Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Tradisjoner, tro og segner omkring jeger og jaktdyr
NEG_85_16341_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_85_16341_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Tradisjoner, tro og segner omkring jæger og jaktdyr – 1: Gamal tradesjon var forbundi med visse lover. Ein skulle undgå og drepe meir enn ein hadde bruk for – Heller inkje jakta om helgedagane eller høgtidsdagar. 2: Eg trur ikkje nett det var straff men folkedomen var streng i gamle dagar – 3: Dei trudde at den vart «arm» som gjekk på jakt om sundagane. Han hadde ikkje Guds signing yver det han dreiv med -. 4: Skadeskotne dyr måtte ein sjå til å få tak i å drepe so dei inkje leid meir enn nødvendigt. 5: Ein jæger måtte ta omsyn til det reid- skap han bar på, gjeværet for eksempel Han måtte ha kontakt med naturlovne so han kjende til suggesjonsevna som og kan brukast til slike ting. 6: Dersom ein svart katt gjekk tvers yver vegen fyre han var det «ugotlegt» og han måtte vera varsam – Om mange sjærer skratta frå taki vart det mykje sladder om han, som heller ikkje var bra. \[s. 2\] 7: Skytteren hadde no ein forret som han vart tilgodesett med. Det kunde vera tunga eller eit stykke ribba – 8: Mange likte inkje å ete bjørnekjøt, andre tålde ikkje å ete hare, for munnen si skuld, sa dei 9: På bjørnen skar dei gjerne av den hår- lause nesedelen, labbane og rumpa so spikra dei det op på bualofte til minne om storveidinga 10: Rigtig gamalt hadde dei mange rare truer, soleis har eg og høyrt at dei brukte bjørnelabbar til å læsa yver småborn so dei skulle verta sterke – 11: Den som hadde skote ein bjørn, vart sett høgt og kunde han då visa fram labbane so såg dei op til han for det På Bordalen der den siste bjørnen vart skoten som eg veit om 1900. Der er bjørnelabbane spikra op på ei buadør – 12: Ulvetenner blev brukt til pynteting. 13: Det var eigong 2 småguta hadde vore å plukka blåbær under gråsida. Då dei skulle heimatt hoppa dei over ein risgard frå utmarka til innmarka Aa tenk der under risgaren låg det ein bjørn og kvilde. Han berre såg upp men gjorde dei ingen ting. Då eg var 14 år gjekk eg saman med ei veninna oppå fjellet mot Hamlagrø Attmed eit vatn der ville me bygga ein varde og bar stein tilrettes. Så ropa mi veninna. Der er bjørn. Ho la på sprang og eg såg den og; men eg vart då 10 m etter henne og visste det var eg som vart teki. Eg ropte på Jesus han skulle bevara meg. Og bjørnen kom ikkje etter oss – \[s. 3\] 13: Den same bjørnen såg lektor Grønlien på Haugemostølen 14 dagar seinare. Den vart skoten av ein mann på Bordalen. 14: Fleire måtar bruka dei å verna seg mot rovdyr med eld, larm, hujing og skriking. 15: Gamalt når dei hadde meir tru på ymse råder, so har eg høyrt sume åt enebær og smørre seg med tjære- salve eller brystmjølk. 16: Den som fekk auga på eit rovdyr fyrr dyret fekk sjå vedkomande, trudde ofte at då skulle han ha overtaket 17: Har høyrt at dei las trusbøner over køteri fyrr dei slapp dei ut. Men det var visst sume, som ogso gav dei ein medisin av høifrølåg mot rov- dyri, det skulde krøteri då drikke -. 18: Har ikkje høyrt dei laga medisin av orm til krøteri. 19: Dersom dei var redde for ulv eller bjørn, slepte dei gjerne krøteri inn på eit inngjerd «trede» på stølen. 20: Til jul satte de tjærekross på dørene, for å verne udyr mot husdyra – 21: Kan hugsa at både mor og bestemor bad for husdyrene. Det var når de slapp dei tilfjels, eller når de skul- le føde sin avkom. Dei bønene lydde om lag so: «Må Herren bevara og hjelpa» 22: I gamal tid hadde dei svarte bøker – Eg minnest ein mann so dei for- talde om hadde svartebokja. Men alle var lit ængstelege for han -. For dei trudde då, at den vonde sjølv stod attum denne boka – 23: Det er fortalt, at det var folk som \[s. 4\] 23: Kunde fjetra eller temma vondt på bamsen. Sidan vart då bamsen folkevond. 24: Vonde menneskje som ville hemna seg på ein nabo prøvde nok å få serg- gerert bjørnen so han vilde gjera sit inntog i buskapen – Sume tider såg det ut so dei hadde makt over bjørnen. 25: Det var nok folk, som ville ødelegge en god jægers byrse, på grunn av misunnelse Dei la noko i geværkolben som hindra skotet å koma fram. 26: Ja dei kunde ogso sjølve gjera børsa ubrukande for andre med små fiff 27: Med godt etterstel og puss var børsa like god att – 28: Har høyrt dei laga kulor av sølvknap- par og andre metallar. Dei laga då ei form, som dei smelta sylve eller messingen eller blyet , so kunne dei då få kulor av dette. På same måten dreia dei knappa i gamle dagar. 29: Den siste bjørn som dei såg her i bygda var den som eg såg på fjellet \[-or\] Gråsida. Lektor Grønlien såg den på Haugemostølen og ein på Kvitno på Bordalen skaut den klørne og labbane har han spikra på buadøri si. Fleire lam og sauer vart drrepne denne sumaren av bjørnen. Ein fann beinrangelen – Det var om lag på 1900 talet – 30: Her var lite rovdyr under andre verdens- krigen og enda mindre med rovdyr er her i fjellene i dag – så en kan gå heilt trygg til fjells her på den måten. Likevel det kan vera nokon Me veit inkje -.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste