Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8305_Te_Heddal
Transkripsjon av filen #NEG_39_8305_Te_Heddal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Ja det er aalment her. 2: Begge deilar. 3: Vistnok til sine tider. 4: Aalment 14 dagar etter, men det hendte av og til etter 8 dagar og. 5: Berre ein gong. 6: Før i tida for 50 år sidan var Rjomegraut det vanlege. 7: \[-Utgår\]. \[\_Her\] kom de berre ein gong. 8: Barsølsgrauten vart boren i ein grautetærin. Desse hadde mange slags fargur, men blaat var nok den eldste. Kvite vart og bruka. Trekoppar vart nok bruka før tærinen kom i bruk. – amber. 9: Nei, graut var graut. 10: Kona sjølv saa sant ho var frisk. 11: Mannen fylgde ikkje med. Far eller bror \[\_kunde\] under tida fylgje. 12: Dei fekk kaffe. Øl og om dei hadde. Gut eller jente like gode her. 13: Barsølsgonge – ikkje noko gjeste- bod. Kjerringene kosa seg saman med barsølskona med kaffi og – prat. \[s. 2\] 14: Traktering var aalment. 15: Ja. 16: Graut er bruka her den dag i dag men dei kan ha anna med seg og t.d. Blomster. Blautkaku og anna bakster. 17: Ei barneskei var fast gjeven men det er i det seinste aara. For 40 aar sidan var det mat bare mat konurne hadde med seg. 18: Naa er det Rjomegraut, Blaut- kaku og honningkakur, blomster, og skei eller kopp til barnet. 19: Ja, naboar og dei nærskylde. 20: Ja, Barsøl og Barsølslag. 21: Ja for 50 år sidan vart nok mat av ymse slag medteken, men naa tek dei mest med ymse kakur, heimebaka eller kjøpte. 22: Ingen regel for det, 23: Svar under 21. B. Fødselsdag 24: Nei feiring av fødselsdagar er nyt her, for barn og voksne. 25: Det er som det høver. Til slike lag vert ingen beden. 26: Ingen vart bedne. 27: Ved 70 – 75 – 80 års dagar. Det vert av og til gjeve gaaver. 28: Nei. 29: Ja naa er desse lag i høg grad yverdrivne, baade med gaavur, Kakur, Kaffi, Sjokolade og kva det no heiter alt det dei find paa. \[s. 3\] C. Konfirmasjon 30: Den blev ikkje feira. Eg vart konfir- mera av sokneprest Bassøe 1896. Da eg kom heim fekk eg mjaalkegraut. Det var heile feiringa. Gaavur eller lykønskingar? Ikkje tale um i den tid. 31: Ja. For umlag 40 år sidan. 32: Eins nermaste skyldfolk – og naboar. 33: Konfirmanten får helst nokre pengar. Matserveringar ikkje tale um. 34: Ja. Det kan nok kome gåvur um ein ikkje er heime og. 35: Aalment bakar dei heime no. D. Brudlaup 36: Jenta skulde koma heim til sin kjerast og sjaa seg um i sin tilkomande heim. 37: Det var det gamle. Ho hadde gjerne sine foreldre med. Det brukast av og til no og. 38: Ein maa attende til 1870 – 80 åra da det vart halde fleie dagars Brudlaup. Da had- de dei fleire tunnur sterkt maltøl og 50 – 60 l brendevin eller meir. Maten i den tid som vart dekt paa langbord var da fyrst og fremst Rjomegraut, Rakfisk, tørrfisk, smør og flattbrød – tunnbraud – Kaffi og øl til maten. Gjestene samlast ved 10 tidi fyrimeddag og felespelaren spela dei inn ettersom dei kom. Hadde noken lang veg kom dei dagen før Brudlaupet. Frokost vart servera. n\[-etter\]-Kvar vart bjoden dram og øl med fattigmann (bakkelse) og gorokakur. Det egentlege hovudmåltid tok til naar dei var komme fraa kjerka, meddagen. Ved bordet satt dei i fleire timar, da alt skulde smakast paa. Kjøgemestaren var \[s. 4\] saa paa farten med ølskaala og brende- vin. Ut paa kvellen vart dei saa bedne tilbords att. Dei satte seg rundt langbor- det og kjøgemeistaren bad dei forsyne seg som dei vilde i det han saag et- ter at fat og koppar vart fulde. c. Ja. Rjomegraut og rakefisk skulde alltid vera paa bordet. Spagrytur og. d. Dei avslutta gjerne med at kokkar og hjelpesmenn satt til bords med dei gjester som endda vart att. - 39: Individuelt. Dei gav som dei hadde raad og mot til. 40: Ja. Dei pynta gjerne med ei treskei laga til det bruk. 41: Ukjendt her. 42: Her kallast det senning og vart fram- bore i store jamt rosemola sennings- korver. Det var smør, ost, rjome og ovnsbrød um dei hadde. 43: Tenestegut eller jente gjerne like før Brudlaupet. 44: Nei. I Gjestebodsgarden hadde dei da alt for travelt til feste. 45: Ukjendt her. 46: Kokkur eller kokkekjerringar. 47: Fleire dagers Brudlaup er for lengst slutt med her. 30 – 40 år sidan. 48: Ja dei som har lite rom heime. 49: Ja det hender av og til. 50: Gaver vert det sjølvsagt mindre av da. 51: Ikkje til kvart aar. Skjeldan ellers og, men av og til møter dei upp i grannelaget og ber fram gode ynske med dag og framtid. \[s. 5\] E. Gravøl 52: Bemann for rundt og bad til gravøl saa seint som 1900. Sidan med brev og gjenom avisur. 53: 1 dag. Mat 3 gonger paa den dagen. 54: Der vert naa satt upp bord saa alle kan faa mat samtidig. 55: Nei, all slags mat vart servert. 56: Ja, middag etter jordfestinga. 57: Etter at bedehus er komme upp hender det at dei har bevertn. der. 58: Som til Brudlaup. Naa vert det tat med blomster, Blautkakur, fløte. 59: Nei ikkje naa til dags. 60: Ukjendt her. 61: Ingen forskjell paa maten. 62: I gamal tid bryggja dei sterkt øl. Jamt med fyll og slagsmaal. Naa gaar det fredeleg for seg utan brennevin, men øl. Pils og Bayer har dei jamnast å bjoda til maten. 63: Slut med brennevin naa, men øl i kassevis har dei jamnast. 64: Nei det var nok hip som happ. 65: Utsøkt middag med flere retter. Liksaa fin opdekning formiddag og kvell. Jamt ferdig skaare smør og brød der sendes rundt bordet. 66: Ja, øl. 67: Nei. 68: Umkring 1905 da kor kom avis ut paa Notodden. 69: Paa samme tid. \[s. 6\] F. Nye fester 70: Nei det er som ein aallusen hverdag. 71: Ja den vert feira. Ein 8 – 10 år attende. 72: Nei. 73: Ja de kommer saman til kaffe og heimebaka kakur. Blomster. 74: Heimebaka for det meste. 75: Kjendt gjennom avisurne.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste