Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Folkemedisin
NEG_80_15626_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_80_15626_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Folk tykkjest ha vore meir hardføre før, dei gjekk ikkje så ofte til doktaren i dei dagar, dei var meir hard- balne. Ho Ingebjørg med Kjødnæ (Opelandskjødnæ) tjø- rebredde føtne sine straks snøen var gjengen om våren og sparde skoffot heile sommaren. Han Guleik i Møl- sterteigen, ja det var vel han Guleik, x) han gjekk i tresko når han var åt Svortegilæ etter kløv om somra- ne. Nå er det ein dagstur for folk berre eine vegen når dei skal dra over Gråsida og til stølen Svorte- gilæ som ligg bortimot grensa til Hardanger. Då eg var handelsmann på Vossavangen i 1905, då kom ein dag han Nils Ringheim innom butikken. Han gjekk i lodnesko og lapsa bortetter golvet. Det var i påske- tider og hadde vore fin snøføre og kaldt om morgonen, men slått om til regn utpå dagen. Då eg glytte bort på skone hans, sa han "Dei vo hare i dag tileg, men jamen ha dei votte ydmykje no". Men det hende òg at folk kunne vera veike i gamle dagar. Han Gitle Helgaset (1826 - 1897) var husmann på Helgaset, plass under garden Lid, men ligg ei halv mil frå garden i fjellet ovafor Dale. Han Gitle hadde pliktarbeid på Lid, derav nokså mykje hos han Johannes Nedre-Lid (1833 - 1923) på bruk 1. Så ein haust kom ikkje han Gitle i skuren. Han Johannes trefte han sidan ein gong nede på Vangen. Du kom ikkje i skuren, sa han. Nei, eg vart lauko, sa han Gitle. Ja, kanskje du kan ikkje komma i vaorvinne til års heller då, sa han Jo- hannes. Jau, dao ska eg komma. Men om du skulde vetta lauko dao og, sa han Johannes. Nei, dao vetto eg ikkje laoko. (Dette har han Johannes fortalt Brita søster mi.) ## 3: Lars Kindem fortel i Vossaboki, bd. 4 (1938) s. 239: "I kring midten av 1800-talet var det på Rokne ein Lars som "bøtte" for tannverk. Gamle Nils mæ Brudne (Båbruæ) fortalde at han hadde hatt slik ulideleg tannverk og gjekk til slutt til Lars. Fyrst fekk Nils ein dram brennevin. Lars gjekk so ut ei stund. Då han kom inn\[-a\] att og Nils skulde gå, fekk han eit glas me- disin med seg. Nils skulde ta tri gonger i munnen av glaset og sputta det ut. Nils so gjorde og Nils kjen- de sidan aldri meir til tannverk. Folk trudde at dei som bøtte for tannverk, sette han på eit tre, heilt ei bjørk, som då snart vart turr. x) Nå har eg funne det i dagboka mi for 8/8 1931 då ho Anna i Finnesteigen (f. 1844) fortalde meg dette. Det var ikkje han Guleik, men han Johannes Mølsterteigen (1783 - 1851) som gjekk i tresko på stølen. \[s. 2\] Andre blad. Spørsmål 80. (Johannes Lid) 10. august 1960 7: Olaf Hans(-xx) (1883 - 1949) har skrive ein artikkel om treak som er prenta i eit eller anna tidsskrift. Det var i 1930-åra. 9: Johannes Skjærven var lærar og kyrkjesongar, og bru- de på Bryn (gnr 191 br. 5) frå 1898 til han døde 1920. Han hadde born: Marta, Sigurd og Astrid, dei hadde alle tuberkulose og døde ikring 1920 -30. Då han Sigurd var vorten sjuk, fekk eg i oppdrag å samla reinsmose (reinlav, Cladonia silvatica og rangiferina) som dei skulle koko ein låg av som han skulle drikka. Eg veit ikkje kvar dei hadde fått den råda frå, men eg drog til Bjørgum der eg visste at det fanst reinmose i Britadalen og samla nokre kilo reinsmose. Dei prøvde denne råda, men det hjelpte ikkje. Brita Refsdal (1893 - 1942) på Gjerdåker på Voss fekk kreft i førstninga under krigen, og døde (av bryst- kreft) i 1942. Farbror hennar, han Nils Bjørgum, hadde då ein eller annan staden høyrt at saft av blad av amerikansk Agave skulle kunna hjelpa for kreft, og eg fekk skore av eit slikt blad av ein Agaveplante i Tøyenhagen i Oslo, det kunne vera så ein 2-3 kilo. Det vart sendt til Voss og brukt der, men det hadde ingen verknad. Professor M.N. Blytt reiste på Voss i 1822, og har etterlate seg ei dagbok som eg har sitert ein del av i "Vossebygdene" bd. 21 for 1931 (Voss 1931). Her har eg (side 34-35) sitert: "Der findes blant dem mang- foldige der ere Mønster paa Kultur og Sædelighed og som fortjene sand Agtelse. Jeg hørte omtala adskilli- ge, af hvilke jeg erindrer følgende. En Lars Istad har ved Selvstuium bragt det saavidt i Lægeviden- slaben, at han har med Hæder underkastet sig en prø- ve ag Lægerne i Bergen, og har faaet Tilladelse til at praktisere. Han har gjort heldige Kurer. Hans Søn har taget medicinsk Examen ved Universitetet i Chri- stiania. Lars Istad søges af Bønderne heller end den ansatte Læge, der forsikrede mig, at det avar et utak- nemmeligt Embede at være Læge i Voss. Bønderne lage i Alm\[-e\]indelighed Naturen hjelpe sig selv - og søge de Lægen, saa er det i Dødens Øieblik - de troe at Lægen bør kunne gjøre Underværker, derfor tabe de Tiliden til et Lægemiddel, naar det ikke virker ved den øieblikkelige Brug, ja det gaaer saa vidt, at de bringe Medicinen tilbage og forlange sine 12 Skilling tilbage. Sine 12 Skilling siger jeg, thi der tages sjelden noget Lægemiddel der er dyrere. Forresten an- seer man det stærkeste Vosseøl og Brændevin for Uni- versalmidler. En Mand paa Gaarden Gjære ved Foden af Lønehorgje fortalte mig, at han med disse i Forbin- delse med Flødegrød havde kureret sin Datter og Tje- nestepige for Blodgang." Det var Lars Istad, Gamledoktaren, som vart så plaga og heft når han var ute på sjukevitjing, at han \[-han\] lærde hesten sin opp i motsette signal mot dei vanlege. Når folk kom og vinka på han, sa han berre prro prro, og då tok hesten ut så han var ikkje til å stogga. Han var elles så vyrk for denne hesten sin har han far fortalt. Han hadde ein dreng ein gong, og han skulle køyra noko timber. En dag kom drengen, som var ein kjempekar, køyrande med ein timberstokk, og der kom doktaren. Du forlesse merræ mi, sa han. Då løyste drengen stokken, fekk han opp på aksla og \[-xxxxx\] sa: Æ da for tungt no? \[s. 3\] Tridjeblad. Spørsmål 80. (Johannes Lid) 10. august 1960. \[\_Helgaseto\] (Anna Helgaset) var kjend for at ho kunne hjelpa sjuke folk. Det var helst sår og svullar ho ku- rerte. Ho skal ha samla ymse slag gras som ho kokte graut på. - Helgaseto tok imot folk på Helgaset (Lida- plasset som ligg ovafor Dale (sidan 1926 Gnr 190 bruk 16:. Lars Kindem (Vossaboki bd. 4 (1938) s. 149) har berre han Gitle som budde på Helgaset fra ca 1851, og ingen før, men der har nok vore husmannsfolk på Helga- set før òg. Husmennene flytte og bytte gardsnavn fælan- ofte på Voss i dei dagar, og ho Anna kan ha vore ekkja etter ein tidlegare husmann, og kan vera død då han Gitle kom til Helgaset. Ved å granska dødsprotokollane for Voss ikring 1850, vil ein gruleg finna greie her. \---- Ved å leita i Kinne-Larsboka har eg nå funne Helga- seto. Ho Anna var dotter hans Brynjulv Sylfestson Fletre f. 1804, (Vossaboke bd. 2 (1935) s. 455), gift 1839 med Lars Andersson Takla (f. 1811). Dei hadde nokre år, plass, i Tak- ladokkjæ, seinare Helgaset og budde til slutt i Lek- vebakkane (Vossaboki bd, 4 (1938) s. 109). "Anna var god til å doktera og er best kjend under namnet Helgaseto" seier han Kinne-Lars. --- Lars Kindem har meir om Helgseto i Vossaboki bd. 1 (Vossavangen, Voss 1933, s. 255:: "Lars Andersson, gm. Anna Sylfestdr. Feltre \[skal vera Brynjulvsdr.\] hadde plass ei tid på Lekve, der han døydde 1876, 75 år gamal. Ho Anna gjekk vanleg under namnet Helgaseto, av di ho hadde butt ei tid på Helgaset ovan- for Dale. Ho var god til å doktera, helst for svullar og sår. Det var serleg med grautomslag ho var so svær. Ho var og flink til å doktera krøter og då helst når det trongst hjelp under kalvingi. Ho hadde lese seg til det ho kunne med doktering, og hadde mykje søknad. " Lars har nok kjent Helgaseto personleg. Det gjorde ho Best- mor òg (Brita L. Bjørgum 1821 - 1906), og eg og ho Brita syster mi har forteljingar frå henne om Helgaseto. Oslo 10. august 1960 Johannes Lid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste