Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Dei "kloke"
NEG_76_15411_Ro_Suldal
Transkripsjon av filen #NEG_76_15411_Ro_Suldal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Knut Mokleiv, fødd 1802. D. som gamal mann "var ein klok'e mann", seiest det. Han dreiv mykje me å "ta blo" på folk. Med \[\_snerpert\]. Tormod Vikad'n, var husmann og hadde plass under Havrevoll. Han vart så klein av gikt ein gong. Han vann kje or senga. Så sende han bod etter Knut. Og han tok "blo'e" på Tormod. Og neste dag var Tormod til heia etter høy, sprek som nokon. Knut hadde tre snepertar, i tre storleikar. Den største bruka han på hestar og nautskrøter og sterke karar. Knut Mokleiv var bonde, og ein mann med \[side 2:\] vørdnad hjå dei fleste. Men sume sa han "va' kje rett'e i truo". Dei kalla han ein fritenkjar og sume. - - Ein hadde råder for så mykje før. Gamle Gyrid Bleskestad, døydde av gulsott, i 1878. Ein freista med kjøt av gul- spett, kokte det åt henne. Det var ei gamal råd. Men det hjelpte ikkje. Ho for i gulsotta. Då var ho nær 80 år. Albert Leivson Århus var på kast med tæring i ungdomsåra. Då reiste han "te ei klok'e kåna på Våland attme' Mandal". Og god vart han, og ein gamal mann. Ein bruka brennvin òg for tæring (eller turke- sykja, som ein helst sa) Sume prøvde med tjørelåg og. Og "\[kluss\]attasheim va' besta råno ein visste imot jikt". Og ville ein stansa blod, gjekk ein rangsøles tre gonger rundt bordet i stova. Sveinung Veka gjorde det. Og blodet "sto". \[side 3:\] Vise-Taddeiv "va kloke", sa folk her i Suldal. Han var austmann, frå Setesdal. Han ferdast ofte i Suldal kring 100årsskifte og fram til 1912-13. På Osen var han mykje. Der heldt han seg hjå Sømjo Vårvik. - Vise-Taddeiv gjekk alltid i bunad (Setesdals) Ein såg han stundom på Sand òg. Vise-Taddeiv visste mange råder mot sjukdom. Og han var noko av ein sjåar òg. Det var ein aust- mann som spådde åt Nils Roalkvam og, at han skulle verte gift og få to born. Då var Nils 58 år. Og det vart som austmannen sa. Nils vart gift med Sofie Skogen, tenest-gjenta si, og fekk to søner, Mikkel og Albert. - - Torkell Mauland har i "Trolldom" skriv om Bergit Berge i Suldal, skulda for trolldom i 1625: Og Njel Drageson, bonde på Sørestad i Suldal, vart dømd til å røma landet for skuld trolldom i 1640. (Mauland.) \[side 4:\] I Sand og Jelsa gjekk det lenge gjetord Gautes-Mari. Ho gjorde åt for sjukdom. Men ein rekna ho helst for ei trollkjerring. (1743-1767) Presten Aren\[kluss\]tz i Jelsa og Sand ville få ho dømd og for det. Men fekk det kje til.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste