Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8508_VA_Lyngdal
Transkripsjon av filen #NEG_39_8508_VA_Lyngdal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: A. Fødselen. 1: I eldre tid var det vanleg at slektningar og vener kom med mat til barselkonene. 2: Sumtid kom fleire ilag, men helst ein for ein i eldre tid. 3: Kvar kom med det som høvde for dei utan å sam- rå seg med dei andre. 4: Dei kom sjeldan før etter 4. dag, men dei skulle helst koma medan barselkona låg. 5: Men det var berre ein gang dei skulle dei skulle gå med sengemat. 6: Det vanlege var risgraut, og dei gjorde seg mykkje føre så han skulle bli retteleg god. Dei koka han på nysila mjølk, og salta han med smør. Sukker og kanel var strøydd på, og i midten eit stort smørauga. Men dei kom og med annan mat, t. d. søtsupa og pannekaker. Ei 89 år gamal kona fortalde at ho hadde ein gang fått store ”skillings- kavringar”. Då ho fekk dei siste barna (like etter hundradårsskiftet), hadde ho og fått sviskargrøt; det tykte ho var svært gjævt. 7: Sjå 5.) Attåt grauten hadde konene ofte med seg nokre kaker av ein eller annan slag. 8: Dei fleste kom med grauten i eit vent stein- tyfat. Ofte bar dei fatet i eit firkanta stykke tøy, der endane var knytt saman. \[s. 2\] Men hadde dei lang veg, kom dei med grauten i ei blikkspann. På kjøkenet slo dei han opp i eit fat og hadde på sukkar og kanel og smør- auga i midten før dei bar han inn til barsel- kona. 9: Den maten dei kom med, blei vanleg kalla for ”sengemat”; men mange sa og ”barselmat”. 10: Det var kona sjølv som gjekk med sengematen. Men hindra sjukdom henne, kunne ho senda ei voksen datter eller tenestegjenta. 11: Mannen fylgde aldri med; men det hende at han var med og bar fatet med grauten eit stykke av vegen så det ikkje skulle vera så trøyttande for kona. 12: Alle som kom med sengemat, skulle trakterast med kaffi og den beste maten dei hadde i huset. Ofte fekk dei smaka på maten dei andre hadde kome med. Det var ingen skilnad anten dei nyfødde var gut eller gjente. 13: Vi kjenner ikkje til at det var noko sers namn på dei samkomene. 14: Dei fekk alltid traktering når dei kom med maten. Det hende dei var forhindra å koma medan kona låg og kom seinare med ei gåva. Oline Gabrielsen f. 1864 fekk ein gang 1 kg. ull etter ho var komen opp att. Kona som kom med ulla, fekk kaffi og den beste maten dei hadde i huset. 15: Det var så få ugifte mødre i den eldre tida, så eg kan ikkje få vita korleis dei bruka det. Men ei 79 år gamal kona sa at ho hadde ein gang vore med barselgraut til ei ugift mor. 16: Det kunne mange ganger bli så mykje graut at barselkona og husfolka hennar blei lei av han. Så tok dei til med å skifta litt på det \[s. 3\] dei gjekk med til barselkonene. Det blei etter- kvart meir å få tak i i krambua, ymse slag gryn til søtsupa, rosinar og sviskar. Og hjå baka- rane var det gode kaker ein kunne tinga. Yngste syster mi blei fødd 1896. Då hugsar eg mor fekk ymse slag mat, men fleire kom med graut. Etter hundradårsskiftet blei det mindre og mindre med barselgraut. 17: Den nyfødde fekk ingen gåver når konene kom på vitjing til barselkona. 18: Nå har dei gåver med anten til barnet eller mora. Er det til barnet, er det mykje barnetøy av ymse slag; men fleire slår seg og sammen og kjøper ein større ting til mora. Det kan vera dukor, dekketøy eller sølvsaker. Det er ofte ein eller annan som skal finna ut kva mora ynskjer å få eller har bruk for. Det er sjeldan dei kjem med mat; det kan henda når dei trur det kjem mange same dagen at dei tek med seg kaker, serleg fyllte. 19: Når eit barn skulle døypast, hadde dei alltid ei veitla. Det var alltid 5 fadderar. Den næraste slekt blei bedne, og gardsfolk skulle og vera med. Sume stader skulle gardsfolket også vera med til middag, andre stader blei dei beden inn til kaffimålet om ettermiddagen, og dei blei då også med til kveldsbordet. 20: Dåpsveitla blei vanleg kalla ”barsel”. ”Dei skal ha barsel hjå Lars om sundagen.” 21: Til barsel blei det ikkje brukt ”sendingar”. Men grannane spurde ofte om dei ville ha mjølka. Gumme og søtost skulle kokast. Det var vanleg ved alle familiefestar å ha gumme og søtost. Men ellers var det ingen fast matsetel. Dei fleste hadde fersk \[s. 4\] kjøtsupa. Det måtte vara ”kjøtmat”. Kjøtet, grønsaker og mjølbollane låg i supa som ble sett fram i store fat. 22: Ingen sendte ”sendingar”til barsel. 23: Nå er det nokså vanleg at dei som blir bedne gjer ei gåva, anten pengar eller sølvskei e.i. I alle fall gjev fadderane gåver til barnet. B. Fødselsdag. 24: I den eldre tida var det ikkje tale om å høgtida fødedagen korkje for barn eller voksne, seier dei som er i 70 – 80 – 90 års alderen. Men dei som er fødde for 60 år sidan, seier at det var somtid barna fekk litt ekstra til fødedagen. Det kunne vara ei sirupskaka som dei sjølv kunne skjera av kva tid dei ville, eller nokre småkaker som dei hadde i ein pose og som dei fekk eta av kva tid dei ville utover dagen. Barna tykte det var veldig gildt å ha noko for seg sjølv den dagen, og dei hugsar det med glede seinare. 25: og 26. Nå er det ofte slik at barna steller litt ekstra for foreldra kvart år når dei er nådd opp i 60 – 65 års alderen. Men det er sjeldan nokon blir bedne før om folk er i 60 år. Mange går for å helsa på, dersom det kjem ein notis i ein avis om at dei fyller 60 – 70 – 80 o.s.v år – utan å verta bedne. Di eldre personen er, di fleir plar det koma. Ofte kan det bli store lag; men dei kjem som regel i kveldinga, så dei får berre eit måltid mat; stundom kan dei få dessert eller frukt seinare på kvelden. 27:Til gamle folk plar folk som kjem for å helsa på, ha med ei gåva. Men det er ingen fast regel. Nokre kjem med kringlar elle i ”bløt- \[s. 5\] kaker” så ikkje vertsfolket skal stå opprådd for mat om det kjem mange uventa gjester. 28: Fell bort. 29: Barna får nå ofte ei blautkake med så mange lys på som dei er år, og det blir servert mjølk, sjokolade, og kaffi dersom der er vaksne med. Er det eldre folk som held høgtid på fødedagen, så blir det alltid smurt smørbrød med ymse og godt pålegg; etterpå kjem kringle, blautkaker og ymse småkaker. C.Konfirmasjon. 30: Oline Gabrielsen, f. 1864, seier at ho trur ikkje det var serlige festligheter i heimen. Då ho blei konfirmert, fekk ho nye alle klede, frå innerst til ytterst. Svart kjole. Etter dei kom frå kyrkja, åt dei middag, vanleg ”kjøtmat”. Men det var ingen gjester. Eg har spurt folk som er vel 70 år, men dei seier at dei fekk ingen gåver eller hadde gjester. Besteforeldra kunne koma, men det var alt. Men alle klede dei gjekk med den dagen, var nye. Alle Gjentene hadde svart kjole. Gutane svart eller mørkeblå dress. 31: I 1903 blei eg konfirmert. Eg fekk mange og fine kort, og nokre bukettar med blomar, det var alt. Mor hadde stelt til middag, og eg skulle sitja øvst ved bordet den dagen. Alle kleda var nye, svart kjole. Andre huslydar hadde det om lag slik. Det hende ein og annan hadde noen slektningar hjå seg den dagen. Men det var konfirmanter mest i kvart hus, så det var ikkje godt å beda 32 andre. – Nå blir som regel fadderane bedne og den næraste slekt, dersom der ikkje \[s. 6\] er konfirmantar i dei heimane. Eg trur ikkje det var vanleg å be læraren eller presten. Det blei vanskeleg for dei å vita kven dei skulle gå til, dei ville få innbjoding frå mange. Næraste gardsfolk blir ofte bedne dersom der ikkje er konfirmantar. 34: Det blir aldrig brukt sendingar. Men det er vanleg at dei som er bedne, gjev gåver. 35: Det er ingen visse rettar. Kvar huslyd tek det som det passar for dei, men det blir alltid steikt og bakt mykje godt. Før var det handlingar i kyrkja som konfir- mantane var mest opptekne av, nå ser det ut som det er gåvene og festen heime som er det viktigaste. D.Bryllup. 36: Dei gamle seier at det blei ikkje halde noko trulovingsgjestebod. 37:Nå er det ingen fast regel, nokre har eit lite eller stort trulovingsgjestebod; men eg trur dei fleste har ikkje noko. 38 og 39. Men brylluper kunne vara både i 2 og 3 dagar. Dei som skulle vara med i bryllupet, blei bedne ei veke føreåt dersom dei skulle ha sending med. Den vanlege sendinga var ”søsterkaker”. Ho smaka som julebrødet dei brukar nå, men bakt i runde ringar, den underste størst, så minka dei av oppover. Det var 4 – 5 – 6 ringar dei kom med, og desse blei sett inn på bordet på einannan, det var som små tårn. Det kunne stå 5 – 6 sendingar på borda samstundes. Men dei kunne og ha gumme eller smør til sending. Smøret hadde dei ofte i ein ambar som sume kalle for ”skreppøskja”. \[s. 7\] Det sermerkte med ho var at botnen var så høgt oppe så det var ikkje så mykje smør i ho som det såg ut til. Ambaren var fint utskaren, på innsida av loket var det serlig fint. Når dei trykte loket på, sette det eit fint mynster på smør- et. Men nokre kom og med stykke. Dei var utkrota med ei treskei. Var toppen skoren av smøret, skulle gjestene ta frå toppen når dei for- synte seg. Var toppen på, skulle dei ta nedanfrå.) Det var vanleg 5 – 6 matmål i bryllup. Når gjestene kom, blei dei mødt med eit glas brennevin eller og sende dei rundt ei ølskål. (Moskovaskål kalla dei ølskålene i Austre Eikelands skulekrins. ”Drikk meg til av ei god manns hand, sa dei.) Alle drakk av same skåla. Når alle var samla, blei dei bedne til til bords, og dei eldste, anten det var slekt eller gardsfolk, blei sett øvst – ved sida av brurfolka. Det var kaffi og vanleg høgtidsmat dei fekk: brød, lefsa, gumme, søtost. Når dei tok på veg til kyrkja, var alltid kjøke- meisteren med. Han hadde øl og kakestykke med når vegen til kyrkja var lang. Der var visse stoggeplassar, og der gjekk ølskåla rundt også når dei kom frå kyrkja. Når alle var komne heim frå kyrkja, skulle dei til bord og få middag. Dei hadde same plassane som ved første måltidet. Det blei så bore inn store fat med ”kjødmat”. I kjøtsupa var det rikeleg med kjøt; grønsaker, mjølbollar og potes- ter låg saman med kjøtet i fatene. I mange brylluper stod brennevinsflaskene langs bordene og eit lite glas til kvar person. Gjestene forsynte seg sjølv både av kjøtmaten og brennevinet. Ølskålene blei sende om, og \[s. 8\] etter måltidet kunde det vera fleire som var rusa. Dei eldste fortel at i deira foreldre sin ungdom, hende det at gjestene velta bordene med maten på, og steintøy og glas blei knust. Dei kalla det ”bordspel”. Like etter middagen blei det ofte servet kaffi og eit stykke god kake. Når klokka var omkring 24, fekk gjestene det rettelege kaffimåltidet. Då var det full opp- dekning med brød, lefse, gumme, søtost m.m. Då blei og søsterkaka sendt rundt. I Vint- land skolekrins, blei dei som hadde gjeve sendinga, plassert midt framfor kaka, og kona skulle skjæra opp der ho sat, og senda rundt kakestykkene. Likeeins var det med gumme- og søtostfatene. Dei kom oppvarte- rane inn med og leverte til henne som hadde kokt osten. Ho skar opp, la osteskivene på tallerkenen og sende rundt. Det var difor lagt mykje vinn på å laga osten ekstra god, og det fall mange godord når osten smaka godt. c. Det var nok gummen sammen med gummen som var den visse rett ved alle veitler. Andre Siste målet var i 3 – 4 tida om morgonen. Sume serverte risgraut. Men i nokre bryllup slutta veitla når dei var ferdig med ”notte- kaffien”, d.v.s. det andre kaffimålet. Dersom ”nottekaffien” var siste målet, hadde dei risgrauten til kvelds andre dagen. d. Andre dagen skulle brurfolka varta opp, og oppvarterane sitja til bords. Om morgonen skul- le brurfolka først gå med ei kaffikopp og eit stykke kaka til gjestene som låg i bryllupshuset og i dei næraste hus – før dei var stått opp. (”Biarbede”). Når alle var samla, fekk dei mor- \[s. 9\] morgonmat. Same rettar som dagen før. Til middag bruka dei steik andre dagen. Men dei bruka ikkje dessert. ----- 41: Det er ikkje kjent at bedmannen samla inn kjøt. Men ei kona på Bringsjord fortalde at der var noko dei kalla ”skålpengbrylluper”. Det var slike som ikkje hadde råd til å kosta bryllupet sjølv. Ei skål ble sendt rundt, og der la gjestene dei pengane dei ville gjeva. 42: Det var ikkje noko anna namn enn sending. 43: Sendingen hadde gjestene med seg når dei kom til bryllupet.. 44 og 45 fell bort. 46: Der var ei kona dei kalla for matkona som hadde ansvar for at dei som hadde hatt sending med, fekk noko mat med seg heim att. I nokre bryl- luper var det foreldri til bruri som ordna med heimatsendinga, serleg mora. 47: Det vanlege er eindagsbryllup; men det er ofte slik at gjestene som overnatter i eller i nærleiken av brullupshuset, og gardsfolk blir budne inn neste dag. Men det er ingen fast regel. Det siste 2 dagar bryllup eg var i, var i 1902. Men det var nok fleire som har havt 2 dagar fram til 1920: 48: Av og til har dei nå bryllup på hotell eller pensjonat. 49: Det er sjeldan nå at dei trulova reiser til ein by og let seg vie der. Men frå 1910 og nokre år utover var det mange som reiste til Kr. Sand S. og let seg vie, og hadde bare eit lite lag på hotell saman med eit par vener. 50: Eg trur ikkje andre gav bryllupsgaver enn den næraste slekt, når dei trulova let seg vie i ein by. \[s. 10\] 51: Der er nok mange som har det litt festleg i all stilla heime på bryllupsdagar. Men det plar ofte vara litt ekstra ved 10 års bryllupsdagen, og ofte som ein brullupsfest ved 25 års dagen. Då kan mange vera innbedne, og dersom dagen er gjort kjent i avisene, kan vener og kjenningar gå og helsa på om ettermiddagen. Mange har då gåver med, endå om dei ikkje er bedne. E. Gravøl. 52: Til gravøl var det faste bedlag. Ein var såleis ikkje i tvil om kven ein skulle be. Det blei vanleg beden 2 frå kvart hus i bedlaget, helst mannen og kona; men var det ein av dei som ikkje kunne koma, så kunne ein av dei andre i huslyden gå i staden, så sant der var ein vaksen. På den garden der likferda var, blei oftast alle innbedne, dersom då ikkje garden var sers stor. På Bringsjord var garden delt i austegard og vestegard når det var likferd. Men var det likferd i siste huset i austegarden, blei alltid første huset huset i veste- garden bede, og omvendt. Det var oftast ein eldre mann innan bedlaget som blei spurt om han ville gå og be inn til gravferda. Det kunne vera same mannen som bad til gravferd, i eit langt tidsrom. 53: Det var rekna for at gravølet berre varde 1 dag. Men andre dagen var oftast familien framleis samla, og gardfolka blei også bedne inn til morgonmat andre dagen. 54: Det var vanleg 4 måltider: morgonmat (eller føremiddagsmat), middag, kaffimålet og kveldsmat. Maten stod på langbord på same vis som i brydlaup. \[s. 11\] 55: Ein kjenner ikkje til at der var nokon slags mat som ikkje burde nyttast ved gravferder. Det var vanleg same slags mat som i bryllup. 56: Hovemåltidet hadde ikkje noko sers namn. 57: Dersom det var liten plass i heimen, serverte dei maten i eit grannehus, men dei gjekk attende til gravferdshuset når dei hadde ete. 58: Gjestene hadde sendingar med seg. 59: Dei var pakka på vanleg måte. 61: Der var ingen skilnad på maten anten den avdøde var gift eller ugift. Men ugifte kvinner fekk ofte ein myrtekrans om hovu- det, slik kvinnene bruka når dei stod brud. 62: Det var vanskeleg å bryta med dei gamle gravferdsskikkane, serleg når det var gamle folk som skulle til jordar. Etterkvart syntes folk det var meiningslaust med alt ståket i sørge- huset. Ofte var dei næraste overtrøytte og utvakte etter langvarig sjukepass. Der var og blitt fleire og fleire hus på gardane så det var svært mange i bedlaget og vanskeleg om plass i sørgehuset. Så var det ein eller annan som slutta med middagsmåltidet. Det blei sagt når bed- mannen bad til likferd, at det skulle berre vera to måltider, eit før dei for til kyrkja, og eit etter dei var komen heim att. Dei første som braut med dei gamle skikkane, fekk nok høyra at dei var gniarar. Men for mange var det også økonomisk ei stor lette då gravferdene kom inn i enklare former. 63: Ein og annan kjøpte nok noko vin når det skulle vera ei sers ”flott” gravferd, fortel ei 89 års gamal kone. Men det må vera lenge sidan dei her i bygda slutta med rusande drykk. 64: Dei fleste trur at alkoholbruk og sending slutta \[s. 12\] omlag samstundes i bryllup og gravferder. 65: Det hender ennå at når det er sers gamle folk som skal gravleggjast, serleg slike som har vore glad i gamle skikkar, at det blir servert middag til heile bedlaget. Men det er berre undantak. Det vanlege nå er to måltider, det eine når alle er samla, det andre når dei er komne att frå kyrkja. Det er kaffi og vanleg høgtidsmat som blir servert til bedlaget. Om kvelden er stundom familien samla til middag. 66: Det er lenge sidan A det blei brukt alkohol i gravferder. 67: Det hender at ein har gravferdsmiddag på hotell. Men det er ikkje sjeldan at dei som har lite husrom eller det er vanskeleg om arbeids- hjelp har maten til gjestene på hotell. Mange ganger samlast dei innbedne i kyrkja, og etter liket er gravlagt, køyrer dei ut til hotell og har måltidet og minnetalane der. 68: Her i bygda er det ikkje brukt å be gjestene skriftleg. Ennå er det som i eldre tid: Ein mann går rundt i bedlaget og bed til gravferd. 69: Dei første dødsfall som blei avertert i avisene, kom for om lag 40 år sidan. F. Nye festar. 70: Det har ikke laga seg nokon tradisjon om det ein skal ha til mat 17. mai. 71: Det er ikkje så få som feirer morsdagen. Det er vel omlag 35 år sidan ein tok til med det. 72: Eg høyrer lite og inkje tale om farsdagen. 73: Ingen visse retter eller kaker til desse dagane. 75: Det var nok gjennom avisene dagane blei kjent. \-----------------”---------------
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste