Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Brynet
NEG_3_199_Ho_Modalen
Transkripsjon av filen #NEG_3_199_Ho_Modalen
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Det vanlege ord er bryne - og bryna. Hein er ord for ein finare sort bryne, som vert brukt aat finare britjerne og rakekniv. 2: No er bryni mest av knuststein. Naturstein-bryne vert tilførde mest fraa Telemark og fraa Hardanger. I bygdi fins inkje brynestein. 3: Alle slags betjarn vert fyrst slipte paa slepestein og sidan brynte. 4: Fyrr dei fekk "slipeljaa" brukte dei berre "tynsleljaa". Bytet gjekk for seg i far-fars tid kring 1850-60 aari. Sigd og ljaa vart tynnte paa vanleg smiested med segslested under ljaaen. Sorskilt tynnslehammar. Tunnsleljaaen var tunare og veikare enn slipeljåen. Det var altid bestefar eller far som tynnte ljaane, enten tidleg um morgen fyre arbeidstid - eller um kvelden etter. 5: Nokon større stein hadde me inkje til aa kvessa bitjarn paa Men dei brukte aa skura brynet paa ei flathella, naar det var ujamnt slite av bryningi. Og me veit um dei som hadde slipestein med seg utpaa bøen eller og i utmarki, som laag langt undan. Ellers stod slipe- steinen i tunet hjaa deim som ikkje hadde den i Fossen eller ved slipebekken. Men dei fleste hadde slipestei- nen i sloki att ved kvernhusi sine. 6: Ljaaen bruker ein berre solenge den bit godt. Ein brynte egg i den lengst raad var, fyrr ein slipte. 7: Ein brukar berre eitt bryne til ljaaen - ogso hadde dei gamle det dei kalla "brynestekka". Den var helst av jern, med eit "hakk" i enden eller i sida. \[Figur: Teikning av brynestekka.\] Den brukte dei til aa skru ljaabandet paa og av "langorvet". \[s. 2\] Dei laga og brynestekka av ein hard tresort - eik eller hatl. Brynestikka laga dei heime, og bar den i "bottn" med bryne. 8: Langljaaen løyste dei av "orvet" når ei slipte. Stutt- ljaaen stod i "orvet" naar dei slipte den. Den var paa- bunden med vidjeband. Ljaaeggi heldt ein mot seg, når ein slipte, for slipesteinen drog altid "fraa" sliparen. 9: Naar ein bryner storljaaen - "langorven" støyrer ein orvet ned i marki med enden - "rotenden" so ljåen kjem i høgd med hendene, naar ein bryner. So held ein i ljaaen med vinstre handi og brynet i høgre. Stuttljaaen held ein fast i "skrevet" med orvet - og ellers som med langljaaen. Noken legg seg paa eine kneet naar dei bryner "stuttorven", men det er aldri brukt her. 10: Brynet ber ein i "brynebottn" elder "bryneslunka". Den er oftast laga av tre, rund eller firkanta og smurd med olje eller tjøra. 11: Me veit ikkje av at dei hev boret brynet i horn. 12: Bryneslunka heng etter ein krok i lerbeltet eller bukse- liningi, framnfor, paa sida (høgre) eller og bakpaa. 13: Bryne av naturstein ber ein vatn til i slunka. Kunst- stein bryne brukar ein og utan brynevatn. Noko anna enn vatn er inkje brukt aa fukta brynet med. 14: Av brynet samla det seg "grugg" i botn paa slunka, naar ein brukte same brynevatnet heile dagen. Noko anna ord for brynemjølet kjenner me ikkje. 15: Me kjenner inkje til at brynegrugget vart brukt mot noko slags usykjer eller sjukdomar. 16: Den slags veit me kje av i vaar tid. 17: Me veit heller inkje av at dei la brynet i jord eller maurtuve for aa faa det betre. Naar ein kjøpte bryne var det um aa gjera aa velje ut dei som var høveleg mjuke. Harde bryne dugde inkje. 18: Dei som bryner ljaaen, hev kvar sin maate aa bryna paa, og bryningi for difor kvar sitt moal aa tala i. \[s. 3\] Andre blad: Naar ein brynte so sa det: "Eg bit, eg bit, eg bit eg bit!" Hjaa ein annan tydde det: Eg snøye snaudt, eg snøye snaudt! eller: "Det er harbeidt her, det er harbeidt her!" "Er det mattid snart, er det mattid snart!" "So lite gras, so lite gras!" Det var helst for deim, som stod eit stykke undan og høyrde paa bryninga, at brynemaalet vart greie ord. og det var dei som fann ordi for det som brynet sa. Var slaattefolki uvener, so snakte brynet ofte so stygt, at det er kje hermande uppatt. Men so var det eingong ein slaattekar, som hadde gløymt riva og brynet, daa han skulde i utmarki og slaa. Husbonden vart sinna for dette og skulde læra drengen aa hugsa seg: "Veit du ikkje kva velde ein slaattekar treng? "Tog og riva, ljaa og batt med bryne, visste du kje det ditt stygge slogtryne!" 19: Naar dei slog i solskin paa ein harbeidt bakke, kunde dei sputta paa brynet og seia: "Tvi! so du maa bita, og inkje graset med roti slita!" 20: Ymse remser og rispur dei brukte er no gløymde. Naar dei fann lite gras, kunde dei gjera det upp i løye. Han gamle Brita-Nils sa eingong: "Det var so lite gras, at eg maatte leggja hatten ned i grastrommi naar eg brynte for aa sjaa kvar eg hadde sleie".
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste