Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Bålbrenning på visse dager i året
NEG_68_14094_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_68_14094_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Brising, brisingen. 2: Alltid brising. 3: Stor brising, liten brising. 8: Jonsokkobrising var vanleg, alle andre tider var det brising når eit eller anna skulle brennast. 11: Jonsokbrisingen kveikte me jonsokafta, det var ut- 12: på kvelden kl. 8 - 9 eller so. Før me gjekk heim 13: i 11-tida måtte elden sløkkjast vel. 14: Oftast hadde me brisingen oppe på baret, eller oppe ved løa i Nygjerdslo, eit godt stykke ovanfor tunet. 16: Det var berre på visse gardar dei brende brising. 18: På Øvre Lid var det berre me som brende brising, og det heller ikkje alle år. Born og ungdom i granne- tuna var med oss, men sjeldnare eldre folk. 19: Gjentene likså vel som gutane. 24: Me raska ihop kvist og kvas og rotaved og rester etter risgarden i Åsen. Det skulle ikkje brennast det som verdifullt var. Or, bjørk, granabar og eine var det mest av. Frisk eine (sprakje) nørte me med etter kvart som brisingen brann ned. 28: Det hende me hadde med noko fjølatrask heime or tunet. 33: Det galdt om å få brisingen til å loga godt så han kunne vera synleg frå stader langt borte i bygda. 44: Me heldt leik og leven ikring brisingen, ikkje dans.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste