Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_12433_MR_Øksendal
Transkripsjon av filen #NEG_39_12433_MR_Øksendal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: A. Fødselen. 1: Ja. 2: Det kunne vere ymse med det. 3: Dei samtala med kvarandre om det dei ville ha med. 4: Ein 1.10 dagar etter fødselen. 5: Berre ein gong. 6: Før var det graut og vaflor, risgraut, rjomegraut, fløyelsgraut. 7: Fell bort. 8: Grauten vart aust i kruskumar med rosor på og kom til barselsgarden i korger. 9: Det vart nemt «sengemat» eller «bars- elsgraut». 10: Vanleg var det kona sjølv som gjekk. 11: Mannen var sjeldan med, men hendte det var det ikkje halde for usø- meleg. 12: Ja, gjestene skulle ha traktering, og då fekk dei bode fram av dei grautane som var kome før. Veit ikkje om no- kor skildnad på trakteringa for gut eller gjente. 13: Veit ikke om serlege nemingar på slike gjestingar. 14: Ukjendt her. 15: Det var berre til gifte dei gjekk. \[s. 2\] 16: Etter den fyrre verdskrigen byrja dei gå med blautkakor – men framleis brukar bondekonone mest graut og vaf- lor. 17: Gåvor har vore bruka både før og no. Det kunne vera strikka labbar bystykke e.- l. 18: Som før. 19: Dåpsgjestebod vart halde – og dei som var med her var fyrst og framst faldra- ne – og så besteforeldra, kanskje syskjen. 20: Det vart nemt «barsøl». 21: Ja, faldrane hadde gjerne med sen- dingar. 22: Ingen fast regel for gåvor eller sen- dingar. 23: Som før. B. Aarmålsdag. 24: Aarmålsdagen vart høgtida einskilde gong for borna. b.) For vaksne var det ikkje halde nokort gjestebod i gamle dagar på årmålsdagen. 25: No har det auka på med dette, og med runde tal vert det no ofte store gilde. 26: Til vanleg vert ingen bedne til slike gebursdagar – dei får koma dei som vil. 27: Ja, no vert det gjerne gåvor, eller og gjerne blautkaker. 28: Armålsdagar for eldre var ukjendt i eldre tider. 29: No vert det bode fram sjokolade og kaffe. C. Konfirmasjon 30: Konfirmasjonen var ein høgtidsdag i heimen – men ingen gjester var bedne. 31: No er det vanleg med konfirmasjonslag. Dei kom i bruk kring 1915.20. 32: Det er først og framst faldrane til konfir- manten – sidan besteforeldre og kanskje systken åt foreldra. Lærar og prest vert bedne om dei bur i nærleiken. \[s. 3\] 33: No vert det teke med blautkake og gjerne gåvor. 34: Gåvor vert gjeve av gjestene. 35: Ingen serskilde retter. D. Brudlaup. 36: Eg kan ikke hugsa at det var halde festarøl; men gamle folk har fortald om det. 37: No vert det ikkje halde slike gjestebod. 38: Måltid i brudlaup før på 1 dagen: a. 1. Frukost når gjestene kom. 2: Middag når brurferda kom frå kyrkja. 3: Kaffe etter middagen. 4: Kveldsmat. b. Rettar i brudlaupsgildet før: 1: Frukost: Kaffe, vaflor, smør (store formesmør) brødskivor, beiringsgraut. 2: Middag; Sodd av sau eller stor- fe og fiskebollar oppi. Flatbrød. 3: Kaffe med heimbaka småbrød. 4: Kveldsmat. Te med vaflor, beirings- graut smør og brødskivor. Gjerne kjøttrull til pålegg. Øl var sendt rundt bordet i ølbollar ved middagen og kvelds- mat. Rettar 2dre dagen. 1:Frukost som 1 dagen 2: Bruragraut (rjomegraut) 3: Kaffe. 4: Kveldsmat som 1.dagen. c. Ved kvart brudlaup måtte det vera saltmat (Sådd) og bruregraut. Heimbryggja øl var vanleg. \[s. 4\] d. Det var fast program for 2den og 3:dag, 3 dagen lag for hjelparane. 39: Om sendingane i eldre tider veit eg lite – men eg har høyrt fortalt at \[?\]mesteren køyrde rundt hjå dei bed- ne og henta beiringane. 40: Smøret skulle pyntast ved å leggja det i form. 41: I gamle dagar samla \[?\]meisteren inn kjøtt, har eg høyrt fortalt. 42: Her var det nevnt «beiringar» eller og «beringar» 43: Det var sjølvefolket som kom med dei. 44: Fest eller traktering for beirringsfolk er ukjendt for meg. 45: Også ukjendt. 46: Ho som tok imot beirringane var kalla «beirringskona». 47: Her er vanleg 2 dagars brudlaup enno. 48: Nei, hotellbrudlaup er sjeldan her. 49: Det har vore gjort, men eg har det inntrykk at det har vorte sjeldnare i det sisste. 50: Då vert det lite brudlaupsgåvor. 51: Her veit eg ikkje om nokor minne- fest for brudlaup anna enn sylv- brudlaup og gullbrudlaup. E. Gravøl 52: Dei næraste slektningar til den av- lidne vart bede til gravøl- og elles dei som høyrde til «bølaget». 3: Før var det jamt 2 dagars gravøl med desse måltider: \[s. 5\] Framhald: 1: dagen: Frukost- Kaffe, smør og brødskivor Middag- Sådd med flatbrød Kaffe- med småbrød Kveldsmat Te. Smør og brødski- vor – vaflor. beiringsgraut. 54: Maten vart servert ved langbord. 55: Ukjendt, atterhald her. 56: Hovudmåltidet var middagsmåten. Sådd. 57: Altid halde i heimen her. 58: Gjestene hadde sendingane med seg når dei kom 59: Nei, noko spesiel pynting veit eg ikkje om forutan formsmør. 60: Ukjendt her. 61: ----«---- 62: Det var etter århundreskiftet at sume byrja gjera av gravølet på ein dag. Og i den seinare tid er det og skipa slik at ingen vert bedne – dei får koma dei som vil. I slike høve vert det ikkje servert middag. 63: På gravøl merkjer ein ikkje no noko alkoholbruk, og bryggjing av maltøl til gravøl er det slutt med. 64: Nei, tvert om. Gravølskikkane er det som har bridga seg mest. 65: I mange høve møtest folk på kyrkje- garden eller i kyrkja. Men ved grav- øl på gardane får gjestene ein kopp kaffe og mat før ein fører den avlidne til kyrkjegarden. Etter ein kjem heim att vert det bode til middag, og så kaffi attpå. Dermed er gjestebodet slutt. 66: Alkoholnydting på gravøl er det slutt med. \[s. 6\] 67: Nei, det er ukjendt her av gode grunnar: Her finst ikkje hotell. 68: Slik innbeding førekjem ikkje. 69: Lysing om dødsfall har vore bru- ka i dei sidste 50 år. F. Nye fester 70: Nei, her er ingen tradisjon for matstell den 17de mai. 71: Morsdagen har vore halde både i heimen og i møtehus. Denne skikken vart teke ibruk i millom- krigstida (1935 eller så). 72: Farsdagen er lite merkt. 73: Nei, det er ingen reglar for mat- stellet. 74: Bakarar har me ikkje i Øksendal men i blada ser me lysingar med freistande tilbod om mat og gå- vor til mors-og farsdagen. 75: Truleg var det blada som gav mest orsak til at desse dagane vart teke ibruk
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste