Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Dei "kloke"
NEG_76_15334_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_76_15334_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Mi oldemor Anna Midtbære vart rekna for ei slik kvinna «Klok kvinna: Ho visste mest råd for alt, både lekamleg og sjælelegt -. Ho gjekk skog og mark å plukka urter til lækjedom åt folk og fæ – ogso til plan- tefarging med same -. Men i si sterke Guds tru so gav ho alle som søkte henne Von og tru dertil laga ho då ymse medisin av urter, lækjesblokker, kjærring- råkk og ymse andre plantar – kvart til sit bruk. Lækjesblokkor brukte ho å leg- ga på sår og det grodde – Brennesla la ho på giktiske føter og rygg – den måtte vera ung og frisk det besna – Kjærringråk trækte ho the av og det skulde dei drikka for fleire sjukdomar soleis «prostata» - Enno i dag fins det folk på Voss som brukar desse lækjemiddel. Eg har ei heil lista om hennar medisinar. Ho var og den som tok mot småborna og gav barselkvinnor retleiding og råd. Ho livde liksom for å hjelpa andre og helt seg etter Gudsordet og fekk på denne måten intuetivt kva ho skulle gripa til i ymse høve – \[s. 2\] Ein del av hennar lækjaropskrifter: For vont i mangen Omslag av \[?«Allutrost»\] – av same the 2 sp.s. 3 g dagleg fyre maten. Drik vatn. Hæmoridar: Knust tørre groblad til pulver, bland dette i lit honning eller smelta fåretalg – lag små avlange kulor smett dei inn i endetarmen – dårlig fordøielse – Slå kokende vatn på tørre blåbær sterkere des bedre drikkes for maten – ja eg kunde skriva op fleire slike råder men meir seinare -. Eg kjende og ei slik klok kone i Bergen – Ho heitte fru Sognefest – er død no – Ho har ein som som er Dr. i U.S.A – Men ho tok fleire passientar, som var op- gjevne av lækjararne og hjelpte dei til med helsa og nyt arbeidsmot. Det var ur- ter, bøn og vatn ho brukte. Ho var systkinbarn til min far -. Lækjarane sto ofte undren yver henne. I den seinare tid har me då havt Aalvik naturlækjaren og Dr. Høines som ogso er naturlækjar på Ask ved Bergen -. Bilæte av Anna Midtbære har dei på Bygdø museum so de kan låna det der – Eg sende dit ein del gamle bilæte frå Voss – No med same sender eg eit stykke om Anna Midtbære som eg skreiv til Dagen for ei tid sisan – Det må De vera so innarleg snille å returnera sna- rast råd er, då eg gjerne vil ha det attende. Martina Søylen – Kan skriva meir om dette seinare om De ynskjer det – D.S.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Neste