Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Folkemedisin
NEG_80_15624_Ro_Suldal
Transkripsjon av filen #NEG_80_15624_Ro_Suldal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1:. Ja, ein ville naude ut dokter før. Ein freista greie seg sjølv - i sjukdom òg. Og ein trudde på lagnaden Ein laut døy når tio var kåmo", sa dei gamle. 2:. Ein rekna med smitte før og. Og sers var ein redd nervefeber. Då røykte ein brake, einer, i stova etterpå. Ein hadde betre tru på røyk enn på vask. 3:. Ein hadde ofte brake- bær liggjande. Ein togg -ofte- brakebær for mage- verk. Det var ei gamal råd. Ein hadde og ofte ei flaske lakserolje ståande. Det var og magemedisin. Torbjørn Guggedal, f. 1818, d. 1916, tok alltid lakser- olje \[?\], og hadde "utreinsking", som ein sa s. 2 Albert Vetrhus, jamaldringen hans, hadde det på same vis. På brannsår la ein tunne, fine bjørkenevrar Det var ei ålmenn råd her i Suldal. Og Brida Århus, død som gamal kone i 1945, som "va på kast me' tæring", "kurerte seg me' brennevin" Det var dei som trudde på tjørelòg og som medisin. Ein drakk den. Det var ei råd mot tæring (eller torke- sykjå, som ein sa. Treak, eller treakkel, som ein sa her, var god mot halsesykja. Ein skiten sokk kring halsen var og ei god, gamal råd mot "vondt i halsen". Kari Guggedal, fødd kring 1850, for åt Amerika i 1904, var så plaga av gikt. Ho risa seg på berre kroppen med "brennotta" ("netleris"). Det såg ho som beste hjelpa. Ei god råd til å verte kvitt vorter, var det å vaska seg i snø- vatn. I Jelsa høyrer me gjete ein mann som s. 3 var så god "augnelækjar". Han bruka mykje paddesputt til å salva augo med. Ved lungebrune, "lunge betennelse" hogg ein hol på ei blodåre stundom Det var til berging for mange, ville ein vete. I Bleskestad var ein "helsekjella". Ein lærar Flom frå Sogn, som skula i Roalkvam, hadde så god tru på vatnet der. Han bar på tæring, men tottest koma seg etter å ha drukke vatn frå Bleskestadkjello i lengere tid. Sidan tok sjukdomen tak att, og han døydde av tæring. I Sand var Presta- kjellå på strandstaden kjend for si lækjande kraft. Det å "ta blo" (årelate) var vissaste råda mot gikt. Då bruka ein snerpert, ei lita øks med fjør, som hogg brennfort inn i blodåra. Sveinung Veka, f. 1842 d. 1917 var god med snerpert, heiter det. Sveinung var og ein kjend bygdekunstnar tobakkspipene hans var mykje etterspurde, og tobakksdåsane med s. 4 Den mest kjende "kirurgen" var Knut Mokleiv f. 1802 (død som gamal mann. Han "tok blo" på mange, og ofte med godt resultat, seiest det. Tobakk var ei god råd mot tannverk. Ein la då tobakksmolen i tonna. Eller innmed tonna. Det gamle var og at ein måtte løyse alle knutar det var i huset når ei kone "skulle fø". Den første i Suldal som bruka "tannskrue" når ein to tenner ut på folk, var Knut Smeavikjo, ein husmann under Guggedal. Han kom med skruen "austanfrå" (Telemark). Lars Vikjo, omgangs- skulelærar og husmann i Kvilldal, var halden for å vera sers dugande "te å ta tedner". Men det måtte plent vere "flo sjø" når han skulle ta dei. Difor \[?\] han alltid etter i alnakko når han skulle ut med tannskruen. Den siste "tannlækjaren" med skrue i Suldal var Per Vetrhus Han d. i 1960, 80 år gamal. s. 5 Jakob Rø, husmann under Underbakka, var ein mykje nytta dyr- lækjar i 1880-90-åra. Og helst då i Nedre Suldal I Øvre Suldal var det Nils Havrevoll. Noko nær på same tid. I Sand var Per Sand kjend som ein god hjelpar når det galdt sjukdom på krøter. Han var som ein "spesialist" på griser. I åra 1870-1900.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste