Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8453_MR_Hareid
Transkripsjon av filen #NEG_39_8453_MR_Hareid
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: Fødselen. 1: Å koma med mat til barselskona har vore skikk frå gamalt av, og er det den dag i dag. Det var kjerringane på garden, ikkje alle, men i alle fall dei som var næraste grannar. Og så kom dei ein og annan av slekta, ogso, dei som bodde langt ifrå. Men desse siste var ikkje so visse som næraste granne- konene. 2: Dei kom helst einskilde, men det trefte seg stundom at at dei vart ei eller fleire på samme tid, av di dei ikkje visste om kvarandre. Dei ville helst ikkje kome meir enn ei i gongen. 3: Eg trur ikkje det var vanleg, men stundom hende det nok at dei sam- snakkast om sengamaten, so det kunne verte meir skifte på det. Men det er vel helst i seinare tid. I min barn- dom, og før den tid, var det berre graut dei gjekk med. 4: Barselkona skulle helst vera ei 6—7 dagar gamal før nokon kom med \[s. 2\] sending, fortel dei elste eg har snakka med. Men so måtte dei heller ikkje rikke seg framfor sengastokk før dei var nesten 14 dag gamle. Dette var før. No er det annorleis. Dei som no går sengamat lagar ei eller anna fin kake, eller kjøper noko med bakaren. So går dei med det eller sender det.Graut er det skjeldan dei brukar til barselsmat no. Kanskje somme kjem med smørbrød med fint pålegg. Ellers har all slik bareselsending teke mykje av i desse siste åra. Sonekona mi fekk barn no i haust. Svigermora (kona mi)ville gjerne sende noko til henne, og bad ei dotter som er heime om ho ville gå med litt barselsmat. Ho kunne ikkje gå sjølv då ho er sjuk og ligg til sengs alltid. «Nei, pøh! Slikt gamalt tull» var svaret. Slik er tankane åt dei unge. 5: Berre 1 gong, men dei sende også ofte mjølk omframt til dei som ikke hadde denne vara. 6: Oftast var det graut før i tida, men det hende ogso at dei gav løfser og vaffelkaker, fortel dei gamle. 7: Dei sende berre ein gong det som dei kalla for «sengjamat» 8: I dreia treskåler eller trefat i eldste tid 60 – 70 åra. Seinare i blåblomstra kummar eller fat av steinty. 9: Dei sa omtrent berre «sengjamat» før, og det er sikkert det jamnast brukte no og. 10: Nesten altid var det kona sjølv som \[s. 3\] gjekk. Berre når det va eitt eller anna som hindra henne kunne dei sende tenestgjenta eller eit anna kvinfolk på graden. Dette var før. No, når dei helst berre tingar noko med bakaren då ser og dei stundom sender ogso sender ein barns- unge avstad. 11: Når eg spør gamle koner om det ikkje ogso gjekk an å sende mannen med sengamaten, eller han kunne fylgja med kona si, då berre smiler dei: «Nei, det gjekk nok ikkje an» Noko usømmeleg var det vel ikkje soleis, men karfolka ville blygast ved det, for det høyrde ikkje til vanleg skikk. 12: Ja sendingsfolket fekk traktering både før og no. Dei som kom med graut fekk kaffi og kaker. Men før kaffien kom i hus fekk dei øl og løfser. Ofte fekk dei ogso dram (før 1880) Ei gamal kone fortalde meg at barselskona hadde brennevinsflaska ståande attmed høy- enda (hovudputa). So skjenkte dram til dei som kom med sending, men ho visste ikkje om ho drakk av flaska sjølv. Men den som var der og passa henne (nærkona), fekk dram og dertil smurde ho brennevin på underlivet åt henne som låg. Men dette er lenge sidan, minst 60 – 70 år. Det vert fortalt om ein mann frå bygda at han kom inn til kona si med brennevinsflaska og ville skjenke henne når ho hadde fått sin førstefødte. Da vart han nekta av jordmora. Ho tok frå han både flaska \[s. 4\] og glaset. Dette var so seint som i 90 åra. Men det kan kanskje tolkast slik at dei i eldre tid skjenkte dei brennevin ogso til barselskona straks etter at ho hadde født? Det var ingen skilnad på trakteringa anten det var gut eller gjente. 13: Nei, her har visst ikkje vore noko serskilt namn på denne trakteringa, i allfall ikkje i seinare tid. 14: Nei. Barsøl hadde dei berre når barnet var døpt. 15: Ja, diverre var det vel slik før at dei gjekk berre til gifte mødre. Eg trur at dette har endra seg mykje dei siste 20-30 åra. Det har vorte ei meir human innstilling i mange ting. 16: Alt i mellomkrigstida vart det skifte på desse skikkane. Det vart meir og meir slutt med grauten, og ymse sortar kake kom istaden. Konditorkaker eller heimelaga. Men etter siste krigen, og serleg dei aller siste åra, no ser det ut til å gå ut meir og meir med nko sla matasending i det heile. Dei kjøper eller laga rein liten ting til barnet, (ei hue, sokkar o.l.). Dette kjem vel ogso mykje av at so mange fødande mødre vert lagt inn på klinikk, og der kan slekt og grannar venskeleg nå dei. Blomstersendingar har det auka mykje med dei siste åra. 17: Ja stundom. Eitt lite stykkje ty \[s. 5\] eller liknande. 18: Det aukar på med slike små gåver, men minkar med matasending. 19-23 Ja, og der var altid faddrane med, og elles dei som høyrde til i huset, sysken og besteforeldre. Vi kalla dette selskapet for «fadderselskap» eller «faddergilde». Før i tida sa dei meir barsel, og ofte seier vi det nno og. Skjelnare brukar vi ordet dåpsselskap eller dåpsgilde. Sendingar gjekk dei med før og, men det var helst mjølk til slike som ikkje hadde dette. Eg trur ikkje det var skikk å sende mat til eitt faddergilde i gamlr dagar. Men no for tida sender vi ofte eit eller anna mataslag, bløte- kaker, skuffekaker eller konditorkaker frå bakaren. Då sender vi det anten laurdagskveld før barnet skal til dåpen eller sundag føremiddag. Noko sers fast mataslag i eit slikt faddergilde var det ikkje. Det var (og er) vanleg helgamat. Men sen- dingane har ingen fast skikk eller regel. Eg trur nok at ho som bar barnet oftast gav ein liten ting, om ikkje dei dei andre faddrane gjorde det. Men ei lita faddregåve i pengar var nokso vanleg både før og etter 1900. Da hugsar eg at dei rekna ei faddergåve pålag til kr.2,00. Difor kalla dei ogso stundom dei gamle 2kronerstykkja for ei «faddergåve» Dette siste vart det slutt på når dei tok etter den nye byskikken å halde konfir- \[s. 6\] masjonsselskap. Alle desse gamle festskikkane som har fylgt oss «frå vogge til gravi» har no smått om senn gått opp i liminga, og anten vorte heilt vekk eller ogso for- andra seg so mykje at dei er ikkje til å kjenne att. Nye skikkar frå byane har trengt seg inn i bygdelivet alle stadar, men mest her ute med kysten der folkeferdselen er størst. B. Fødselsdag 24: Me vi visste ikkje av nokon høgtiding av fødselsdagane i min barndom i 80 – 90 åra, korkje for born eller vaksne. Først etter første verdskrig tok vi til å merke denne skikken her i vår bygd, mest for vaksne og eldre i huslydane, seinare kom borna ogso med. 25: Det er so ymse med dei vaksne men helst er det ved runde tal at dei held noko sers selskap. Men det kan nok vanke ei bløtkake. Men ein annan god- bit ogso ved et vanleg åremål i somme huslydar. 26: I vanlege familjer (bonde og fiskar) var det ikkje snakk om å gå ubedd. Ein kunne sende ei gåve, men rikka seg ikkje dersom ein ikkje var bedd. Desse synsmåtane har endra seg i seinare tid. Millom finfolket i bygda (sorfolkje, dei kondisjonerte) lensmann, handelsmann, fabrikkeiga rogg slike, der vart det meir og meir skikk å gå med gåver ubedd. Sidan har mykje meir vanleg ogso millom oss «småfolket». \[s. 7\] Men storparten, i allfall millom dei eldre, rår enno den skikken at ein går ikkje i slike åremålsgilde utan ein verte beden. 27: Ja, det har etterkvart vorte ei fast skikk å gi gåver, både dei bodne og dei ubodne. 28: Nei, eg veit ikkje om det. 28: Ja, sjokolade med kringle og bløtkake er det jamnt nevn, men eg veit ikkje om eg har sett bløtkake med ljos på. Men det kan vel ha vore brukt her i bygda likevel om ikkje eg har sett det. Men kaffi og smørbrød med alle slags flotte pålegg og endå løfser, og Hardingar (Hardingløfser eller Hardingkaker) og mange sortar småkaker. Og til slutt, ein eller fleire sortar desser. Ja,, slik er det no alle stadar. Sjølvsagt er det litt skilnad. Det er ikkje like flott og storsvert i alle heimar. Men det er slik, vil du fylgja med so heng på. C. Konfirmasjon. 30: Konfirmasjonen vart ikkje høgtida med noko selskap eller framifrå trak- tering i min barndom og ungdom og ikkje før den tid heller. Matstellet den søndagen var som ein annan preikesøndag. Først kring vedskrigen 1914-1918 tok vi til å merkelitt meir selskap og gestering ogso ved denne dagen. 31 – 35. Frå kring 1920 – 1930 kan ein seia at det har vorte fast skikk med konfirmasjonsgilde. Ingen vert bedde. \[s. 8\] Det er faddrane som kjem etter dei har vore i kyrkja. Og faddrane må sjølve passe på når dåpsbarnet deira skal konfirmerast. Då sender dei gåver- laurdag og kjem i selskapet på søndag. Dersom foreldra til konfirmanten ynskjer nokon annan enn faddrane i høgtida, so vert dei bedde. Men det er ikkje vanleg å be korkje lærar eller prest. Er det nokon andre enn faddrane som sender gåver kan dei verta bedne i eit lite etterpåselskap dagen etter. Det er også brukeleg med sendingar med mat eller mjølk og fløyte. Bløtkaker eller skuffekaker og kringle er det vanlige. Gåvene til konfirmanten er eit kapittel for seg. Det har ein tendens til å auke fra år til år med sylv og med gull, so det snart vert vel mykje å greida for mange. Ei ned- skjering var snart turvande. D. Bryllaup. 36 – 37 Nei, ingen av dei eldre hugsar noko om festarøl eller forlovingsgilde. Har det vore skikk nokon gong her i våre bygder so må det vera lenge sidan. Vi har ingen høyrt gjete det. 38: Fra 1896 til 1901 var eg i 3-4 bryllaup med slekta mi her i bygda og i ei granne- bygd. Det eg hugsar fra desse festane skal eg her fortelja. Dei varde ikkje so mange dagar, men det var mykje folk samla, 2-300 menneskje kvart. Men mykje av de elste skikkane fra dei gamle \[s. 9\] skålbryllaypa var alt avlage so langt ut i 1890 åra. Soleis var rusdrikken ban- lyst i mange av desse storbryllaupa her i bygda. Berre i eitt eller to slike har eg vore der det var øl og brennevin på ekte gamalt vis. Og det var ingen moro. Det er stygge minne. Laurdag ettermiddag tok folket som hadde lengst vegane til å koma. Det var slekt og kjenningar frå avside gardar eller frå andre bygdelag. Desse skulle ha nonsmat i 5-6 tida eller litt før. Dei kom med kvar sine sendingar, dersom det var huslyden og gifte karar og kvinder. So vart dei sessa til bords attmed lange bord. Maten var løfser av rug og havremjøl i blanding med litt sikta rugmjøl. So var det tjukke digre skiver skorne av 2 sortar kake, vørterkake og krotakake (brudakake) Kanskje var det ein 3dje sort kake og av finare mjøl, eller det kunne være det som dei kalla skillingskake. So var det både ein og to brødsortar, langebrød halvfint og eitt av finare mjøl. Somme stadar bruka dei og vaffelkaker. Smør (heimesmør gardssmør) og søst på maten. Vaffel- kakene og smøret og søsten var sendingar frå gardane og frå slekta. (Desse sendingane skal eg fortelja om seinare) Løfsene var like eins sendingar fra gjestene en i bryllaups- garden hadde dei ogso bakt mykje løfser. Drikken var kaffi. Det var slutt med ølet. Avhaldsrørsla hadde fått inn- pass i bygda, og serleg på denne garden. Kaffien var kjøpt ubrend og bruda hadde \[s. 10\] stått i fleire dagar og brent kognene i ei gryte. Brend kaffi var det ikkje å få på den tida. Attåt desse kake og brødsortane som er nemnde framanfor hadde dei også kav- ring og kringle (rugkavring). All mat framsett på store fat av steinty eller i store dreia skåler og fat av tre. Dette var laurdag i 5 tida etter middag. Men næraste grendefolket dei var ikkje komne enno, dei kom ikkje før til kveldsmaten. Difor gjekk folk frå brudlaupsgarden med sending til desse næraste grannane. Ei slik sending til ein huslyd hadde desse matasortane: 1 løfse, eit stort stykke av 2 sortar kake, eit stort stykke av 2 sortar brød, og 1 kavring og 1 kringle. Løfsa åg under og det andre låg opp på løfsa. Dette kallas ein bite. Og på kvar slik bite var det 7 sortar mat. Det var ei uskriva lov i bygdaskikken. Og kvar vaksen person i huslyden fekk ein slik bite. Alle kake og brødsortane i desse bryllaupa i 1890 åra var kjøpt frå byen eller med bakar i bygda. Kavringen og kringla ogso. Laurdags kveld. Då kom grenda- folket, og dei kom med sendingar. Det kunne skilje mykje på storleiken av «gromheita» med desse sendingane, men mest vanleg var dei vel slik: 1 smørs- lag d.v.s. pålag 1 kilo heimekinna smør i ei krotefom (utskora treform). So tok dei smøret ut av forma og sette det fram på \[s. 11\] bordet i bryllaupsgarden. 1 fat søst, pålag 1 kilo venteleg det og. Dertil eit lite lad med løfser frå 4-5 til 8-10 stk. i kvar sen- ding. Og ofte nokre vaffelkaker. Om dei ogso hadde med seg potetkaker i sendinga, veit eg ikkje. No var folket komne til gards, og først no rekna dei at bryllaupet var «tisett». So var det kveldsmat. Det var fisk fersk eller klippfisk (torsk) lange, brosme eller småtorsk, dersom det var nyfiska. Poeter og flatbrød (bugtabrød) brote i hop ein gong under steikinga. Mjølkesupe (av byggmjøl eller grynmjøl og mjølk) attåt. Øl på bordet til kvart mål og mellom måla fram til kring 1890. Men ikkje i dei bryllaupa eg skildrar her. Søndags morgon gjekk dei med morgonbite til all av bryllaupsfolket som ikkje fekk plass på garden, men låg rundt på gardane. Desse bitane hadde same mengde og sortane som i sendinga laurdags kvelden. Dei som låg i br.garden fekk bitane fram på bordet utla akkurat som det dei gjekk rundt med. Søndag Middag. Fersk kjøt kokt som sodd med flatbrød attåt. Søndag Non. Som laurdag non, men ofte hadde dei da litt finare brødsortar. Søndag Kveld som laurdag kveld. Måndag omtrent som søndag, men då var det brudagraut til middag. Oftast kveitemjølsgraut med mykje smør- feitt, og mjølk til. (Før var det byggmjøls- graut) Grauten var fast rett fram til ca 1910 \[s. 12\] Oftast var desse bryllaupa slutt måndag kveld. Men stundom varde dei ogso til tysdag middag. Matamåla var dei same. Når so folket for kvar til seg, fekk dei «brurabiten» med seg heimatt. Det var same sortane og same mengda pålag som dei sendingane dei gjekk rundt med på søndag morgon. Men helst var vel brudabiten litt rausare ut teke likevel. Dett var då dei skar største stykkja av «brudakaka» (krotakaka) Med det same gjestane for heimatt hadde hjelparane ei lita kosestund med trak- tering for seg sjølve. 41: Nei, «bemannen» eller de som gjekk rundt og ba til bryllaup gjorde ikkje noko anna enn å be folket. Å be i hop kjøt er ikkje kjent her i bygda av dei so no liver. Men dei sende rundt ei «bekjerring». Ho ba i hop mjølk og skaffety (kniv og skei) og so sengklæder til dei som skulle ligge på flatseng i brylaupsgarden. 42: Eg går ut frå at det er den vanlege matsendinga som er meint, og den hadde vi ikkje noko anna namn på enn «Sen- ding» 43: Kona på garden tok sendinga med seg i ei korg når ho laurdag kvelden gjekk til br.garden. 44-45. Er ikkje kjent her. 46: Dei som stod for og styrte med all brød og kakematen, og likeeins sendingane til og frå br.garden kalla vi «Budakjerring» Navnet kjem vel av at dei oftast heldt til \[s. 13\] med dette matastyret i «Buda» (Stabburet). Den andre maten, den som skulle kokast heldt dei til med i kjelllaren. Og dei som styrde der var kokken med hjelparar. (Brudlaupskokk, Grautakokk, Kaffikokk) 47-51. Desse storbryllaupa på 2-3-4 dagar er det for lenge sidan slutt med. Det fanst vel eit og anna heilt fram til første verdskrigen. Men ettter 1920 var det nesten aldrig vi høyrde om slike storkauler her i bygdene. Mange er det som no held små bryllaups- lag anten i byen eller oftast på hotellet her i bygda. Dei har då middag der med det same dei kjem frå kyrkja, og so eit par mål til utover kvelden (kaker, smørbrød, dessær) Dette kan være på ein yrkesdag, men oftast på søndag. Somme leiger eit forsamlings- hus (ungdomshuset) og held bryllaup i. Då varer det frå morgon til kveld. Det hender at nokon reiser til byen og blir vigde der, på byfutkontoret, utan å halde oko festleg lag, men det er skjeldan. Dei fleste held ei lita sam- kome heime. Dei som ikkje held noko lag etter gift- inga, får likevel sendt til seg gåver. Då samlar dei desse gjevarane til eit lag seinare. Fest på årsdagen for bryllaupet er noko heilt nytt som ikkje var brukvisa før. Mine foreldre visste ikkje om noko slikt. Det høyrde storfolket i byane og embets- folket til. No i den seinare tid (ei 20-30 \[s. 14\] år) har det ogso vorte vanleg ute på bygdene. Men skjeldan noko meir enn sylv og gullbryllaup. C. Gravøl 52: Bearlaget, den grenda som haøyrde til med i dei ymse gravøl, var fortsatt med faste grenser for kvar gard, og desse vart bedde. Ein bad ikkje nokon utanom denne grensa. Men nære sliktningar eller gode vener og kjenningar som ein gjerne ville ha med i gravferda, dei vart bedne sjølv om de ikkje høyrde med til gravølgrenda (beargrenda). 2-3 dagar ør gravferda gjekk ein rundt på gardane og bad. Hellst var det mannen sjølv som gjekk. Men var det han som låg lik, då fikk enka ein av grannane eller helst ein av slekta til å gå rundt med beinga. « Dokke må gjere vel å kome burt i garden til oss på fredag. Då skal me ha nå Ola til jorda.» «Å er det då det skal vere, ja du skal ha takk me skal kome.» Var det eit av borna som var død, bad ein ikkje anna enn mann og kone. Men når det var ein vaksen som skulle «jordast» da bad dei alle vaksne i kvart hus. (Ikkje tenestefolk) 53: So langt attende som nokon kan minnast her i bygda so har ikkje gravølet vart meir enn 1 dag. Men det kunne treffe seg slik slektningar som budde langt ifrå kom kvelden før, og stogga der til dagen etter. Måltida gravølsdagen var berre 2 stk. Folket kom i 10-11 tida om \[s. 15\] Fyremiddagen. Då vart dei sessa till lange- bord (baksterbord). Maten var den som i bryllaupa, ymse kaker og brødsortar opp- skorne i store skiver med kaffi til. Øl i eldre tid, men det kan ingen no minnast. So var det mat når karane kom att frå kyrkjegarden. Kvinnfolka var ikkje med dit i min barndom. Dette 2dre målet var det ymse. Eg veit at det stundom var graut, men ofte var det ogso kaker som første målet. 55: Vi veit ikkje av nokon matsort som ikkje kunne nyttast i ei gravferd. 56: Nei, vi veit ikkje noko serskilt navn på måla. Men ein gong, vi sat og åt grauten etter attekoma frå kyrkjegarden, då høyrde eg ein gamal mann sa: ”Ja, dette er bruragrauten hinna» Det var ei ung gjente som var død. (1900) 57: Før vart gravøla altid halden i heimane skjølv om husa var små. Det er først i seinare tid at dei leiger eitt forsamlingshus (bedehus) til gravferda. Eller i eit skulehus. 58:58.60 Ingen eg har tala med kan minnest sikkert om om dei kom med mat- sendingar til gravølet. Eg kan ikkje minnest noko om det. Men somme av dei gamle held det ikkje utruleg at det har vore skikk eingong for lenge sidan. 61: Sjå nr.56. Kan ikkje seia noko sikkert om dette. 62: Det vanlege no er at folket kjem kl.1, og det er berre 1 mål, etter ein kjem at frå x) Ho fyljer alltid med. \[s. 16\] kyrkjegarden. Som ei radikal overgangs- form kan nemnast at somme meiner ein ikkje skal ha noko matastyr ein slik dag. Dei syrgjande har nok å kave med likevel. Men det har ikkje slått gjennom. Folk vil kome saman og hygge seg med mat og drikke også i gravferdene. 63:64. Det har aldri vore bydt på noko salg rusdrik her i bygda i noko gravøl so langt attende som eg veit om. Det same seier dei som er eldre enn eg. Men lenger attende har det nok vore både øl og brennevin ( ialfall øl) trur dei gamle. Men her i bygda er det ingen levande tradisjon om dette. Det er vel nokso sikkert at ålvåret og sorga i slike lag gjorde at ein slutta \[?\] før med dei gamle drikke- skikkane i gravferder enn i festar og lag av andre slag. 65: Det er lenge no sidan det var 2 mål i gravferder. Minst 20-25 år. No går ikkje folket heimafrå før dei har fått seg middagsmat. So kjem dei til gravølgarden i ½ 1-1 tida. Når dei so kjem att frå kyrkjegarden er det mat, kaffi og smør- brød: For nokre år siden var det skikk å kome med bløtkakesendingar til grav- ølet. No er det mykje slutt på det. Men smørbrødmålet er ofte flott som på eitt hotell. Alle som er i gravølet vert bedde om å koma attende til gr.garden til dette målet, dei vert ikkje bedne einskild- vis, \[s. 17\] men det vert sagt til alle i nokre få ord, før dei går ut frå heimen. 66: Nei, ingen av dei eldste som no lever veit om at det har vore brukt alkohol i gravøla. Og ikkje er det brukt no +) 67: Nei, eg trur knapt at nokon her har nytta hotellet til gravferdsmiddag. 68:69 Nokon annan skriftlig innbyding enn gjennom avisene kjenner vi ikkje til her. Dødsfallet vert altid kunngjort i ei avis, og då set dei innbydinga i same lysinga. Oftast slik: «Alle som vil fylgje til grava er hjartelig velkomne» Denne skikken har kome litt om senn gjennom dei siste 30-40 år. No er det berre denne måten som vert brukt. Men i den første tida vi tok til med lysing i avisene då sette vi ikkje inn- byding attåt. Vi gjekk på gardane og baud (1915-1925) Far min døydde i 1922. Døds- lysing sette vi i avisa, men eg gjekk sjølv på gardane og baud folket. D. Nye festar. 70: 17de mai. Nei, her er ingen tradi- sjon om maten på denne dagen, det eg veit om. Men litt betre enn på ein vanleg yrkesdag er det nok med fleirtalle. 71: Eg trur at morsdagen vert feira nokso mannjamnt no, menn so gamal skikk er det ikkje. Frå kring 1930-35 har det vakse litt etter litt. Men først etter siste verdskrig har det vore fast skikk i alle huslydar. x) Eg reknar med at kaffi kom i bruk i 80-åra. Før den tid må ølet ha vore i bruk også i gravøla. \[s. 18\] 72: Nei, farsdagen har ikkje fått fotfeste enno. Mange tykkjer det er berre tøv. Men eg fekk meg 2 bløtkaker i år. Det var første gongen. 73: Det går helst på bløtkake eller kon- ditorkringle. 74: Anten bakar kvinnfolka sjølve det dei treng på desse dagane, eller dei kjøper det med bakaren i bygda. Stundom kanskje båe deler. Ja, bakarane både i byen og bygdene lyser ut i blada alle slags fine kaker til mors og farsdag. Og desse lysingane gjer nok ogso ein stor verknad. 75: Først vart desse dagane kjend gjennom avisene (dei første åra!) (So var det «eksemplets makt») Dei såg det av kvarandre. Sidan ogso gjennom vikeblad og radio. Eg har nemnt desse spreiding- kjeldene etter den rekkefylgja som eg trur dei har hatt største verknad. Det er underleg å legge merke til kor- mange av dei store endringane i skikkar og livemåte ha si grunn i tida akkurat då dei 2 verdskrigane herja verda. Då rakna det gamle og noko nytt fekk liv. Mykje av dette nye er vi glad for. Men sumt er vel ogso eitt dårlegt byte. Ei ung gjente oppvaksa i ein heim med dårleg økonomi sa det slik: «Det er fælt å tenkje på at det laut verte 2 verdskrigar før oss kunne få liva som andre folk » Det er mange i bygdene våre som kan seia det same. Det er syrgjeleg, men det er sant.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste