Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Bålbrenning på visse dager i året
NEG_68_14084_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_68_14084_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Namn. 1: Bålet kallar me brising, sume segjer bål – 2: Om våren reinskar ein upp i hagar og ymse andre stader. Det kallar me gjerne: bråtabrening – slikt som me sankar saman då me rydjar om våren. 3: Ein verkelg stor brising kallar me gjerne bål. T.d. jonsok bål – Tida. 4: Eg hev høyrt fortalt, at sume i eldre tider brende brising for å halda vonde vette butre frå garden – men eg hugsar det inkje. 5: Kan ikkje hugsa om «julelog» - men eg hev høyrt fortalt at på avsides garda laga dei slike ljosstenger med brennande tyristikkor bundne saman med vidjar som eit signal til andre heimar. 6: Har inkje høyrt at dei brende bål i påskehelgi. 7: Min mann som var 10 år eldre enn meg. Han fortalde at han var tidleg \[s. 2\] 7: oppe påskemorgon, som liten gut, og gjekk op på eit lite fjell for å sjå sola spretta og i fantasien tykte han verkelge å sjå kor ho dansa -. Men noko bål brende dei inkje. 8: a. Dei brende bål jonsok-kvelden. b. Sume ogso Pinseafta. c. Har inkje høyrt dei brende 1 juli. d. Men Olsok-kvelden såg me gjerne mange brisingar kring nutane -. 9: Dei raska gjerne saman noko ved å brende liten brising første daga- ne dei låg på stølen. Dette gjorde dei, for å visa at no var dei komne til støls med buskapen sin-. Dei eldre hadde mykje tru på elden for alle vette bjørnen med var redd når dei såg brisningar – Soleis kunde mi bestemor fortelja. Då ho låg på stølen med borni høyrde ho slik knaking og bråking oppi sko- gen – jau der kom bjørnen ruslan- de ned mot sælet. Bestemor skulle ha lite og då, og 4 barn var med på stølen. Ytredøra var delt i 2. Den øverste døri sto opi. Resolut tok bestemor ei stong, på den sette ho til ein stor næverkurle. Næverea låg i skotet – So retta ho stongi rett snuten på børnen. Han brumma noko og drog til skogs - . 10: Har inkje høyrt om det. 11: Dersom dei brende brising for vette og troll, so var det ingen bestemt dag. Dei brende når dei fekk innskytelse til det -. 12: Kunde godt hende ved midnat, eller seint på kvelden. \[s. 3\] 13: Dei som hadde tru på det verna både folk og krøter brende gjerne bål heile natta. 14: Dei hadde gjerne visse stader som dei brende bål. Det kunde vera på Hangoren oppe i Gråsida oppa Lønehorga. På Bø- jarmoen eller Tvildemoen. No er det helst på Tvildemoen dei brenn bål. 15: Ein brende gjerne fleire bål t.d. jonsok og Olsok men ein var ikkje bunden til å ha det på same staden. Det kunde skifta. 16: Dei brende ikkje bål på kvar gard -. 17: Dersom dei brende bål ved grindene så kallar dei det berre brising -. Dei som steller med bålet og tenner det. 18: Både unge og eldre er gjerne med når dei brenner bål – Men helst er det no ungdomen då -. 19: Gjentene er velkomne gifte kvinner også. 20: Borni lagar gjerne små bål til skrækk for mange – men dei får alltid vera med dei vaksne når dei brenner -. 21: Ungdomslagi samlar seg gjerne og brenner bål. Dei tok til med det om lag ved 1900 talet. 22: Har inkje høyrt om det her på Voss. Korleis dei bygde bålet. 23: Formi åt bålet kunde vera so ymist alt etter byggmeistrane -. 24: Dei brenner alt dei kan få tak i. Gjerne 9 slags lauvved, rusk og rask som dei kan få og prikker over ien er no dersom dei får ei tjæretunna på toppen av bålet -. 25: Det hende har eg høyrt at dei laga ei halmkjærring på ein lang staur og brende. Det skulde då symbolisera ei trollkjærring -. \[s. 4\] Korleis dei fekk bålyrke. 26: Dersom ikkje snilde folk gav dei nok bål- yrke måtte dei gjerne kjøpa lit. Dei tok då kva som helst, berre det var billigt. 27: Alle som hadde noko dei kunde avsjå gav noko til bålet -. 28: Ingen sa noko for det, om dei tok noko som låg og slong, når det var til bålet i grendi -. 29: Har inkje høyrt noko namn på dette. 30: Ja det er ein gamal tradisjon som kverv meir og meir burt, trur eg. Korleis bålet skulde vera. 31: Båli var ymsne store og mindre – I seinare tid er dei vortne små -. 32: Det var grumt å ha største bålet. 33: Det flottaste bålet hadde stor flamme og lyste langan leid -. 34: Har inkje høyrt at dei sette pris på at bå- let rauk mykje. 35: Det var morosamt tykte dei, når det spru- ta gneistar. Sume hadde lit krut i bålet. Kva bålet skulde tena til. 36: Ei gamal yvertru sa, at all eld dreiv burt vonde vette og all skrymt som skræmde. 37: Ja det verna ogso krøtera denne elden. 38: Dei kasta gjerne branda på akeren for å få god avling. 39: Dersom flammen gjekk fint tilveirs vart det god år. Der røyken tok veg var det mindre bra, soleis og med gneistane. Sjølve festen ved bålet. 40: Me kallar det jonsok leik og st.hans. dans. 41: Det var og er helst ungdomar ved bålet. 42: I to tida forlæt dei gjerne bålet. 43: Det vart gjerne drukke og ved bålet, og gjentene hadde kaker eller lefser med. men no er det slut med niste -. \[s. 5\] 44: Stundom dansa dei rundet bålet og stun- dom hadde dei ein danseplan attmed bålet. Var det ein låve tett med dansa dei der -. 45: Dei som passa bålet leika gjerne og hoppa rundet det og over det til sist. 46: Dei kåstaste kunde finna på mange ting for å visa seg, soleis sprang dei gjerne gjennom røyken også. 47: Sume tok med seg kol frå balet og gøymde under hovudputa si. Då skulde dei få drøyma om kjærasten sin. 48: Jonsoknatti fann dei 3 sortar gras og la under hovudputa si. Då skulde dei og få drøyma om sin tilkomande -. Skikken i dag. 49: I dag har den helst ei uppgåva som tradisjon, å samla ungsomen til ei hyggestund rundet bålet. Det er fest med natsjonaldrakter og \[?handargel\] munnspel og dans -. 50: Skikken med bålbrenneing har minka mykje i det siste. Det er så mykje av dette nye som fanga interessarne. 51: Grunnen til at det har minka med bålbrenning må vel mykje vera. Dei gamle truerne har kvorve burt og kino og teater tek bade unge og eldre i vår tid.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste