Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Bålbrenning på visse dager i året
NEG_68_15902_Bu_Gol
Transkripsjon av filen #NEG_68_15902_Bu_Gol
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Namn. 1: Bålet i Gol kallast alltid "verme", (ein). 2: Verme vert brukt som namn på alle slags bål både på visse dagar og på vanlege bål ute i det fri. 3: Storleiken på bålet vert namngjeve med stor eller liten verme. Tida. 4: Folkj her kan ikkje hugsa at dei brende noko slags bål i jolehelga med serleg samansanka ved. 5: Folk her hugsar ikkje noko om "julelåg". 6: Det har ikkje vore brent bål i påskehelga her. 7: Heller ikkje brende dei bål om påskmorgonene, men det er fortalt at folk i gamal tid gjekk oppå ein haug påskemorgonen og skulle sjå når sola dansa. 8: Dei brende bål her i bygda jonsokkvelden og olsok- kvelden. 9: Dei brende bål alltid kvelden før dei skulle flytja heim frå stølen med krøtera. Det bålet kallast bufarverme. (ein) 10: Ute i beita i stølsmarkene brende dei bål av og til, om ikkje på visse dagar. Det var for å verne krøtera mot udyra, den tid det var mykje av bjørn og gråbein i hamnene her. 11: Desse båla tende dei på om dagen, når dei var redde for at udyra ville søkja inn på buskapen. Jonsok- bålet tende dei jonsokkvelden, altso kvelden føre jonsokdagen. 12: Bålet tende dei ved 9 tida om kvelden. 13: Det var ikkje fastsett ei viss lang tid som bålet skulle brenne. \[s. 2\] Staden. 14: Det var visse høgder dei brende jonsok- og olsok båla på. Det var fleire slike stader i bygda. Dei ligg alle noko opp i høgda ovanfor tettbygsla. Det er gamal brennestad på Haukstadberget, på Hødne, på Brennhovd, på Lispettnøbba ofl. stader. 15: Både jonsok- og olsokbål vart brende på same stad- ene, men olsokbåla vart ogso brende oppe på åsa- ne, på høgder ovanfor stølslaga. Dei fleste folk var på stølane olsok her i bygda. 16: Dei brende ikkje bål på kvaar gard, helst berre i kvar grend. 17: Bueld brende dei ved kvea eller ute på støls- vollen i mørke netter når dei var redde for at udyra kunne søkja like inn i kvea. \[\_Dei som stiller med bålet og tenner det.\] 18: Alle i bygda kunne vera med å brenne bål, men det vart for det meste visse grupper som brende: Vaksen ungdom brende jonsok og olsokbål, gjætsle- ungane brende bufarverme. Men på denne var også budeiene med. 19: Gjenter og gifte kvinner kunne vera med på alle vermane. 20: Det er soleis ikkje helst berre born som brenner bål. 21: Ungdomslag har brent bål i det siste. Det tok dei til med soleis på lag ved 1900. 22: I vår bygd har det ikkje vore brent noko bål for arbeidsfolk ved sagbruk eller fabrikk. Nokon fabrikk har det ikkje vore i bygda før no i det siste. Sagbruk har det nok vore i over 100 år, men det har aldri vore brent bål for arbeidarane ved sagene. \[\_Korleis dei bygde bålet.\] 23: Dei la først opp ein ring av steinar, so vid som bålet skulle vera nede. I botnen innanfor denne ringen la dei steinar, helst heller om det fanns slike. 24: Brenneemne var alltid skogstre. Det kunne vera både bartre og lavtrekubbar, etter som desse treslaga voks rundt brennestaden. Dei brukte mykje tyrirøter og turrbrisk i bål. 25: Det er ikkje fortalt noko om at dei her laga til nokon menneskefigurar eller anna som skulle bren- nast på bålet. \[s. 3\] \[\_Korleis dei fekk bålvyrke.\] 26: Dei kjøpte ikkje noko brennefang. Dei fann det rundt brennestaden. 27: Det er ikkje fotalt noko om at alle skulle yte noko tl bålet. 28: Brennefanget kunne dei ta i skogen hjå andre rundt om brennestaden. Det var berre turre trestokkar og oppbrotne tyristuvar dei brukte og slikt kunne dei ta og finne kor som helst. 29: Dei hadde ikke noko serleg namn på dette. Dei sa: "Me ska dra ihop åt bufarverma". o.l. 30: Tradisjon om dette har halde seg til no. \[\_Korleis bålet skulle vera.\] 31: Storleiken på bålet var ikkje nokon fastsett norm. Det var etter som dei kunne finne brennefang. Var det lett, vart båla store, elles vart dei små. 32: Dei totte nok mun i å ha stort bål, men eg har ikkje høyrt om nokon tevling for å få til det største bålet. 33: Bålet skulle lyse so sterkt som råd var so dei kun- ne sjå logen langt og vidt utover. 34: Bålet skulle og ryke sterkt. Det fekk dei til med at dei la ferske barkvistar utanpå brennefanget, eller kasta slike kvistar inn på bålet når det brann. 35: Dei totte det var gildt at det spruta gneistar av bålet i stor mengd av og til. Det fekk dei til med å ruske i varmen med ei stong, eller kaste ein stein inn i eldmørja. \[\_Kva bålet skulle tene til.\] 36: Ljoset eller kanskje mest røyken frå buelden og eld ute i beita skulle drive burt udyra frå buskapen. 37: Gamle folk har fortalt at eld ute på setervollen ogso dreiv bort trollskap og verna krøtera mot at haugafolket fekk tak i dei. 38: Det er ikkje fortalt noko om at folka skulle kaste brandar på kvarandre ller liknande. 39: Det er ingen tradisjon om at dei tok noko varsel av røyken eller gnistane. \[\_sjølve festen var bålet.\] 40: Festen ved bålet vart nemd "jønsøkleik" (ein) Ved dei andre vermane hadde ikkje festen noko serleg namn. \[s. 4\] 41: Som nemnt lenger oppe kunne alle vera med ved verma- ne, og ein høyrer ikkje noko om at dei eldre sat heime og festa der. 42: Det er ikkje fortalt om nokon vake ved bålet, slik at dei skulle vera der heile natta. Dei heldt seg ved bålet til det var nedbrunne. 43: Ved jonsokbålet var det nok noko traktering. Gutane hadde brennevin med seg og gjentene kaker, romme- brød o.l. Ved bufarvermen hadde budeiene med seg stølsmat, bitte små ostar og mjølkeprimbetar o.l. Gjæslegutane henta blåbær og kreista ut blåbærsaft som dei hadde med seg og drakk ved bufarvermen. 44: Ved jonsok og olsokbålet dansa dei, stundom rundt bålet, men oftast på ein fet like attmed. 45: Gamle folk har fortalt at dei i gamal tid hadde for skikk å hoppa over bålet når det var nedbrent. 46: Dei sprang ogso gjennom røyken, fortel dei gamle. 47: Det er ikkje fortalt noko om at dei tok med seg kolbetar frå bålet og gøymde desse. 48: Eg kjenner ikkje til andre skikkar og truer med bål- brenninga enn dei som er nemnde ovanfor. \[\_Skikken i dag.\] 49: I dag meiner nok folk at bålbrenninga ikkje har nok- on serleg oppgåve. 50: Skikken med å brenne bål har minka dei siste hundre åra, til det i det aller siste har auka noko att. 51: Grunne til dette seier dei ikkje noko om.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste