Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8303_Te_Bø
Transkripsjon av filen #NEG_39_8303_Te_Bø
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: A. \[\_Fødselen\] 1 Ja det var gamal skikk at dei kom med mat til barselskoner. 2 Some kom dagane straks etter, og med ein terrin med graut i. Mette Hegna kom med ein terrin med barselsgraut til syster si Gunhild Fossheim (Flatland) morgonen etter systera hadde gjort barsøl. Men Gunhild var ikkje heime, ho hadde blitt henta til ei som skulde gjere barsøl. Gunhild skulde ta mot barnet. Neste gong Gunhild gjorde barsøl kom ho au med ein graute-terrin dagen etter. Da stod Gunhild i (\[-eple\]) åkeren og skar bygg. Ho hadde gjort barsøl om natta. \[s. 2\] 3 Kring 8 dagar etter barsølet kom grautekjerringane med graut i grautespann. Det kunne da kome nokre på ein dag. Some hadde avtalt dagen i fyrevegen. 4 Dei kom dagane etter fødselen. 5: Mange kom ein gong. Men den sundagen barnet var til dåpen, var der mange gjester. 6 Det var vanleg graut, \[-sending eller graut\], vanleg graut, sjeldan sending. 7 Var det fatige folk som trong det, sende dei nok og mat. 8 Dei bruka terrin eller helst grautespann. 9 Dei kalla grauten barselsgraut. 10 Det var vanleg kona som gjekk til barsøl. Var mannen enkemann, laut han få nokon annan til. \[s. 3\] 11 Mannen var bare med til barsels – dåps – lag, da hadde dei øl og brennevin, og tura. 12: Sendingsfolket fekk traktering. Det hadde ikkje noko seia om det var gut eller gjente i så måte. 14 Jau sendingsfolk fekk traktering. 15 Dei for til ugifte mødre i løynd, ofte seint om kveld. Ingen skulde veta om det. 16 For 25-30 år sia tok dei til med kake istaden for graut. Men some kjem med barselsgraut i spann ennå. (i 1953) Det syns halda seg lengst hjå dei vanleg velstilla folk. 17 Dei «la på vogga», som det heiter. Det var ofte pengar, dalar, og etter som dei hadde god råd til. 18 Dei gjev gave nå og, some. \[s. 4\] 19 Dei hadde dåpslag for skyldfolk o. a. 20 Dei kalla vanleg dåpskalaset barsel. Det kunne vera 14 dagar til 3 veker etter. 22 Dei sende likt, om dei bar barnet eller ei. 23 Nå nyttar mange kake, og gaver. \[\_B. Fødselsdag\] 24 Nei, fødselsdagen blei ikkje høgtida. Mange visste ikkje datoen dei var fødd. 25 Oftast ved runde tal. 26 Ingen blei bedne. 27 Vanleg gjev alle gaver. 28 Nei, ingen serrett. 29 Nå er det ofte sjokolade, blautkake o. s. b., \[\_C. Konfirmasjon\] 30 Det var ofte eit lite selskap. 31 For på lag 50 år sia. 33 Gjestene kom med gaver. 34 Ja. 35 Mange bakar kake og bakelse sjølve, some kjøper. \[s. 5\] \[\_D. Bryllup\] 36: Dei kalla det ja-øl. 37 Dei bed til gjestebod. 38 Gjesteboda vara vanleg i 2 og 3 dagar. Fyrste dagen var det vanleg spa (kjøtsuppe med kjøt i). Andre dagen hadde some tørrfisk. Var det somaren fiska some aurir. – Det var sjeldan graut. Dei hadde ofte nattmat, kanskje serleg i likferder. 39: Some hadde eit kast (4) kaker og ein smørklatt i korga. Some hadde fleir kaker og, og some kling. 40 Some rosa og krota ut smøret. 41 Nei, bemannen samla ikkje inn kjøtt. 42: Dei sa \[\_senning.\] 43 Dei tok med sendinga sjølv, dei som hadde hest køyrde, dei andre gjekk. 44: Nei. 45 Der det var born fikk dei sendt attende kakestykke, bakels o. s. b.. 46 Vanleg var det reikjæringane. 47 Gjesteboda nå er vanleg 1 jamdøger. \[s. 6\] 48 Some held gjestebod på hotell. 49 For 50 - 60 år sia vigde mange i byen. 50 Det blei lite med gaver når dei for til byen. 51: Bare når det er 25, 50 år o. s. b.. \[\_E. Gravøl\] 52: Skyldfolk, grannar blei bedne av ein bedemann som for rundt. 53: Gravølet vara 1 jamdøger. Tri måltid og nattmat. I gamle dagar dansa dei i likferder. 54 Dei nytta langbord. 56 Dei nytta vanleg spa. 57: Som vanleg heime. Var plassen liten, bad dei færre. 58 Ofte hadde dei sendinga med seg. 60: Sende dei sendinga dagen før fekk vedkomande dram o. a. 61: Gift eller ugift hadde ikkje noko seia. 63: Før nytta dei brennevin, nå ikkje. Dei slutta for pålag 30 år sea. Eg var i likferd i Moland i 1929, der var brennevin. \[s. 7\] 65 Nå er det steik ved likferder. 66 Nei. 67: Ikkje likferd på hotell. 68: For pålag 10 år sia, men some sender bedemann nå og. 69: For 40 år sia tok dei til med dødslysing. \[\_F. Nye fester\] 70: Nokon sers tradisjon om maten er det ikkje når det gjeld 17de mai. 71: Some høgtider morsdagen. Dei tok til for pålag 10 år sida. 72: Ingen feirar farsdagen. 73 Dei nyttar ofte blautkake. 74: Some bakar sjølve, andre kjøper. 75: Morsdagen, skikken blei kjend gjenom blada. \[s. 8\] 76 Min bestefar Halvor Klasson Eika var f. 1835. Han var bl. a. stortingsmann i 1860- 1870 åra. I 1867 var der barsøl på Gvålala i Lundeherad. Mannen var frå Eikjarud i Bø og ein ungdomsven av min bestefar. Bestefar var i barsølet og da ga han 10 daler på vogga til den vesle guten som seinare blei stortings- mann (G. N. Grivi). Da dansa Gj, Eikjarud, far til mannen i huset og fyrste ordføraren i Bø med Ingebjørg Gvala, mor til brura. Dei hadde øl og brenne- vin, dans og spel. Some song viser. Det gjorde dei elles i likferder og når det leid på og dei hadde teke til seg av øl og brennevin. Siste likdansen i Bø var på Folkestad, heitas det etter segna, men eg trur det har vore seinare og.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste