Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Brynet
NEG_3_204_Op_Lom
Transkripsjon av filen #NEG_3_204_Op_Lom
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Brynet. 1: Bryne. - Brynø. Brynet er av grøvre slags grjot. Hein kallast finare slags stein, som kom fraa nordanfjells. 2: Før i tida var det berre bryner av naturstein. I seinare tid har det vore aa faa kjøpt bryner av kunststein. Naturleg brynestein finst inkje i bygda, men i grannebygda Vaagaa, i Skaarwangen, er det naturleg bryne- stein. Derifraa kom det før i tida, rekande dei som selde bryner. I seinare tid har slike bry- ner vore aa faa kjøpt paa bua, Skaarvangs- bryner heiter dei 3: Vert fyrst slipa paa rund slipestein, og etterpaa bryna. Finare bitjarn som høvelten- ner og rakeknivar vart det brukt hein paa etter slipinga. Dette gjeld tolleknivar og sakser og. 4: Er ukjennt her. 5: Er ukjennt her. 6: Ymse, kom an paa steinlaus teig, og paa um slaattekaren var god til aa kvetja og stelle amboe. Elles saa slipa ein for kvar øykt. \[side 2:\] Kunde ein naa i slipestein, saa brukte ein den. Men paa ut- og fjellslaatter, og oftast paa setrom og, hadde ein inkje slipestein, og da galdt det aa greie seg utan. Og da spurdest det snart, naar ein i dagevis var utan sliping, kva kar ein var til aa halda ljaaen istand og korleis ein kunde bryne. Skulde ein verta god slaatte- kar maatta ein vera god til aa kvetja. Da galt det fyrst aa ha eit mjukt og godt bryne. Eit godt stelt bryne maatte for det fyrste vera bra langt, og saa maatte det vera ei jamn flate paa det, eitlar og harde korn haldast nede Det maatte inkje leggjast hardt mot eggen; men kvetjast godt mot bakken paa ljaaen, slik at inkje ljaaen vart for rund mot eggen. Mange sleit vondt med ein sjemd ljaa. Det var ei konst aa vera god slaattekar. 7: Er ukjennt her. Men som slaattekar i Eid- anger i 1888 hadde ein inkje bryner, berre ei sandstikke. 8: Ljaaen er alltid paa orvet ved sliping. Er nokk bunden av bindinga ogsaa. 9: Ljaaen gaar uppunder vinste armen og vert halden fast med vinstre hands fingrer. For stuttorv maatte ein staa paa kne. 10: Brynestokk, var dreia av furu og med 2 jøler av jarn, i den øvste var det ein krok til aa feste i livjordi. 11: Ukjennt. 12: Brynestokken henges paa beltet paa vinstre sida. 13: I brynestokken er vatten for aa væte brynet. 14: Mjølet kallast brynesand. \[side 3:\] 15: Ja dei eldgamle brukte brynesand mot ringorm. Dei laga deig i søtrjo- me og klinte paa. 16: Ukjennt. 17: Er ukjennt. Men var brynet hardt, saa lagde dei det i eldmyrju for aa faa det mjukare. Harde bryner var lite akta. 18: Rekstarne (onnejentene) hørte kva stemning slaattekaren var i, paa sangen i bryningen. Var karen i godlag, var laa- ten klangfull, var han derimot tung- sindig, var tonen grov og tung. Var nokk oftast brukt for aa erte slaattekaren. 19: Nei. 20: Nei.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste