Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8295_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_39_8295_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[\_A. Fødselen\] 1: Ja. 2: Dei kom enkeltvis. 3: Nei. Ikkje annarleis enn at dei ville ikkje ha det same alle. 4: I gamle dagar byrja dei 2dre dagen etter fødselen. For konene låg ikkje mange da- gar, sume var ute att 4de dagen. Og skikken var at nærast grannkonene skul- le koma medan kona låg. Men dei vil- le ikkje koma alle med ein gong, så hu- set vart overfylt med mat. Difor kunne dei koma også etter at kona var oppe. Dei ordna seg etter einannan, så ikkje mange skulle koma samstundes, helst ikkje meir enn to på ein dag. I mitt minne låg konene vanleg 12 – 14 dagar, og då byrja dei gå til dei ein 3 – 4 dagar etter fødselen. Og då vart det oftast tid for alle å koma medan kona låg. 5: Dei kom berre ein gong. 6: Det var ymist. Graut, eller andre retter. 8: Frå gamalt brukte dei grautambar, blåmåla eller rosemåla, eller trekvit med \[s. 2\] svidne roser. Hadde dei ikkje det kunne dei bruka ein ein vanleg trekvit kvardags «grautambar». I mitt minne var dei meir slutta med det. Hadde dei lang veg, bar dei grau- ten i eit spann, fekk ei skål i huset der dei kom, auste opp og pynta grauten med sukker og kanel og slikt som til høyrde. Var det nære grannar auste dei grauten i ei fin rosut skål – eller eit perlefat – og pynta han heime. Bar han anten i eit knyte, eller i ei rund svart korg med lok, «posakog». Sume kun- ne ha litt sers fint og tunt flatbrød med, til å eta attåt grauten. Mange tok ikkje med, for dei visste at vanleg flatbrød fanst i kvar manns hus. 9: Dei kalla \[\_ikkje\] den grauten dei bar til barselkona for barselgraut. Det som kunne heita barselgraut hjå oss, var den grauten dei kokte i barselet. Namnet med barsel i vart berre brukt om dåpsgjestebodet. Sengemat var heller ikkje brukt. Namnet på barselkona var «sengjakona». All mat dei bar kallast «sengjakonemat». «Ga med sengjakonemat», var fast ord- lag. 10: Ja, det var alltid kona sjølv som gjekk. Men ho kunne ha eitt eller to mindreårige born med seg. Dei skulle får sjå veslebarnet. 11: Dei tykte det var usømeeleg, eller uhøveleg, at mannen var med. 12: Ja, dei skulle få traktering. Den \[s. 3\] kunne vera ymist. Men det var ingen skilnad om det var gut eller gjenta. Trakteringa var ymist etter som dei kom lang eller stutt veg. Var det langfarande, slekt eller vener, skulle dei ha middagsmat fyrst, kaffi, kling og kaker etterpå. Hadde dei stutt veg, fekk dei kaffi, kling og ymse slag kaker eller vafler, og småkåker. Og ved sida av skulle det setjast fram av det dei hadde fått frå andre siste dagane, t. d. skåler med rjomegraut, skål med dravle, som dei kunne forsyna seg av. Fat med krotakling. «Du må no smak- ka grauten hennar Kristi», sa dei. Eller «dravlen hennar Guro, han var so dansan- de god». 13: Det kallast «sengjakoneveitla». 14: Sendingfolket fekk alltid traktering. Hadde dei ikkje hjelp i huset, laut man- nen ta seg på tak. Nei, ho heldt ikkje noko konemåltid etterpå. Dei rekna det meiningslaust at ho skulle ta til med slikt stuk nyss etter ho var oppe att. 15: I gamle dagar ja. I mi tid gjekk sume også til dei ugifte, Andre ville ikkje gå, dei tykte det var vanærande. Så det var ikkje fast skikk. 16: Det har på Voss aldri vore fast skikk at ein skulle berre gå med graut til sengekonene. Dei gjekk med det dei hadde, eller kunne få fat i. Den gam- le nemning «sengjakonemat» seier oss \[s. 4\] også det. Eg hugar frå eg var lita at konene på garden snakka om dei måtte ikkje gå med same slag mat al- le. Den stakkars sengekona kom til å verta matlei av berre ein sort. Hadde dei slakt av eit eller anna slag, laga dei ein kjøtrett med grønsaker, poteter og sos. Sviskesuppa eller disor etterpå. Var det sumaren og kyrne på stølen, kunne dei ta heim nysila mjølk og koka ris- graut med rosiner i. På den årsens tid var retter av søt mjølk sjeldne. Rjomegrauten kokte dei uspedd. Men det var mykje brukt å ha ein «under- graut» av risgraut, og så eit lag rjome graut oppå. Øvst strødde dei gjerne eit lag kokte rosiner, forutan sukker og kanel. Det var fin «sengjakonemat». Sume brukte og å leggja «tebrød» eller småkaker oppå grauten. I byrjinga av dette hundreåret var den vanlegast sengekonematen: 1 Rjomegraut, eller (og) risgraut. 2. Kjøtmål med sviske- supa eller disær til. 3. Dravle og krota- kling. 4. Kringla frå bakar med sjoko- lage til. Eller stor heimebakt kringla med sjokoklade til. Seinare har det vorte ymse slag heimebak- te kaker i staden for kringla. I dei siste tiåra også blautkaker. Blomstrar er byskikk – eg veit ikkje av at det har vore brukt i våre grender - . 17: Nei. 18: No er det så, at dei skal koma anten med eit matmål (sengjakonemat), \[s. 5\] eller gje ei gåva til barnet i staden. Det kan vera eit kleplagg til den vesle, eit kjolety, eit ullteppe eller liknan- de. 19: Ja, dei heldt Skrislaveitsla (Skilta- veitla). I den var husens folk med, tenarar og alt, og so fadrane. Sume av næraste slekta kunne bedast med, eller kjenningar. Hadde huslyden lang veg, leigde dei seg inn hjå einkvan på Vangen, og hadde sjølv med mat og alt dei trong i veitsla. 20: Namnet var Skirslaveitsla (Skitla- veitla.) Men barsel var og brukt. 21: Nei. Det var husbondsfolket som heldt maten, anten veitsla var i hei- men eller på Vangen. \[\_B. Fødselsdag.\] 24: Fødselsdagen vart alltid mint på ei eller onnor vis så lenge eg kan minnast, frå før 1900. Og det både for born og vaksne. Straks ein møtte vedkomande om morgo- nen, måtte ein ta i handa og ynskja til lukka med dagen. Det gjorde alle i hu- set, og grannane like eins når dei fekk auga på den som fyllte år. Hadde ein ei lita gåva å gje, flidde ein gjerne den med det same. Mann gav kona gåva, og kona mann. Borna fekk all- tid ei gåva hjå far og mor. Hjå sys- \[s. 6\] kena kunne det vera så ymse, det slumpa gjerne ei gåva frå einkvan av dei. Ein gong frampå dagen skulle det vera eit måltid som høyrde årsdagen til. Det var, når me borna hadde årsdag, sjoko- lade, kling og kaka, og småkaker. Når dei vaksne hadde årsdag, var det kaffi i staden for sjokolade. Stundom var huslyden åleine om dette målet, andre tider var nokre slekningar eller vener innbedne. I sume hus brukte dei skjenk og småkakor. 25: Så langt tilbake som eg har høyrt fråsegn om, kom ingen andre enn inn- bedne. Ingen ville finna på å gå til eit «gjeburtsdagsbarn» ubeden, det var ei skam. Om ein granne kom innom og ynskte til lukka, smatt han fort ut att. Det var anten slektningar eller vener som vart bedne, grannar kunn ein også be. Men det var ikkje vanleg å be alle grannane, ikkje store lag. I den siste tid har dei bede til større lag ved 50 – 60 – 70 – 80 års dagar. 27: Før var det ikkje skikk å gje nokon gåva om ein vart beden i eit fød- selsdagslag. I dei siste 20 – 25 åra har dei teke til med det. Anten at kvar har ei lita gåva, eller dei slær seg i hop. Men ingen annan enn dei bedne plar gje gåver. \[s. 7\] 28: Ja. Ein skulle vera serskilt innbe- den. Og er, så vidt eg veit, so den dag i dag. I vår grend har eg ikkje høyrt anna, enn dei får avgjera sjølve om dei vil ha gjester den dagen. 29: Ja, det skal vera kaffi, eller (og) sjo- kolade, kling, vafler, kringle, og gjerne både småkaker og blautkake (men ikkje med ljos på). \[\_C. Konfirmasjon.\] 30: Frå det fyrste eg har høyrt om kon- firmasjonen, var det halden som eit still alvorleg høgtid i kyrkja og i heimen. Det var ein familiefest. Alle i heimen var med, tenarar og arbeidsfolk. Det var høgtidsmat og ingen serskilde gåver til konfirmanten. Konfirmanten sjølv gjekk i bunad og dei andre i høg- tidsklede av ymse slag. 31: Liknande var det då eg voks opp. Me var mange syskin, og tenarar attåt, så det vart eit lag berre av husens folk. Stundom vart nokre av næraste slektningane innbedne, like eins fad- rane. Såleis var skikken også hjå andre. 32: Skikken med å be berre fadrane, og ein del av næraste slekta, har halde seg langt utover. No etter 1945 har byrja halde større lag. Og også noko dei kallar etterlag. Då bed dei gran- nar og kjenningar som ikkje var i konfirmasjonslaget. Læraren bed nok einkvan på konfirmasjonsdagen, like eins presten, men dei kan ikkje vera i meir \[s. 8\] enn eitt lag. 33: Nei. Det korkje har vore eller er skikk. 34: I min oppvokster fekk ein ei gåva hjå far og mor, og kanskje frå nokre av næraste slekta. Eg fekk ei gild gåva hjå far og mor, ei hjå bestemor, og ei hjå farsyster og mannen. No er det skikk at dei som vert bedne i konfirmasjonslaget, gjev gåver til konfirmanten. Dei som vert bedne i etterlag kan nok gje ei gåva, men det er ikkje endå nokon fast skikk. Andre sender ikkje gåver til konfir- manten. 35: Eg veit ikkje av at dei har «be- stemte» retter i konfirmasjonslag. \[\_D. Bryllaup.\] 36: Ja, det har frå gamalt av vore halde festarveitsla, kalla anten «festar- veitla» eller «bilaveital». 37: Den vart vanleg halden i hans heim. Bedne var festarmøya og hennar foreldre, og så «bilamannen». Fleire kunne òg vera innbedne Var ho jordagjenta vart «bila- veitla» halden i hennar heim. Og var berre ho frå gard, var det like eins. No vert det òg halde «bilaveitla» i hans heim, med færre eller fleire innbedne frå kvar familie. 38: A) Bruredagen 4 mål. Frukost før dei fór til kyrkje. Middag då dei kom att. Kaffi. Kveldsmat. Desutan skjenk og skautadram. Andredagen liknande. 5 \[s. 9\] mål dersom folket ikkje reiste i kvel- dinga, for den dagen var det tidlegare middag. b). I gamal tid. Frukost: Kling og dravle, kaker av ymse slag, mjølk, øl. Middag: Rjomegraut, dravle, mjølk, øl. Kveldsmat: Grynsupan (av erter og gryn), røykt kjøt og poteter, kokt i kjøtnasting. I nyare tid. Frukost: Brødmat, framsett med gards- smør og pålegg av mange slag, påsmurd bryllaup- kling, småkaker, kaffi, mjølk. Middag: Kjøtrett med sos, poteter og grøn- saker. Disær. Kaffi: Alle salg småkaker, bryllaups- kling, blautkake, kaffi. Kveldsmat: Rjomegraut, uspedd med flatbrød til, sukker på, søt mjølk. c). Ja. Det var rjomegraut, dravle, bryl- laupskling. No er det òg så, ivissa ved 2 dagars bryllaup. d). Ja, dei hadde eit program for 1ste, 2dre, 3dje dag o.s.b. Men grauten var alltid fyrstedag, bruradagen. Noko sers lag for hjelparane var det ikkje. 39: Grenda gav mjølk – (bar mjelkjæ). Det gjer dei no òg. Før skulle gjestene ha med seg sending, «fodner». Kvar gjest 1 smalelém, lår eller bog, 1 ost \[-1 kg. gards smør\], 2 liter rjome. Det er for lenge si- dan slutt å ha med seg «fodner». 40: Nei. 41: Nei, det har eg aldri høyrt. 42: Fodn, ei, fodner. 43: Dei tok det sjølve med seg åt \[s. 10\] bryllaupsgarden når dei kom. 44: Forutan mjølka, den måtte einkvan gå med på føremiddag dagen før bryl- laupet byrja. Mjølkefolket fekk trak- tering og ei viss «heimattsending». Dei kalla det berre traktering av mjøkefol- ket. 45: Ja, mjølkefolket fekk med seg «heimattsending». Dei som kom og henta hestane på bruredagen fekk òg traktering. 46: Matmødrene («matmørne»). Eldre koner. 47: 8 dagars, eller vikebryllaup er det for- bi med. I seinare tid har det vore halde berre 3 dagar eller 2 dagars bryl- laup. 48: Det er ein del som held bryllaup på hotell. Dei kan ha tinga maten der. Men dei aller siste åra er det svært mange som held maten sjølve, og berre tingar hus, tillaging av middag og ser- vering av nokre mål på hotell eller pensjonat. Det som vert att av maten tek dei med seg heim. Dei kan halda etterlag på det. 49: Ein del reiser til Bergen og let seg via utan bryllaup. 50: Du får ein slump gåver frå slekta. I det aller siste også hjå andre. Dei held då etterlag for dei, når dei kjem heim att. 51: Dei held ikkje fest på bryllaups- dagen kvart år. Heller ikkje ved «runde tall». Berre sylvbryllaups, gullbryllaup- og slike som seinare tilhøyrer, om dei opp- lever det. \[s. 11\] \[\_E. Gravøl.\] 52: Gravøl vert på Voss kalla likfylgje. Dei som vart bedne var slekta. Om det var gifte folk, hans og hennar næraste slekt. Grannane i grenda. Alle i næraste sto- vene, dei ektepar som sat med garden, og kårfolket, i dei andre stovene. To hjå kvar av husmenn eller oppsitjarar. Næ- raste venene til den avdøde. 53: I eldgamle dagar heldt dei likvòka medan den døde låg lik. Då hadde dei mat og drykk, og heldt danselag i sto- va kring den som låg på likstrå. Det måtte vera ein reinbarka heidensk skikk. Så seint som i 1830 – 40 åra heldt dei ei slik likvòka i ei stova på Grovu, Kvitle. Men det dei kalla likfylgje varde ikkje meir enn ein dag, etter det eg har høyrt. Slekt som hadde lang veg kunne nok koma dagen før, og også liggja over til tridje dag, men sjølve likfylgjet var berre ein dag. Dei hadde ein «talsmann» til «å tala ut» liket i heimen, presten var berre ved kyrkja. 54: Dei serverte ved langbord. Og det var meir enkel mat enn i bryllaup. Dravle og krotakling, ymse sal kaker. Fisk og grynsupan (risengryn). Rjome- graut har eg ikkje høyrt dei brukte. 55: Det måtte vera rjomegraut. 56: Nei. 57: I eldre tid vart det alltid halde i heimen. 58: I gamal tid hadde dei vel sen- \[s. 7\] dingar med seg, men det munde dei slutta med tidleg. Eg har ikkje høyrt dei hadde det. 61: Nei. 62: Nei. 63: Så vidt eg veit, har dei ikkje brukt alkohol i likfylgje etter dei slutta med heimebrygg. 64: Nei, Det heldt seg lenger i bryllaup og andre gjestebod. 65: Det er ymnist. I vår grend hadde dei før frukost i heimen, og så anten smørbrød og kaffi, eller middag med kaffi etter, på ein kafé på Vangen. No har dei slutta med frukosten i heimen, og har mat berre på Vangen. 66: Nei. 67: Ja, på kafé eller hotell på Vangen. Det er no det vanlegaste. Liket vert køyrt ned på fyrehand. Men ved «kiste- legjing» samlast grannane i heimen, og då får dei kaffi og mat. 68: Det har dei aldri gjort, og gjer ikkje. Mann eller kvinna går rundt og bed inn. 69: I byrjinga av dette hundreåret. Men ikkje alle gjorde det. Seinare har det vorte fast skikk. \[\_F. Nye festar.\] 70: Ein plar ha rjomegraut eller ris- graut. 71: Morsdagen høyrde ein ikkje gjete før for om lag 30 år sidan. No er det mange som held den. 72: Det trur eg ikkje. Men mange \[s. 8\] held mordagen som dag både for mor og far. Borna gjer då arbeidet. 73: Nei. Borna bakar ymse slag kaker. 74: Nei. Ikkje det eg veit. 75: Av stykke i aviser. Gjennom skulen. Ymse mødrer var imot det. Dei sa: Er det berre \[\_ein dag\] i året som skal vera mors dag? Skal ho ha hjelp, og visast æra berre den dagen? Og kvifor er det ikkje også fars dag? Kan dei ikkje ha dagen saman?
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste