Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Tradisjoner, tro og segner omkring jeger og jaktdyr
NEG_85_16404_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_85_16404_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1 og 2: Kjenner ikkje til det. 3: Ein skulde ikkje jagta sundagen, etter gamalt. Ikkje fiska heller. Skulde ikke drepa noko, den dagen. 4: Det var plikt å drepa dei. 5: Bera byra slik at han ikkje sjølv var i fåre om han fall eller så. 6,7,8,9 og 10: Ukjent for meg. 11: Dei tok bjørneklørne og slo opp på veggen dei som var bjørnejegrar, likeeins sette dei opp bjørneskallane. 12 og 13: Ukjent. 14: Dei verna seg helst med eld, men og ved larm. 15, 16, 17, 18 og 19: Ukjent. 20: Dei teina krossar med tjøre eller kol til vern. \[s. 2\] 22: Ja sume menn i gamal tid verna med svarteboka 23: Dei sa at finnene kunde det. - Finne- gjenter hadde fylgt fiskarskøyter til Bergen. Kom her i teneste. - Vart ikkje sett på som andre. - Vart dei hatige kunde dei spå vondt over fiendar. - Det kunde vera både, eld, sjukdom og rovdyr. 25: Slike som lånte henne måtte ikkje setja børsa på fugtig stad, så rust feste seg. 26: Sjølv kunde ein og skjemma børsa ved ikkje å pussa henne og halda henne bra. 27: Ja ved å pussa henne inni ved hjelp av trestang og klut. 28: Har berre høyrt gjete bly, som brukt her. 29: Det var i 1880: - Ovanfor Turlingen låg ein bjørn i risgarden. Borna som lika seg, hoppa over bjørnen, før dei vart var han. - Men han vart borte og ingen skyttar fekk han. Etter siste verdskrig, såg dei bjørn i Gråsida, men jegrane gjekk i fånytte. -Hausten 1880 plukka Anna Rivenes og Martine Søylen, molter i Gråsida. Dei såg ein bjørn der. To jegrar leitte etter han i dagevis, fann berre fara. Men same året såg lektor Grønlien bjørnen på Haugemostølen. - Truleg var det denne bjørnen som året etter vart skoten.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste