Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Bålbrenning på visse dager i året
NEG_68_14234_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_68_14234_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[\_Namn.\] 1: Brising. 2: Brising er fast om bål på visse dagar i året. Vert også nytta om andre bål, t.d. når ein brende opp kvist og rask etter rydjing på bøen om våren. Men i det tilfelle kan det òg heita: Eld. 3: Brising tyder helst eit litt stort bål. Ved rydjing av smågrasbøen laga me "rudmindynjor" som gjerne var dei same frå år til år. Når me så eit år brende det som var brennbart på dei - der var gjerne òg stein og sand - samla me det helst frå mange rudningsdyngjer, og kalla det då brising. Brende me rudningsdynjene kvar for seg, ville me ikkje kalla det brising. \[\_Tida.\] 4: Eg har ikkje høyrt om det. 5: Nei. 6: Nei. 7: Det veit eg ikkje. 8: a. Ja. Jonsokbrising - Jonsokafta - b. Ja. I eldre tid. \[s. 2\] c. Nei. ikkje i deira minne som har for- talt til meg. Men det skal ha vore skikk tidlegare. d. Ja. Olsokaftan. \[Det heiter aldri Olsok-kvelden hjå oss.\] Fast uttrykk: Jolafta(n). Påskafta(n). Pinseafta(n). Olsokafta(n). 9: Eg har høyrt at dei gjorde det, i farne tider. Men ikkje møtt nokon som har vore med på det. 10: Nei. 11: Det om krøtera veit eg ikkje. Jonsokbrising - og alle dei andre årvisse brisingane - var kveikte på "afta". 12: Nei. Dei skulle vanleg kveikjast i skyminga, for at ein skulle sjå dei godt. Jonsok var det ingi skyming å rekna, men brisingen skulle kveikjast i 11 - 1/2 12 tida. 13: Nei. Dei som var kveikte i skyminga skulle haldast ved like til midnatt, eller lenger. Jonsokbrisingen skulle brenna til langt ut på natt, kanskje til sola spratt. \[\_Staden.\] 14: Ja. Det var på stader som kunne sjåast langan lei. Ikkje ved vegkross. Der er mangfoldige stader for brisingar i vår bygd. På fjelltoppar, åsar, oppi ei lid der det er leikarvoll attmed, og på holmar. 15: Oftast brende dei brisingen på same staden, men ikkje alltid. Hangur var brukt til jonsokbrising. På Skjelda- holmen i Vangsvatnen, utfor garden Skjelde, \[s. 3\] brende dei - og brenner dei den dag i dag - berre Olsokbrising. 16: Nei, ikkje for kvart garsbruk. Men for \[ein gard\] kunnde dei gjera det. Det var ymist. Me på Øvre Lid brende jonsok- brising oppi Hagane (på småbøen). Det var mest born og ungdom, men han far var alltid med og hjelpte oss og såg til at det ikkje var fåre med elden, og at det i turkever vart sløkt heilt av. Me hadde ein plass som var nor ei oppkoma. Elles hadde eg inntrykk av at det var gjævare å brenna brising oppe på Åsen - "Lia-åsen" -, men 17de mai ville (og kunne) dei ikkje gå så langt, dei små borna skulle òg få vera med. Dei på Nedre Lid brende 17de mai brising i sine Hagar. Det var den tid 4 mann på Øvre Lid, og 4 mann (brukarar) på Nedre Lid. Jonsokbrising brende dei gjerne på Åsen. Og oppover Takla på Vivåskamben, og framme på Sollidkamben, der såg mest heile Vossebygda brisingen. 17: Nei ikkje det eg veit. \[\_Dei som steller med bålet og tenner det.\] 18: Alle i grenda - eller på garden - som vil vera med. 19: Ja. 20: Nei. Born brenne nok brising 17 de mai, men må då ha ein eller fleire vakne med. Sjå: nr. 16 . Elles er det mest vaksne - ung og eldre - som brenner brising. 21: Skikken er utgamal. Etter at Voss ung- domslag (det frilynde) var skipa, har dei teke til å brenna Jonsokbrising. Kristelege ungdomslag V.U.F. og andre har og teke opp \[s. 4\] skikken. 22: Nei. \[\_Korleis dei bygde bålet.\] 23: Brisingen var bygd - eller skyldra opp - på ymse måtar. Men noko grue av stein har eg ikkje høyrt om. 24: Emnet var også ymist. Det vanlegaste var rudningsved, greiner og lauv og trås, og attåt det nokre staurar og stommer som kunne halda det oppe. Gran- og fure- bar var og mykje brukt, "Skat". Tjøretunner var brukt på høge fjelltoppar, der det ikkje vart større skog, og på holmar. Det var ungdomslag, eller samanslåingslag i grender, som kjøpte tjøretunnene, eller laga dei til. 25: Nei. \[\_Korleis dei fekk bål-vyrke.\] 26: Ikkje gamle båtar, det eg veit. Dei kjøpte tjøretunner. 27: Ja. Brisingen var oftast oppbygt før, men alle som var med skulle finna meir tilfang, om det var råd. Og dei moroa seg med å kasta eine (sprake) og andre emne på brising så det brasa opp, eller "briske" som dei sa. 28: Nei, Ikkje stela, men få. 29: Nei. 30: Nei. \[\_Korleis bålet skulle vera.\] 31: Nei, ikkje like store. Alle brisingar skal vera så store som mogeleg. 32: Ja. 33: Ja. Så stort som mogeleg, og så høg \[s. 5\] flamme som mogeleg. Då jubla store og små, og sprang og leika kring brisingen. Han skulle og vara så lenge som råd var. 34: Nei, tvertimot. Dei sa: "Det vart ber- re oppi røyk!" 35: Ja. Ved å kasta rå eine (sprake) og bargreiner på. \[\_Kva bålet skulle tena til.\] 36: Etter gamalt: Bål skulle driva bort vonde vette. 37: Brisingen eg har skrive om skulle ikkje vera til det. Men folk hadde kjennskap at det vart gjort opp eld til vern, t.d. mot "Huldrafolket". 38: Ja, dei kasta på kvarandre for moro. Men dei måtte ikkje gjera så mykje av det at det fatna i kleda. 39: Dei tok visst varsel for veret. Men eg har ikkje større greia på det. Ikkje an- dre varsel i mitt minne. \[\_Sjølve festen ved bålet.\] 40: Nei. Me kalla det brenna Jonsokbri- sing (Olsokbrising), det var det vanlege. Men ein kunne òg seia: "Jonsok-moro." 41: Nei, i eldre tid var både unge og gamle med, alle som kunne gå dit. I ny tid kan det vera meir ungsom - serleg når det er eit ungdomslag som skipar til. Men alle likar å vera ute og sjå på bri- singane, anten dei er oppe på fjellet, eller ute på ein holme. Så heile folket tek for så vidt del i jonsok- og olsokfesten, om berre ein liten slump folk er ved brisingen - som t.d. på den vesle Skjelda-holmen -. 42: Nei. Berre til brisingen var nedbrend. På holmar trongs ikkje det heller, der var ingen \[s. 6\] brandfåre. 43: Ja, dei hadde nista med - og gjerne drikka. Men ikkje alkohol det eg veit. 44: Både òg. Born og ungdom sprang og dansa kring brisingen, dersom der var slett mark. Men leikarvollen var ofte eit styk- ke undan, og der leika dei i det leiet brisingen heldt på å dabba av - òg om det var jonsoknatt - til sola spratt. 45: Ja. 46: Ja. 47: Nei. 48: Eg veit ikkje stort meir enn det eg har fortalt. \[\_Skikken i dag.\] 49: Folk i Kvitli, og på Voss elles, har dem same meining som før, at det er ein god gamal skikk. Dei held skikken oppe. 50: Skikken har halde seg lik i manns minne. Den auka i 1945 og 1946. Sidan har den minka ned att til det den var før. 51: Under den tyske okkupasjonen 1940 - 45 fekk ingen lov å brenna brising på høgtidsaftan. Då frigjeringa kom i Mai 1945 var det sume som nytta høvet og kveikte store brisingar på synberre stader. Frå dei norske styremakter kom det åtvaring mot det, avdi me den tid hadde samleleir for tyskarar på eksersermoane på Voss, og det kunne verka eggjande på dei. Men etter dei var ute or landet, kom det nokre år med aukande brenning av brisingar. Det var gleda over frigjeringa som var grunnen. Skikken verkar som ein samlande faktor, til gleda og fest, og til sterkare nasjonalkjensla.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste