Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Dei "kloke"
NEG_76_16613_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_76_16613_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[\_Dei kloke:) Ei særmerkt kvinne: Guri Kvarmestøl. Guri Kvarmestøl var fødd 9/2 1851 på Mørkve, i Vossestrand. Ho vart gift med Lars Sundve. Mannen lærde seg muraryrkjet. Og dreiv med dette all si tid. Han døydde for 39 år sidan. Dei var husmansfok på Sundve. Og det var ingen lettvinnt leveveg. Gleda av stor då dei saman med sonen, Olav, kjøpte garden Kvarmestøl. Kvarmestøl er ein liten fjellgard, ligg nær Reppen. Men høyrer til Vossestrand. Høgt og fritt ligg han, med ei æventyrleg utsyn over vossedalen og fjellheimen hi sida gjelet. Der var kje stort dyrka då dei som der, berre ein og annan grøn flekk millom rabbar og lyng og krattskog. Men lenge hadde kje dei nye eigarane vore der, før åkervidder og grøne bøar åtte rom. Hus fekk omvøla og terrenget elles vart nytta på beste vis, nemleg: geitehald. Ola son hennar Guri, og kona ol opp 13 born, der. Den vesle fjellgarden gav rom og kost for alle. Det var som alt levande trivdest der. Og vanta noko, så hadde godmor råd for alt både hjå folk og beist. Arbeidsglede og styrkje åtte alle der, og geitene dansa kring berghamrar og gav mykje i bytta. Mjølka vart til brunost for salg. Og kvitosten var vel herrekost den, med smør på, for kven som kom til gards. Ber voks i rike megder på rabbane kringom. Dei vart årvisst henta av borneborna. Det gav hugnad, vellæte og pengar tilsist, likeeins snarefangsten. Og eine sone- sonen hennar Guri vart ein vide kjend veideman. Tallause er revane, harar, fugl og røysekatt, han har skote. Tilmed oter og mårkatt harlate livet for hans gever. I vår jakta han på jerven i Heftesmarka. Sprang 9 mil etter over snøfjell på ski ein dag. Men måtte gje opp den gongen. Han er forman på arbeid så dette rr berre attåtnæring. Alle borneborna vart kunnige frå dei var radt små. Og arbeidet gjekk med liv og lyst til gamle sullar, der Guri var med. Medan Guri levde på Sundve gjekk ho årvisst kringom \[s. 2\] på bakig på gardane derikring. Der var stor spurnad etter henne både vår og haust. For ho var meir enn nett ei vanleg bakstedeie. Ho var av dei kloke i bygda. Ho hadde råd for mykje. Og kunnigheit med mangt. Ho kunde tala ut til folk, og ho kunde tegja med det dei fortalde. Dertil så var ho så makelaus full av humør. Fundorda var hardføre, og lever den dag i dag. ---Så vart det slik at over bakstehella bar mang ei kvinne fram si kvide, antan det nå var lekamleg eller eller sjeleleg. Guri dokterte sjeldan noko sjukdom sjølv. åt folk. Men ho hadde så formykje mangslags råd for altting, som dei sa. Det var no helst dei vanlege gamle rådene me d kvae og feitt (talg) for svullefingrar. Talg på brystdukar av ull mot forkjøling. Ullklutar knytt fast kring vonde kne og arbeidsrøynte åmledar. Og så kaffien og tobakken, ja det såg ho på som særskilde gode Guds gåver til folk der dei brukte det med måte. Sjølv fekk ho i sin ungdom slik fælande tannverk over heile munnen. Det var som det vilde ta vetet. Ingen ting hjelpte før ho fekk tobakk å leggja innpå Ho vart god att av tannverken, men vart og så ho måtte i millom ha ei pipe tobakk all si levetid. Ho tek denne som ei gåve for seg, og meinte tobaksgifta drap mangslags sjuk- domsemne, men måtehald skulde det vera. (Unde siste verdskrig kom mange Strandabønder som sjølve dyrka sin tobak, ihug at kanskje var Guri tobakslaus. Dei sende bod ho skulle vera med å hausta sin part. I kveldsskumringa kunne ein så sjå Guri, så då var i 90-åra kliva geite- stigane heimover med svære børdor av tobaksplant under armane. Ho hesja attom omnen og på skukkar. Og aldri var det naud på nokon ting, let ho. For ho gjekk sin bøneveg til Gud med alle ting, og hadde ei bergtru. Folk visste om at ho var så flink å spøta. Ja ho kunde spøta alt i klede. Tidleg hadde ho lært seg til å farga ulla. Hadde sergivnad med det. Mange fekk læra av henne, kva mose- slag, lauv, lyng eller røter dei skulle farga med og kva som var beste tida for slikt. Folk kvidde seg ikkje med den bratte vegen til Kvarmestøl. Kaffen hennar Guri, var medisin i seg sjøl, koka som han var av vatn der berg- \[s. 3\] smak og smaken av sprakenåler gav ein særskild god- smak. Kling med fjellsmør attåt. Og ei fjellluft så rein, deroppe. Dertil Guri sin særeigne talemåte. Ho la alltid vinn på å få låtten fram hjå dei som bar opp sorgene sine til henne. I låtten åtte dei lækjemedel sjølve, meinte ho, for så mangt. Ho \[\_viste\] dei kor \[\_små\] menneskja såg ut derifrå Kvarmestøl, når ein såg dei etter bygdevegen. Kor små vert me då ikkje alle, for Han som set oppi Himlen og ser ned til oss, meinte ho. Og var alltid like forundra og takksam for hans faderomsut. Ein skulle bruka gråten og, meinte ho " dei små borna har ikkje anna enn gråten å hjelpa seg med". Men det gråten og låtten ikkje lækte, skulle ein lækja med bøn. Sjølv vart ho alltid bønhøyrd, fortalde Guri deim. Ho Guri var i tunge tider større lækjar for mange enn ho sjølv visste om. Men det slik \[\_folket rekna med henne Guri\]. Ho heldt så strengt på ein regel i heimen: Der skulde aldri segjast eit ilt ord om noko menneskje. -Men det spurdest i dei dagar og, når nokon for med illgjerd og vondt. Kor kann det då gå dei vel, kunne folk spyrja henne: "Å, - de ventar berre fortidleg", sa Guri. --- Men det hende nok at både ho og andre kunne verta vonbrotne over slike. For ho ville alltid gjera vel, Guri, må vita. Det hende ho sa: "Å gjera vel mot harka folk, er som å smyrja hundstrynet, han sleikjer det av seg hunden og". Likevel sa ho alltid.: "Godt skulle ein aldri angra". Med stort og smått gjekk ho til Gud. Ho fortalde ein gong: "Det var ei tid under siste verdskrig, det var bløyte og søle i lang tid, og eg hadde ikkje anna enn filtskor. Dei kunne eg ikkje gå ut i bløyta i. Eg visste inga råd å få tak i skor til koma meg ut i. Men eg bad til Gud eg: Nå får Du ordna dette. Du veit eg ville gjerne hatt eitpar skor eg kunne gått ut i." Gud bønhøyrde meg på forunderleg vis. Føtene mine som i årevis hadde vore opphovna, let han minka ned, så eg kunne bruka dei gamle skorne mine frå før i tida. Dei var gode og tette. Og føtene mine vart med eitt så forunderleg små, at skorne lett var å få på att. Ja slik bønhøyrde Gud, meg." \[s. 4\] Nå kunde ho atter få vitja sine nede i bygda. Dei fleste av barneborna var då gifte kringom i Vossebygda. Og ein dag ville ho då til garden Vetlestølen der eine sonedottera var gift. Garden ligg ved øvste sida av Lønevatnet. Der var nokre kilometer å gå i bratt ulendt terreng og nokre kilo- meter etter bygdevegen. Der var mange om plassane på bussane i dei dagar, likevel stogga bussjåføren ved Telland skule og baud 92-åringen stiga inn. "Du skal ha så mange takk, sa Guri. Men eg kann nå gå den vesle beten". -Eg høyrde henne i ein kvinneforening på Tvinne same året. Ho sang då åleine ei lang gamal åndeleg vise. Emiseren sa då etterpå: "Ho syng så vakkert, ho gjer skam på oss unge" Gulbrudlauspdagen åt sonen var mykje av slekta samla. Guri var då 98 år. Humoren var den same, og ho kunde ikkje lata vera å gjera litt narr av sonen fordi han bruka stav" Han som var berre in ungdom" (Han var då 71 år). Sjølv var ho så sprek og frisk. Ho hadde nå slik tru på sur mjølk. Ho bruka det dagleg i sitt kosthald. (Like til ho var 100 år, då vart kosthaldet berre søt mjølk med sukker i). Guri slapp sitja einsam om ho vart gamal dertil var det for mange barnebarn som heldt av godmor. Og der var born av dei ho hadde vore rettleiding og hjelp for, som og hadde lært setja pris på henne. IDå ho var 80 år vart trua hennar sett på ein hard prøve. Ho misste heilt synet etter at det hadde dimmast etterkvart. Dei som vitja henne den tunge tida undrast over at ho venta med tru på å få synet att. Ho var då så glad i natura, folkelivet, Vossebygda. Dertil gjorde det henne ufør i arbeidet så spøtet og anna laut liggja der. Men ho misste ikkje trua på den store lækjaren, og ein dag etter eit par års tid i mørker, fekk ho synet att. Så \[\_klårt\] at ho kunde \[\_lesa sin bibel\] til sin \[\_siste dag\]. Hundreårsdagen hennar rann opp. Det vart stor fest. Mykje av slekta var samla. Guri talte for deim om vegen og utvegen som hadde lege for henne. No lengta ho mot ein heim med enno betre utsyn enn garden Kvarmestøl. Etter denne dagen ba ho liksom farvel med verda. Og eit halvt år etter sende ho bod etter presten. "Har du sakramentet med?" \[s. 5\] spurde ho. "Ja", svara presten. "Å Takk og lov," Sa ho. "Eg har bedt til Gud at presten måtte nå fram med sakramentet, og nå har Gud bønhøyrt. "Så song ho åt presten eit vers ho hadde sunge åt mor si på hennar dødslega. Det lydde slik: Jeg ser Ham i en åpen dør, en dør til Himlens trone. Jeg ser det jeg ei visste før, en uforvisnet krone. En krone som mig hen er lagt uti Guds eget gjemme. På den min sjel har nøye akt gi, jeg den aldri glemme. Ho hadde sunge for seg og sine, ho hadde sunge for så mange, slik gjennom åra. Dette var siste songen. Ho døydde 4/10 1951. Guri Kvarmestøl sa til borneborna etter som dei vitja henne siste året: "Når de spør meg død, så syrg ikkje. Eg er då reist heim". Anna Haga Flettre. \[s. 6\] Til Norsk Etnologisk Gransking. Eg sender her eit stykkje om ei særmerkt kvinne frå Vossestrand. Fottografiet er frå hennar 98-årsdag. Ho set i forgrunnen millom bo-rn og borneborn. Avisutklippa er om henne, og noko om sonen og garden. Desse har eg lånt og vil gjerne ha dei att. Eg vil vera takksam om de kann senda meg oppgåvebrev eg ikkje har svara på. Og likeeins om de kan senda ark og konvoluttar då eg har meire stoff om dette liggjande. Vyrdsamt Anna Haga Flettre Hagebyen 2, Voss Sendt papir 14/9-61
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste