Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Folkemedisin
NEG_80_15594_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_80_15594_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Husråd og Kjerringråd – 1: Innstillinga til sjukdom har skifta mykje i dette århundra – 2:I gamal tid hadde dei ymse råder mot smitte – sume tygde på einebær, andre bar moskus på seg kamfer og nafta var og mykje brukt -. 3: Folk hadde gjerne på lur liggjande medisiner Då eg gifte meg for 45 år sidan kom ei kona som var veninna til mi mor med ein plante som eg skulde få – Den var ovleg god mot barnnsår. Det var ein stoveplante, som likna på kaktus. Elles bruka dei ymse midlar. Til the bruka dei kjerringrok for rensing av blodet og for urinlating. For sår bruka dei gje- rne tjæresmorring. Den var laga av tjære, feitt og svovel kokt sama, gjerne lit grånsåpa i – Elles bruka dei brennevin og konjak for magen – Fru Fletre fekk ei heil liste hjå meg som ho skulde sende med si spørresjema men eg kan då sende den eg og. Det er frå ei gamal handskrevi lækjarbok me hadde heime. Gamle råd- Rosen: Vask hænder og ansikt med te av heste- hov. Generende hårvekst: Smør på sterk saltlake. liktorn: Gni godt med kvitløk eller sjalotløk – Mot smitte: Tygg på enebær. Trætte øine: ¼ l kokende vatn 1 teske honning. Øinene bades og omslag – \[s. 2\] Håret: Vask med grønsæpe – skyll med kjerringrokk eller enebærlåg – Såre hænder – Vask de med kjer- ringrokk- Gikt: Ikkje salt mat. Drik blodrensan- de te av bukkeblad, citron og ripssaft. Høit blodtrykk: 1 sp ske Røllekthe 3 g. dagleg – Nyrestein Te av tunggræs opløses – spis kruskål for onde nerver – spis hvitløk legg den på skive med lit honning – Dette er bra – For magen \[?Gientrøst\] 1 sp-ske 3 g dagleg før maten – Drik vatn - - Hemorider: Knus tørrede groblad til pulver – bland i lit honning eller smeltet fåretalg – lag små avlange kuler – smett de inn i endetarmen – Endetarmen hoven : Ekebark kokes 20 minut Lag klister eller sittebad – Dårlig fordøielse: Slå kokene vatn på tørre blåbær – sterkere des bedre, drikkes før maten – Mangel på mavesyre: Træk lit the av malurt og bukke- blad, ta en sp-ske 3 g- daglig før maten. Kolik gir seg med en gang: Drik søt melk – Mark i magen: Et hvitløk eller sjalotløk på fastende – Tarmkanalene: Drik meget sur mjølk. Aareforkalkning: Drik 2 kopper sal- viethe hver dag, Så salvietheen selv! Grasalve: 1 sp. ske Honning 1 sp.ske smeltet fåretalg 1 sp.ske klare granperler, lit malen farinade – Ha det i æsker til bruk – Ja dett var mi mors lækjarbok. Handskrevè var ho. 4: Gåverike folk hadde jamt lit lækjerråd liggande – Mi oldemor var apotek for hele Raundalen m.m. 5: Ho hjalp mange, ogso presten og jordmori hjalp mange i ymse situasjonar – 6- Eg trur eg hev svara fyrr – 7: «Treak» brukte ein mot forkjølelse. Den var laga av kvae, brun kandis godt kokt inn – 8: Eg har høyrt om ein drik som dei gav unge folk for å verta gla i den eller den. Den drikken kalla dei her, Hugvendingsdrik – Berre visse folk kunde mana hugen – \[s. 3\] 9: Det var helst kvinnone som samla inn, men det måtte då vere slike som visste kva dei gjorde. 10: Slike ting vatt gjøymde på flasker i posar på lofte og ymse alt etter det dei kunde bruka – 11: Ja dei sette gjerne til lit apotekar medisin. Soleis hadde dei lokka ein «sinnatagg» å gå til apotekaren for å få noko «tålmodighets dråpar» men då svara spotekaren: Det finst ikkje i vore hyller slik midisin -Mannen gjekk heim att utan hjelp. Han tok seg eit glas brennevin. 12: Kramkarane hadde gjerne med seg nafta, hofmansdråpar, kamfer o anna, som var lovleg for dei å selje. Har svar før nr. 43 – 13: Sume hadde upskreve om medisiner andre gav mundtleg yverlevering – 14: Vår legebok heime hadde oldemor skreve: Anna Bere, som eg har fortalt om fyrr – Sume såg i almanakken. Enkelte var reint meistara i å forstå almanakken. Dei var veirvarslera tok omsyn til vaksande og minkande måne og trudde det var vanskeleg å grøda sår i hundedagane – Verta fødd under gode ster- ner hadde verkand for liv og helsa, sa dei. 15: Beste husrådi sa mi oldemor var å vera takksam mot både Gud og menneskje – Gløyme seg sjølv og hjelpe so langt ein kunde, med kjærlege ord, mat og gjerninga, so vart ein frisk, og fekk Guds velsigning yver år og dagar. Den som takkar er glad og det virker på helsa – For 100 år sidan, men kanskje brukbart i dag og -. II Bygdelækjara – A. Lækjarane – 16: Eg hev høyrt om flire slike på Voss – 17: Det var gjerne Haugianara eller pietistar. 18: Det kunde ogso vera innflyttarar – 19: Sume hadde liksom fenge dette i voggegåva – \[s. 4\] 20: Ja det kunde nok vera ein arv dei hadde – 21: Slike barn visste ei lit grublande natur med stor følelse for dyr og menneskje – 22: Det hænde at ulukkor og sjukdomar vart driv- krafti til å konsentrera seg om lækjarråd – 23: Det var helst berre når det kom folk som trong hjelp. Men det kunde og verta som yrke- 24: Oftaste fekk dei noko frå husets goder. Eit stk. flesk – Ein ost, eller eit byttearbeid som passa. 25: Trur ikkje dei hadde noko samarbeid. Lækjarane såg helst på dei som konkurentar -. 26: Det var nok mange som kritisera dei – 27: Det hende det og at dei vart melde – 28: Har inkje høyrt at bygdefolki møtte som vitne. Dei måtte då helst arbeida meir i det stille som Ida Matisen i Oslo i dag – Dette fyregjekk om lag frå 1800 – 190 – B. Lækjeråd og lækjekurar – 29: Dei brukte mykje av det eg tidlegare har skreve om. Elles bruka dei og å settja Igla på folk – for å suga ut dårlegt blod – 30: Sume samla emne sjølv. Andre låna seg fram. 31: Dei tok vare på dei soleis som eg tidlgare har skreve om -. 32: Ja dei kjøpte urter på apotek t.d.- Einebær- 33: Dei bruka gjerne ei krukke å blanda medi- sinene i – Eller det dei hadde for hand – 34: Sume hadde uppskrifter elles var det helst etter minne dei arbeidde. 35: Det var brukt vatn frå helskjeldor. Det samla dei på flaskor og so la dei omslag på dei sjuke der dei hadde vondt – 36: Ja dei gjøymde slikt vatn på flaskor – 37: Bygdedoktarane brukte gjerne brennevin mot sjukdom. Eg trur dei kalla det «fuselfrit Brennevin». 38: Det var ein lækjar heitte Næsheim og ei Kvin- na som heitte Anna Bere, elles var det fleire slike, Ingebjørg Kyte og Brita Rokne – desse kunde hjelpa mange – \[s. 5\] 39: Bygdedoktarane hadde nok lit utstyr- tænger saker og knivar. 40: Desse hjelpemidlar hadde smeen eller ein næ- venyttig mann laga i smia si. 41: Det skulde vera ein i Raundalen som laga tong til å trekkja ut tenner med. Han heitte Bryngjel Bere – 42: Sume dreiv med årelating andre tok koppa – 43: Til dette bruka dei desse små sniglarne som dei helt levande på glass. Eg kan hugsa mi mor hadde besøk av ei slik kvinna som tok årelating med noko sleipe små dyr som såg ut som snigla. Eg besvimte eg – og dei måtte bera meg burt til grannen. 44: Iglar var det dei heitte ja. Dei fekk dei på apo- teket, trur eg. 45: Dei prøvde nok med det og , sume var flinke – 46: Bygdelækjarane spisialiserte seg, sume dudde til beinbrot, andre med augnesjukdomar, atter andre for innvortes sjukdomar – 47: Slike ting gjøymde dei på ymist vis alt etter som tilhøvi tillæt det. I skap, kistor eller ogso berre i ein vadsæk- 48: Det var dei som hadde små heimelaga kistor, konorne hadde gjerne korgjer eller ein pose sydd av eit eller anna stoff – C. Lækjarbøker – 49: Sume av desse doktarane hadde no noko op- skreve men mest brukte dei minne – 50: Det var nok sume som hadde danske op- skrfiter, som var trykte, soleis ein på Hjelle . 51: På Hustveit var det ein som læste tysk og hadde og fenge tak i noko lækjarbøker på tysk. 52:Dei lånte dei vist ikkje ut dei måtte heller kome heim og få læsa med i dei – 53: Desse bøkene er so vit eg veit på Mølster- museet. Eg veit dei fekk ein samling frå Hustveit der -
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste