Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_10494_MR_Sande
Transkripsjon av filen #NEG_39_10494_MR_Sande
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: Fødselen. 1 Ja det har, og er framleis skikk at grannekonor, og slektningar, kom med mat, til Barnekona! 2 Dei kom helst enkeltvis, men det høvde ofte, at fleire konor vart der på same tid. 3 Nei det var helst, hemmeleg for kvarandre, kva slag mat dei skulle ha med seg! 4 Det var s\[?\] og fjerde dagen, dei tok til å gå med mat, elles heldt dei seg undretta om kva tid Barsel- kona var so frisk, at ho kunne ta imot vitjing! 5 Det var berre ein gong, dei skulde gå med mat, i seinare tid brukar dei og, å gå med kake til Barne- dåpen! 6 I eldre tider, brukte dei berre Rjomegraut, i seinare tid brukar dei helst ymse slags kaker! 7 Nei dei gjekk berre ein gong, for kvart born! 8 I eldre tider vart det brukt amber, ofte måla, med rosor på, å ha Rjomegrauten i, seinare vakre fat med rosor på, eller Terinar av steinty! 9 Ja all slags mat, som \[?\] vart boren til Barselskona vart kalla sengamat! 10 Det var alltid kona sjølv som gjekk med senga- mat! Det var ei skam for ugifte jenter å gå med sengamat! \[s. 2\] 11 Det var skamm at mannen var med kona, når ho gjekk med Sengamat, og hende det, så log folk åt det! 12 Ja dei måtte tragterast, av det beste, som fanst i huset. Kaffi og kaker, eller Rjomegraut. Men det var inga forskjel på Gut eller Jente! 13 Det var stundom kalla for Fødselgilde, ofte var det inkje namn på disse laga! 14 Nei, dei hadde ikkje noko lag eller selskap før ved Barnedåpen! 15 Ja det var berre til gifte mødre dei bar mat, til dei som fekk barn utanfor egteskap, vart aldri bore mat, for slikt var so stor skam og skandale! 16 Frå 1920 vart det meir og meir gått over til å sende kaker, og etter 1950 Blomster eller eit vakkert klæsplagg. Men ei dugande husmor, som har bra med mjølk og Fløyte kokar enda ein god Rome- graut, med mykje feitt på, som og vart rekna for helsebot for kona som nyst hadde fødd! 17 Ja konene, hadde ofte enten ei huva, eit par vakre strømper, eller eit tøystykke til sjorte eller trøye åt den nyfødde. 18 Det er stort sett det same i dag, det er gjerne Huve Trøye, eller tøy til sjorte, dei gjev no og! 19 Dåpskalas var halde, når barnet kom att frå kyrkje, og var døypt. Det var berre Fadderane og foreldre med husets folk, som var med på den dagen! 20 Nei gjestene hadde ikkje med mat! 21 Nei før i tida, for 50-60 år sidan var det ikkje brukt å ha med seg mat til Fadderskap, og maten var Fisk og poteter med supe til middag. Lefse og Kaker til Kaffien. Um hausten i slagte tida var det brukt Ferskkjøt! 22 \[Nei\] Ja i våre dager, har alle som er boden med seg gåvor og mat, i form av bløtkaker og anna godt. \[s. 3\] Høgtidsmat ved Familiefester! 23 No kjem dei med Kakor og gåver til dåpsbarnet. På Dåpsdagen, er det berre Fadderar, og næraste slegta, som vert beden. Men kvelden etterpå vert alle grannekonor, som har sendt mat eller gåvor, både ved barnefødselen og Barnedåpen inbeden til fest. Dette vert kalla for Konelag! Fødselsdag 24 Nei fødselsdag i eldre tider, var lite feira, det hende at husmora, hukse barnet sit, med ein godbit, eller lita gåve, men eldre folk gjorde ingen stas av fødselsdagen! 25 Ja no er det mange som held Fødselsdagslag kvart år. Men størst stas er det ved, runde tal, so som 50-60-70 år. Di eldre ein vert, di større stas! 26 Før var det slik at ein bad folk til gjestebod slike markedagar. No kjem folk med kaker og gåver, og ynskjer til lukke. Dei vert då boden på mat og kaffi, og bedne um å vera tilstades, ut over kvelden. 27 Ja no moter folk uppe med gåver og Kaker, enten dei er beden eller ei! 28 Var det nokon som held Fødselsdagsfest, og baud inn gjester, so var det gjerne brukt Rjomegraut til Festmat! 29 Jau no er det. Kaffi eller Sjokolade, med Kringle Bløtkake, og alle sorter småkaker. Dette med ljos på kakom er lite i bruk her endå! Konfirmasjon 30 I eldre tid, var det ingen stas med Konfirmasjonen. Konfirmanten fekk seg nye klær, og fylgde foreldra sine til kyrkja, og handlinga gjekk for seg som vanleg. I heimen var det som ein vanleg sundag, og hadde alle vore i Kyrkja, kokte dei ikkje midag før um kvelden. Det var ikkje skikk å be gjestar. Heller ikkje brukte dei gåver til Konfirmanten. \[s. 4\] 31 Sidan 1905, har det vorte meir og meir med gåver og selskap, no er det mest som i bryllup. Det tok til med at Konfir- mantane ga kvarandre, nokre små kort, no er det Kort, Telegram, og alle slags gåvor, i form av pengar eller unyttige ting 32 Fyrst og fremst, vert fadder\[ane\] bodne, so neraste slegta, og sjølvsagt læraren, sjeldnare vert presten boden, her, for han bur i ei onnor bygd. Men dei som bur nær han, bed sjølvsakt presten til dette laget! 33 Før var det sjeldan folk sende sending, eller gåvor. Men no, er det vanlegt, at folk sender mat og gåvor! 34 Det er helst dei som vert boden, som har mat og gåvor med seg, men og andre som er nær- skylde, eller gode vener, sende gåvor! 35 Nei maten er vanleg gjestebodsmat, Ikkje noko bestemt mat for dagen! Bryllup 36 Nei forlovings gilde eller fest, har kje vore brukt her, så vidt eg huksar, eller har høyrt! 37 I gamle tider, har eg høyrt, at dei heldt Festarøl når nokon hadde forlova seg, og den tid var det helst foreldra som ordna med forlovinga! No ordnar dei med dette sjølve, som skal forlove og gifte seg! 38 Brudlaupa det fyrste eg huksar, var halde 2 heile dagar, omframt brudlaupsafta. Det fyrste matmålet, når folk kom, var lefse og kaker med Kaffi. Seinare vart det søte kaker, og småbrød. Til kvelds, nysalta fisk; Poter og Mjølke- supa. Til frokost Brudferdsdagen gjekk brud og brudgom rundt med Kaffi, Lefser og Kaker, seinare Småkaker på senga. Til frokost. Kaffi med Lefser Kaker, Skjiver av Kjøpebrød \[s. 5\] Høgtidsmat og Familiefester Når Brudefyljet kom att frå kyrkje, var det fyrst middagsmat. I eldre tider Kjøtsodd Poteter og Dravle. Seinar Sose Kjøtt, Poteter med Desert av Svisker med anna. Til kaffien gode kaker, i seinare tid småkaker og alle slags Bløtkaker. Til kvelds, enten fersk eller sette fisk med Poteter, flatbrød og Landsmør. Andre dage, var det ikkje kaffi på senga, men frokosten var som dagen før, Kaffi Lefser og Kaker av alle slag. Til middag var det Brurgraut. Rjomegraut, i store fat, som minst 4 til 6 Personar åt av same fat. Til slut kaffi og kaker, dei fekk då utdelt Brudebitar, som var brukt til heimfærmat. I brudabiten var Lefser Kaker, brødskjiver og ein klump Søst eller Gombe. I den tid det var brukt Brennevin, fekk dei ein dram til avskjed, og brurfolket fekk den gåva dei var tiltenkt! 39 Sending til bryllup, skulde vere 10 til 20 påsmurde Lefser 1 stor bryllupskake, ei stor fin treform full av smør, eit stort fatt med Søst eller Gombe. Ofte ein Ost som dei sjølv hadde laga! 40 Ja smøret, var i ei treform, med vakre roser! 41 Nei kjøt, var altid foreldra åt brurfolka, som fekk tak i! 42 Det vart kalla Sending eller Korg. Bryllupskorg! 43 Det var kona som gav maten, som hadde den med seg, med hjelp frå mannen! 44 Det hende, at tenaran gjekk med mjølk eller rjome til Bryllupet. Dei vart då inn- bedne, og tragterte på det beste! Men det var ikkje noko serleg namn på kvelden! 45 Nei det vart sendt berre ein bit, etter smak s om dei la ned i det kjerald, som dei hadde mjølk eller mat i. \[s. 6\] Høgtidsmat og Familiefester 46 Det var brudekona, som stod for all mat- laging av turrmaten. Ho var det som tok mot sendinga, og som sende mat heimat til folket. Like eins var ho som sende ut Brurabitane! 47 Dei siste 10 åra, har det minka av med dei store bryllup. No, er sjeldan brylupa meir enn ein dag, og ei natt! 48 Ja det hender ofte, at dei reiser burt, og held bryllup på hotell. Men likemange held fram- leis bryllup i heimen. 49 Ja det hender, at folk gifter so enkelt, men det er helst sjeldnare! 50 Hvis dei ikkje har bryllup, er det lite av gåvor, Berre dei som er mest nærskyld gjev dei gåvor. 51 Når dei feirar ikkje bryllupsdagen, før dei her Sølvbryllup, og Gullbryllup, og vidare utover! Gravøl 52 Bygda var oftast opdelt i bedarlag, og disse vert beden, saman med neraste slegta. Dei vart beden, på den måten, at mannen i huset gjekk rundt til grannar og slektningar og baud dei \[om\] koma til gravferda! 53 Gravølet varde ein dag. Det var mat og kaffi med same folket kom. Når ein kom att frå kyrkja, var det middag, fisk enten fersk eller salta, med Poteter og mjølkesuppe eller Dravle. Etter på var det Kaffi og mat som kveldsmat og so skildest lyden kvar til seg! 54 Alle matmål vart servert ved langbord! 55 Nei maten som vart brukt var vanleg mat, og lite forskjel frå andre lag! 56 Huvudmålet var middagsmat, og hadde ikkje noko anna namn! \[s. 7\] 57 Var det forlite rom i heimen, stod gjerne grannen stove til bruk. Folk var gjerne svert hjelpsame, mot kvarandre i slike høve! 58 Til gravferd brukte dei ikkje sendingsmat, men tok gjerne med seg ei spann eller \[Hylke\] med mjølk, som det gjekk mykje av især hviss det var kokt Drevle! 59 Nei maten var sett på bordet, som vanleg, utan nokon seremoni av noko slag! 60 Som før sagt, var det inga sending, men var nokon sende med Mjølk eller rjome, vart dei altid tragterte med mat, av det som var! 61 Nei har aldri høyrt at det var forskjel på maten, hverken for kar eller kvende. Kanskje var det litt, meir fatigsleg, når det var fatige Legde folk, eller andre gamle enkeltpersonar som hadde lite slegt, som tok seg av deim! 62 I 1920 var ei kone så freidig, at ho serverte graut av Semyljegryn, i gravferda åt mannen. Frå då, har det etter kvart forenkla dette mat- ståket etter kvart. So no er det berre eit mål mat, når folk kjem att frå kyrkja. Dei fleste gravøl, er og halden i Forsamlingshusa! 63 Dei siste 70-80 åra, har det ikkje vore brukt noko slags rusande drykk i Gravøla! 64 Nei her heldt dei lenger, på med drykk i bryllup, enn i gravferder. 65 No er det berre, eit mål mat, ved gravferder, og det er Kaffi og Brødmat, med enten Fiskakaker eller Fiskepudding atåt. Dette matmålet er når folk er attkomen frå Kyrkje! 66 Nei, no brukar ein ikkje noko slags rusande drykk ved gravferder lenger! \[s. 8\] Høgtidsmat og Familiefester! 67 Nei ikkje her hjå oss, brukar ein Hotella, men i gamle grannebygder, brukar dei Hotella. Her hjå oss, brukar vi Forsamlingshusa! 68 I tjue åra, tok dei til å bede folk, koma til bryllup, ved å senda kort, men ved grav- ferder, vart folk helst beden muntleg. Sidan 1940, har det mest vore, slik bedne, at folk skulde kome dei som vilde, og det vart sakt i dødsannonsa, at dei vart bedne berre på denne måten! 69 Alt frå forige Verdenskrig, tok folk til å setje i avisa, når det vart dødsfall. Sidan har det vokse på, so no er det ingen som døyr utan at det vert sett i avisa! Nye fester! 70 Det er for det meste Kaffi og Brød, til mat 17 Mai. I den store verdskrigen, når det ikkje var noko å få kjøpt, var det ofte Rjomegraut, Rjomeringe, og slikt som bonde og bygdefolket \[?\]! 71 Morsdagen tok ein til å feire fyrst i 1930 åra, og det har vorte fast regel å feire den dagen, både heime, og i offentleg fest, med morsgåvor og annan stas. 72 Nei fars dag har ikkje vore feira her enda, i alle fall offentleg! 73 Ikkje akkurat, noko bestemte kakor, men fine bløtkakor. Fyrstekaker, og Svissrull, med anna godt! 74 Nei folk, er \[…\] flinke å bake kakor sjølve, no mest alle kakor, er heimlaga. Ofte ser dei opskrifter i vekeblade ogso kaker er det nokk av! 75 Mors og Fars dag, vart vel bestemt av dei styrande, i dette landet, og vorte kjend gjennom presse! Gerhard Bringsvor
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste