Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Bålbrenning på visse dager i året
NEG_68_14104_Ro_Suldal
Transkripsjon av filen #NEG_68_14104_Ro_Suldal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Namn 1: Ein tala om \[\_vete\], jøn- sokke-vete. Dei brende jønsokke-vete. Me har og stadnamn i samband med det. Såleis Vetekleivane Og Veting (støl) Dei brende berre \[\_jonsokvete\]. Her i Suldal veit ein kje olsok-bål o.l. Men i sume bygder her i Ryfylke, såleis i Vikedal, brende dei \[kluss\] olsok- bål (for nokre år sidan) Ei gamal folgekone på Overskeid kveikte opp eld i fjøset, i båsen, når ei kyr skulle blia. Og det var det gamle her å kveikje eld på stølen for å skræme bjørnen, om kveldane Jonsokveten vart kveikt når det tok til å skymast jonsok-aftan. Altså seint på kvelden. \[side 2:\] Ein hadde visse stader ein brende jonsok- vete. I Bråtveit brende dei på Hesthamar. Leid på kokte ein kaffi (i seinare tid då). Så var det på ofreflåto, tett ved Hesthamar, og då til å dansa, ofte til morgons. Spelemann var og med på jamnen. Det var helst berre ungdomar som brende jønsokke-vete. Dei gifte var gjeldan med. Det kunne einast vere dei nygifte. Det var gjenter og gutar i leik og moro. Og jonsokdagen var "prikkedag" og ifrå gamalt - som 3. juledag og 3. påske- dag var det. Ein fridag nærmast. Etter me fekk ung- domslag var det ofte dei som stod for jonsok- veten, og dansen og leiken etterpå. Såleis var det både i Suldal og \[\_Sand\]. Nå er det helst borna som brenner vete. Det var ofte gamle båtar ein tok til vete. Og dei "stal" ein. Og det var snaut nokon \[side 3:\] som såg noko gale i det. Skikken var såleis Det galdt om å få veten til å "blaffa" mest mogleg. Og ein tala om, etterpå, om kva kverv som hadde største veten - Bråtveit eller Nes. Det var nok oftast "drikkansvara" og med på "vete-festen". Gjentene hadde lefse med, og kake. Og hadde kje gutane ein dram å by på, eller ei ølskål, så hadde dei kaffi med. Frå 1880-åra davisst
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste