Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Dei "kloke"
NEG_76_15495_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_76_15495_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Dei kloke kvinnone, \[\_hjelpekonor\], eg kjenner til, her or bygdene, heiter: Sigvor Hefte, og så syster hennar: Anna Almeland. Og den tredje heitte: Sigrid Kvarme, (kalla Sigri Kvarmehagen.) Den sistenemde, kjenner eg lite til. Men eg har høyrt mykje gjete dei tvo systrene. For dei var hjelpekonor i kvar si store grend. Rettare sagt; dei hadde kvar sitt heile bygdelag som distrikt for sitt jordmorarbeid, sin dyrlækjarkunst, og lækjekunst elles. Far deira, Ola Endeve, var murar. Og mor deira var saumerska, heile sitt liv. Det vil segja, ho sauma "nasdukar" (nasjonalskaut) og andre skaut, forklæ og bælte og bringklutar, o.s.v. Dei budde på eit plass i Tjukkebygda, Voss. Dei var båe håndverkarar, soleis, men åtte endå i si tid vyrdnad millom folk, som om dei var bønder. - Dette ikkje berre på grunn av at dei var dyktige i sine yrkje, og pålitelege. Men vel heller for den særlege danning dei hadde. Då dei båe las meire enn folk vanleg i den tida. -Dei vart rådspurde og var \[\_båe\] rekna for \[\_kloke\]. Døtrene deira, Anna og Sigvor, var staute \[s. 2\] gjentor, som førde seg vel, og som foreldra; tala med fynd. Likeeins som foreldra, las dei særs mykje all si tid, både gamalt og nytt. Dei vart og rekna for \[\_kloke\]. Og båe vart gifte til gardar. Sigvor var i unge år kjent vide, for dei svære kreftene sine. Ho la ein kar i bakkjen som ingenting, på vollen. - Dette var så kjendt, at gutar jamnt vilde prøva krefter med henne, og det var kje særleg skam om dei laut bita i graset, for Sigvor si skuld. Ho hadde eit strålande humør, men var noko robust. Ho var så beintfram i all sin tale, og så sanningskjær, at alle hadde overmåte vyrdnad for henne. Systera, Anna, var ulik henne i veremåte slik. -Ein lærde henne slett ikkje å kjenna i fyrste omgang. Talemåten hadde mange omsvøp. Så ein leita etter meininga. - Men ein kom fram til henne. Ho var så finsleg og mild. Men - folk hadde nett same agen, for henne med. Ja folk hadde både vyrdnad og otte, for hennar meiningar, djupner som ikkje var lette å lodda. Jon Almeland, gjev jordgut, vart tidleg glad i henne. Båe var religiøse, på ein fornuftig og sunn måte. Og dette spegla seg vel att, i all deira gjerd, og var alltid med i hjelpsemda. Anna vart gift til garden Almeland i Kytes-grenda. - Nedkvitne, kallast noko av grenda. Forutan å vera kona og mor, stella beist og gard, så var ho hjelpeskona i heile grenda, og vidare stundom. Ho tok i si tid mot 15 tvillingpar, og hundradtal andre nyfødde. Ho heldt vel rekning med talet sjølv alltid. Men eg \[s. 3\] veit det ikkje visst. - Når unge og engsteleg mødre kom til henne, så jaga ho snart all deira bekymmer på dør. Ho smilte så varmt, og tala om naturen om alt gildt og vakkert nytt ho alltid fann der. Ho tok gjerne fram og viste dei, rosor ho hadde klipt i papir, oftast avispapir. Ho brette dei ut, og dei fekk sjå forunderlege figurar og blomar og mynster, som ho hadde funne på og laga sjølv. Ofte sauma ho vakre dukar etter desse sjølvlaga mynstera. - Stundom gjekk ho rett ut og fann inn blomar. "Desse er fine å sauma etter", sa ho. Ho sauma mykje etter blomer direkte. Hadde andre folk fare så, eller tala slikt prat, hadde dei vorte utledde. - Men ikkje Anna Almeland det var fullkome ute og inne hjå henne. Der var ingenting "måfå". Dei vart så rolige dei engstelege, for dei visste når dei gjekk frå henne, at no skulde natura, Vårherre og Anna Almeland hjelpa dei i stunda. Dei var i trygge hender. Ho tala alltid at: det var ikkje \[\_rett\] å gje seg over. Når motet ikkje svigta, vart det alltid ei råd, meinte ho, og fødslane gjekk naturligt. Og alt vart vel tilstelt føre åt, og etterpå med. Og mødrene tok mot så mang ei god råd for stell av borna sidan. Borna skulde alltid vera så varme på føtene, for det hadde så mykje å segja for at magen heldt seg i orden. Og så skulde dei "ha det varmt åt nasen", så sov dei så godt o.s.v. Som dyrlækjar vart ho henta, og var like flink der. -Og hjelpte i millom folk i sjudomshøve. Om somrane var ho budeie på stølen deira "Helga- set". - Ho var budeie der i 50 somrar, radt til ho var 91 år. - Då ho var 90 år, gjekk ho ein dag tur dei tri bratte kilometrane frå stølen og til \[\_4.\] Hefte, vitja Synneva, systerdottera. Ho spøta på ein sokk vegen fram og attende, slik ho alltid nytta tida vel. "Det høvde betre du gjekk med stav, enn med spøt no, moster", sa Synneva. "Gjerne det", svara hi. "Men eg har ikkje lært meg til med stav enno". "Du vert sikkert 100 år, du moster", lo Synneva "Ja, om eg lever så lenge så", svara Anna. Ho var av dei som alltid arbeidde. Men ho viste å kvila seg, ved å ta sitjande arbeid millom tungarbeidet. - Og då ho kom i kåret arbeidde ho like flittig. - Men undrast folk over det, så sa ho. "Å, me lyt hjelpa ungefolket. For me veit ikkje kva hjelp me sjølve kan koma til å trenga av dei. - Gjer me vårt, vert me hjelpne att i vår tid, det me treng". Ho Anna Almeland vart syrgt over, og sårt sakna i den store grenda då ho døydde 93 år gamal. \- Sigvor Endeve vart gift med Sjur O. Fletre, bonde i Reppen. Ho hadde 3 born. Utanom sitt arbeid med heim og gard, var ho hjelpekona i heile bygda, frå Grotland til Tvinne. Men ho vart og henta i jordmorærende til andre bygdelag, såleis Vossestrand. Vart der henta fleire gonger til fjellgarden Kvarmestøl. -Barneflokkane var store i den tida, og ho tok i mange kvinnor mot alle borna deira. Ho tok mot fleire tvillingpar og hundre- tals andre speborn. -Men ho heldt aldri greide på talet. -Ho hadde så mangt å drifta med til alle tider. Vera dyr- lækjar, greidde ho vel, - det var travelt i lammingstida. Elles hadde ho råd om brista åt kvasst. Kaffi og brennevin \[s. 5\] var medisin i mange høve. - Ho laut vera råd- gjevar og i så mange slag høve. - Ja hennar Sigvor si dømekraft avgjorde nok mang ein lagnad. Dei leit henne vel, både unge og eldre. Der var ein av grannane som var leid mot kona si, skjelte og smelte fordi ho ikkje var så dyktig i arbeidet. Ein gong sa dei han hadde slege henne. Ein kvann var då send stad etter Sigvor. Ho tok mannen i forhøyr. Han la ut og klaga kona for alle hennar feil, og slutta med: "Jammen, er det ikkje tofla, då?" Sigvor svara: "Jammen då skulde du, ha så mykje betre vet". Og dermed så skok og risste ho mannen så hovudet han slatt (slong). - Det vart betre tilhøve millom han og kona etter den dag. Det var slikt eit ner, med ho Sigvor der ho kom i husa til dei som skulde føda. - Ho fekk mennene til å springa for seg som tenarar. Og ho fekk alle i heimen til å føla at dette med fødsel var eit stort høgtidshende. Ei Herrens særlege velsigning, som vitja ein heim, om så det var niande eller tiande barnet. Ha hadde tvo kjempesvære næver. Men det hindra så visst ikkje hennar arbeid. -For ho bles og bad mot i den fødande. - Og natura gav ho berre ei hjelpande hand i millom. Som når ein navlestreng snørde seg om halsen på den nykomaren, det var hennar minste kunst å rette på. Ein kraftig dask i enden fekk nok skriken fram i strupen på ein blå litan skapnad etterpå. - Der fekk ingen tid eller fred til å døy der Sigvor - stellte med livstrådar. \[s. 6\] Men det hende då at der kunde koma skuggar inn i hennar yrkje med. Det var når vanskapte born kom til verda. Då og kvilte det på henne å gje mot og trøysta. - Ho greidde et med, om trøystings orda jamnt vart dei same. Ein stad vart ho henta i hast, mora hadde født eit haremynt barn, og i staden for hender hadde det vesle gutebarnet labbar som ein hare. Mora gret over dette barnet som ikkje kunde verta sjølvføding. Sigvor sa: "Han lever i dag, men du veit ikkje om han lever i morgon". -- Dette barnet og, levde nett til det var kyrkjedøypt. Sigvor var sjølvskriven gudmor åt slike. Ho bar barnet inn i kyrkja vel \[-av\] løynt i teppet, og med armane særleg innpakka. Der kunde vera konor, må vita, som var omhende. - Ingjen måtte støkkjast. For mor åt barnet hadde heile sumaren vore plaga av ein hare som aldri gav fred, men synte seg støtt millom husa. Sigvor kom i eit hus, der var mange born, ein liten 4 års gut var aldri i ro, og mora skjente på han. "Nei gjer ikkje det", sa Sigvor. "Han har berre så lita tid å gjera på". Guten døydde ni år gamal. Kreftene hennar Sigvor var namn- gjetne, alltid. Ho bar fulle brennevinsankera under armane. På slåtteteigen slo ho til liks med karane. Og ikkje berre med stutt- orven. - Nei med langorven med, og gjekk skåragong, så drengjene knapt \[s. 7\] heldt fylgje. I millom strauk ho sveiten av skallen, så han rann som ei gro over håndbaken. Det kosta henne så lite å arbeida. Men det var hardt nok for borna å halda fylgje i dagsens strev. - Men elles hadde ho stort hjarta for dei. Og vilde alltid ha hyggje i kring seg. - Ho undte dei rjome- kling når der i millom var råd til slik festmat. - Kandis var dyrt, og der var ikkje mykje godtar til borna i dei dagar. Men ho lærde borna til å leita opp Siseljerot i bergskortene. Denne rota togg dei. Ho smaka som lakris. - Geiskor, ein onnor godte- plante voks i Urdavegen og Blysdalen mot stølshøgda. Planten hadde blå, og sume raude blomar. Stundom hang der som sukkerdråpar utanpå stylken. - Dei smaka likt melis. Desse åt dei, og elles stylken. En av grannane, Tormod Fletre, hadde heil kvannegard, ein inngjerd hage berre med kvann, i loftstunet. Å, kor borna gledde seg når han baud dei åt kvanngarden å forsyna seg. Der var samhald og hugnad hjå Fletres- grannane i dei dagar. Alle husa stod då i ei klyngje under berget. Alle dagar las Sigvor mykje. Bøkene lånte ho og åtte mykje sjølv, og på mange stølar låg gamle skrifter som budeiene hygde seg med, om tida var lang. Og så vart Bibelen vel lesen og. Frå bøkene hadde ho truleg, ein del kunskap til rådene sine når ho skulde lækja mot ymse sjukdomar. Ho bruka medisin laga av ymse urter. Der voks lækjeblad i alle tun. Legg ein desse på opne sår, gror det fort. Dei kunde og leggjast \[s. 8\] andre stader der det gjorde vondt. Bad ein over deim kunde den vonde staden lækjast. Fekk småborna vondt i magen, åtte ho alltid turka raunfant (rønefang) i huset. Koka dei dette i middagssuppen driv det makk og ureint or magane, og var sundt for alle. Det skulde vera smak på maten og fest med han, meinte Sigvor. Borna laut sanka inn mykje karve. Og sjølv pukka ho gule blomar (ein viss sort) og turka, knuste dette og hadde som krydd, Krusemynte, kallast det. - Var dei på stølen om somrane, måtte borna samla inn megder av blå, mogne sprakebær (einebær). - Bæra vart turka. Og dette var \[\_viktigste\] \[\_medisinen\] ho åtte (tillaga som te) mot \[\_nyresjukdomar.\] Og framfor alt rekna ho dette som beste medisinen for \[\_augene\]. Når folk byrja dimmast på synet, kom dei seg fort berre dei drak te av sprakbær. Alltid hadde ho kamfordropar i huset, ho kjøpte mykje på apoteket slik. Kamferdropar var godt mot forkjøling, og lækte ofte tannverk. - Elles var det mykje å triva til høyfreomslag. Høyfreet vart røyrt ut i kokande vatn som tjukk graut. Men skulde rådampa, og ikkje koka. Både tannsvullar og svullar elles dreiv det bort. Og vanleg vassomslag dreiv attende blodforgift i sume høve. Ei råd bruka ho særleg mykje, for der kunde koma mange med vondt i galden, verken og den gule fargen røba sjukdomen. - Då bruka ho gjeva dei olivenolje i sterk saft. Den drykken laut dei tøma ein gong for dagen i 14 dagar. Då var kuren over, og \[s. 9\] sjukdomen med, anten det no var galdstein eller betendelse. - Elles var same kuren god mot all gigt og. Og kuren hadde aldri noko slag risiko eller leide etterverknader. Ein annan medisin ho og hadde særleg tru på var: kamforbrennevin. I lag med ei halv flaske brennevin, blanda ho eit lite (naftaglas) kamfordropar. Nokre skeier for dagen, av dette, skulde ein ta om ein reddast influensa eller lungebetendelse. Men helst skulde ein under denne kuren liggja nedbreidd i senga. Så resikerte ein ikkje få fårleg trekk på seg under sveitte- bygene som kom og skulde drive sykja or kroppen. - Denne kuren bruka så dottera Synneva og alle hennar då spanske- sykja kom. Dei fridde seg soleis heilt frå spanskesykja, om dei ellers hadde henne i alle heimar. - Men så låg dei mest mogeleg i sengene i medan, millom mat - og stjorningstider. Både borna, husbondsfolka og tenarane var friske. Dei hadde \[\_bild\] i heimen hennar Sigvor. Dottera: Synneva Hefte, eig no denne bilden. Denne reidskapen bruka dei til å årelata folk med. Men det var det Sjur, mannen hennar Sigvor, som gjorde. Han årelet mange som leid ilt, og verkte grunna ilt blod. Sigvor hadde alltid iglar liggjane Ho sette dei på folk, som kom og bad om det, slike som hadde betendelse, svullar og verk. Ho kjøpte iglane på apoteket. Når dei hadde soge ut vondt blod, reinsa ho dei, strauk dei så lange, og reinsa dei i vatn med litt salt i . Gøymde dei så på ei flaske som \[s. 10\] skulde vera overbunda, men ikkje tett. Kvit kamforolja kjøpte ho og på apoteket. Ho bruka henne mykje som medisin både mot hekseskudd og bronktitt. Men kvit kamforolja var sælig sterk, og kunde brenna av huda. Difor bredde Sigvor fyrst talg. - Og smurde over den sjuke staden, til det var ei hinna, så hadde ho kamforolja på og sidan eit varmt lag av tøvd ull eller ru. Var det hekseskudd banka og masserte ho også. Sidan skulde dei liggja varmt, og når ho sa dei skulde verta friske, så kom dei seg og. - Mot skurv og håravfall, visste ho ikkje betre råd enn sprakalåg. Einer kokt i vatn. Denne lauga dei seg i og det gjorde godt både innvendes og utvendes, sa ho. -Aldri tok ho betaling for råd eller hjelp. - For barselhjelp gav no folk alltid noko, for borthefte. Men ho vilde kje ha mykje. - Men då ho vart gamal, det det noko av det grusaste borna i tunet visste, å tigga kaffi- fløyte eller lefser av mora, og så smita seg med desse smågåvone i skyminga ner i stova til henne "gommor", som heile grenda då kalla henne. Ho var så lettliva. Gjorde dei så glade. Og dei kjende det var godt verta velsigna av henne. - Høyreist og verdig, utan ei rukke i det gode andletet, var ho til ho døydde i \[\_mars månad 1936\]. Då presten på dødslega hennar, hadde gjeve henne sakramentet, såg han på dei store henden hennar Sigvor, og sa: "Så svære hender - ". - Sigvor svara: "Dei er stygge, - men dei har vore så gode." \[s. 11\] Voss, 20. juni 1960. Til Norsk Etnologisk Gransking. Då eg for vel 20 år sidan budde ei tid på garden Fletre, vart eg ovundren over kor mykje folk i grenda tala om ei dei kalla "gommor". - Dei meinte ikkje si eiga bestemor, men alle meinte Sigvor Hefte, som då var død for \[?\] år sidan. Var nokon i tvil om kor eit arbeid skulde uførast eller noko gjerast, var der straks einkvan som sa: "Slik vilde gommor me skulde gjera det - " - Diskusjonar avsluttast gjerne med; at einkvan sitterte "Gommor". - Ein svær inflydelse måtte ho ha havt. Eg vart difor så vonbrota no eg skulde dit finna tilfang. Alle dei gamle er nok borte, frå den tida. - Men dei yngre korkje hugsa, eller interesserte seg. Difor måtte eg gå direkte til dotter hennar Sigvor Fletre, Synneva Hefte. Ho gav meg stoffet, så langt ho hugsar. - Og fotgrafia av personane skrivet gjeld. Ho åtte eit klårare bilet og, av Sigvor Hefte, men greider dette seg, får det vera med det. - Eg lova at ho skulde få fotografia att, så snart de er ferdig med dei. Bakpå fotografia har eg skrive kven kvart er av. Eg hadde gløymt eit papir i sist brev ang. emne 78. legg det ved her. Der er visst nokre namn eg gløymde setja på den lista. - Om de vil vera gilde overlevera dette til rette mann. Og orsaka meg forsømmelsen. Vyrdsamt Anna Haga Fletre. \[s. 12\] \[Foto: Bilete av Sigvor og Sjur Fletre\] \[Fote: Bilete av Anna (f. Endeve) og Jon Almeland\]
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste