut enn den som er omtala i 6 i slike høve. 10: Kona skulle gå. Var ho ikkje istand til det, gjorde døtrene det. Tenestegjentene vel bare i naudsfall. 11: Det var ikkje vanleg at man- nen var med. Hende det, var det når det var naudsynt for skyssa si skuld. Noko usømmeleg såg ikkje folk i det. 12: Dei kom så tidleg råd var på føremiddagen og vart til kvelds, og dei vart mottekne på det beste. Ingen skilnad på gut og gjente. 13: Ikkje noko namn på slike «sendings» lag, men konene vart kalla «grautkjerringar». Til fleire det kom, dess gildare var det. 14: Kjenner ikkje slik skikk her. 15: Dei kjende det ikkje som plikt, men dei næraste av slekt og gran- nar fann nok oftast å måtte gjera det. Det var nok skilnad i dei ymse høve – om ein hadde sympati med mora eller ikkje. 16: Rundt årh. skiftet (1900) vart det eit skifte. Ein gjekk over til kaker, barnetøy, seinare til gaver til barnet. \[s. 3\] 17: Ikkje før. Men var mannen med, gav han gjerne «på vøgga». Det var da helst litt pengar. Det samme blei gjort i dåps- laget. 18: Enda kommer endel med graut, andre med kaker, andre med barnetøy eller gaver til barnet. 19: Nærmeste skyldfolk. 20: Ja. 21: Ingen fast spisesetel. «Sending» hende det nok at ein hadde med, men ikkje fast skikk. 22: Ingen skilnad soleis. Ein gav ettersom ein hadde det. 23: Nå brukar dei «faddergåver». -«- 24: Svært sjeldan. 25: Ved «runde tal», og ofte ikkje det heller. Borna hugsar no foreldra sine på årmålsdagen, og serleg ved fyllte 5. og 10. år. 26: Kven som vil. Svært sjeldan at ein bed gjester til slike dagar. 27: Alle som vitjar ein har gave med, og andre som ynskjer å syna venesinn og vørnad sender gåve eller telegram eller helsing på annan måte. 28: Kjenner ikkje til det. 29: Har teki til med det når det gjeld barn, men det er ny skikk. 30: Konfirmasjonen blei feira som \[s. 4\] familiefest. Besteforeldra var om mogleg tilstades. Elles lite gjester. 31: Ja, serleg etter første verdens- krig. 32: Ingen fast skikk. Men nær- aste skyldfolk og læraren blir ofte bedne. Likeeins konfir- mantens beste vener. 33: Nei, det er ikkje vanleg. 34: Ja, alle gjestene har gaver. Andre gode kjenningar og slektningar sender og. Andre sender telegram eller kort. 35: Nei. -«- 36: Nei, det har ikkje vori skikk her, om det kanskje har hendt. 37: Det er ikkje vanleg no heller. 38: a. og b. 1. «Skjenk». (Dram og øl.) 2. Førmiddags- mat. (Før dei drog til kyrkje.): Sendings- mat som gjestene hadde med, lute- fisk med smør, kaffe. 3: Kjøttsuppe med kjøtt og flesk. (ikkje dessert) 4: Kaffe med «brurekake». (nærmest sukkerbrød) Denne kom gjestene med. c. Dei heldt seg stort sett til desse rettene som er nemnde. d. Nei, kan ikkje seie det. Gjestene skulle «gjeva i kokke- sleiva» d. v. s. gjeva pengar til kokka. Ein av gjestene tok seg av det. Dei gav nok og til spelemannen. Dei nytta da denne regla: \[s. 5\] «For ein skilling eller to er du mannen like god. Så takkar eg deg, og så gjeng eg min veg; og så legg dei ein skilling uti sleiva til meg.» Men dei nytta ikkje sleiv til å leggje pengane i det folk hugsar no, men ein hatt eller eit fat o. l. 39: Gjestene skulle ha «sendinga» med seg til bryllupsgarden på bryllupsdagen. «Sendingskorga» skulle vere full. Såsnart dei vart bedne til bryllups var det å tinga bryllupskakene (eller bake dei). Det skulle vera kveitekaker. Dei tinga 10 kaker hjå bakaren i Skien (gjennom handelsmannen) ca. 1880- 90. Midt i korga la dei ei kake med flatsida (steikesida) opp. Rundt kan- tone reiste dei opp kaker. På kaka i midten sette dei ei skål (eller bolle) med smør. Eit stort handkle vart lagt i botnen og endane neste saman over sendinga. Utapå eit «korgeplagg» av rosut tøy (i eldre tid av heimevove tøy med render i fargar). Utapå dette plagget vart surra eit «oppptaks- band», eit ca. 1 tomme bredt band. 40: Smøret vart utstaffert med render og teikningar gjort med ei skei eller gaffel. 41: Nei, kjenner ikkje til dette. 42: Sending. \[s. 6\] 43: Gjestene tok sendinga med seg. 44: Faller vekk. 45: Faller vekk. 46: Et brød skulle sendast attende i sendingskorga. Ingen bestemt regel for kven skulle ordne dette. 47: Nei, i alle fall svært sjeldan no. 48: Ja, men oftast i heimane. 49: Ja, det hender ikkje så svært sjeldan. 50: Får nok gaver fra dei nærmaste likevel. 51: Sølv- og gullbryllup. -«- 52: Slekt, grannar og gode vener og arbeidskamerater til den døde. 53: 1 dag. Formiddagsmat, middag og kaffe (ev. kveldsmat). 54: Servert på langbord. 55: Kjenner ikkje til det. 56: Nei, 57: Før alltid i heimen. Det hendte bare einskilde gonger at ein hus- mann vart gravlagd frå garden. 58: Gjestene hadde sendinga med seg. 59: Som til bryllups. 60: Faller bort. 61: Nei. 62: Kjenner ikkje til gravøl over meir enn 1 dag. 63: Dram i gravøl vanleg før. Nå heilt slutt. 64: Ja, det er nok så. Ein tek ikkje no med kake til bryllups, derimot er det heilt vanleg til gravøl. \[s. 7\] 65: Skjenk: 1. Et glas øl med kaker til (nokon brukar også 1 glas vin).2. Formiddagsmat med ein varm rett – karbonade. 3: Middag etter heimkoma frå kyrkja: Suppe (tomat - eller grønnsakssuppe). Kjøttrett og dessert (oftast rispudding). 4: Kaffe og kaker. 66: Nei. 67: Det hender, serlig hvis plassen i heimen er liten. 68: For ca. 50 år sidan. 69: Rundt årh. skiftet. -«- 70: Nei, kan ikkje seia det. 71: Den blir nok feira i det små. Borna gjev gjerne mor gaver og hjelper henne med arbeidet. 72: Nei, det er sikkert svært sjeldan. 73: Nei. 74: Vel helst ved reklamen i avisene. 75: Gjennom avisene helst.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste