Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Folkemedisin
NEG_80_15572_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_80_15572_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Innstillinga har skift mykje. Før såg ein sjukdom både som straffedom for synd, og særleg vanlagnad. - No ser ein sjukdomen meir som straffedom for uforstand med å ta vare på helsa si. Optimisme har teke resignasjonen sin plass i trua vitskapen sine nye helsemidlar, når berre lækjar og pasient samarbeider. 2: - Folk visste ein god del om smitte, og meinte smitten låg ved alt den sjuke hadde teke i. Men smitten i ande og sputt, visste dei mindre om. Og sopa gjerne golva, der dei skulde vore vaska. - Å tyggja einebær mot smitte var vanleg, likeeins å "rensa" seg med ein dram brennevin og gjerne gnika hendene og med brennevin. 3: - Sume hadde i stova ein kaktusliknande blom, som dei skar av og la på brannsår. Andre la potetrasp på. Eller knuste egg og la kviten på eller og natron. - Ved frostskade heldt dei først det skadde i kald vatn, eller masserte med snø. etterpå sette dei staden inn med feitt og masserte. Mot influensa silte dei mysa frå bresta i sur mjølk, og drakk dette rykande varmt. Andre drakk varmt potetså, atter andre: Varm mjølk med kandissukker eller pepar i. - Medan andre att hadde tru på varmt øl med sukker i, dette var godt sove- medel og. Dei med beste råda heldt seg \[s. 2\] gjerne til konjak og kamforbrennevin når influensa truga. Mot betennelse bruka sume kvaesalve, sume vatnomslag (varmt), eller tjøresmurning, den var laga av : tjøra, alun og grønsåpe. Sår lækte deim med lækjesblad, sår i andletet med søt rjome. - Svullar som skulle mognast, la dei anten grønsåpe på eller \[\_smøromslag\]. Sume kunde leggja isposar på dei som hadde feber. Elles var kalde vatnomslag bruka. Mot kikhoste vart talgeklutar på bringa bruka, som mot vanleg forkjøling. Turka reinfant mot makk i magen, kjerringrokk og turka einebær, mot urinsjukdomar, hadde mange liggjande. Det var så fort å koka eit avkok når sjukdomen melde seg. 4: - Ja helst på større gardar, og jamnast der det var dugande husmødrar. For dei sytte for å få urtene samla i hus, og vilde gjerne eiga medisinar både for borna, husbondsfolk og tenarar. 5: -Det var alltid kjent, kven som åtte slikt i huset, og folk tydde dit. Jord- mora åtte jamnast slikt, også presten. 6: Kvae var god å smyrja på kinnet, om der var betennelse i tennene, drog han det vonde ut. Kvae fekk og svullar til å tøme seg elles og. Tjøre gjorde liknande nytte. - Men vart vistnok og bruka på åpne sår. 7: Treàkoll, kalla dei det her. Dei bruka det mot forkjøling og sume åt det som snop. Det smaka mest som lakris, men var hardare. Dei kjøpte det hjå handelsmennene. 8: Sume koka utslag "log" ein drikk av urter som dei drakk brennheit, mot forkjøling. 9: Stundom, kona på garden, og ho lærde og opp borna til det, og stundom samla kårfolka slikt. Dei samla til med og selde til apoteket her t.d. einebær. \[s. 3\] 10: Dei gøymde det i posar av tøy, i sjå og i flasker, og hadde dette i kister og skåp, i kalde, helst nordvende rom. 11: Mange emne vart kjøpte på apotek. Hoffmansdropar (som dei bruka for magen), kamfor, nafta, iglar o.a. 12: Ja. Dei selde t.d. gifteringane, som særleg menn bruka, (dei var av lær og metall.) - Massing øyreringar som også menn bruka og voltakors. Dertil skalla her: "eletrifiserte" belte. Desse var av skinn og metall. Og folk bar dei på kroppen berr under klæda. 13: Folk hadde skrivne oppskrifter og, men mest var det muntleg overlevering. 14: Dei hadde kalendarar dei kalla: "primstaven" der stod og ymse råder, \[\_vert fortalt.\] 15: Med svovelenden på fyrstikka rensa sume rusk or \[-og\] augo på folk. - Dei vermde matolje og rende i øyro mot øyreverk. - Smelta talg vart smurt på anklar under helane, rundt handled, på brystet, nakkekvirvlane og and- letet, på folk med influensaverk. - Talgeljos tente som klyster på småborn. Mot laus mage (diarre) var rein, sterk blåbær- saft rekna for beste medisinen. Dei knuste snigleegg og smurde på vorter, så dei turka inn. Dei kunde og knyta knutar på ein rutråd, etter så manger vorter dei hadde på hendene, og så leggja denne under ein stein, i ein krossveg, ein viss kveld i vika, og snart skulde så alle vortene vera borte. Dei vaska utslett or andletet med eigen urin. Denne vart og bruka som medel mot vepse stikk. - Eg legg elles ved ei avskrift etter ei trykt (truleg gamal opp- skrift som enno går på lån i bygda). - Om oppskriftene har sitt opphav i noko bok, eller så, veit eg ikkje. \[s. 4\] \[\_A. Lækjarane\]. 16: Båe deler. 17: Helst det. - Men og andre opplyste folk. 18: Ja. - Tilmed svenske arbeidskarar. 19: Helst i mogen alder. 20: Ofte det. 21: Kjenner ikkje til det. 22: Ja. T.d. så kjende eg ein gamal mann, Nesheim, død for nokre år sidan. Fåmælt elles, men alle han visste om som hadde gigtfeber eller ledgift, let han vita kor dei skulde kurera seg sjølve. - Han hadde vorte mest krøpling etter gigtfeber i ungdomen. - Ledgigta hadde gjort han så skral at dei laut bera han. Sumaren var særleg varm, han let dei bera seg ut i eit skoghold, der låg han heile dagen på eit åkled, heilt nakjen, berre gneid seg med feitt. - På eit på månader hadde så sola gjort han heilt frisk att. 23: Her var i eldre tid ein, dei kalla "gamle Skutlen". Han hadde \[\_fått lov\] å driva dokterverksemd som yrkje. Remediane etter han er på Mølster museum. Og det skal vera skrive om han i Vossaboki. - Mange dreiv doktering berre for å gjera hjelp. 24: I fåaste høve vart det gjeve pengar. Men ofte gåvor. 25: Ja. Mellom dei som dreiv jordmorverksemd og dok- toren vart det sjølvsagt samarbeid. Men ikkje alltid venskap. - Såleis sa ein av fyrste læk- jarane her om sitt samarbeid med jordmora: "Jeg går under pisken jeg". 26: Ja. 27: Det kjenner eg ikkje til. 28: Opponion mot bygdedoktorane veit eg lite om, men mot lækjarane var det noko fyrstundes. -Såleis møtte dr. Gjot- land mykje kritik nett med same. Særleg tykte folk dei hadde noko å hengja seg i, då han etter å hatt olje å bommull i eit verkøyra på ein Strending hadde kom til å sett sikkerhetsnåla gjenom både \[s. 5\] øydra og bandagen, så der vart ein ille betendel- se. - Men han reparerte mannen att, og folk vart etter kvart forsonlege mot han på år 1900. B. Lækjeråd og lækjekurar: 29: Kamforbrennevin. \[\_Kinavin\] (styrkjemedel.) Sjenever, konjak, kamfor, nafta, iglar, evihetsgryn, hoff- mansdropar, tjøresmurning som salve. Urtedrykkjer. 30: Helst det, kjøpte og på apoteket. 31: Opevarde det på flasker i krukker i sjå, i kister og skåp, kaldt. 32: Ja. - Og budeier, born og kårfolk selde til apoteket. 33: Trekjærald, leirfat, gryter o.a. 34: Ja. 35: Oppkomevatn vart henta og gjeve sjuke. Kjelda på Mølster vart rekna for helsesamt. No veit vi at vatnet der er særs jarnholdigt. Vide kjend var oppkomekjelda ved Ospehaugen. Sorenskrivar Olsen (ca år 1900) \[-reiste\] reid til Ospehaugen kvar morgen for å drikka vart or kjelda der. Det var helsesamt, sa han. 36: Ja. 37: Det hende ofte. Og det var \[\_kornbrennevin\]. 38: Sigvor Fletre var særleg kjend for å lækja galdesjukdomar. Det var med olivenolje. 39: Det hadde dei. 40: Det vart nok helst laga i heimesmidjene. 41: Nei. 42: Ja. 43: Bild. 44: Ja. 45: Det kjenner eg ikkje til. 46: Eg kjenner berre til Sigvor Fletre som var særflink med galde- sjukdomar, influensa, bronkit og lungebetendelse. 47: I kroskåp og kister, i kalde, helst nordvende rom. 48: Ja. C. Lækjebøker: 49: Ja. 50: Vistnok i Danmark. \[s. 6\] 51: Sume hadde lært seg framande språk, t.d. fyrste ordføraren på Voss: Hustveit, Han hadde tyske og engelske bøker. - Desse er alle på Mølster museum no, og der meintest og vera lækjebok millom dei. Eg har sjølv set i omløp millom folk like til no trykte lister. Og ei lita bok har merkjeleg nok gått mykje på utlån, enno lækjeråd ikkje finnest i henne, berre opplysning om sjukdom. Ho heiter: Katalog over Den Anatomiske utstilling. Mennesket fra skabelsen til døden. (Helge Schults trykkeri Oslo. - Sluttord i boka: "Gå i sygdoms- tilfelle til lægen og ikke til en kvaksalver". H. Lund. 52: Ja. 53: Museet på Mølster har ei samling av handskrivne lækjebøker og trykte, gamle lækjebøker frå Voss, frå gamal tid. --- Eg skal her gjeva att innhaldet frå ei trykt (truleg gamal liste) som har gått og går i omløp millom folk: For maven: Senneste og øyentrøst (blomst) kokes til låg. 1 spsk. før maten. Drikk vann. Hemorides: Knus tørrede groblad til pulver. Bland disse i litt honning, eller smeltet fåretalg. Lag små, avlange kuler, smett dem i endetarmen. Endetram, hoven: Ekebark kokes 20 minut, tag klyster eller sittebad. Dårlig fordøyelse: Slå kogende vand på tørre blåbær, jo sterkere, dess bedre. Drikkes for maten. ## Mangel på mavesyre: Trekk litt te av malurt og bukkeblad. \[\_Ta 1 spsk.\] 3 ganger daglig for maten. Kolik: Gir sig med en gang, - drikk søt melk. \[s. 7\] Mark i maven: Spis kvitløk eller sjalottløk på fastende mave. For tarmkanalene: Drikk meget sur melk. Mot åreforkalkning; Drikk 2 kopper salviete hver dag. - Så selv salviete. Grosalve: 1 spsk. honning, 1 spsk. smeltet fåretalg, 1 spsk klare granperler, eller grønsæpe. - Ha det i æsker. Rosen: Vask hender og ansigt i te av hestehov. Generende hårvekst: Smør på saltlake en uke. Liktorn: Gni godt med kvitløk eller sjalottløk. Mot smitte: Tygg på et enebær. Trette øyne: 1/4 l kokende vann, 1 tesk. honning. Ha det til omslag. Håret: Vask med grønsæpe, skyll med kjerringrokk eller enebærlåg. Såre hender: Vask med kjerringrokk. Gigt: Ikkje salt mat, drikk rensende te av bukkeblad citron og ribssaft. Høyt blodtrykk: 1. spsk. \[\_røllikte\], 3 ganger daglig. For nerver: (-Nyresten\] Spis kruskål Nyresten: Spis hvitløk på skiver med honning på. Er bra.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste