Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Bålbrenning på visse dager i året
NEG_68_14096_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_68_14096_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Bålet heiter brising. 2: Nei. 3: Nei. 4: Nei. (Men eld og verme i gruva og ovn skulde då vera nørd med spikaved og fin bjørkeved.) 5: Nei. 6: Nei. 7: Nei 8: Dei brende bål \[\_a.\] jonsok-kvelden, og so stundom \[\_d\] olsokkvelden (28. juli.), og ikkje b. og c. som her er nemnde. 9: Nei. 10: Nei. Ein kjenner no ikkje til at dei gjorde opp eld for krøtera, anna enn at dei i gamal tid gjorde opp \[s. 2\] eld på stølane når dei reddast bjørn. Elden skulde skræma bjørnen bort. 11: Dei tende ikkje bål for krøtera i slike høve, så langt ein no kjenner til. 12: Bålet skulde tendast ved midnatt. (Men der vart stundom undantak frå dette, og bålet vart gjerne tendt før, for skuld borna.) 13: Bålet skulde brenna heile natta. 14: Ja dei hadde og har visse stader der dei brenner bål. Desse stadene ligg helst på høgder. Soleis ligg ein av bålstadane i Reppen på Håmyr- ane ca 800 m over havet. Ein av bålstadene i Reppen ligg ved toppen av Tvinnefossen, og ein i ei urd oppover Gjøsteinsberga. 15: Ja, Dei brende jonsok - og olsokbål på same staden. 16: Nei. 17: Dette kjenner eg ikkje til. 18: Alle kan vera med og brenna bål. Men storparten som er til stades er ugifte gjenter og gutar. 19: Ja. Men gifte kvinner er helst sjeldan med. 20: Nei det er helst ungdomar, gjentor og gutar. 21: Ja. Ungdomslag tok straks dei byrja, og alt i 1898, til med å halda bålskikken oppe. 22: Nei. \[s. 3\] 23: Bålet vart bygt i tårnform, ved at ein staur vart støyrd i jorda, og så vart bålet bygt opp kring denne. - Bålet på Gjøsteins- berget var altid i ei steinurd. Men det vart sagt at det var for at ikkje elden skulde eta opp jorda. 24: Det vart brukt lauvved og einer (her kalla sprakje). Og ungdomen for gjerne vide ikring og samla turrfuro og gamal avfallsmaterial, tunnor o.l. 25: Nei det kjenner eg ikkje til herifrå Voss. 26: Nei dei kjøpte ikkje noko. Men folk gav viljugt mykje gamalt skrot til denne, gamle kjærald t.d. 27: Nei. Det var friviljugt. 28: Nei. Stuld i alle former stod det skræmeleg age av. Berre avvalsbyrkje nær bålstaden var sjølvsagt at dei tok til bålet. 29: Har ikkje høyrt gjete sligt her. 30: Tradisjonen er gjerne den no, og den er vel gamal, at folk vide kring gjev gamle ting dei vil verta kvitt til jonsokbålet. Til større tinga er, til betre er det. 31: Båla var vel omlag like store. Men i seinare tid vert gjerne lagt mindre arbeid på olsok- bålet, då det vert mindre. 32: Ja det var om å gjera å ha største bålet. 33: Bålet skulde brenna med stor flamme og lysa \[s. 4\] så sterkt som mogeleg. 34: Bålet skulde gjerne gneista. For å få det til bruka dei mykje turr einer (sprakje) Dei slo og med stokker for å få gneistregn. Kjenn ikkje til varsel. 36: Dette kjenner eg ikkje til. 37: -"- -"- " -"- " 38: -"- -"- " -"- " 39: Har aldri høyrt anna, enn at dei tok det som varsel for veret. Og det gjer dei enno. 40: Festen ved bålet vart kalla: jonsokdans, og jonsokleik. 41: Ja. Og dei eldre åt spekekjøt og rjomekolle m. flatbrød då. 42: Ja. 43: Ja det var vanleg at nokre hadde alkohol med. Og stundom men meir sjeldan hadde dei niste med. 44: Det hende dei dansa rundt bålet. Men helst på ein låve. Og i seinare på dansefleke bygt nær ved. 45: Ja. Sume av dei yngste mora seg særleg med dette. 46: Ja. sume. 47: Dette kjenner eg ikkje til. 48: Eg kjenner berre til at det sume stader i Vossebygda t.d. på bålplassen over Tvinnefossen, har vorte brent bål også 17. maidagen. Dette var det helst ungdomslaget som stod for. \[s. 5\] Emne nr. 68. Skikken i dag. 49: Fyrst og fremst meiner ein bålbrenninga i dag har til oppgåve å halda gamal tradisjon ved like. Derved held skikken nasjonalkjensle, fedrelands- kjærleik og vyrdnad for forfedrene, oppe. Det skaper og ein naturleg feststemning ved høgsumartid, og er sunn morro for ungdom. 50: Sume år har interessa minka, sæleg siste åra før siste krig. Men etter 1945 har skikken teke seg sterkt oppatt, til no dei siste par åra interessa atter har minka. 51: Grunnen til at interessa minkar, er vel at mykje anna, film, idrott reiser med bil og motorsykkel o.a. tek tid og tankar opp for ungdomen. Men fyrst og fremst stagnasjonen i ungdomslagsarbeidet. For ungdomslaga sette altid for liv og glød i den gode skikken: bålbrenninga. Anna Haga Fletre. Hagenbyen 2, Voss
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste