Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ard og plog
NEG_1_1385_Op_Lom
Transkripsjon av filen #NEG_1_1385_Op_Lom
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Dette maa bli eit magert svar. For jord- bruket i Lom er heilt annorleis enn alle andre stader i landet. Her er saa turt, at vi maa vatne baade aaker og eng. Ein heilt annan bruksmaate har det og vore og er enda, med open aaker paa same teigen mann etter mann. Vekselbruk er ikkje kome ibruk før i nyare tid. Jordi er grov og laus, og treng ingen \[?gjennnarbeid\] i dei gamle aakrar. 1: Ja. 2: Ja. Nei. Grev og harv vert brukt inntil dei fann upp ei radsaamaskine, som er \[-steigen\] seregen for bygdene i Nordre Gudbrandsdalen og som var eit storveges framsteg for kornavlen i desse bygdene. Denne maskina har oftast 11 tindar og rullar aakren samstundes. Ho myldar kornet jamt og godt i gamal aaker i vollpløgsle er ho kleinare. Det er ca. 200 aar sidan denne gjeve maskine kom ibruk. Intil da maatte det vera eit vanskelegt aaker- bruk her iser med aa faa molda ned saa- kornet jamt og godt. Mange har teke kjøpte radsaamaskiner ibruk, dei er betre i vollpløgsle, og dei saar grasfrøet med det same. Men i bratte \[side 2:\] aakrar som det er nokk av, er Gamla best. 3: Nei. Hyppeplog er kjøpt fraa fabrik, men arden er heimegjord. 4: Det var nokk fleire skap paa ein ard, men likna mest paa fig 3. men styret var ofte betre var festa framme paa aasen. Var alldri faste skjeker. Mange varianter var det ikkje, dertil var arden forlite i bruk 5: Nei. 6: Ja. Skjeker. heiter draget. Aas. Skjer. Hald. 7: Nei. 8: Ja. Arden er her i bygden brukt berre til aa "setja fera med". Det vil seia å pløgje upp fora (furer) for aakervatning. Der dei naa har faatt vatningsanlegg med spreidar, saa er ferane fulle burt. Det var ein brote med ferar paa ein gard før i tida, og da var arden eit nytt- igt reidskap. 9: Nei. 10: Var uturvande, da det var berre til eit slags arbeid dei var etla. 11: Nei inkje. 12: Arden var heimgjort arbeid. paa gardene. 13: Ja. Da eg kom heimatt til bygdi i aaret 1892 var det berre heimsmidde plogar ibruk, men dei nye kjøpplogane som tok forr begge leider - kastplogene - kom um faae aar. Dei heimgjorde plogane tok forr berre ei leide, var arbeidde aa seia for kvar gard av bygdasmedane. Dei held vyrkje og kost og dagløn til smeden. Kjøpte alldri ferdige plogar. Gjera ein god plog var ei kunst som inkje alle \[side 3:\] smedar kunna. For 50 a 60 aar sidan for det ein smed her like fraa Sandsver. Det var kar som gjorde gode plogar, baade vollplogar og arkenplogar. Groft arbeid, men arbeid ein var tent med. "Dei skal inkje brukast til kjerka", sa han. I aar 1903 smidde han 2 vollplogar aat meg paa ein dag. Det maatte gjerast handtak og hald seinare av andre. Desse 2 plogane kosta meg kr. 30.- og har vore sers nyttuge iser i nybrot med stein i. Det var velt- fjøla mange \[-spedar\] smedar var brydd med aa faa til. Men Sandsveringen brukte rett inkje mange slaga paa velta før ho var rett. Eg hadde ei brukt godsterk velte som han skulde nytte, men nei \[-han\] ho var inkje brukbar og maatte bankast um. Storsmeden viste aa snu ho. 14: Er ukjent her, men eg hev sett gamal plog med treveltfjøl her. 15: Ukjent. I saa grov jord og dertil laus, var sovore utenkjelegt. 16: Vart lagt paa motsett side av velte- fjøla. 17: Ja. Har alldri hørt navn paa denne. 18: Ja. For inkje aa draga moldi vekk fra berre ei side. Ein bytte um plog fraa ard til aas. 19: 7" a 10". Det var "lette" \[-nye\] bleggjer bak som var fluttbare. Stundom var det ein slepsko framme. Utan namn. 20: Nei, alldri i vanleg aaker, den var laus i seg sjølv 21: Nei. \[side 4:\] 22: Nei. 23: Ukjent. Det var berre eit slags aakerplog her. Nevning: Aas. Sl. Skjer. Hald. Fot. Skjaa. Tuku Al med tjukk l. Hankjønn. (.Skjei', Tuku.) (Fot) \[Figurar: to teikningar av to ulike ardar\]
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste