Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Tradisjoner, tro og segner omkring jeger og jaktdyr
NEG_85_16286_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_85_16286_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Da eg i 1909 var på jakt i Torfinnsfjella på Voss i lag med Anders Sjurson Lid (f. 1890), kom vi over ein rein som låg og sov på ei snøfonn. Vi skaut han, og eg hadde ikkje da, og heller aldri sidan nokon tanke om at det var gale gjort. 3: Heime hos oss var det aldri tale om å gå på jakt et- ter matnyttigt vilt ein søndag. Annleis kunnde det ha seg om det galdt rovdyr, serleg større rovdyr, da galdt korkje helg eller vyrke. 6: På den under 1 omtala jaktturen i 1909 med Anders Lid kom vi tidleg om morgonen utetter vegen under Græe, og der møtte vi ei kone. Nei no skal du sjå at me får ikkje noko, sa han Anders. Eg som da var 23 år hadde aldri høyrt om at det var så uheldig (-å\] å møte eit kvinnfolk først når ein tok ut på jakt. 29: Det har ikkje med visse vore sett bjørn i Vossa- fjella sidan den som han far, Ola G. Lid (1859 -1928) var med og skaut i 1888 ( eller var det i 1889). Dei skaut han i Vollebotn i Raundalen, og køyrde han heim til Lid. Ho mor møtte opp med oss borna borte i Bortegardstunet, og eg fekk rida på bjørnen da dei køyrde inn i tunet vårt. Skinnet vart selt til Ame- rika, og bjørnen skal stå utstoppa i eit museum i Minneapolis. Oslo 23. mai 1961 Johannes Lid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste