Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ard og plog
NEG_1_1481_Ho_Modalen
Transkripsjon av filen #NEG_1_1481_Ho_Modalen
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Her i bygdi er no brukt berre plog. 2: Kornet vert nedmylda med rive eller hjørv. 3: Daa ard inkje er i bruk no, kann ein kje gjera nokon skilnad millom ard og plog. 4: Som ein "etterkomar" av arden brukte dei her ein reidskap me kalla "potepikka" eller "grev". \[Figur: Teinning av potepikka\] Den var av jern og stoal sett, og vart bruka berre til hypping av poteter og grønsaker. 5: Me kjenner ikkje variantene 1-3. 6: Skoklene til plogen kallar me "plogtiller" 7: Svaret fell burt. 8: " " " 9: Ordet ard er kje brukt her paa noko slags reidskap. 10: Svaret fell burt. 11: " " " 12: " " " 13: No er det brukt berre fabrikksmidde plogar. Det var i 1870 - 80 aari ein byrja føra inn fabrikk-plogar. Dei heimegjorde plogane var laga i bygdene her og var betalte med 3 -4 og 5 dalar. \[s. 2\] Andre blad. 14: Eein plog av type nr 8 er den eldste eg minnest Det var ein grindaplog, med flat veltefjøl utan beslag. Salen var jern. 15: Plogkaren laga seg ei moldsleiv \[Figur: Teikning av moldsleiv\] som han med eit band knytte um "aamleden" 16: Ein køyrde plogen attende paa sida mot velte- fjøli. 17: Og paa den sida var sett ein trekloss som slæpesko for aa spara plogen for slit. 18: Paa sume gardar hadde dei og ein vinstre- handsplog, der det var ujamnt og bakkete. 19: Ein pløgde 4-5-6 tomar djupt. I framenden paa hylmastokken - plogaarm- var eit jarn med "spor" i. der ein regulerte "dragfestet" upp og ned, so plogen gjekk grunt eller djupt. Inkje hjul paa fyrste plogane. 20: Plogane hadde altid ristel. 21: Slik ristelplog hev inkje vore brukt her. 22: Var det langt aa fragta plogen, vart den lagd paa mykekjerra eller ein "mokslede" 23: Falkenstens = eller Jarlsbergplogen kjenner me inkje til. Av dei fyrste fabrikkplogane som var kjøpte her var amerekanske \[?Suth)-Bend plogar og dei skotske Oliver plogane, sidan kom det Kvernelands og andre plogar av norsk fabrikat. Paa desse siste var det baade hjul, ristel og hylmeskjær. Ard er uttala ard- plog er uttala plog. Baae ordi er hankynsord i bygdemaalet.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste