Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Død og begravelse
NEG_64_13195_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_64_13195_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
"Dødsvarsler." Frå gamalt trudde dei det kunne koma dødsvarsel til ymse tider på året. Men kanskje var det helst i mørker varsla kom, så det vart meir varsel i det mørke halv- året. Dei brukte ymse namn på det, såleis nå- , feigd- , døda- Nåljos var ofte sett. Det var varsel. Anten synte ljoset at einkvan låg død der ljoset var (kanskje løynt under is eller snø). Eller at ein måtte halda seg undar der, for der lurte døden. I to- me hus, eller på tufter etter hus, var sett nåljos. Det fylgde alltid uhygge med nåljos. Ymse uhepper under arbeid eller føre- tak var varsel om død. Dei kunne kalla det "feigabod". Eller seia til ved- komande: "Eg meiner du er feig!" 1: Nåljos kunne syna seg nårsomhelst, når det var dimt eller mørkt. 2: Ja. Nyårsnatt og ymse torsdagsnetter. \[s. 2\] 3: Det var visse folk som kunne få vita meir enn andre, også om dødsfall i året som skulle koma. 4: Dei var anten synske. Eller dei set- te seg i samband med ånder og fekk vita ting som skulle henda. 5: Nei. I eldre tid då folk vanleg had- de lopper eller lus (unaò), tok dei det for feigdateikn om alle smådyra vart borte. "Eg meiner du er feig", sa dei då. Dei trudde dei måtte ha akt. 6: Feigdasvult. Dei kalla det "feigdasvult" når eit menneske låg for døden, og så brått vart sers svolten. Det var varsel om at døden nærma seg. 7: Moldtrote. Når dei trutna opp nedan- for beltestaden, kalla dei det "moldtròte". Fyrste gongen eg høyrde det var i Vikja. Det kunne også vera folk som gjekk oppe. Han Jens Grimastad var oppegåande, men ikkje frisk. Kona sa då han gjekk ut: "Han ha no fenge moldtròten", ser eg. Det var varsel om at dei snart skulle ned i jorda. "Dødsleiet". Etter det eg har høyrt, skulle dei få døy i den senga dei var vane å liggja i. Husbondsfolket låg til vanleg i "storasengja" i stova, og der skulle dei få døy, dersom dei budde er. Men var dei flytte åt kårstova, låg dei der og døydde. 8: Romet skulle vera i god orden. 9: Ja, dei meinte sume ting i senga kunne forverra, eller forlengja, dødskam- \[s. 3\] pen. Det var alt det som kunne verka serleg varmt. Og det var dunputer og fjærputer og under- eller over-dyner. Desse skifte dei ut med halm eller reinshårputer, og annan under- og over- breidsle. 10: Ja. Presten skulle koma og bu den døy- ande til siste reisa, snakka med han om dei evige ting, og gjeva han nattverd- en. Bad den sjuke sjølv om det, måtte husens folk straks senda bod og syta for skyss til presten. Om den sjuke ikkje bad om det, burde folket hans likevel syta for at det vart sendt bod til presten. 11: Eg minnest soknepresten var til henne godmor då ho låg for døden i 1906. Far og mor var flytte ut or stova, og ho godmor var flytt inn or kammer- set ho budde i, og låg i stova siste tida. Det var fint fjelga i stova og lagt kvit duk på eit lite bord som var sett bort til senga, og der stod ein massingljosestake med ljos i. Soknepresten hadde hest sjølv som han køyrde med, så me trong ikkje skaffa han skyss. Han hadde med seg prestekleda og kledde seg i dei, og det var svært høgtidsamt då han delte ut nattverden til den sjuke og til far og mor. I seinare tid har ikkje presten brukt å ha prestekleda med, utan då dei som sende bod etter han serskilt bad om det. Det er same skikken no som før, \[s. 4\] at det skal vera sers fint i romet hjå den sjuke, helst med kvitt både på seng og bord. Dei som vil kan nyta nattverden saman med den sjuke. Det er rekna for den siste store høgtid dei kan ha saman. 12: Næraste slektingane skulle sendast bod etter, såpass i tide at dei kunne få ta avskil med den døyande. 13: Stundom sa den døyande ifrå korleis gravferda skulle vera, og kven som skulle bedast, og det vart oppskrive. Andre sa ikkje noko om det. Men dei kunne seia frå om arv og skrifte, og det burde skrivast opp. Dei som var omkring hadde plikt til det. Leike eins sa dei ofte ifrå, dersom dei ikkje ville ha kransar. "Tiden mellom dødsfallet og begravelsen." 14: Dei brukte ymse uttrykk. Dei sa: "Han er flytt ifrå oss". Eller "Han (ho) ha fenge flytt no." "Han er sovna." "Han ha sovna inn". "Han er slokna". Han har fare ifrå oss". Også: "Han er død (dø'ù). "Ho er død"(dø'). 15: Eg har ikkje høyrt at dei i eldre tid heldt ei fjør attfor munnen. Men det eg minnest, vart det kjent etter pulsen. 16: Der gjekk segner om det. Men ikkje har eg høyrt av nokon at dei hadde vore vitne til det. 17: Ein klemde att augneloka. Men la ikkje noko oppå. Den som stod \[s. 5\] den døde nærast, skulle ha føreretten til å lata att augo. T.d. mannen kona si, kona mannen. 18: Ja. Ein stødde anten hoka opp med ei tjukk salmebok, eller batt eit bind om underkjeven. 19: Nei, ikkje nett med same. Men ein skulle seia frå til dei næraste granna- ne same dagen, dei skulle ikkje høy- ra det av andre. 20: Det var ikkje nokon fast person. 21: Nei, eg veit ikkje det. Kanskje øyken, dersom det var husbonden, eller den som brukte han. 22: Ja, ein sette opp glaset. Men måtte så passa på, serleg dersom det var i fyrste høgda, at det ikkje kom noko dyr inn. 23: Nokre timar. 24: Liket vart strekt ut på eit bord, eller ein benk. 25: Nei. Det vart lagt på berre benken. 26: Eg har ikkje høyrt dei har brukt det ordelaget på Voss. Dei sa: Liggja lik. "Han låg lik". 27: Ja. Halmen vart boren ut straks. Og seinare brend. 28: Berre undertrøya, som vart skoren av liket, vart brend. 30: Nokre timar etter, 2 - 3. 31: Helst einkvan som ikkje var skyld den døde. Anten eit par grannekvin- ner, eller andre. 32: Nei. 33: Ja, håret vart kjemt, i alle tilfelle. \[s. 6\] Og fletta, om det var ei kvinne. Det skulle vera kjemt og stelt på same måten som når kvinna var i live. 34: Dersom det ikkje var gjort nyleg før. Dei passa gjerne på og gjorde det, dersom mannen brukte å bar- bera seg, og han ikkje var så sjuk at det var uråd. 35: Ja. Dersom det ikkje var gjort nyss før. 36: Ja. Og det grundigt også. Det skulle sjåast etter at liket var heilt reint. 37: Nei. "Likklær" 38: Dei sa: Ha likkleda på. Eller: Kle liket. Sveipa brukte dei ikkje om dette. Det var berre brukt om lik-lakan. 39: Dei heitte likklede. Då var det meint alt, både dei kleda dei kledde liket med, putevar og eitt eller fleire lakan. 40: Nei, ikkje "likblæja". Men liklakan. Og "Sveip". Sveipet var eit svært stort lakan. Det vart lagt under liket og fall så ut over kantane på alle fire sider av kista. Når liket var lagt i kista, og dei hadde hatt andakt, tok eit par menneske og brette lakanet opp og sveipte den døde inn. Det var ein høgtidsleg handling, og kallast "å sveipa liket". I mitt minne var det anten eit par grannekoner, eller òg næraste folket som "sveipte liket". \[s. 7\] 41: Nei, ikkje det eg veit. 42: Det veit eg ikkje så visst. Men i eldre tid hadde dei den meining at kroppen skulle vera skikkeleg skýlt av kleda. I nyare tid har synet på dette brigda seg noko. Det kjem vel av at dei no brukar papirklede. 43: Ja, eg har høyrt at det har vore menn som hadde brudgomsskjorta lig- gjande og vart kledd i den. Og om ei kvinna som skulle vera brur, men døydde nyss før bryllaupet, at ho vart kledd i brureskjorta. Men elles har eg ikkje høyrt det om kvinner. Det vanlege var at dei hadde ei skjorta lig- gjande. I eldre tid var ho av heimespun- ne og heimevove lin. 44: I gamal tid brukte dei berre lin. Dei kjøpte ikkje bomulls-tråd eller bomullsty. Dei dyrka og spann lin og hamp. Og lik- kleda skulle vera kvite og fine, dei kunne ikkje vera av hamp eller stry. 45: Det har eg ikkje høyrt noko serskilt om. 46: Nei. 47: Det måtte i tilfelle vera dei gifte kvinnene som fekk skaut på seg. 48: Nei, ikkje det eg veit. 49: Nei, ikkje det eg veit. 50: Likskjorta vart sydd med blonder på kragen og nedetter brystet, frå den tid det vart brukt bomullsty og det var bomullsblonder å få. Skjorta var open i brystet både kvinne- og mannsskjor- ter. \[s. 8\] 51: I 1915 - 20 åra. 52: No kjøper dei likklede av papir. Men eg veit om eldre folk som tykkjer det er altfor simpelt, mest fornedrande, å bruka papirklede, og som difor syr likklede av bomullsty til sine. 53: Nei. Sjå Sp. 40. 54: Nei. 55: Ja, det var heller fårleg. Men ein- kvan måtte stella liket. 56: Nei. 58: I eldre tid hadde gamle folk stå- ande ferdig likkista til seg. Og turr material til ei kista måtte dei ha liggjande, om eit uventa dødsfall skul- le koma på. 59: Ja. Så lenge trenaglar var i bruk. Kanskje lenger. 60: Det var berefatslar (berfatlar) i kista, anten av tog, eller av jarn eller tre. 61: Mennene på garden (i huset). Ofte med hjelp av grannar. 62: I eldre tid var kista alltid svart. Eg trur dei brukte "kjørnrøyk", men dette er eg ikkje så viss om. 63: I 1915 - 20 åra. 64: Nei. 65: Ja, høvelspon. 66: Det eg har sett vart putevaret fyllt med høvelspon. 67: No vert kista kjøpt ferdig. Det vanlege er kvitmålt. Men sume har trefarga kister. 68: I mi tid har dei ikkje hatt nokon \[s. 9\] lause ting med seg i kista. Dei har berre det som høyrer med til lekamen, t.d. laustenner i munnen, og sume har gifteringen sin. Det siste berre når dei sjølve har sagt ifrå at dei ville det. 70: Kista vart pynta av folket i huset, skyldfolk eller uskylde (om dei ikkje hadde slekt.) Det var små krossar av granbar på kistesidene. På det skrå lo- ket også granbar, eller lyngkarnsar. I sumartida batt dei nokre kransar av lauv og hanekamb og blomar og la på loket. Eg hugsar godt kista hennar godmor Bjørgo vinteren 1906. Ho var i mine au- go svært fin. Svart, pynta på kistesi- dene med små granbarkrossar. På det skrå loket ein lang krans av tytebærlyng i slyngingar heilt rundet. Oppå loket, i midten ein stor kross av reinlav med dottar av drivkvit mose og litt grønt i. På kvar sida ein rund krans av rein- lav med buntar av raude rognebær. 71: Nei, det har eg ikkje høyrt. 72: Det kunne vera "myrapost" (pors). 73: Nei. 74: Ja. Næraste folket kom, og så gran- nane. I eldre tid sa dei berre: "Å leggja i kista". Ikkje substantiv. No seier dei og "Kisteleggjing". 75: I eldre tid låg den døde i senga når folket samlast. Dei gjekk då bort og såg på han og tok avskil med han. Eit par menneske tok så liket og la det bokstaveleg i kista. Så vart det sunge og halde andakt. Deretter vart \[s. 10\] liket sveipt. No plar den døde vera lagd i kista før folket kjem. Dei går også no bort og liksom helsar den døde. Så er det andakt, og salmesong før og etter. Det er anten ein or grenda, eller av skyld- folket, eller læraren, som held andakt. Sidan er det mat og kaffi i eit anna rom. Og folket går stilt kvar til seg. Nei, nokon fest etterpå har det ikkje vore i seinare tid. Det var i 1830 åra ei "likvòka" på Grovù i Kvitli, der ho godmor Bjørgo, Brita Larsdotter Bjørgum, var med. Ho tykte det var uhugleg. Det har eg skrive om før. 77: Eg veit ikkje om pynting av romet, anna enn litt grønt og blomar. Attmed kista. Seinare på kista. T.d. eplegreiner med blomar. Eller berre blomar i hendene. 78: Nei, det vart ikkje pynta. 81: Nei, ikkje det eg har sett. 82: Ja, det gjorde helst det. 83: Inne i stova vart det berre lagt ein duk (serviett) over andletet. Etter liket vart lagt i kista, vart loket pålagt og kista bori ut i eit uthus. 84: Ein linduk med dreielsmønster (serviett). 85: Nei, eg veit ikkje om noko anna namn enn "ansiktsduk". 86: Ja. Grannane var der vanleg når ein la i kista. Men var nokon forhindra, kom dei gjerne innom seinare, born kun- ne òg vera med. Like eins om nokon av \[s. 11\] slekta kom til ei onnor tid. Ein spurde då: "Vil du sjå han?" Dersom det ikkje var så lenge etter døden, at ein trudde han hadde "teke forandring". Då opna ein ikkje. 87: Nei. 88: Dei har i dei siste 10 åra byrja bruka eit par forsamlingshus på Vangen til å setja likkista i, såleis Vonheim og Nain. Skikken har då forandra seg, slik at dei har gravferda i dette forsamlingshuset, presten er med der, og kista vert førd derfrå til kyrkjegarden. Etterpå samlast folket på ein kafé eller eit hotell til eit matmål. Men sume har endå likferda frå hei- men. Matmålet etter jordfestinga kan dei likevel ta på kafé eller hotell om dei vil. Sorg. 87: Ja. Det skulle vera stilt på gar- den ute og inne, så lenge nokon låg lik. Grannane tok òg omsyn til det. 90: Ikkje noko samanstimling av folk - korkje ved arbeid eller gjestebod. 91: Ja. Syrgjetida varde igrunnen eit år. Men det var strengare den fyrste tida. 92: Sømeleg var det å ta syrgjeklede på når ein gjekk nokon stad. Halde minnet om den døde i æra. Passa sitt arbeid. Ikkje halda nokon dans eller ståkande gjestebod i heimen. Det er halde opp som skikk den dag i dag. 93: Til siste verdskrig i 1940 åra, brukte \[s. 12\] alle, menn og kvinner svarte eller mørke- blå klede, svarte sokkar og svarte sko i likfylgjet. Born også, men det kun- ne gjerast undantak for dei. Sidan det leid litt ut i krigstida og det vart vanskeleg om ty, har folk gått med det dei hadde, utan større omsyn til fargen. Så skikken har forandrast litt om senn. Men næraste folket bruker svart eller mørkeblått også no. Nær slekt gjekk med syrgjedrakt året ut. 94: Ikkje anna enn at ho brukte svar- te klede, stakk (doss) og trøya, kåpa og svart hovudplagg (hoveklut). Seinare kjole, kåpa og hatt. Enkjemenn brukte også svarte, eller mørkeblå, klede og svart hatt. 95: Det var ei uskreva lov at ein skul- le ikkje gjeva seg over i sorg. Og slett ikkje saman med folk i likfer- da. Over folket har det til vanleg vore stor sjølvtøyming. Ein kunne høyra ord- \[?tan\] som dette: Du gret ikkje liv i han. Eller: Du får henne ikkje att, kor du syrgjer. 96: Nei. 97: Åja, dei hadde ymse råder. Ovtru og tru. Ein skulle gå rangsøles rundt hu- sa tre torsdagskveldar på rad. Drikka drykkjer av urter, drykkjer som sløkte sorg. I eldre tid vart enkjemenn og enkjer tilrådde å finna seg ein ny maka. I Grønlidi var ei kona og stelte til likveitla hjå grannen. Han hadde mist si kona. Då sa denne grannekona: \[s. 13\] "Det er ikkje noko onnor råd for han, (ho nemnde namnet på mannen) han lyt finna seg ei att!" - "Hyss", sa hine, ein lyt no få kona ut om dørstokken fyrst". Dei kunne gifta seg att med sømd når syrgjeåret var ute. "Synge ut liket". 98: Ja. Likferdene var før på same dagane som bryllaupa, tysdag, tors- dag og laurdag. Aldri på sundag i våre bygder. I nyare tid er det òg desse dagane til vanleg, men det kan òg vera på andre yrkedagar. 99: Likfylgje.. Dette namnet omfatar alt, både veitsla heime (eller borte) og fylgjet til kyrkjegarden. Likveitla. Det er berre veitsla (heime og borte), heime eller borte. Likferd og gravferd er ord som er komme inn i nyaste tid. 100: Eg har høyrt yttrykket: "Syngja ut liket", både på Voss og i granne- bygda Granvin. Men i våre grender sa dei òg: "Tala ut liket". Dei hadde i eldre tid ein talsmann" til det. Såleis han på Øvre Fenno som byra talen sin med: "Hytt du gamle ol- ding!! No er du kommen til din kvile- stad" Så dei hadde nok både tale og song. På Seim i Granvin sa dei med meg: "Ho mor di var her og "song ut" liket då ho \[\_Gamla-Lisbet\] var død". Det var alltid inne frå huset og ut \[s. 14\] dei kalla "å syngja ut liket". Den (og dei) som song byrja syngja med same dei lyfte opp kista, fylgde etter og song til dess kista vart sett på kjerra (eller sleden) som var dekt med granbar. 101: Nei. 102: Ikkje det eg minnest. Men det har vore brukt i eldre tid. 103: Ikkje ljos på kista i mitt minne. Heller ikkje attmed. 109: Ikkje natt før likfylgjet. Når dei i eldre tid vakte over liket (før det vart lagt i kista) hadde dei ljos stå- ande i romet heile natta. 110: "Vòkestova" og "Likvòka" har eg høyrt om av henne godmor Bjørgo. Dei kalla det "likvòka" når folk i grenda samlast og var der ei heil natt. Dei opp- førde då eitslag dans inne i storsto- va kring den døde. Jf. Spm. 75. Korleis dansen var, veit eg ikkje visst. Men ho godmor tykte det var noko heidensk ved det. Og ho sette seg føre aldri meir å vera med på noko slikt. Vòkestova meiner eg skal vera den vanlege vakinga over liket om nettene. Det var husens folk, eller grannar, som sat med kveikte ljos og heldt vakt over den døde, nettene før han vart lagd i kista. Kanskje også etter han var lagd i kista, dersom ho stod inne i huset. 111: Kring 1900 talet. Eller før("likvòka tidlegare.) 112: Nei. 113: Dei song med seinare takt. \[s. 15\] 114: Ja. 115: I eldre tid var det reint undantak at presten var med. I 1925 - 30 åra vart det meir ålment. Det auka meir og meir. No er det vanleg skikk. 116: Dei hadde fyrst mat i andre rom. Så samlast dei i stova der likkista stod. Ein frå grenda, eller læraren i krinsen, sa opp salmar og heldt andakt, og song ut liket. Han var beden om det på førehand, like eins som "talsmannen" i eldre tid. Det var ikkje så vanleg at dei sa noko om den døde i talen. Og slekningar heldt ikkje tale. Ville dei seia noko om den døde, sa dei det i samtalen ved bordet, den krinsa gjerne om den som var borte. Eller dei sa det ved kista med same dei kom inn, før folket sette seg ned. Noko tale ved kransepålegging var det heller ikkje. Alt var halde i ein roleg dempa tone, utan store ord. 117: Nei, eg har ikkje høyrt om det. 119: Menner som stod den døde nær. T.d. søner og versøner. 121: Skikken er som før. Grannar berre når der ikkje er mannlege slektfolk. 122: Eg meiner: Med hovudet fyrst. 123: Nei. 124: Nei 125. Ja. 126: Det var ikkje noko fast. 128: Alle, kvinner og menn, fylgde med kista ut til lik-kjerra. Sidan til kyr- kjegarden, ingen gjekk heim att. 131: Nei, det er gamalt syn. Dei æra den \[s. 16\] døde ved "å fylgja han", som dei sa. 132: Nei. 133: Nei. 134: Ja. Eg meiner det har vore i bruk så lenge folk har hatt flagg og flagg- stenger på gardane. Men det går ikkje så ovleg langt tilbake. 135: Heile grenda. Gardar langs kyrkjevegen. Også andre. Han far sa då han reiste om morgonen: "Du skal heisa flagget for han Andres under Berget". "Dei ser det ikkje derifrå", svara eg. "Ja eg vil du skal heisa det," sa han far. Eg så gjorde. Og ho Marta under Berget som sat heime likferdsdagen, hadde gått opp på Berget og sett flagget. "Det vart så godt for meg då eg såg flagget", sa ho etterpå. 136: Ja, Dei går til topps no òg. "Dei kan ikkje folkeskikk", seier dei, om ein- kvan ikkje har heist flagget etter jord- festinga er over. 137: Etter kvart som dei såg, eller visste, at folke kom tilbake. 139: Nei. 140: Dei vinka ikkje. Dei stod stilt ved vegen medan likferda køyrde forbi, som dei stilt helsa den døde. 142: Nei. Det er imot vår skikk. 144: Det har eg ikkje høyrt. 145: Tjukt lag av grankvister. 146: Nei, det har eg ikkje høyrt. 147: Nei. 148: Ja. Dei køyrde aldri i tråv, ber- re i dilt. Og framum gradane køyrde \[s. 17\] dei helst i gang. Eg sat i stova på Lid, attmed henne godmor Bjørgo, ved glaset, då likfylgjet med henne Brita Bjørgo, moster, kom. Dilte-tråvet stan- sa brått då dei kom ut or skogen, og heile dei lange Lia-Flyane køyrde "likråda" i i skritt. Eg såg med mine barneaugo at dei sette øykene i dilt mellom trea i skogen nedanfor Lia- Flyane, vegen var lang og dryg. 149: På heimvegen køyrde dei forare. då kunne dei halde same diltet hei- le tida. I mitt minne hadde dei aldri rusdrykk i likveitsla. Tok dei til med kappkøyring på heimveg, måtte dei vera fulle. 150: Ein av mennene i huset, mann, son, bror til den døde. 151: På gardsveg gjekk han ved sida av, dersom han køyrde med kjerra. På slede sat han på heile tida. På riks- veg("postvegen") sat han på, også på kjerra. 152: Nei. 153: Frå fjellgardar der vegen gjekk i kleivar, laut dei kløvja eller bera kista framom kleivane. Men elles køyrde dei kista på slede både vinter og sumar. Om sumaren på tremeia- slede. 154: Ei viss avtru låg det vel i slike utsegner: Klokka klykte so fint over henne". Eller om veret: "Han fekk ein fin dag å fara til gravar på". Var det torever gravferdsdagen, tok dei det for eit vondt varsel. Eg \[s. 18\] minnest berre ein gong det var tore- brak i lag med kyrkjeklokkene, då dei kom køyrande med kistene etter dei på Leidal som brann inne. Tora slo og slo då dei køyrde inn på Vangen. Det \[\_var\] uhyggeleg - og det tykte alle. 155: Nei. "På krikegården." 156: Dei som hadde bore ut kistene heime, skulle lyfta den av vogna. Kista vart sett på marka. I regn el- ler snøsletta på eit par plankar eller liknande. Kankje to låge skamlar. 157: Nei. 159: Dei same bar kista heile tida. 160: Nei. 161: Ja. Før i taka, når presten ikkje var med i likferda, og dei kom frå heimen med kista. 162: Nei. 163: Nei. Det er berre når gravferda er frå kyrkja, og då er kista sett inn i koret før folket kjem. 164: Ja. Klokkaren gjekk etter kista og song gravferdssalmar til dess dei kom til grava og sette kista ned. 165: Nei. 166: Det vart ringt når gravferda kom til syne for ringjaren i tårnet (og det er høgt!) Eller i seinare tid når dei som ber kista kjem ut or forsamlingshuset. Det vert ikkje jamna over grava med same hjå oss. Det gjer gravaren sidan. \[s. 19\] \[\_Graven.\] 167: Det var før mitt minne. 168: Dei kalla han berre "Gravaren". 169: Det veit eg lite om. Men det laut sikkert gjerast på førehand. 170: Ikkje har eg høyrt om det. 171: Det var alltid jordfesting med same ved Vangskyrkja på Voss. Nokon spade etter jordfestinga vart ikkje kasta. 172: Dei la den meininga i det som er sagt i ritualet. Me er av jord, og no er me komne tilbake til dette ele- mentet, men av jorda skal me atter løysast ut og standa opp. 174: Det vart anten \[\_teke av\] nokre kransar, eller gravaren tok opp att nokre, (etter avtale). Når grava var tilkasta, vart desse lagde oppå. Det var brukt både vinter og sumar. Når grava hadde sige noko, vart ho stelt, og det vart planta blomar oppå. 175: Før var det ikkje noko pynting til Helgamess eller høgtid. No i det siste har dei byrja med det, men eg trur det er helst dei som bur nær kyrkjegarden. \[s. 20\] "Særlige tilfelle". Korleis det var i eldre tid med sjølv- mordarar, veit eg lite om. 176: I vår tid får ein sjølvmordar same stell og same likklede som andre. Også likveitsla og likfylgjet er like eins som for andre. Gravøl. 182: "Likfylgje". "Likveitla". Sjå spm. 99. 183: Frå gamalt var det mannen eller sonen i huset. Sonen dersom faren var død. Om enkja bad sjølv når man- nen skulle gravleggjast, veit eg ikkje visst. Men eg trur det. I nyare tid kan ivissa kvinner også be inn. Ei enkja på Øvre Lid som ikkje var skyld oss, spurde meg om å gå og be i grenda. Ho greidde det ikkje sjølv, sa ho. Nokon fast bea mann hadde dei ikkje. 184: Nei. Grenda var den same. 187: Ordelaget var: "Eg ville (skulle) høyra om de ville gjera vel og fylgja han far (eller ei anna nemning) til gravar om tysdag". Og så nemnde ein på namn dei som skulle koma. 188: Den som bad i likfylgje skulle ikkje ha noko slag matetling. 190: Berre ein dag. Men var det be- de folk langvegs frå, skylt eller u- skylt, kom dei kvelden før, og var gjerne også til dagen etter likfylgjet. 191: Likferdsdagen var det: Furkost før dei for til kyrkja. Middag når dei kom att. Kveldsmat. I seinare \[s. 21\] tid kaffi mellom middag og kveldsmat. Etter dei byrja ha likveitsla på kafé eller hotell, berre middag og kaffi etter jordfestinga. 192: Nei, eg veit ikkje av det. Men dei hadde faste skikkar. Alltid kjøt til middag. Lutefist og grynsupan gjerne til kvelds. 193: Nei. 194: Nei. Men både folk i grenda og slekt- ningar hjelpte til. 195: Ja. Medan likfylgjet var samla i heimen og når dei drog forbi. Men det fall mykje av seg sjølv, husbondsfolket var med. 196: Det var avlagt tidlegare enn dei slutta med å ha fødner i bryllaup. 202: Dei hadde ikkje brennevin i likferd etter at folk "skreiv seg frå brennevinet" i 1860 åra. Øl var brukt, men med måte. 203: Tvert i mot. I mitt minne har det aldri vore rusdrykk i likfylgje. 204: Nei. 205: Ved hundreårsskiftet, trur eg. Men det var ikkje mykje brukt. 206: Ja. Han var bunden heime. Med ville blomar, t.d. kattefol eller potteblomstrar. 207: Ja. I 1820 åra. 208: Nei, dei vert ikkje lagde på. Nokre av kransane vert tekne opp, hine vert liggjane 209: Dei vert liggjande ei tid. Sidan tekne bort. 211: Ja. Etter dei byrja ha likfylgjet frå eit forsamlingshus, middag og kaffi på hotell ell. likn. 212: Einskilde framståande folk kunne avertera dødsfall i eldre tid. Men det jam- ne folk byrja ikkje med det før i 1912-1920 åra.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste