Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Fra robåt og seil til motor
NEG_70_14285_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_70_14285_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Frå robåt og seil til motor. \[\_I\] De brukte 3 slags båter: «Færinger, 6 ering, storbåter og skøyter. Dertil kom seilbåtene. I færingene var 4 mann i 6 æringerne 6 man og storbåtene hadde gjerne 8 mann. Desse menn kalla dei eit man- skap. Arbeide vart so mykje som mo- geleg delt likt på mennene. Den som eigde båten hadde ofte mest å segja. Alle la fram si meining, og fleirtalet måtte dei bøgja seg for i deskusjonar. Skulde dei kjøpa ein ny båt eller ta ein ny mann i arbeid, då var heile båtla- get med og rødde saman om det -. Utbytte vart del so: Den landsdelen der båten la til land hadde rett på 6 prosent av inkoma. Halvdelen gjekk til reidskapi andre halvdel til luteigarane. Manskape byttes om å ro. Halvdelen rodde om gongi. Noko oplæring i yrke var det inkje. Dei unge lærde av dei eldre. Båteigaren hadde liksom mest å segja. Skårungens retter og plikter kjenner me inkje til her. Det kjem vist meir under Nordlandsfike-. Dei var nok bundne av truer = fiskelukka var ikkje likt for alle. Den som hadde mange barn skulde ha god fiskelukka. Elles veirguden tok dei og umsyn til. Sume stader var sjøen op lodda, so dei hadde som eit kart, kvar fisken eller silda stod. \[\_II\] Den fyrste motoren kom vel om lag i 1880 åri her på Vestlandet; men på Voss kom den noko seinare. Eg hugsar den fyrste motoren i Lundarvatne, Voss. \[s. 2\] Den var sett på ein robåt. Den fyrste som brukte denne motoren var handelsmann Lirhus. Han var Vossing. I ung alder reiste Lirhus til U.S.A. Han arbeidde då i Seattle. Der hadde han då kome i kon- takt med motorar. Då han kom heim gifte han seg med dotter til handelsmann Johs Vangen. Dei hadde bra råd, og ein heimkomen Amerikanar kan finne på mangt som folki undra seg over. Denne båten «bisna» då folki pa -. Seinare kom det motoragentar til bygda. Motoren, fekk kjøparen lit undervisning om kor den skulle stellast hjå seljaren. Med reparasjon greidde gamle fagmenn som var smedar i byrgjingi. Motorene kunde vera 2 – 3 hestekrefter ja optil 10 hestekrefter. Sum slog seg sa- man om å kjøpe motora. Andre lånte i bankane. Det vart danna nye lag då. Dei som kjøpte motora på båtar slog seg ofte saman fleire. Motoren kom inn ved op- lysning og samkvem med andre nationar. Tidene var inkje då som no - men det var gode rolege tider. Motoren vart brukt som hjelpemotor attåt segli i motvind og trange farvatn. Motorane vart fyrst sett i opne båtar. Båtane kunde vera dei same som før. Motorane vart tekne i mot med reaksjon. De fleste likte motoren; men mange trudde den skremde burt fisken. Dei trudde og at den vart for dyr i drift. I styggeveir trudde mange motoren dudd inkje. Mange var misunnelege på dei som fekk seg motor og trudde at dei med den olje og durr den bringa med seg var ei uluk- ke for alle dei andre som drog fiske. \[s. 3\] \[\_III\] Etter motoren kom – Verkringer -. Her på Voss har no motoren slege heilt gjennom. Me har «Hordalands mekaniske verksted». Smed Lidsheims verksted og Seim mekaniske verkstad. På Hordal. mek. verkstad. laga dei den vidkjende: Vossavinsjen elles sæl dei og reparera motora på alle desse stader. Motoren lettar arbeidet i fjøs og i jordbruket Eg nemner mjølkemaksin – Traktor – Elles i kjøkkenet er den til mykje hjelp. I fiskedistsriktene er alt blit forandret sidan motoren kom i bruk. Staten har no gjeve mykje stønad der. Mannskapi på båtane vart mindre på dei store båtane i forholdi. No måtte dei ha ein motormann som hadde kjennskap til motoren – gjerne to.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste