Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_12441_MR_Veøy
Transkripsjon av filen #NEG_39_12441_MR_Veøy
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Fødselen 1: Grannekoner, ja frå heile grenda (t.d. en skul- krins) kune koma med «sengemat» til barselskona. Hadde ho skyldfolk i grannebygder kunne dei og koma. 2: Dei kom einskild og ikkje i flokkar. 3: Dei hadde ingen avtale seg i mellom kva dei skulde ha med seg. 4: Nokon viss dag var det ikkje. 5: Det var berre ein gong kvar skude koma. 6: Før var de rømmegraut («Sengjamatgraut») og den skulde jølvsagt vera ses god og forseggjort. No er det vel ymse middagsmat. Nokre ”kaker” har det vore vanleg å ha med attåt det andre. 7: 8: Barselsgrauten var brukt å ha i ein stor terrin, her klalla for «komme». 9: Heile sendinga var «sengjamat» men grauten var «sengjamatgraut» \[s. 2\] 10: Det var alltid husmora sjølv – kona – som gjekk. 11: At mannen var med var ikkje vanleg, men det hende når det gjaldt nære skyldfolk. 12: Sendingsfolket skulle ha traktering og gjerne noko med seg til folket sitt heime og. Dette var då helst brødmat. Ingen skildnad om det var gut eller gjente. 13-14. Noko serleg namn på slike små gjestebod i høve barselen, veit ein ikkje av. 15: Det var helst berre til gifte mødre ein gjekk med barselsgraut. Var det ei grannekone som sat nokså nære til vedkomande ugifte mor hende det vel at ho gjekk i slike høve og. 16: Kva tid skikken skifta, slik at grauten ikkje vart så «moderne» lenger, er vel ikkje så god å seia så nøgje, men det er vel i siste mannsalder. 17: At konene hadde med nokor gåve var ikkje vanleg før. 18: Heller ikkje no. 19: Dåpskalaset har alltid vore kalla barsøl på desse kantar. Det var faddrar og nærskylde som var med. 20: Sjå førge sp. 21: At gjestane hade med sendingar var visst ikkje vanleg. Var det faddrar eller skyldfolk utanbygds frå så ha dei gjerne med sending. 22: Dåpsgåver var det lite av. I eldre tid ga fadd- rane jord (jordstykke), seinare pengar. Eit 2-krone- stykke vart ofte kalla «faddergåve». Det hadde då tru- leg vore ein halvdalar før. 23: Det er visst heller ikkje no vanleg med dåpsgåver. \[s. 3\] B. Fødselsdag 24-29. Når spørsmålet er om feiring av fødselsdagen så kan ein vel seia at dette ikkje har vore vanleg. Det er først i dei seinare år at kviner tok til å feira dagen når dei «runda» 50 eller 60-års dag o.s.b. Somme tider kan de ivere bedne eller eller dei går (gjekk) «sjølvmitt» for å ynskja tillukke. Serlege reglar for noke m.o.t. mat eller anna korkje var eller er det. C. Konfirmasjon. 30: Noko feiring av konfirmasjon i eldre tid var det ikkje. 31: No kan ein vel kanskje snakke om konfirmasjons- selskap. Men det er først i seinare tid – kanskje siste mannsalder det vart noko vanleg. 32: Presten og læraren var ofte bedne og næraste skyld- folket. 33: Å sende sendingar er vel ikkje vanleg, men bedne gjestar gje vel gåvor. 34: Sjæ sp.33. Nærskylde folk kan vel gje gåvor om dei ikkje er i gjestebodet og. 35: Visse rettar eller kaker veit ein ikkje av. D. Bryllaup 36: Festarøl – forlovelsesgilde veit ein ikkje no av. 37: Det kan vel vera no at når eit par er «offentleg» trulova dei då vert bedne kvar sin gong til svigerfor- eldra skal verta. 38: a) Kor mange måltid det var i bryllaupsgarden kan vel vera vandt å seien o. Plent nokon regel var det vel ikkje. \[s. 4\] b) Av rettar kan ein vel nemna kjøt som sodd, lutfisk og graut. Sodd eller lutfisk var helst den første dagen og grauten andre dagen. c) Graut var «ståande» rett i kvart brylaup. Skikken heng i enno. d) Som nemnd under b) skulde grauten helst vera andre dagen. Tredje dagen var det hjelparane som kokkar, server- ingsgjentor, kjøgemeister, bemann o.a. attbedne. 39: Kva og kor mykje dei ymse gjestane skulde sende kan ein vanskeleg seia noko om no. 40: Smøret var gjerne i former, så ein viss «dekor» over det. 41: At bemanne samla inn kjøt veit ein ikkje av. 42: Sendingen vart her kalla sending eller beining. 43: Korga som dei bar i , og som helst skulde vera sers forseggjort, vart kalla både for sendingskorg og beinings korg – skiftevis. 44-45. Er ikkje kjent no. 46: I brudlaup var det brura som sto for «heimattesend- ing». Til å syrgja for at maten kom på bordet – og rike- lig nok – var det visse konor som var «matmør» (matmødre) i både bryllaup og gravøl i grenda. 47: To-dagers bryllaup er enno vanleg, og tredje dagen er, som nemnt under 38 d), hjelparane attbedne. 48: Bryllaup på hotell er det noko av no. Ein kan vel seia det har vorte meir og meir. Somme reiser vel til ein by og giftar seg utan å halda noko lag og. 50: Bryllaupsgåvor vert vel i slike tilfelle berre frå næraste skyldfolk. \[s. 5\] 51: Fest for årsdagen for bryllaupsdagen vert vel som vanleg halde helst ved runde tal. E. Gravøl. 52: «Sjølvfolket» - mann og kone i huset var bedne ved bemann. 53: I gamle dagar – for eit par mannaldrar sia, var det vanlig to dagars gravøl. Kor mange måltider er vel vandt å seia; men går ein langt attende som nemnt så var det vel først munnskjenk, når ein kom til gards. 54: Av måltider kan ein nemne graut og/eller lutfisk. Maten vart servert ved langbord. 55:56. Nokon slags mat som ikkje skulle nyttast i gravøl kjenner ein ikkje til her. Noko serleg namn på hovud- måltidet kjenner ikkje. 57: Regelen var at gravølet var i heimen. Men henda kunne det vel ved dødsfall i små husmannsstovor, at gravølet vart halde på garden (hos jorddrotten). 58: Skikken var mest at gjestane hadde sendingar med seg når dei kom. 59:-61. Nei, dette kjenner ein ikkje til no. 62: Dei gamle bearlag med fleire dagars gravøl held seg fram til århundraskiftet og vel so det. Så tok det til å verta slik at det var fritt tilgjenge for dei som ville syne den avlidne den siste æra. Då var det gjerne berre kaffe og smørrebrød m/kaker. Dette kan væra så ymse no. I somme høve vert dei «attbedd» på grav- plassen. Då er det middag med kaffe etterpå. 63: Etter at dei slutta brygge maltøl heime kom brenne vinet inn. \[s. 6\] Men dette vart det og slutt med i førge hundraår. 64: Her har heimebrygging og sending heldt seg lenger ved bryllaup enn ved gravøl. D.v.s. heimebrygging har det vore lite av både ved bryllaup og gravøl i dette hundra- år. 65: Sjå sp. 63. 66: Alkohol er det heilt slutt med i gravøl. 67: På større stadar – der det er hotell – held dei gravøl der. 68: Å be gjestane skriftleg er ikkje vanleg bruka her. 69: Å annonsere dødsfall i blad var vel ikkje vanleg før eit stykke ut i dette hundraår. F. Nye fester. 70: 17.mai. Nokon tradisjon om kva mat ein skulde ha til 17.mai kjenner ein ikkje til. 71: Morsdagen er vel feira i dei fleste heimar. Då morsdagen tok til for om lag ein mannsalder sidan, var det og halde offentlege festar. 72: Farsdagen vert og feira med somme. 73:74. Noko visse rettar eller kaker er det ikkje. 75: Mors- og farsdagen vart vel kjent gjennom blad. Heimelsmann: Ingebrigt Dalset, 84 år, Rødven, Bonde og bygningsmann. Delvis etter eiga røynsle.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste