Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Tradisjoner, tro og segner omkring jeger og jaktdyr
NEG_85_16320_Ro_Suldal
Transkripsjon av filen #NEG_85_16320_Ro_Suldal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Ja, dei gamle reinsdyr- veidarane skaut ikkje på sovande dyr. Heller ikkje på kalvar. Det såg ein nærast som synd. 3: Dei gamle såg stort på søndagen og helgefreden. Dei kunne kje tenkje seg å gå på jakt på sundag. Så var det med Bronna- vikjen, Knut Mokleiv, Gabriel \[?Dynjann\] - alle kjende reinsdyr-veidarar i 1800-talet. 14: Anna Sandvik, som var budeie i mange år, kring hundreårsskiftet, på Guggedalsstølen i Bråtveit, såg eld som eit vern mot bjørnen og ho bar alltid fyrstikker og never med seg når ho følgde kyrne åt beite. 19: På Ropeid i Sand, eidet \[side 2:\] mellom Sandsfjorden og Vindafjorden, der strekte dei eit \[\_bastetau\] frå fjord til fjord til vern mot skrubben. Den herja i Imsland, og nå ville dei kje ha han inn i Sand, og det vart fortalt at Stavanger Amtsting ytte pengar til tau og arbeid. Truleg i 1840-åra. 21: Gamle Metta Bleskestad las alltid ei bøn frå stølsdøra før ho gjekk og la seg, er det fortalt til vern mot bjørnen. 26: Ein måtte aldri skyte på skjora. Då skjemde ein børsa. Hallvard Joto var stø i \[?trua siker\]. 29: Helge Berge og Jo Stuv skaut den siste bjørnen i Suldal i 1906. Men bjørnen gjesta Suldalsheiane i Summaren 1922, og drap då sau i Bråtveit-heiane.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste