Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8307_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_39_8307_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
A. Spm. 1. Her har det vore vanleg at dei gjekk med bar'sengmat " 2. Oftast gjekk konene kvar for seg, stundom kunne eit par vera i lag. " 3 Stundom kunne dei avtale om dette. Som når gamlekona og ungkona på ein gard gjekk Da høvde det at dei hadde kvar sitt. " 4. 2-3 dagar etter fødselen kunne dei næraste koma. " 5. Dei gjekk med bar'sengmat berre ein gong. " 6. Før var det helst rumgraut, og noko turrmat, som avletter, rumbrød, skrivar- brød. " 7. Jfr. svar 5. " 8. Grauten skulle vera i embar, ein stasting. " 9. All mat, grauten med, var kalla bar'sengmat. eller sengemat. " 10 Alltid kona. Det ville vera stusleg vørnad om nokon annan kom. " 11. Mannen kunne nok vera med. Det skulle vera såpass høgtid med det at han tok beste skjussen og køyrde sjøl. " 12. Det var stor traktering, og bar'sengskjeringa og mannen fekk av sendinga dei kom med \[side 2:\] Grauten var framsett, og var mora oppe att etter fødselen, var ho med ved bordet. Ho skulle ta av grauten fyrst. Låg ho ennå, skulle ho ha smakt på grauten før den kom på bordet. Var mannen med og køyrde, var det skikk at det skulle skjenkast dram, så dei med skåling kunne ynskje foreldra til lykke med den nyfødde. Vi kjenner ingen skilnad om det var gut eller gjente. Men det kunne nok vera større høgtid t.d. når ein gardgut kom til verda. Spm 14. Det var alltid traktering når dei kom med bar'sengmat, så noko serskilt måltid seinare var ukjent. " 15. Dei gjekk nok til ugifte og. " 16. Graut er nok det likaste ennå. Men søtsuppe var bruka jamte med graut så tidleg som 60-70 år sia. T.d. når to var i lag. Kunne den eine ha graut, og den andre søtsuppe. Ein kan vel seia at for 40-50 år sia tok til å ha med kaker. Blomar er så å seia ukjent her. Det kan einast vera at nokon som ikkje har råd med å gå sjøl, kan sende blomar, såleis til dei som føder på sjukehus. 17: Ikkje gaver i dette høve. Det venta dei med til bar'sølet. 18: Som før. 19:-20. Det var stort lag ved dåpshøgtia \[side 3:\] Spm. 19-20: Laget heiter bar'søl, og fadrane og nære skyldfolk er med. Var t.d. kona fadder, men ikkje mannen, var han med likevel. " 21. Til barsølet bar gjentene med seg sending som til eit anna lag. Det skal vera graut i embar og "sending", d.e. kaker i ei sendings korg. Slik var det før. Nå har det vorte svært til skikk med kjøpte eller heimelaga klinger eller blaut- kaker. " 22. Det har ikkje vore nokon skikk med det her. " 23. Skikken med barsøl held seg på lag som før. Berre det er ansleis at det greier seg med færre fadrar. Før skulle det alltid vera 6, tri kvinner og tri karar. B. Fødselsdag. Spm. 24. Det har ikkje vore vanleg med fast høgtiding av fødselsdagen før. Det var berre ved serskilte tilfelle at det vart hugsa på det. Nå er det vorte meir og meir til at folk hugsar på denne dagen, både for barn og vaksne. " 25. I somme grender har det vorte fast skikk å høgtide dagen når ein \[-ein\] rundar eit 10-år eller 5-år. " 26. Dei gjer det slik at nokon går rundt (med liste) og samlar inn pengar til gåve. Dette får vedkomande \[side 4:\] Spm. 26.-27 som har dagen, greie på: og ordnar seg til å ta imot gjestene Ingen blir bedt, men folk innfinn seg ubedne, og ynskjer til lykke. Det vil gjerne bli høg stemning ved skile høve. (Skikken er nok kome med heimkomne amerikanarar). " 28. Ein kjenner ikkje til nokon serskilt matrett fødselsdagen i eldre tider. " 29. Nå er det kaffe, sjokolade, kringle blandkake, og er det rundt år med stor fest er det drikkevarer med alkohol, der slikt går an. Stundom kan ungdomen ha spelmann med så det blir dans. D. Konfirmasjon. Spm. 30. Vi kjenner ikkje til at det var nokor høgtid ved konfirmasjon i eldre tider. " 31. Nå er det vorte vanleg å ha konfirmasjonslag. Det er komi i bruk dei siste 20-25 åra, ein og annan hende gong hjå somme folk noko lenger sia. " 32. Dei bed inn grendes folk og nære skyldfolk. Høver det, kan dei be læraren. " 33. Det er ikkje sendingar med mat til slike lag, som til bar'søl o.l. Men det kan gå an å ha med kringle eller blautkake. " 34. Gaver til konfirmasjon har vorte vanleg Og mest er det av helsingar og telegram. \[side 5:\] Spm. 35. Det er ukjent at det skal vera fastsette rettar ved slike høve. Noko som har vorte så vanleg dei 2-3 sista åra, er at konfirmanten takkar i lokal- bladet "for gåver og telegram", "til alle sag hugsa meg på konfirmasjonsdagen." Det har vore skrivi mot dette i blada, men det ser ikkje ut til å hjelpe. D. Bryllup. Spm. 35. Det var nok halde \[\_festarøl\], og da var foreldra til dei to med og gjorde visse avtaler, millom anna om bryllaupet. Nå er det slik at dei kjem saman ei helg, festarfolket og foreldra, og stundom vener til dei to, og så blir trulovinga meldt. Etterpå kjem det gjerne i lokalbladet " 36. Det fyrste folk fekk når dei kom til bryllaupsgarden, var ved eit lite bord innanfor døra, der det vart skjenkt dram. brennevin til karane og vin til kvinnfolka. Attåt drammen fekk dei "biteti". Det var i gamle dagar avletter. skryller og rumbrød. Neste gong dei var til bords, var når dei kom frå kyrkja. Det var største fest- måltidet. Det var på duka langbord som rakk frå vegg til vegg. gjerne fleire slike når det var rom til det, i fleire stugur. Midt etter bordet var det sett stabbar med rumbrød og skrivarbrød og fint flatbrød. Når \[side 6:\] alle var komne til bords, vart det bore inn varme rumgrautar i embarar. Til grauten åt dei eit eller anna slag brød, som avletter, rumbrød, skrivarbrød. Så tok dei vekk grautembarane og sette fram kjøtsodd med krummer i. Neste rett var kjøt og flesk, ferskt, før poteta kom i bruk var det krummer til kjøtmaten. Seinare vart det poteter. Til kjøtmaten var det mjukbrød (det som andre stader heiter lefse). Øl vart sendt rundt i kanner. Ut over kvelden sto det øl i kanner som folk drakk av, og ved sia sto stabbar med småbrød som folk kunne forsyne seg av. Andre bryllaupdagen fekk dei brura- \[\_skjenken\]. Det var brura som skjenkte når folk kom til gards att. Det var brennevin til karane og vin til kvinnene, og attåt "biteti". Dei gjentene som låg på bryllaupsgarden fekk eit måltid før dei andre kom, det var da kald graut, kaldt kjøt og flesk og same brødet som dagen før. Smør og ost var framsett. Når alle gjestene var komne til bryllaups- garden att, var det eit liknande måltid som dagen før. Nå var det stundom koka rumgraut på bryllaupsgarden, eller dei frå næraste gardom kom med varm graut. Omfram rumgraut kunne det vera gryngraut med rosiner og sukker i og kanel ovanpå. Eller det kunne vera ei blanding av båe slag graut. Dei kalla dei grynrumgraut \[side 7:\] Spm. 38. Noko lenge sia, 80-100 år - hadde dei denne dagen stundom såengraut. Det var mjølk ihop- koka så ho vart tjukk og brun, med lite mjøl i, så han vart stivare. Det var folk frå grenda som kom med denne. Dei kunne gjerne havt rumgraut dagen før. Det hende at langfarande gjester hadde med seg rumme, som dei fekk koke graut av på den garden dei låg, så dei kunne bera varm graut dei òg. Etter grauten kom det søtsuppe med rosiner i. Neste rett var lutfisk med hardt smør og mjuk- brød. Denne kvelden var det som fyrste kvelden sett fram ølkanner og småbrød for dei som trengde det. Tredje dagen var det mat på lag som andre dagen, men meir etter som det høvde. Det var gjerne att mykje graut som dei vermde opp att. likedan kjøt og flesk Spm 39. Næraste grannar og skyldfolk tok på ' seg steikjing: dei gjekk til bryllaups- garden og fekk av det fine mjølet som var tillaga serskilt til laget. og så heldt dei sjølve det som skulle til av rumme, feitt, sukker o.sl. og baka rumbrød, steikte avletter og skrivar- brød og bar til gjestebordsgarden eit par \[side 8:\] dagar før laget skulle stå, eller dagen før. Somme kunne ta frå staburet kjøt eller flesk og sende. Det kunne vera langfarande gjester som hadde med seg nyslakta eller eldre kjøt og flesk i sta'n for anna sending. Men det er ikkje kjent at det skulle vera serskild sending frå nokon av gjestene. Spm. 40. Smøret som var framsett var pynta i serskilt utskorne former. " 41. Det er ikkje kjent i vår tid at bodsmannen samla inn kjøt, når han for rundt og bad inn til bryllaupet. Men somme utsegner tyder på at det var gjort før. " 42. Det dei bar med seg gjestebodsdagen, er kalla sending. Benning er og kjent. " 43 Steikjinga kunne kem som helst frå garden bera fram, men det laut vera eit vakse men- neske. " 44. Den eller dei som kom med steikjinga skulle ha traktering. Når det var dagen før gjestebodet, var alt i orden der, så det gjekk an å be folk til bords. Det er ikkje kjent nokor nemning på dette. 45: Dette er ukjent. 46: Bodsmannen bad serskilt somme til å hjelpe til i laget. Slika var kalla fyrigangsfolk. Ei av dei vyrdelagaste kjeringane skulle ta imot folket og sendingane når dei kom. Ho tok seg da merke på kven dei ymse sendingane var frå, og når folk for frå laget, kunne det vera lagt somt av gjestebods- maten i embar eller korg. \[side 9:\] Spm. 47. Det er slut med å ha bryllaup fleire dagar. Det kan einast vera att dei bed at dei næraste til andre dagen. Det vart slut med lange bryllaup 40-50 år sia. Det glei bort lite om senn. " 48. Her i bygda er det ikkje vorte halde bryllaup på hotell, ennå. Dei har det på garden, og det er stor fest den eine dagen. " 49. Det blei oftere og oftere at dei to som skal gifte seg, reiser til byen og let seg vige. Eller dei reiser berre til skrivaren og let seg vigje. Stundom held dei eit lite lag etterpå for sine næraste. " 50. Det blir ikkje gjeve bryllaupsgaver i slike tilfelle " 51. Det er svært sjeldan det blir halde nokon fest på årsdagen for bryllaupet heller ikkje ved runde tal. Det kan ein sjeldan gong vera nokon som held sylv- eller gull-bryllaup, men slett ikkje vanleg. E. Gravøl. og Spm 52. Det var faste bedargrender i bygda. Dei folk som bodde der skulle bli bedne. Dertil skyldfolk både til den døde og til dei som sto for laget. Dei sende ut ein bodsmann, som bad inn " 52-54. Eit skikkeleg gravøl skulle stå i tre dagar. Folk fekk eit lett måltid straks dei kom til gravølet. Det var turrmat smør, ost, alle slag brød, og heimbryggja øl. Etter dei kom att frå kyrkja, var det stort måltid, same slag som fyrste \[side 10:\] dag ved eit bryllaup: Rumgraut i embarar, småbrød attåt, kjøtsodd med krummar i, kjøt og flesk og mjukbrød. Så var det seinare kaffe og kaker. Andre dagen: fyrste måltidet var oppattvermd rumgraut (eller gryngraut) og turrmat til andre måltidet, det største, nye grautar, så plukksteik, (småhakka kjøt og flesk, rester frå fyrste dagen, gjerne med rumgrautsfeitt, poteter) Mjukbrød attåt, tredje måltidet var søtsuppe og lutfisk med smør (fast) og mjukbrød. Tredje dagen: mat som var att frå dei fyrste dagane. Maten var sett på langbord, som rakk frå vegg til vegg. Det var gjerne eit eller to slike langbord på gardom. Elles var det vanleg å låne. Spm. 55 Når det var dei nemnde faste rettene; vart det ikkje spørsmål om mat som ikkje kunne nyttast. " 56. Ukjent her. " 57. Alltid gravøl i heimen til den døde. " 58. Steikjing (som nemnt under Bryllaup) sende dei til gravølsgarden dagen før. Gravølsdagen har dei med seg graut og sending i korger. Det vart på lag likedan som ved bryllaup. " 59. Ukjent. " 60. Dei som kom med sendinga dagen før, fekk traktering, eldst var det øl og "biteti", seinare kaffe og kaker. " 61. Ukjent her " 62. Frå tredagers gravøl vart det eindags, og dei næraste attbedne til neste dag. \[side 11:\] Spm. 62. Da gjekk dei over til å seia frå at gjestene ikkje skulle bera med seg sending. Og da tok dei til å lyse ut om gravferda i lokalblad. I eindags gravøl får dei kaffe og kaker når dei kjem til gards. Når dei kjem att frå kyrkja er det stort måltid, og det er grauter, om det er fråsagt at det ikkje skal vera sending. Dei som er bedne, eller som kjem etter lysing i blad, vil ikkje gå med på at dei skal koma tomhendt. I staden for kjøt og flesk er det nå fisk og steik med slikt som høyrer til, og til slut dessert. Seinare om kvelden kaffe og alle slag kaker. Det har vore den reine overflod av blaut- kaker, som det har vorte att så mykje av at folket har ikkje visst kva dei skulle gjera med det. " 63. Det er nok somme som byggjer øl heime til lag ennå, om ikkje av malt. Og det er ikkje uvanleg at dei har både heim- bryggja og kjøpt øl, vørterøl til dei som vil ha det, pils eller bayer til dei som vil ha det. " 64. Det er nok rett at dei gamle former heldt seg lenger ved gravøl enn ved andre lag. " 65-66. Sjå svar til 62 og 63. " 67. Det høver ikkje i denne bygda, for det fins ikkje eit slikt hotell midt i bygda som kan ta på seg slik tilstelling. \[side 12:\] Spm. 68. Skriftleg innbeding har ikkje vore bruka til gravøl her. " 69. Annonser om dødsfall i blad tok vel til rundt 1920.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste