Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8424_Op_Lom
Transkripsjon av filen #NEG_39_8424_Op_Lom
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
A. \[\_Fødselen\] 1: Den skikken er gamal her og er i bruk enno, men no sterkt minkande.Det var fyrst og framst slekti som møtte upp um dei og budde nokso langt av leid. So var der gjerne grendi, og andre som følte seg skuldige “Det var firifare”,sa dei. 2: Det var det nok ymse med. Gode venninor kunde nok halda fylgje. 3: Det kunde nok hende,men skikken var ellers, og det umtrent støtt at alle skulde ha graut. 4: Um det var det ingen fast regel.I mange grender var det gjevast å koma fyrst. 5: Ein gong for kvart barn. 6: Skikken var at dei skulde ha med graut-helst rumgraut. 7: Det var graut kvar gong. 8: Barsengsgrauten var oftast boren i embar (amber) Desse embarane var oftast mykje forseggjorde,måla med roser eller utskorne.I summe av dei var dobbelt botn so dei ikkje skulde rumme so mykje graut, men ruve like mykje. Dei vart kalla “Ljugarembarar”. I sume høve kunde dei nok bera med seg grauten i fat eller terrin,men det var ikkje ofte. 9: Her var brukt tvo nemningar um ein annan. Det var å gå med “Barsengmat” eller berre “Sengjamat”. 10: Det var oftast husmori sjølv som gjekk. Det kunde og vera ei vaksi dotter, helst dersom ho var venn- inde med henne som havde fått barn. Å sende ei tjenestegjente med barsengsgrauten var ikkje bruka millom likestilla.Det har vorte sett på som ei vannære. \[s. 2\] 11: Det var som oftast ikkje bruket eller skikken at mannen var med, men noko usømelegt ved det trur eg ikkje det var halde for.Før bilane kom, var det ofte mannen måtte vera med som skjussgut. 12: Sendingsfolket skulde ha traktering, og alle husets folk skulde smaka på barsengsgrauten som sendings- folket kom med. So var det skikken at ein måtte takke dei for “god graut”.Eg trur ikkje at der her i bygdi var gjort forskjel på um barnet var gut eller gjente. 13: Det kallast å gå med “Sengemat” eller “Barsengmat” 14: Nei, “Barsøl” vart halde den dag barnet var til dåpen. 15: Ein gjekk nok til ugifte mødre og. Det kunde kanske sjilja litt korlsei upphavet til barnet havde vore. 16: Skikken med å bera graut held seg her delvis enno. Men frå ca, 30 år sidan tok dei til å bera eittkvart anna t.d. blautkakor eller kringlor. Hermetikk og søtsupe har og vore bore. Blomster har vore lite bruka. 17: Ofte har dei især i det seinare havt med seg ei gåve åt den vesle t.d. eit klædsplagg. 18: No er det nok fleire som har slutta å bera med seg matvaror.Dei har berre med seg ei gåve til den nyfødde. 19: Frå ei tid attende og det helst hjå dei meire vel- ståande var der halde store “Barsøl-(dåpskalas). Dei som var med var fyrst og framst faddrane so ætti og grendi. 20: Dåpsselskapet heitte og heiter “Barsøl”. 21: Gjesterne bar med seg sendinger. Det var ingen fast matsettel. 22: Det var ingen regel med det. Dåpsmori (ho som helt barnet ved dåpen) og dei andre faddrane kvar for seg gav gjerne ei gåve “faddergåvå”. Det kunde vera pengar,ei sylvskei eller einkvan annan tingen. 23: No er barsøli gjerne berre for faddrane og dei mest nerskylde. Sendinger er det og meir slutt med Men gåvor vert gjerne gjevne. I samband med sp.22 kann nemnast at eg har høyrt fortalt at når dei kom heim frå kyrkja sette dåpsmori seg med barneti høgsetet, og ho rikka seg \[s. 3\] ikkje derfrå før barnet hadde fenge ei gåve. Dersom ha livde som barnet var uppat kalla etter var det han som laut ut med gåva. \[\_B. Fødselsdag\] 24: Fødselsdag vart ikkje feira ofte korkje for barn eller vaksne i eldre tider. 25: Fødselsdag for voksne vart nok halde berre når dei har runda tal, og helst etter at vedkomande har kome noko ut i åri. 26: I eldre tider var der nok berre slekti og neraste umgangskressen som vart bedne. Eg trur ikkje ubedne gjekk på gebursdagslagi etter gamalt. For der var det same som til brudlaup og gravøl. Lagi var bedne og det var ei skam og gå ubeden. “kvar skal den ubedne sitja,”sa dei.”jau, på stabben”. Stabben sto i mørkaste roen -sorperoen- bak peisen. 27: No er det fast skikk å gjeva gåvor på gebursdagen. Etter gamalt trur eg dei var heller smått stell med gåvor ,men det var oftast dei hadde “sending” med.t.d, avletter, rumbrød, skruller eller graut. I våre dagar ber ein ikkje tilgebursdagslag. Dei som vil gå kjem lel. 28: Har ikkje høyrt om spesielle rettar til gebursdagen i eldre tider. 29: Dersom det er eit barn som har gebursdagen sin må det vera sjokolade. I vaksne folks gebursdagslag er det oftast middag. Det er ofte gjestane ber med seg kringlor, blautkakor eller berre blomar. Skikken å ha ljos på kaken er lite bruka. \[\_C. Konfirmasjon.\] 30: Etter det eg har høyrt og spurt vart ikkje konfir- masjon høgtida med nokon fest i eldre tider. Største høgtida eller æra for konfirmanten var å få stå fremst på kyrkjegolvet. 31: No vert det som oftast halde konfirmasjonslag. Um ikkje andre, so vert som oftast faddrane bedne. Konfirmasjonslagi kom smått um senn ibruk for ein 30 -40 år sidan. Dette var hjå dei meire velståande Har sidan auka på os mo er det bruket i umtrent alle heimar. 32: Som nemnt før vert faddrane bedne, dertil dei av nermaste av ætti og naboane. Lærar og prest vert nok som oftast bedne. \[s. 4\] 33: Det har vore bruka og tildels enno. 34: Det er skikk å gjeva konfirmanten gåvor. Som oftast er det dei som vert bedne til konfirmasjonslaget som gir, men det hender andre gjer det og. 35: Har ikkje høyrt om faste rettar i konfirmasjons- lagi. Det er som oftast middag og kaffe og kaker. Det hender men ikkje ofte at der kann vera ein punsj etterpå. \[\_D. Brudlaup\] 36: I eldre tider hende det nok at der var bruka å halde festarøl eller drikke festarøl som dei gamle sa. Men dette var etter som eg har spurgt berre sjeldan. 37: Sjå svaret ovanfor. No for tidi er det ikkje bruka. 38: 3 måltider. Morgoverd “Biska”,middag og kveldvor. \[\_b.1.dag. Um morgonen:\] Rumgraut,sådengraut og seinare gryngraut, hakkakjøt, smør, oster, rumbrød, skriv- abrø,kaker,flattbrød , øl og mjølk. \[\_Middag.\] Kjøtsupe, kokt kjøt og flesk, pølse og etter potetene kom potetor, flattbrød og øl. Til kvelds umtrent det same som um morgon. « \[\_b.2.dag\] Slik som fyrste dag, eller med middags blod- klubb og feitt. « \[\_b.3.dag\] Til morgoverds som fyrste og andre dag. Til middags var det dersom laget skulde vera slutt servera lutefisk.Når lutefisken vart boren på bor- det som middagsmat visste gjestene at no var laget slutt. c. Især rumgraut og lutefisk. d. Nei ikkje det folk no kann hugse. Men før i tiden medan det var ibruk “Skålbrudlaup”. Gjestene gav i “skåli” som det heitte. Det kunde vera pengar, ein sau eller noko anna. I samen med dette var “Stabbedansen”. Dette her høyrde med til program- met andre brudlaupsdag. Hjelparane “Fyregangsfol- ket kom som Oftast isaman ein dag etter laget var ifrå seg gjort. 39: I eldre tider var der skrivabrød,rumbrød,skruller og avletter, dertil graut.Var det skyldfolk eller gode kjenningar ein skulde gjeste måtte det all- tid vera rummgraut.Kor mykje dei skulde ha med var det ingen regel um. 40: Smør og ost vart elta i former.Desse former var \[s. 5\] \[\_framhald um brudlaup Sp. 40.\] utskorne og gjerne med namn og årstall. Dette vart altso påtrykt smøret og osten. 41: I eldre tider var det nok ibruk, især av dei som var nærskylde til dei som helt brudlaupet. Bådsmannen (bedarmannen) bar gjerne med seg t.d. ein kjøtlem – ”bådsmannskjøtt” 42: Her kallast det sendinger. 43: Dei som for til brudlaups. 44: Her var det ikkje ibruk nokon “Fønnkveld” da dei som for til brudlaups havde med seg sendingene sjølve. Men her i bygden var det ein annan skikk føre både brudlaup og gravøl, og det var at dei hadde ut “Steikjing” som dei sa. Det var at dei i brudlaups- garden sendte ut mjølposer åt naboar og kjenningar, so desse skulde steikje av dette avletter, skruller skrivabrød o.s.b.Mjølk, rumme og feitt skaffa dei til som sette steikjingi i stand. Dette vart so i god tid bore til brudlaupsgarden. Den kvinna som bar steikjingi til brudlaupsgarden, skulde vera med å sjå på og smaka på maten som andre hadde bore 45: Fønnkveld var ikkje i bruk her. 46: Ei kvinne var beden til å ha ansvaret- til å stå for laget som det heitte.So var det kokke og svart- kokke (underkokke) og fyregangefolk. Bonn hadde millom anna å gjera å be folk til bords. Bådsmann og kjellarmann servera ølet. Som «heimatsending» var bruka å leggje litt i grautembaren eller sen- dingskorgi når folket reiste heim att. Dette især åt folk som hadde langt å reise. 47: Det er sjeldan med fleire dagars brudlaup no. Eit sjeldan hende er det med tvo dagars brudlaup. Skikken med fleire dagars brudlaup har smått un senn gått av bruk dei siste 30 år. 48: Delvis- og det som oftast berre ein middag. 49: Dette er det og ein del som bruka. 50: Brudlaupsgavor vert det som oftast smått stell med, men dess fleire telegrammer. 51: Det er berre t.d. Sylvbrudlaup og Gullbrudlaup. Det er ikkje alle som festar dei dagane heller. \[\_E.Gravøl\] 52: Ætti, grendi og venner vart bedne til gravølom. Det vart sent ivegen ein mamm “Bådsmann” ei veke før gravølet til å beda inn gjestene. Dette skulde \[s. 6\] helst vera ein eldre mann, og stav måtte han gå med for å vera “Båfør”. Han helsa frå sjølvefolkom (dei som kosta gravølet) um dei (der han var inne) vilde gjera den avlidne den ære å fylgje henne eller honom til graven den og den dagen o.s.b. (Når bådsmannen ba til brudlaup hadde han ei lang regle som vart bruka over alt her i bygdi som dei kalla “Bådsmannsbøni” 53: Det var nok fast takst med 3 dagar etter gamalt, måltider til kvar dag. 54: Morgon, middag og kveld, Maten vart heile tidi servera ved langbord. 55: Har ikkje høyrt om det. 56: Gravølsmiddagen eller “Gravølsnonet”. 57: Hjå nermaste nabo. 58: Gjestene hadde sending med seg. 59: Har ikkje høyrt om det. 60: Sendingen vart ikkje sendt dagen før. 61: Har ikkje høyrt om dette frå her. 62: Etter 1910 tok dei til jevnt over å halda berre ein dags gravøl. Dette var nok helst dersom den avlidne var eit barn eller eit yngre menneske. Var den avlidne eit eldre menneskje helt nok skikken seg med fleire dagars gravøl ei stund framover enno,So vart bådsmannen utsendt berre til grendi. Dei andre gjester vart bedne pr.brev. Desse brevarki og brevværi hadde gjerne ein svart kant. Grautar vart det mindre og mindre av, istaden kom sukkerbrød og bordstablar frå bakaren og dertil kransar. So vart båsmannen heilt sløyfa,folk tok til å avertera. Ølbryggingi vart det for det meste og slutt med, bryggeriet skaffa ølet. Bilane har og gjort sitt til at ein kann halda stuttare gravøl. Medan ein laut køyre med hest so måtte dei langvegsfarande gjester koma kvelden før gravøls- dagen, og samelleis var det når dei skulde reise att. 63: Det vert ikkje bruka alkohol i gravølom her.Eg kann ikkje hugse at der har vore brukt noko større av det heller. Einast var det bruket ei stund at gjestene skulde ha eit glas portvin med det same dei kom til gravølsgarden att,ifrå kyrkja. Men mor mi fortel at det fyrste ho kann hugse-frå 75 år sidan bruka dei å kjøpe inn brennevin liksovel til gravøl som til brudlaup. \[s. 7\] 64: Ja, og da især med sendinger. 65: No er det gjerne berre ein middag med kaffe etter. 66: Nei. 67: Ja det brukast nok, men ikkje ofte enno. 68: Brev som innbjodning til gravølsgjestene tok nok smått um senn til å koma i bruk ca. 1910- 69: Jamt over trur eg ikkje det har vore bruka før ca 1920. \[\_E.Nye fester.\] 70: 17.mai. Nei,det har det ikkje her. 17.mai var her full virkedag inntil han vart lovfest som helgedag, for 17.mai er midt i travlegaste vår- onni. 71: Morsdagen vert nok festleghalden, men ikkje av alle. Eg trur det var rundt 1920 dei tok til med det. 72: Nei,eg har ikkje høyrt om at farsdagen vert halden. 73: Ikkje akkuratt noko visst kakeslag, men dagen vert halden som ein gebursdag og da vert det vel helst baka kringlor. 74:Bakaren falbyr nok sine varor. Bladi kjem nok med sine uppskrifter på kaker til morsdagen. Men eg trur ikkje folk tek so mykje umsyn til dette når dei skal feste dagen hennar mor. 75: Gjennom aviser helst.Ellers gjenom ymse lag kanske.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste