Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Fra robåt og seil til motor
NEG_70_14277_Ho_Fitjar, Voss
Transkripsjon av filen #NEG_70_14277_Ho_Fitjar, Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
I dette spurgsmålet visste eg lite. Difor er heimelsmannen i dette høvet: K. H. Larsen, Adr. Hagebyen 23, Voss. Han er fødd i Brandasun (ved Bremnes) 1876. Far hans, Lars Ørjesen (han dø i 80 åri) var los der. Larsen hugsar ein del frå barneåra der. Losskøyta hadde segl som var spesielt utstyrt med raud stripe i seglet heilt ned. Der var ingen motor. Der var berre ei åre som berre sjeldan var i bruk. Når det gjaldt losen, laut han vera årvåken, stadig bruka sin kikert. - Han fekk ikkje akta på korkje overtru, eller vermerkje, men berre leggja ut utansett ver og vind. - Onkel hans, Kjølv, som var los der, før far hans, vart knust millom skøyta og båten (dei skulde losa) i hard storm ca. år 1870. - Losen visste, at han hadde å gå ut, når ein såg at fartøyet dei hadde i kikerten, kom med flag på fremste mastetopp, og skipet sitt flagg hang bak. - Då tydde dette: "Vi vil ha los." Som smågut hadde Larsen eingong klatra til tops i mastera på losskøyta, men vann umogleg ned att. Rasande komandera faren han til å hoppa på sjøen, som einaste utveg. - Guten so gjorde. Han vart fiska ombord att. Og fekk so uhorveleg juling av faren. Andre opplysningar Larsen gjev: Båtane var: Feringsbåt, storbåt og skøytor. Feringsbåt hadde 4 årer, og vart helst nytta innanskjers. Seksering har 6 årar, storbåt har like mange, mer er so mykje større, at det er tvo mann om kvar åre. Segl var der til alle \[s. 2\] typone. Segla var av tjukk seglduk. - Der var \[\_sprisegl\] og \[\_gaffel- segl\], dei fyrste til feringane, dei siste til storbåtar. Notbåtane kasta storsild, og elles allslags fisk og sild, dei kunde lasta opptil 50 tønner sild. - Var det bør så var det å sigla, elles å ro. Skøytene hadde no elles berre ei år, og ho var berre som eit hjelpereidskap. Motorbåtane kom der kring 1880. - Der var både skep- sis og nyfikenheit. Men vanleg tru, var at fisk og sild vilde kverva fra farvatna grunna larmen. -Men den trua kvarv fort. Og etter kvart økonomien betra seg vilde alle ha motor i båtane, med unnantak av nokre gamle stabeisar, nokre gamle skipparar. Dei sette motorar i åpne båtar og i andre fartøy. Men motorane krov sers solid materiale i båtane. - Når dei driv sildefiske så var \[\_notbasen\] \[\_sjefen\]. Han var ikkje \[\_valgt\], men hadde ved dyktigheit og innsigt i faget, gjort seg sjølvskreven til øverste mann ombord. Han tok avgjerdene når dei skulde kasta eller setja steng. Han avgjorde om stenget skulde setjast i lås, til silda hadde late avfallet. Om det skulde gjerast landfast o.s.v. Landslotten var då 6%, halvdelen av inkoma vidare til- falt bruket. Hin halvparten vart delt millom folka. - Kring sal av silda kunde det diskuterast, og alle vart høyrde, då vann majoriteten. Skårungen kunde alle komandera, og han laut tola både vitsar og anna, og vart vel herda etter fyrste turen. Mykje overtru batt seg til yrkjet: Dei burde ikkje \[s. 3\] leggja utpå, om einkvan hadde ropa etter dei, med dei for til sjøen. Då kunde dei vera feige. - Dei hadde inga fiskelukke om dei på veg til fisket møtte eit kvinnfolk eller ei kråke. Og ei line som ei kvinne hadde vore nær, kunde berre kastast, der vart aldri fiskelukke med den. - Segli var sume svære til å stella, så båten utnytta all vind. Og i storm var det: å ta rev i segli, og minka segl. Men motorane viste fort at dei vann. Men dei måtte til næraste byane å få dei reparerte. Men i den fyrste tida åt motorane, var det so at dei fekk skulda når fisket slo feil. - Likevel var det fort gjort at dei hadde vunne over seglbåtane der i disktriktet. Av tekniske nyheiter utanom det vanleg kjende, har ein berre høyrt rykte om dei som vilde laga båtar med tvo kjølar under. Heksbåtane, med ein slingrekjøl på kvar side av den vanlege kjølen er gode båtar å fiska i vatn med til dømes. - Her på Voss har Larsen ein slik båt i Vangsvatnet. - Her fins og båtar med faste årar. Og med serskildt innkvelvde sider, slik som har vankjeleg for å velta og ta inn vatn. Anna Haga Fletre
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste