Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8451_MR_Vanylven
Transkripsjon av filen #NEG_39_8451_MR_Vanylven
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: S.1 A.Fødselen. 1: Det har alltid vore skikk her. 2: Her kom og kjem dei enkeltvis. 3: Nei. 4: Nærmaste slekta skal kome fyrst, 3. eller 4. dagen, og så heim. Ingen fast regel. Men dei som er minst i slekt, eller bur lengst borte, kjem sist. 5: Ein gong, aldri tale om fleire, utan kanskje for fatigdoms skuld. 6: Rjomegraut var det vanlege før. Det skulle vere noko «styrkjande». No kan dei kome med alslags mat, middag, småkaker, bløtkake o.s.v. 8: Dei kunne bere grauten også i spann, helst kom dei med han i ei stor grautaskål, av porselen, innpak- ka i klede. 9: Nei. 10: Det var kona som gjekk, men \[s. 2\] kunne ikkje ho, vart andre av kvinnene send. 11: Her ville dei synest det var mykje rart om mannen kom. På Runde, Herøy, der brukte mannen å gå med. Sameleis ein stad i Ryfylke. 12: Traktering laut konene få av det huset formådde, gjerne av slikt andre koner hadde kome med. Det siste helst \[sed\]. Ingen skilnad på gut eller gj. 13: Kjenner ikkje til namn. 14: Ukjent her. 15: Ingen regel her. Helst ikkje. 16: Det har nok skifta sterkt, like frå ca 1900 til no. Her er dei også byrja gje gåver til barnet i staden. 17: Ikkje fast skikk. Derimot er det mykje vanleg å gje gåver til born i slekt eller nabolag, sjølv om ein ikkje er fadder \[med\] for dei. 18: Sjå 16. 19: Det har alltid vore skikk å halde dåpslag her, med fadderan\[d\]e. No byd ein andre og. 20: Ja, det og, av «barnsøl», så vidt eg veit. \[s. 3\] 21: Kjenner ikkje til at\[t\] fadder- konene «kom med korg», det var i brudlaupa og kanskje også i gravøl, det. Men no er ein byrja sende bløt- kaker i met alle høve, brudlaup, dåp, gravferd, gjeburtsdag, o.s.v. 22: Ukjent. 23: ---«-- B. Fødselsdag. 24: Det vart han visst ikkje her. Skuleprotokollar, attestar o.s.v. viser feil såleis. Dei la ingen vekt på det, feira han ikkje. 25: No er dagen meir moden. Dei brukar vanleg å feire fem-og tiårsskifta, i alle høve. 26: Det er nærmaste slekta ein ber, og grannar. Ein kan og møte opp og ynskje til lukke med dagen, serleg om det er ein framståande person. Konene og andre kvinner kan slå seg saman om å kome med mat og traktement og gåver og såleis lage til eit lite gjestebod for å heidre vedk. \[s. 4\] 27: No er det skikk å sende gåver, også om ein ikkje er beden. Helst til born og nær- maste slektningar. 28: Ukjent. 29: Born får bløtkake\[r\] med lys på. C. Konfirmasjon. 30: Eigentleg feiring av kon- firmasjonen var her ikkje før. Det var likevel rekna for å vera ein høgtids- dag, og ein alvorsdag for heile huset, serleg for \[?\]- \[?\], sjøl, og for mor og far. Kanskje hadde dei ekstra bra mat, og kanskje kom, eller sende faddarane faddergåver. Det var alt. Men det var ekstra stas og høgtid med ei kyrkjeferd med konfirmant. 31: No held dei selskap til overmål, fleire dagar. Det byrja kring 1930, og har auka på etter 1940. 32: Fadderar, nærmaste slekt, konfirmasjonsdag. Så ein dag er det skulekameratane, ein dag grannane, o.s.v. 33: Bløtkaker I overmål no. 34: Skikk med gåver, frå \[s. 5\] Fadderar, slkt, vener, o.s.v. 35: Ukjent D. Bryllup. 36: Det er vanleg at ein har eit festmål når dei for- lovde kjem att frå byen der dei har vori og ringa seg. Måltidet er for dei nyforlovede. Dei tek inn i hans eller hennar heim. Slik bruka dei det før og. No vert det visst meir skikk med eit lite forlovelsesgilde. 37: Før gjorde de bytur i \[ro eller\] ro-og seglbåt for å kjøpe inn til brudlaupet. Kjenner eit par som for ca 70 år sidan reiste dei ca 40 mil til Bergen for å handle inn til brudlaupet! Dei var åleine. 38: a) Fire mål for dagen: frukost-, middag-, nons- og kveldsmålet. b) Bruragrauten sist, ein skikk so har haldi seg til no. Til middag fisk eller kjøt, helst det fyrste. Til frukost og non var det brødmat; lefse med smør (snikalefse) og gombe (søst) på kaker,klingre, «settekaker», «svile», o.s.v. S6 c) Bruragrauten. Elles det som er nemnt framfor. d) Ukjent. 39: Konene «kom med korg». Ho var ca 60 c, eller meir i diameter, med hantak i halvsirkelform «brurakorg», utkrita eller målt. Smør i form, lefse, \[gombe\], kaker, o.s.v. Ho heitte og bryllaupskorg. 40: Smøret måtte vere forma. Lefsene skulle vere \[fint\] snika, mest som mønster. 41: Nei, men ein samla inn mjølk. Ein kom helst med ho friviljug. Ein kune og be om ho. Det galt og gravferd og fadderskap, og har halde seg heilt til no. På Ulla, øy nord for Ålesund, der gjekk bod tre dagar føre brudlaupet at no skulle ein av stad og fiske bryl- laupsfisk. Stor traktering når ein kom til bryllaups- garden med fiken. 42: Ein eldre mann fortel at h. har høyrt eit slikt uttrykk. 43: Kvinnfolka, husmora sjølv. 44: Alle som kom til bryllaups- garden skulle ha traktering. \[s. 7\] t.d. dei som kom med mat, mjølk, o.s.v. 46: Kvart brudlaup hadde kjøke- meister, som stod for bedning, traktering, syngjing, og mot- taking av skålgåvene. Dei skulle ropast opp. Han ropte opp og kytte av kor mykje kvar la i skåla. Maten vart tillaga på stabburet av «stabburskonene». Det gjaldt serleg brødmaten. Der stod t.d. smørtjukene i rekkje og rad i ymse former. Fremst var ei kone som stod huset nær. Det var lagt «brurabite» med alt i korgene, det skulle dei få som laut vere heime. Biten var fyrst lefse, som namnet kjem av (lefsebite), gombe, (søst), brø-graut, bruragraut, kaker, os.s.v. «Framburskonene» bar på bordet og av. «Kjellarmannen» styrde øltynna. Han var og gjerne den som hadde bryggja det. 47: Opp til to dagar, i alle fall for dei mest nærslekta. 48: Ja, det er brukt. \[s. 8\] 49: Ja, det er brukt av dei fleste som ikke vil halde bryllaup. 50: Dei nærmaste \[held\] gjev bryllaupsgåve like vel. 51: Ein held sølv- og gull- bryllaup. E. Gravøl 52: Slekta og «gravarslaget», og presten eller den som tala. \[53\] Ein gjekk rundt og bad. \[53\] Eit slikt «lag» har ein enno i kvar grend. Det er visse gardar som er med. 53: Ein dag: frukost, middag etter dei kom att, og sidan kaffi og kveldsmat. 54: Ein hadde langbord. 55: Nei. 56: Middagen (kjøt eller fisk) var hovedmål, etter dei kom frå gravplassen. 57: Var heimen liten, heldt dei lite gravøl. Ein fann i alle høve plass til 5-6 mann, konene fekk helst mat etter mennene var farne med liket. 58: Kjenner ikkje til at konene kom med korg til gravferd. 59: Ukjent. 60. Ukjent. 61. Ukjent. 62: Fleire dager gravf. Ukjent no. Det har etter kvart blitt skikk \[s. 9\] Med færre mål: kaffi før, og kaffi etter ferda, gjerne med noko middagsmat til. Etterkvart er det blitt skikk å ha både gravferd og brud- laup i nærmaste samlingshus eller skule. I gravferd samlast ein då i heimen og tek liket ut der i frå. Mat, Kaffi, får ein først etterpå i samlings- huset. 63: Ein skjenker ikkje rusdrikk i gravferd her. 64: Nei. 65: Sjå 62. 66. Nei, 67. Nei. 68. Ein ber dei enno munnleg, men nemner det og i dødsannonsa, \[sumentid\]. Hittil berre eit gravøl der ein berre bad i annonsa. 69: Det byrja kring 1925, og er ikke gjennomført i alle byg- der på Sunnmøre enno, etter det er har høyrt. F Nye fester 70: Nei. 71: Ja. Det byrja ca 1930. 72: Nei, så vidt eg veit. 73: Bløtke\[…\] i sending frå slekt og vener. 74: Nei. 75: Skriving i blad og aviser.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste