Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Dei "kloke"
NEG_76_15426_Op_Lom
Transkripsjon av filen #NEG_76_15426_Op_Lom
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Dette emne kunde det vera overlag gilt å svara på berre ein kunde greie det. Men dei aller fleste gamle som havde greie på dette er no burte og tidsåndi er heller ikkje slik at folk legg på minnet um dei har høyrt fortalt noko. Her skal stutt nemnast um ho " Gamle - Rønnaug" eller Rønnaug Slålien var det ho heitte. Ho og mannen åtte eit småbruk. Når ho var fødd veit eg ikkje, men ho livde i 1840 - 60 årom. Ho Rønnaug var flinkaste " nerkono" ( jordmor) folk visste um. Dersom ho ikkje greidde ein vanskeleg fødsel so var det ikkje nokon annan som kunde gjera det uppatt etter henne. So kunde ho stemne blod ved at ho las over såret. Det er fortalt at den kjende smeden Ola H. Slålien skar sund pulsåri i eine låret sitt so blodet sprutte opp i taket. Dei fekk sett klemme over låret og bodsende "Gamle-Gauparen" (som eg skal nemne sidan). Gauparen greidde å stogge blodet ei stund med medesinet sitt og reivingar. Han brukte visst millom anna ei grastorve. Men so tok det til å blø att og det stod um liv for smeden. So vart ho Rønnaug bodsendt. Ho gjorde berre mulla lite over såret og då helt det opp å blø. Ho Rønnaug las rusk utur augom på folk og gjorde åt for tannverk. Eg kjende dotter dotter hennar Rønnaug ho heitte og Rønnaug. Ho kunde og lesa rusk utur augom. Eg spurgde henne um ho kjende noko til lekjerådene til bestemor si. Ho svara ikkje noko større på dette, men ho sa: " Skal du lere slikt må du vera frums fødd". "Frums" det er at ein sjølv er fyrste fødd og at foreldri er det og at beste- \[side 2:\] foreldre er det og - altso fyrstefødd i 3 leder. \[\_Gamle - Gauparen\] Ola Trondsen Gaupar som namnet hans var var fødd i 1784 og død i 1873. Gaupar er ein medels stor gard i bygden og Ola Trondsen vart gardbrukar då han var 12 år gamall. Far hans drukkna i Bøvra. Det var som sårlekjar helst at Gauparen virka. Og mange vart gjorde gode att av honom. Medesinet han brukte laga han sjølv av planter og røtter han samla seg ei viss tid um sumaren. Han kunde og doktera for sjukdomar ellers. Mesteparten av dette han havde lært seg trur eg han har lese seg til, for det finnst att fleire bøker og skrifter om lækjeråder etter honom. Han livde i ei tid då ovtrui var stor, dertil var mannen sikkert godt utrusta og ei stor interesse hadde han for alt som heitte medesin og lekjeråder. Folk tok og til å kalle honom"Stygge- Gauparen.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste