Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_10734_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_39_10734_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
A. Fødselen. Mest i kvar grend hadde dei ei hjelpekona ved barnefødsel. Henne henta dei då når mori vart sjuk. Jordemor var det langt etter og dei tok betaling for arbeidet, og berre ei for Voss. 1: Det var skik å gå med barselmat. Dei måtte helst vera der fyrr mori stod up, så frå 3ie dagen kom konene, slektningar og veninnor med barselmat. 2: Dei kunde kome fleire i lag, sume dagar kunde det verta eit heilt lag optil 5 – 6 stykk. 3: Det kunde henda dei samtala om kva dei skulde bera med seg. Men elles so gjekk det mykje på rjomagraut. Dei som ikkje hadde rjome kunde koma mei ei stor rosekrus eller eit fint kjoletøi til barne, labbar eller sokkar. 4: 3ie dagen byrja konene å koma – ja gjerne fyrr og var det nær slekt eller gode vener. 5- Det måtte gjerna vera 14 dagar eller minst ei veke millom dei gjorde nyt besøk. 6- Rjomegraut var den grummaste maten; men dei kunde og koma med risengrynsgraut og semuliegraut. Det bar sume med seg. Denne grauten gøymde dei så gjerne i ei tom kornkiste i bui – så hadde dei mat i lange tider framette. Vetlebarnet skulde og smaka på rojomegrauten alt frå fyrste dagen. Dei hadde tru på det var bra. 7- Fyrsta gongi var det helst rjomegraut kom den same fleire gonger so kunde ha då ha risengraut, sjokolade, eit tøistykke breste eller dravle, kva som høvde best for henne. Ingen fast regel, trur eg. \[s. 2\] 8- Konene bar gjerne barselgrauten i en am- bar, rosemåla eller brent m. rosemotiv. Andre hadde fine treskaler, men dei nyare hadde grauten i store rosute steintoiskoler utan og med lok. 9- Barselgraut kalla ein berre grautane men det kunne vera fleire slag barselmat. T.O. dravle – breste, kling – kveitebrød m. sjokolade – rjome, saupprim o.a. 10- So sant kona sjølv kunde koma seg av garde måtte ho gå sjølv, men det kunde vera undantak ho sende andre i sin stad. Soleis hugsa eg mi mor sende meg til Anna Gjernes med senge- mat 3ie dagen – Men kona som had- de født var alt oppe og stod med ovnen og varmde seg -. Det var ei arbeisom flink kona dette som inkje låg og lata seg. Dei skulde helst ligga til og med 3ie dagen-. 11: Eg hev aldri høyrt at mannen fylgde med – men derimot var det en mann i Viki burtom Vangsvatne som dei kalla hjelpekona.. Han baud seg til å gjera det arbeidet som desse gjorde. Det var å ta mot barnet, vaska og navla det, og anna som fylgde med i slikt høve. 12- Alle som kom med sengemat måtte få traktering enten det var gut eller gjente. Dei sette då fram dei rettane dei hadde fenge, graut dravle o.a. m. kaffe til. 13- Dei tala om dei hadde vore i barsels- besøk, eller i konebesøk, eller sengjamatbesøk – 14- Dersom kona hadde dårleg hjelp kunde det hende at ho bad konone som hadde sendt henne sengemat til eit festleg samver når ho stod upp. Dei som hadde bringa sengemat var då innbedne. \[s. 3\] 14- Desse maltidi kalla ein gjerne «barsøl» eller grauteveitla. Den dagen barne var til dåpen sa dei gjerne at barneskulde skirslast. og då helt dei og gjestebod. somdei kalla skit- laveitla. Dei bad då fadrane til barne og gjerne nokre andre, slekt eller vener-. 15- Ugifte bødre skulde ein ansa minst mogeleg – Men det var dei som bar senge mat til slike og – Det var gjerne Haugianer- kvinnor, slike som var gripne av menneske- verde som dei sa. Det er no eit barn om det er lausingaugaonge og - . 16- Skikken skfite lit om sen. Det byrja om lag 1905 og frametter. Fyrst på Vossevangen so lit etter kvart uppyver bygdene – Men enno i dag fyrekjem det her på Voss at dei kjem med rjomegraut til barselkona – Og det står høgt i kurs, millom alt det andre dei no finn på å bera til sengekonene. 17- Sume av konene hadde gjerne med ein liten ting til den nyfødde. Det kunde vera dåpshuva, eit sokkapar, ein liten kop, ei smekke eller eit kjoletøy. 18: ja nå går det mykje på kakor, heimebakte og konditarkakor, elles er det so mangt dei finn på å gleda sengekona med. Blomster er no det fyrste, so kan det vera kaffikoppar, kakefat, barnetøi av ymse slag. Sume kjem og med middagsmat. Gjerne svinekotelettar m. multekrem, barnestol og sume legg seg saman og kjøper heile barnevogner åt barne. 19 – Dåpskalas helt dei i eldre tid og. Dei bad då fadrane og gjerne nokre slektingar og vener. 20- Dette selskape kalla dei barsøl eller skitlaveitla. Dei sa barne var til skitla-. Og at der var mange skitlabarn-. \[s. 4\] 21- Det var dei som kom med «fodno» - sen- dinga til barsølet. Det var då hels bes- temødrene det då. Det kunde vera smør smalasida, ein griserygg eller eit spann rjome – Dette dei då kom med skulde bru- kast til middag i veitla – Eg trur inkje dei hadde noko bestemt matsetel til denne dagen. 22- Den som bar barnet til dåpen hadde den største ære den dagen. Kvinnone var helst klædd i bunad denne dagen, dei som stod fadra då. Dersom ho hadde god råd den som bar barnet, mådde \[hun\] giva mest. 23- Enno bruka dei mykje bunad her på Voss når dei ber born til dåpen. Om vinteren gjerne vetrebunad og vår og su- mar har dei nasjonaldrakter – men undantak er det no mykje av -. Ofte gjev dei pengar no til dåpsgåva. Det er om lag kr 20.00 vanleg. Men det er og mange som kjøper barneskei, «spisebestik». ein sylvkop eller andre minneting til barnet. B- Fødselsdag. 24- I min barndom feira dei inkje fødselsdagar men det kunde henda ein fekk ein småting denne dagen frå mor eller bestemor. Det kunde vera ein lommeduk eller ein silkeduk. 25- No derimot har dei gjerne ei brøtkaka m. smørebrød til både for barn og vaksne. Ved runde tall 70 – 75 – 80 o.s.b. er det reine gildi no, dersom den eldre inkje set seg i mot det då: Rjomegraut, dravle, kling o.y.a. 26- Sume ber dei inn til fødselsdagen, andre kjem for å ynskja tillukke med dagen. Dei har gjerne blomar med eller andre nyttige ting. Dette er no for tidi. \[s. 5\] 27- Sume legg seg saman og kjøper gjerne ein god stol til den gamle, andre kafefat, koppar, kjoltøy, forklatøy, gensara og ikkje minst vert det blomar, gjerne kakor og – ubedne gjester har og gåvor med -. Dette gjeld då helst dei store dagar-. 28- Dersom dei gjorde noko krus for fødsels- dagen i eldre tider så laga dei gjerne ein god kjøtmiddag etter skik og bruk då. Eller dei kokte rojomegraut og hadde kling Då var det no reine festen – men det var få som oplevde slik æra-. 29- Til barna bruka dei alltid ljos på kaka. Den er oftast heimebakt, sume tider kan den vera kjøpt, så får dei gjerne kringle, smørebrød og brus eller saft til drikke åttåt. Sume bruka apelsinsens. Andre bruka gjerne kakau eller sjokolade til drikke. Dei vaksne derimot brukar inkje ljos på kaka – men same maten som borni berre det dei må ha kaffe og sume har då ein kop sjokolade etterpå. C. Konfirmasjon-. 30: Den tid eg vart konfirmera var det fåe som helt noko gjestebod denne dagen. Men då mine foreldres slekt var så spreidd på Voss så bad mor nokre slektningar og gode kjen- ninga inn til bakar Olsen på Vossevangen I heimen hans fekk me då halda til. Der vart dei då trakterte med skillings- bollar, kringlor, vørterbrød og stompskivor attåt hadde me sjokolade. Det var ei festleg samkoma. Slikt kunde berre henda for eg var åleine gjente i heimen. men eg hadde då 2 brør. \[s. 6\] 31- Nå er det reine bryllupfestar når ein ungdom vert konfirmera. Det kom i bruk lit om sen 1920 åri, nokon byrja fyrr andre kom med seinare. 32- Fyrst skal ein då beda fadrane, elles er det mykje induvidult, sume ber presten, som dei har lese med, og gjerne læraren og. Andre tek inga hensyn til det. Dei ber dei som dei likar å vera saman med. \[\_33\]- No er det hels presanger det går på. Gjentene får smykker, pynteting, bøker og nyttige ting. Gutane får gjerne lommebøker, portemonæ, ring, bøker, turredskap og penger. 34- Det er helst de som kommer til gjeste- budet som gir. Blomster sender mange. Det kan også vera folk som ikkje har anleding å koma i veitla som sender gåvor til konfirmanten. 35- Sume har kakor frå konditoren, andre bakar sine kakor heime. Det er småkaker, kveitekaker og bløtkaker som vert brukt Noko serleg kake veit eg ikkje som. D- Bryllup -. 36- I gamal tid helt dei gjerne bidleveitsla. Det finst dei som gjere det i dag og. 37- I eldre tider då skulde gjestene få sjå i lofte om det var mange kistor, bra med sengklær og gangklær – så skulle dei fylgje i bua å sjå på suvle, som det var bra med fleskeflykkje, korv, kjøt og grjon. Deretter var det i fjøset å sjå på buska- pen og i høiløa for å sjå på lagere der. Alt dette skulde dei få innsikt i for det var der dei hadde rikdomane sine. Elles hadde dei god gamaldagsmat ein slik bidleveitslesundag, eller helg. \[s. 7\] 37- I eldre tider var det eit fæla stok med bryl- luppi. Det skulde bakast mykje krotabrød og det skulde bryggjast. Attåt slakta dei gjerne eit beist, ku, gjødkalv, sau eller gris, attåt bruka dei røykekjøt både speke og til koking. Veitla byrja alt brudlaupsafta. Då kom det mange til gards med «fodno» so dei kalla det. Det kunde vera ymse ting: Smør, rjome kjøt, flesk, mjølk og dravle. Tidleg bryllups- dagen kom «brurepikene» ridande tilgards. Slektninga som var jordagjenter vart gjerne fyretrekte til dette verve. Gjentone var fint klædde i sin beste stas. Jodrdagjenone hadde 7 sylvknappa i breitrøyene sine mens dei andre hadde berre 6 sylvknappar, på denne måten kunde dei lett finna ut kven som vart eigar for garden. Det fylgde gjerne ein gut med for å hente hesten heimatt. Denne måtte alltid få ein kling og gjerne smaka ølet. Brylluppi kunde vara fleire dagar og samkoma kunde bjoda på mange ting. Brylluppi var helst om våren på jonsokbil. Det kunde henda slikt måtte ordnast til om hausten eller vinteren men det var no ikkje som det skulde vera då. Dei reid til kyrkje. Fyrst reid nokre unge menn dei kalla fyreridara so kom gjerne spelemannen, deretter farane so bryllaups- folki, etter dei mennen, so konene og gjentene tilslut. Det kunde vera mykje humor og vittigheiter som blanda seg inn i desse fylgje. Soleis hende det ei gong at dei venta på presten. Då var det ein av fadrane som sa. Me får ta til å syngja: I jesu manvn skal all var \[s. 8\] gjerning sje – so four dei stemma i kven so vé. Eller ska me ta: Lov å takk å evig ære, om De tykkja da høve bére-. Då brudrådi nærma seg heimen skaut dei for dei gjerne 9 skot. Hestane vart henta og alle dei som kom for å henta hestar måtte få smaka på bryllaupsmaten. helst vart det då ein kling og lit øl dei fekk. So bar det inn med bryllaupsfolki til middag. Brur og brudgom sat i høgsete gjerne med eit åklæ attum seg. Fadrane og alt etter rang og vyrnad udover-. Maten kom på bordet. Det var helst rjomegraut, Røy- keflesk og kjøt m. grynsodd til. Dei song gjerne fyre maten og sume læste bordbøn. So livde dei då på god mat, dans og moro i fleire døgn. Som vanleg brukte dei å dra heim ei stor bjørk bryllaupsnatti og mens gjestene sov var det unge folk ut og stal skorne til gjestene. Desse hengde dei op i bjørki som dei hadde sett op i tune. Så auksjonerte dei ut desse skorne når morgoen kom. Denne morgoen var det mangt gjestene fann på føtene sine soleis hadde ein eit grytelok, ein annan ein trjug og alt det dei kunde finna for å gå turrskodde i time til dei fekk skoene sine att. 38- Det var kvar dag eit hovudmåltid. 1ste dagen rjomagraut, kogt røykekjøt flesk og korv m. erter og gryn i suppa -. Sidan på dagen var det gjerne dravle og kling og kakeskiver til om kvelden kunde det vera bresta m. flatbrød, smør lit korv og gjerne kling og øl då som dei brukte mykje den tid. \[s. 9\] 38-A. Det var 3 måltider fyrste dagen. B. Dei var ikkje så bundne til rekkefylgja: men. Kjøtt, flesk, korv m. grynasupa fekk dei gjerne fyrst – so rjomegraut og dravle. (Dei skaut gjerne når rjomegrauten skulde berast på bordet.) Attåt var det då kling øl og gjerne mjølk fyrr kaffen kom i bruk. Til kvels bruka sume då å setta fram det suvle som var att etter middagen til det fekk dei då kvar sin flatbrødstykke og ein kunde sjå dei eldre mennene tok fram sine toleknivar frå slira og sjæra op kjøtte Dei hadde gjerna ikkje knivar til alle. C- I kvart bryllup måtte dei ha rjomegraut, kling og både spekekjøt og røykjekjøt, sume byrja og med ferskt kjøt, Det vart då servera som steik. D- 2dre dag hadde dei gjerne lutefisk og risengrynsupa eller vanleg mjøkesupa. til middag – 3ie dag brukte dei ofte speke- mat spekeskjøt m. poteter fladbrød og godt sjyr til eller rjomekolla. Denne maten åt dei gjerne ute på marki, og dei kunde dela seg op i små flokkar. Då bruri vart skauta sette ho og brudgomen seg veit eit bord i tune og alle måtte då koma å få skautadram. Det var gjerne brennevin eller portvin. So kom det menn med spekekjøtlår og baud dei ei skiva og i andre handi hadde dei ei skål so bad dei om pengar i skåli. Dei som la i skåla fekk gjerne ei kvit krittstripa i ryggen so såg ein kvenn som betala for seg. Desse pengane fekk kokkekona m. hjelpara Hjelparane kom gjerne til gards 2dre eller 3ie dagen. Då fekk dei smaka på både det eine og andre. S 10 39- Gjestene brukte å sende etter hjartelag og etter den stand og stilling de var i. Nogen var så ærekjære at de sendte meir enn dei hadde råd til, berre for omdøme-. Mange kom med rjomeambara, andre med smør, kjøt, flesk og «grjon»-mjøl eller korn. 40- Smøret krota dei gjerne lit ut med eit jern, so det var små rosus på det oppå. Dei sende då i utkrota embare op til 3 kg. Andre som hadde mindre råd bringa berre ei stor smørøsja med, den og var utkrota m. mønster som var brent inn i trée. So var det ei rose på smøret og. 41- Det kunde vel hende at bemannen sam- let inn kjøtt når han bad til bryllups; men eg veit ikkje om nokon som gjorde det. Derimot var det heilt sjølvsakt at mjølk til dravlen skulde naboane syta for. Næraste slektningane hjelpte no til på all vis, med baking koking og annor. 42- Gamalt kalla dei sendingan her for «fodno»-. 43- Det var då i fryste rekkja skyldfol- ki som kom med sendingar. Men attåt dei var det gode naboar og vener som gjerne leringa noko til bryllaups - . 44- Alle som kom med «fodno» fekk trakte- ring; men dei fekk det gjerne enkeltvis. 45- Dei sende gjerne ein kling med heim- att med dei som kom med sending til festen. 46- Det var nokre flinke konor, som var vanlegvis uttekne for å stå for maten. Desse laga då klingen og sytte for heimatt- sendingane. Desse konene kalla me «Veitlekonor» sume kall dei «reiakonor». \[s. 11\] 47- Det hender enno her på Voss at brylluppi varer 2 døgn – Men der er då berre på bon- degårda og fåe av dei og. Ein slutta med desse fleiredagars byrllup Ikring 1880 og utetter. 48- Hotelli vert ofte teke i bruk no til bryllups Men dei som har plass og kan skaffe hjelp held enno mykje bryllupi heimæ. 49-. Mange reiser inn til byen og læt seg vigsla der, andre gjeng på Sorenskrivar- kontoret. Desse held då ikkje noko lag. 50- Dei næraste og vener m. slektninga sender likevel sine gåver om dei inkje kjem i noko bryllup. Desse vert då gjerne bedne saman til ein festleg kvell seinare ei gong. 51- Sume held fest på bryllupsdagen, andre berre ved runde tal. Det fins og dei som går frå einannan etter nokre lukkeleg og slitsame år-. E- Gravøl- 52- Ein bad no fyrst grendi, so var det skyldfolki heilt til systkinborni. Dei møtte op i heimen, so køyrde dei sa- man til gravstaden. Liket vart tala ut i heimen gjerne av ein haugianar eller lægpreikar eller lærar sume tider kom presten og tala ut liket og; men det var no ei serleg æra det då. 53- Eg hugsar berre om at gravølet varte ein dag. Då fekk dei frokost fyrr dei reiste til gravplassen og då dei kom heimatt fekk dei middag og so kvells- mat. Sume reiste heim att etter middagen. 54- Maten vart helst sett fram på langbord Elles bruka dei alle dei bord dei hadde i slike høve om det var mange gjester. \[s. 12\] 55- Til gravøls brukte dei mykje å bryggja i eldre tider og maten måtte vera av den beste, dravle, kling, lutefisk eller kjøtmiddag. mjølkesuppe eller kjøtsupa – spekekjøt, sild eller steik var ikkje rette maten den dagen. 56- Dei kalla det gravøl (middag kalla dei «daurén) 57- Dersom det var for liten plass i heimen fekk dei gjerne halde til hjå naboen eller og hjå ein slektning som budde nær. 58- Sume av gjestene tok sendingen med seg. Andre sendte den på fyrehand. 59- Alt skulde gjerast med omsorg, og dei pakka gjerne sendingane inn i kvite, reine lindukar. 60: Eg trur inkje det var anna kalas, enn dei bad saman ein del då liket vart lagd i kista. Den samkoma var då da- gen etter døden inntraf. Då var det ein som las frå bibelen og dei song eit par songar. Etterpå var det då gjerne dravle og kling til dei innbedne. 61- Det kunde vera forsjell på maten, og særlig dersom det var ein lægdekar eller ei lægdetaus, best å inkje skriva det eg veit om det, men at dei åt bruregraut når ein døde som var ugift har eg inkje høyrt. 62- I den seinare tid held dei gravferdi- middagarne på hotel eller pensjonat. Sume held ein enkel fameliefest heime. Likevel det er ofte store lag i desse samko- mene. Det har vore op til 300 eit lag eg var med på. Det var på Møen på Voss. Men det vanlege dreier seg om 100 og 150 – stundom meir andre gonger mindre, alt etter stand og stilling. \[s. 13\] 63- Det minka med alkoholforbruket omkring 1880 – På den tid tok fråhaldsrørsla til på Voss 1885 var mange menn i bygdi skrevne som avhaldsfolk kvinnor og barn med. Det var famijunker og gårdbruker Rognald Glimme som fekk den fyrste avhaldstalaren til Voss. R. Glimme betala talaren sjølv. 64- Hjemmebrygging og heimattsending helt seg lengst ved bryllup. Det har me enno i dag – Ved gravøl slutta dei tidlegare med brygging og sending heimatt om lag ved 1880. 65- Middagen ved gravferdi nå er for det meste på hotell, pensjonat eller kafé. Dei næraste slekntingane kjem gjerne til heimen og får frokost. Dei andre møter sume op ved heimen eller ved gravkapellet. Liket stend sume tider i kyrkja eller i eit anna forsamlingshus der då folki møtest og presten held ein tale. Kransa vert pålagde og gjerne song og musik til. 66- Her på Voss har eg inkje høyrt om nokon som nytter alkohol no. 67: Alle som tykkjest ha råd til det held begravelsesmiddagen på hotel. 68: Dei bruka helst å gå å be til grav- ferder – Berre dei som er langt burte må ein senda skriftleg innbydelse til Det var vel om lag ved 1900 dei byrja sen- da brev eller kort til innbjoding. Tidlegare sende dei bod med kjenningar og vener. 69: Då lensmannen slutta å lysa ut ny- heitene frå steinen sin utom kyrkja, måtte ein byrja ty til avisene. Det var om lag ved 100 årskiftet. Dei mest velståande kom då fyrst med sine avertissemang, og so kom folket etter- \[s. 14\] F. Nye festar. 70- 17de mai har god tradisjon. Då må det vera rjomegraut og spekekjøt m. pote- ter og grønne erter til- Dei som ikkje har råd å laga rjomegraut kokar då dravle. Mange har både rjomegraut og dravle denne dagen. 71- Morsdagen feirer dei no i alle hei- mar på Voss. Meinga var då at mor skulle få ein ekstra festdag; men man- ge seier at mor fekk ein dag til, med meir trakk og stræv enn vanleg. Mest alle mødre bakar lit ekstra til denne dagen. Det skal vera bøltkake og andre smmåker for det skal då vera fest. Mange kjøper kake til mor frå konditoriet og. 72- Farsdagen feirer fælt frå enno. Likevel sume er nå byrja med det og. 73- Middagen skal då helst vere lettvint men så tek dei det att i kakevegen – Bløtkake må det vera og andre kaker og. 74- Bakaren på Voss averterer om mors- dagen og lokkar med fleire gode sorter kaker. Attåt det fær ein tips frå radio og uke- blad med gode opskrifter på bløtkake. Alle forretninga averterer og gjerne tips til gåvor. Det skal vera gåvor og til mor denne dagen frå far og alle borna. Far vert det ikkje gjort så mykje for Grunnen er vel mykje den at han må sjølv betala moroe ofte -. 75- Morsdagen vart kjent gjennom avisene. Det stod dikt og lange artiklar Mykje vakkert og bra er skreve til mor- Far derimot har ikkje fenge den plass i bladi. Det er vel og ein grunn at dagen hans ikkje er så i vinden.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste