Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Død og begravelse
NEG_64_13080_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_64_13080_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Emne 64 Emne: Død og begravelse. Oppskr. av: Martina Søylen. Adresse Voss. Fylke: Hordaland Herad Voss. Bygdelag: Voss. Gard: Rogne. G.nr: 49 Bnr 17. A Eiga røynsle. 72 år Voss, husmor Svar: 1: Dei gamle hadde tru på ymse varsler for død. Låg det to halmstrå i kros på stovegolve ja då kvakk dei til - Me få spyrja nokon død no sa dei. Likeins om det låg to høi- strå kors i tun eller stova. Dei tok slike strå og bar dei varsamt ut -. Dersom det song i veden i omnen, ja så var det nokon som \[?bleiv\] og me borni vart reint ille ved når me høyrde desse uljodane i veden. Kom ein hund og gjøydde rundt husi - då var det dødsvarsel - "ugotleg", som dei sa. Dersom ei eller fleire kråker sette seg i eit tre attmed heimen og skreik - ja då var det og varsel. 2: Ei mor fortalde meg, at ho såg liksom ei ljosstjerna inn ved Landarosen. Ho tok det som varsel. 8te dagar seinare drukna sonen hennar der -. Dette var om våren. 3: Dersom ein framande kom inn i stova, dei nett var ferdige med måtide, då sa dei: "dette menneskje må vera feig" -. Dersom ein fugl kom å pikka på ruta i det rome ein var, kanskje fleire dagar på rad - ja då var det dødsvarsel -. \[s. 2\] Det med hund som fleire dagar på rad helt ein klagande ljod rundt husi, og fuglen som pikka på ruta, hev eg sjølv vore vitne til. Det hev vore dødsvarsel. 4: Det hev vore, og er, folk som har varsler meir enn andre, soleis mi mor kjende det på seg når me borni var i livsfåre. Soleis hende det medan eg var styrarinna for Voss misjons hotel at eg vart so dårleg ei nat. Eg fall i "uvit" ute på altanen. Tidleg om morgoen kom mi mor. "Eg kjende det var noko som stod på", sa ho, og eg måtte sjå til deg"! Ho gjekk 1/2 mil -. 5: "Feigdalus" fekk ei kvinna eg kjende godt. men det vart ikkje ho som døydde, men det var ein ungdomsven, som ho var mykje glad i og han var vist glad i henne og. Ho sa til meg seinare - "ja eg måtte få feigdalus for denne venen min." 6: Eg hev høyrt at det hev vore folk som har lede av slik hunger kjende seg aldri mette - og det skal ogso vera varsel -. 7: Dei gamle kårfolk og slike skulde no helst få døi i si eigi stova, om dei hadde det. Det var ikkje "gatlæ" om dei datt døde ned i løda, flor eller i tunet -. 8: Rome til den døyande måtte helst vera der det var stillaste. I beste kråi i stova eller i klaven, kammerset eller på lemen. Ein var inkje bunden, måtte laga plass der det høvde. Det skulde helst ikkje vera mykje i rome. Eit ljos - salmebok bibel, eit bord og ein stol i rome -. 9: Dr. Parr, Bergen bad om ei bestemt pute med fjær, som han ville døi på, det fortalde hans hustru meg -. \[s. 3\] 9: Eg trur det var hønsefjær i denne puta og den hadde Dr. Parr. tru på var god -. Ofte opna dei vindauga for den døende skulde få meir luft - så gav dei den å drikke eller "væta" lippane på det siste Slekt og vener som var tilstades skulde beda farvel med den døandes -. 10: Ofte sende dei bod etter presten. Dei som ynskte det fekk også nadverd då-. 11: Fleire dødsfall som eg har vore vitne til, hev dei bodsent presten, teke i mot nadverden med sine næraste. Soleis var eg hjå ei eldre kvinna eg var glad i - Fyrr presten kom, gjekk eg inn å tala lit med henne, for eg hadde hug å høyra Korleis ho hadde det no, då ho visste hennar tid snart tok slut. Eg spurde henne om ho var rædd for å døy - Ho svara meg greit og snøgt. " Nei, Jesus døydde no for meg og, og det døyr eg på. Denne avskjedstund kjem eg aldri til å gløyma. 12: Ja ein sende bod etter slekt som ein var glad i og gode vener eller uvener som ein ville gjera forlik med. 13: Mange bestemte si eigi gravferd. Kven som skulde bedast, og om kva mat dei skulle ha, og kor mange det skulde vera med. Dersom dei hadde ein lang og lei sjuk- dom kunde dei ogso ordna med garden, skøyta den om inkje det var gjort før, eller segja kva ting den og den av borni skulde ha etter dei. Mange kom ogso i hug dei fatige, eller misjonsarbeide som då var byrja. Mi Oldemor på Bære gav ordre til si ætt, som skulde bærast vidare Og mi mor gav dei til meg: Vær miskunsame" Dette gav ho til sine på dødsleie. \[s. 4\] 14: Dei brukte ymse ord for å dø som å sovna inn, flytta, slokna, fara av, reisa til Himlen -. 15: Det vissaste merke var vel, at dei kolna. Hjarta helt op å slå. Elles hev eg høyrt, at sume var redde om dei kunde vere skinn- døde, og soleis brukte ymse middel for å vera viss i si tru om døden. 16: Eg hugsar ein forteljing om ein skinndød. Denne mannen vakna til og slog i låket på kista, fortalde dei. Sidan vart mange mykje engstelege og skrudde mest aldri låket på fyrste dagen etter døden. 17: Ein lat att auga og batt gjerne ein duk om haka og over hovudet for å halda munnen att. 18: Sume la ogso salmeboki under haka for å halda munnen saman. 19: Dei gav gjerne naboane bod om det som hadde hent, soleis kan eg hugsa at då min far døydde so vart naboen straks varsla. Han kom då og sat lenge attmed sengi og berre sa, uppat og uppat. "Du har vore ein tolugo mann!" Denne naboen var sume tider så snarsint. 20: Den som fyrst gjekk med bod var då gjerne sonen i heimen om han var til- stades. Eller nokon av dei næraste. 21: Var det husbonden so måtte no i alle tilfelle hesten få vita det. Elles hunden han trudde dei skyna det mest. Dei såg det på han. Han var ikkje som elles. 22: Ein opna vinduet i dødsromet. Hengte gjerne eit kvit laken fyre glaset, stogga klokka og flytte ut ting som ein hadde bruk for. \[s. 5\] 23: I vanlege høve la dei like i kista dagen etter døden. Venta dei på nokon serleg, som skulde koma til denne flyttingi, så kunde dei venta ein dag på dei om det høvde so. 24: Sume sette likkista på ein benk eller eit bord i same romet. Andre sette kista i kjellaren på ein benk eller eit bord. 25: I kista bruka dei mykje å ha halm under lakeni. No bruka dei lit spon her. 26: Eg trur det kan brukast både om å ligge lik i sengi (for gamalt bruka dei halm å ligga på) og å ligga lik i kista. 27: Vanleg bruka dei å brenna halmen til den sengi, som den døde låg, ei litti tid etter. 28: Dersom det var smitsom sjukdom brende dei gjerne arbeidsklædi med same -, men under vanleg sjukdom, tok dei gjerne vare på klædi, gav dei bort til fatige, eller sydde dei om til borni. 29: Dette med likstsrå er nok eldre enn mi tid. Det er vist heilt frå den tid folk bruka å ha jordgolv. Då hev eg høyrt at dei bar inn halm å sette kista på. Og denne halmen brende dei når kista var reist burt frå gården. 30: Liket vart stelt dagen etter døden, eller så snøgt dei kunde få hjelp til dette arbeid, og at kista då var komi i hus. 31: Det var visse folk som hadde dette arbeid. Gjerne sterke kvinnor eller menn med dygtigheit i faget. Sjeldan kunde dei då få ei sjukesyster i eldre tid. 32: Den som stelte lik måtte vera sømeleg klædd. Gjerna i svarte klær, med eit kvit eller rutete forklæ utapå. \[s. 6\] 33: Håret vart ogso stelt. Var det ei kvinna so kjemde og fletta dei henne. Var det ein mann så skulde han barberast der som han bruka å sjegga seg og håret måtte kjembast. 34: Det var gjerne nokon av slekti som kom langfarande, og liket måtte barberast. for dei som hadde hug sku få sjå liket. 35: Dersom neglene var serleg store klipte dei dei. 36: Vanleg vaska dei liket, men det kunde vel henda, at det vart utelæte og -. 37: Eg hev høyrt at likvatne vart brukt til å vaska hovudet og hender til dei som hadde serleg noko i mot den døde. Det skulde då hjelpa den attlevande frå hemnakt, frå den burtfarne -. 38: Her sa dei både likklæde og sveip. 39: Likklærne kalla dei Liklaken fyrr dei var sydde. 40: Sume sa liklaken andre sa sveiplaken. Det var 3 m. langt og skulde sveipest opover føtterne. Under hovudet la ein ei pute, og so laga ein liksjorte. Alt var laga av liklakentøi. 41: Det var nok sume som fant på å bruke brudelakenet til liklaken, men det forekom berre hjå "konsjonerte". 42: Har og høyrt om menn, som ville få klæ seg i i sine brudgomsklær i kisten sin. 43: Sume hadde både matrial til likkiste og laken liggende. Det hadde min far -. Andre kunde bruke brudgomssjorten sin eller brudelinnet til liksjorte. Til min far sydde eg både puta og liksjorte av samme stoff som lakenet,- og vi la han i det - \[s. 7\] 44: Det var fåe som hadde lin på vore kantar Nei det var eit simpelt kvitt stoff, som var stiva med "prepreatur" er det vel det heiter 45: Nei føttene sveipte me inn i lakenet 46: Vanleg var det utan sko og strømpar - men dei som låg i dress hadde sikkert sko og strømpar ogso på seg -. 47: Kvinnene skulle ha ein \[\_nåduk\] som dei kalla - ja eg hugsa at mennene ogso hadde ein slik duk over anlitet -. 48: Det kunde då vera lit forsjel på unge og eldre. Dersom det var unge kvinnor la dei gjerne ein myrtebuket om hovudet. 49: Har inkje høyrt at barselkonor hadde serlege likklær. 50: Embedsfolk pynta gjerna likklærne med blonder, men ikkje vanlege bønder. 51: Her på Voss byrja dei omlag 1900 med å få kjøpte likklær - men mange sydde å laga likklærne sjølve til omlag 1920 o.s.b. 52: No kjøper alle ferdige likklær. Dei er no så fine at det er ein pryd. Fint lerreft -. Berre reint fatige bruka papir. 53: Mange segjer no "svøp" andre likklær -. 54: Dersom det var eit serligt godt menneskje, som var død, så trudde gjerna deira næraste, eller ein god ven, at det hadde velsigning med seg, å ta i handa åt liket 55: Andre trudde at det ogso var fårleg, å røra ved lakenet eller den døde -. 56: Var det ei mor som var død, bar dei gjerne barne rundet kista. Det kunde gjera velsigning 57: Har inkje høyrt om mynt som lægeråd -. 58: Mange bruka å ha emne til kista ferdig Andre læt kista arbeidast ferdig og hadde den ståande på loft eller sval. \[s. 8\] 59: I eldre tid var det trenaglar dei brukte. 60: Dei bar kista etter stropper av bastetaug. 61: Ein nævenyttig mann laga kista, eller ein som var van med snikkararbeid. Sume tider kunde husbonden sjølv laga kista si, so den stod ferdig til bruk. 62: Likkistene var svarte. Dei vart måla i heimen Eg kjem i hug at dei kjøpte noko dei kalla kjønrøyk og blanda saman med linolje. 63: For omlag 40 år sidan byrja dei bruka kistor som var kvitmåla. 64: Folk hadde fenge rædsla for skinndøde, og difor laga dei ein opning i kisteloket, har eg høyrt eldre folk fortelja -. 65: Dei som hadde høvelspon nytta det som underlag - men det var og dei som bruka halm som underlag i eldre tid. 66: Puta kunde vera fint laga med lægg og rysje rundet - men og heilt enkel. Dei fylla henne med det dei hadde for handi, og sume med det dei hadde tru for, kanskje humleblad ogso. 67: No kjøper alle ferdige kister og fargen er kvit gjerne med gullrender. 68: I eldre tid hadde sume tru for å ha noko med i kista - kunde vera salme- bok, ein ring eller eit eller anna dei hadde serleg tru for og som var dei kjær. Dei som gjekk burt, kunde beda om at det eller det måtte leggjast attmed dei i kista - mat og drikke var vel heilt frå heidentidi, skulde ein tru. 69: Har høyrt at barselkonor har havt sit barnetøi so kjært, at dei har bede om å få denne litle \[\_hua\] eller \[\_sjorta\] med i kista, når dei gjekk burt. \[s. 9\] 70: Kisten ble pyntet med granbar og papir- blomster - små kranser, så langt tilbake som eg hugsar - 70 år attende. Dei laga gjerne eit kors med granbar midt på kista. Var det om hausten hende det dei pynta med rauneber. 71: Dei som strødde linfrø rundet kista hadde den meining med det, at slekti skulde verta fruktberande -. 72: Sume la kvann i kista. Kanhende det var for å halda flugor borte. Elles hadde folk tru på kvann. Bruri bar den og. 73: Ja dei las yver den døde, og bad bøner, som skulde hindra at den døde skulde gå att. 74: Granna, slekt og gode vener vart bedne når den døde vart lagd i kista. Då kom ein "læsar" som dei kalla å helt ei andakt- stund - Det var gjerne ein lærar, eller sume tider klokkar eller prest. Dei kalla dette: Aa legga i kista. = kistelegg. 75: Det var alltid eit måltid mat etterpå - men eg kan ikkje minnast fest m. dans. 76: Om sumaren måtte dei setta kista i kjellaren. På vinterstid kunde den plaserast i ei bu eller loft eller kamers. 77: Som vanleg strødde dei eine på golvet i dette rom, hengde laken for vindauga og breidde over møblar og ting dei var redde for - Men var det embetsfolk, vart det gjerne meir stok, med girlander, kranser og kors og utsmykking av romet. 78: Alt var enkelt for den jevne mand, lit granbar under kisten og nokre kvistar oppå låket, som gjerne var laget som et kors. \[s. 10\] 79: Til ein barsal sette dei fyrst op eit binding- net av stolpar, so spikra dei bare fast på dette. Sume laga av eine, andre av granbar. 80: Det var då helst om sumaren dei bruka desse barhyttene - men om vinteren kunde dei lagra hesjestaur og anna i dei. 81: Det var dei som strodde med eine i tune, når nokon var død - soleis kunde dei og strø frå stova og til ut- huse om liket stod der. 82: Det var og er trur eg ein vanleg skikk at liket ligg med beina mot døri. 83: Ein brukte berre å legga ein duk over ansikte, loket la ein fyrst på den dagen gravferdi var 84: Anlitsduken var ein firkanta kvit duk. 85: Sume sa "nåduk", andre kalla det berre anlitsduken. 86: Dei som hadde hug fekk koma å sjå liket - nær slekt - naboar og vener. 87: Me har ikkje gravkapel på Voss; men me har bra plass i ein stor kjellar åt Voss ungdomsforeingslokale. 88: Sume køyrer liket til likkjellaren, alt eit par dagar etter døden. Den dagen grav- ferdi er, bringar dei kista til kyrkja, bede- hus eller Vonheim og så møter gjestene op der og fyllgjer til gravstaden. Andre har liket ståande heime og gravferdi vert då frå heimen. Sorg. 89: Det var heilt naturleg at alt gjekk stille og someleg for seg mens liket stod heime. 90: Noko ekstra arbeide skulde ein helst inkje fyreta seg i denne tidi. \[s. 11\] 91: Syrgjetid var vanleg ein regel i eldre tid. Dei skulde gå med svart klæde optil 2 - 3 år om det var mann eller far. Min mor hadde alltid sin syrgjedrakt hengande, og bruka den alltid i gravferder. 92: I sørgetiden måtte ein ikkje gå i nasjonal- drakt, ikkje på dans og heller inkje vera med på noko serleg moro. 93: Alle som hadde råd til det hadde sørge- drakt i gravferder. Kvinner svart trøye og svart doss og svart \[\_huekonene\], mens gjent- tene hadde svart hovudklut. Så hadde de ein kvit duk, som var lagt 4 dobbelt rundt halsen og den nådde midt ned fanget - til teikn på "Von". Mennene hadde og svarte trøier og bukser, gjerne en svart plyshatt. Ungdom og barn hadde ogso svarte klær i slike høve. 94: Enka hadde gjerna ei simplare konehua. Den skulde vera helst utan perler -. 95: Slike som berre degge om si sorg, sa dei gjerna. "Ho eller han trur dei skal gråta seg inn i Himelen dei!"' 96: Eg har aldri høyrt at ein kan vekkja ein død med gråt. 97: Sume fann botemiddel i gudsorde etter ein avdød - Andre ofra seg for ein fatig tok den inn i heimen sin - og dette vart dei ei lindring i sorgi. Synge ut liket - 98: Likferdsdager var tirsdag, torsdag og lørdag. 99: Me segjer. I gravferd - vore i begravelse. Eg skal fylgja den til gravi. (altso fleire ord) 100: Aa tala ut liket var vanleg i stova, var det serleg mange folk og fint veir kunde det ogso gå fyre seg i tunet. \[s. 12\] 101: Dei som hadde hug sjå liket fekk det, fyrr dei la loket på; når dei tala ut liket. 102: Eg har sett dei hev lagt eit flagg yver kista - men aldri at det låg eit åklæ på. 103: Ljos brukte dei. Sume tider stod dei på kista, andre tider stod dei på eit bord ved sida. Atter andre hadde ljos ståande på blomesøylor - riktig "kandelabra". 104: Til gifte var det alltid 2 ljos men eg hev høyrt at dei bruka berre eit til ugifte. 105: Ljosi sløkte dei når kista vart båri ut det eg hugsar - men har høyrt at ein 106: kjøgemeistar bar ljos framfyre kista heilt ut til vogni som reiste med liket. Var det en mor bar gjerne 2 smågutter lysene. 107: De bar den bare ut til vognen. - her. 108: Ljosi gjøymde ein, og kveikte dei att jolekvellen so dei brann ut då. 109: Det var dei som brende ljos heile natti før gravferdi - men vanleg var det inkje. 110: Fyrste natti etter døden var komen, hadde dei gjerne våkenat. Dei var då helst 2 som sat saman \[-og\] \[-sat\] over liket Dei helt bøner over den burtfarne, so den skulde koma vel heim, og talast ved. 111: Eg trur dei slutta med det omlag 1880 åri. 112: Nei eg har inkje høyrt om nokon som hugsar gråtekoner i vår bygd. 113: Liksalmer song dei med sløyfer og med tone i moll, langsamt og sørgmódigt 114: No er det mest vanleg at presten kjem i heimen og held tale. 115: Det er fyrst i den seinare tid dette er vorte skikk. Tidlegare bruka dei mykje lækfolk, lærara eller ein "læsar" til å tala ut liket-. \[s. 13\] 116: Det gjekk bra med desse lægfolk. Dei hadde god kontakt med folket. Dei tala og song og minna ahøyrararne om ålvåre med døden. 117: Reint gamalt hadde dei gjerne øl til av- skedsskål for den burtgangne. 118: Den tid ein ingen kaffe hadde måtte ein finna på noko anna å drikke og då brygga dei gjerne til gravferder. 119: Det skulde vera dei nærskyldige som bar liket ut. Sønene om det var mor eller far eller nokon av dei næraste. 120: Dersom dei allernæraste bad om å vera fri; så tok alltid nokon av deira vener eller kjende den jobben. 121: Vanleg er det dei næraste som ber kista ut \[?\], men det er undantak. Då min mann lokomotivførar vart båren ut, var det berre førara som bar liket ut. Sønene vart sparde for det. 122: Eg trur det var vanleg med fotenden fyrst. Det var vel av ymse grunnar -. 123: So langt tilbake har eg inga peiling på. Har ikkje høyrt om dei sette kista ned 3. gonger. 124: På gården Skivle, har eg høyrt det skulde vera ei slik likdøropning i veggen: men eg har aldri sett det -. 125: Mange strødde med eine på \[?tunvegen\]. 126: I sume høve måtte dei vel setta kista ned på tunet til køyraren kom. 127: Mens dei kvilte gjekk gjerna ølkjenga rundt 128: Ein del av kvinnone fylgde berre eit stykke; for dei måtte heimatt å laga mat til gjestene kom atta frå gravi 129: Det var ofte små fylgje til kirkegarden om det var lang veg dit. Det var da helst menn som fylgde -. \[s. 14\] 130: I omlag 1880 åri vart konnorne meire med, heilt ned til kyrkjegarden. 131: Ja det er en ære å ha store fylgjer med ved gravferder her no. Omlag 100 - 140 og op til 200 menneskje kan det vere med no, i dei største gravferdene. 132: Det hænde at det vart pynta på vegen til gravstaden. Helst hjå slekt og vener som ein drog framum på vegen. 133: Der gardsvegen kom inn på hovudvegen var gjerne pynta med granbar eller eine Men eg har diverre inga bilæte å sende. 134: No heiser ein flagg på halv stang når nokon i nobalaget er død. Det er fyrst i den seinare tid dette er kome i bruk. 135: Dei som heiser flagg er slektningar, naboar vener og kjenningar langs kyrkjevegen. 136: Når jordfestingen var yver då skulle alle flagg heisast til tops. 137: Når de såg gravferdsfolke kom att frå gravi, heiste dei flaggi til tops. 138: Her hjå oss på Voss, bruka me denne skik- ken endå - men det kan henda, at alle i heimen er i gravferdi, og at ingen er heime, so heng det på halv stang til huslyden kjem heim att -. 139: Gamalt då det var grisgsgrent og alle kjende alle kunde det henda at dei stogga og song ein song når dei drog fram- om ein gard-. men det er lenge sidan slut med det-. 140: Folk på gården kom ut på stovehella, og tok væl i mot alle gjestene sine. Såg dei langt frametter vegen, vinka dei gjerne med ein linduk, som dei hadde i handi. \[s. 15\] 141: Dersom dei reiste med liket i båt so song dei gjerne når dei for framom ein gard. 142: Har inkje høyrt at dei ropa, om dei kom på ei høgd med liket - eller for framom ein gard. 143: Dersom vegen var so at dei måtte bera like fram mot kyrkjegarden so hadde dei nok sine kvilestader. Eg har høyrt om slike "kvildesteinar" dei sette kista på 144: Nei kisten skulde vel helst ikkje setjast ned på marki. Den var lettare å ta att frå ein kvilestein. Ellers kunde det og vera andre grunnar. 145: Dersom kista vart køyrd til kyrkjegar- den, bruka dei som underlag granbar. 146: Dei lika gjerne å ha ein myrk hest å køyra like. Alt skulde vera i sorgens teikn. 147: Ein hest med føll måtte ikkje brukast til å køyra lik. Hesten har så fin \[?tevt\] at dei trudde det kunde verka vondt på han dette. 148: Et likfølge skulde kjøre langsomt -: "Kjør langsomt vi kommer tidsnok frem". der høvde desse ordi. 149: På heimvegen kjøyrde dei forare; men nett noko kappkøyring trur eg inkje folk rosa - Alt skulde vera sømeleg; om dei då inkje hadde teke for mykje inn av øl og dram. 150: Slekti åt den burtfarne kåra gjerne ut sin køyrar. "På køyretøi skal storfolk kjennast", høvde då som no. Var det ein husmann tok ein det inkje så nøgje. 151: Dersom det var lang veg kunde køyraren setta seg på likvognen men vanleg så gjekk køyraren attmed vognen. \[s. 16\] 152: Har inkje høyrt at sangeren sat på kisten, men han gjekk næraste vogni. 153: Det var på mang slag vis ein fekk kista fram til sit "bestemmelsessted" soleis har eg høyrt om dei hev reida liket, båre det fram i ulende og alltid har dei funne ein utveg til gravstaden. 154: Etter den døende tykte mange dei fekk varsel - Fint veir begravelsesdagen - fuglesang denne dagen. Ljosi brende fint op. kyrkjeklokkene gav so fin ljod. Alt dette var gode teikn. 155: Alle har hug at deira folk sku koma til Himelen, og mest alle fann ljospunkt i eit mammaliv som dei klengde seg til, for å tru at menneskje vart salige. På kyrkje gården. 156: Den som kjørte kisten fik nokre menn med seg og sette kista på krakkar som var sette fram til dette bruk. 157: Her har me ei båra som ligg mest som på ein sykkel som vert oppevara i likhuset 158: Slike bårer eige no komunen. 159: Nokre menn av næraste slekti bar kista inn på kyrkjegarden. 160: Hesten som køyrde liket fekk eit godord ein klapp og lit høi mens dei gravla liket. 161: Presten møtte op gjerne i heimen lik- ferdsdagen, eller ved inngangen til det hus der gravferdsfolket samlast 162: Har aldri høyrt om at kista hev vorte bori rundt kyrkja likferdsdagen. 163: Dei som ville kan få si likferd frå kyrkja. Men gamalt so gjekk dei direkt frå heimen og til gravstaden. Andre bruka gjerne bedehuset å samla folk i -. \[s. 17\] 164: Mens dei bar kista til gravi song gjerne klokkaren fyre. 165: Her hev eg inkje høyrt at dei bar kista rundt gravi. 166: Dei ringjer med same folk går til grav- staden; men ikkje etter dei har kasta jord på. 167: Vår bygd fekk ein fast gravar omlag ved hundraårskifte = 1900. 168: Her har ikkje graveren havt noko attåt- namn. Me sa berre gravaren -. "Kulegra- var" var vel helst eit klengenamn. 169: Før ein hadde fast gravar leigde ein gjerna nokon til å kasta gravi op. Eller og nokon av ein næraste tok dette arbeide på seg. Det vart gjort i fyrevegen. 170: Eg kan hugsa at når liket var sænka ned og presten var ferdig med sit, tok ein del av mennene jakkene av seg og kasta jordi til på gravi. Det var helst naboa eller slekt lit ute -. 171: Når det var jordfesting med det samme, då trur eg inkje at mennene kasta noko jord på kista 172: Meiningi med jordfestingi var vel at dei skulle bruke Guds ord: Av jord er du komi, til jord skal du verta, og av jord skal du \[\_atter standa op\]. Då var det von! 173: Dei brukte å settja ein staur frå kista som nådde op av gravi, dersom ikkje presten kunde koma å læsa yver kista med same, so tok han denne handlin- ga den sundangen, han då tala frå den- ne kyrkja på staden. 174: Sume bruka eit trekors andre eit jernkors. Det var lite pynta på gravene i eldre tid. \[s. 18\] 174: Sume kunde planta ein smørbukk ei kvann eller ein reinfant på gravi, det var alt. 175: No har me gartnar på kyrkjegarden og fast gravar. Folk er flinke å pynta på gravene. Dei legg nye kransar på gravi til jol. Og om somaren pynta dei op med vakre blomar av ymse slag. Fine gravsteinar har dei og no - Gjerne familie graver og -. Særlige tilfelle 176: Ein sjølvmordar i eldre tid vart sett på som ein der havna i helheimen og det var ei tid han ikkje skulde leggjast i kristna jord -. Knapt om han fekk likklær Soleis kan eg minnast, at ein her frå Voss putta dei berre i ein sekk og begrov han 177: Kisten blev båret gjennom Kyrkjegarspor- ten her so langt eg minnast. 178: Gamle soger fortæl so mangt. Det kunde henda at liksleden skulle stå att nedi bygdi, ved kyrkja ein stad, so rei man- nen heimatt -. 179: Gravi til sjølvmordaren måtte liggja på ein utkant, i eit hyrna, som låg avsides helst 180: Dei udøypte barn vart oftast lagd saman med eit vakse lik i samme grav, i ei liti kista. 181: Var dei mykje fortidleg fødde laga dei gjerne ei liti grav til det heime på garden under ei bjørk eller anna tre som stod lit burte frå husi. Gravøl. 182: No segjer me at me skal i gravferd eller begravelse -. 183: Mannen i huset gjekk oftast og bad til begravelsen. Men det kunde vera sonen, kona, slektning eller ein fast beamann. \[s. 19\] 184: Den som bad til gravferd var gjerne klædt i syrgjedrakt, og det var helst av dei eldste i huslyden. 185: Dersom det var husbonden, som hadde mist ein av sine kjære, so tok han gjerne ein stav i handa, so han hadde å stydja seg til. Han var i sorg -. 186: Den som bad til gravferd måtte optræ ålvårleg og sømeleg. Bera sit ærind fram langsomt og med takt og tone -. 187: Det var ingen fast regel for beamannen. Men ordi lydde omlag so: Det vart eit tungt slag for meg dette, med di at kona mi døydde. No vil eg beda deg og mannen din om de vilde vera so gilde å fylgja henne til gravi torsdag". Kan de koma i heimen vår kl. 11 til ein liten andakt fyrr ho reiser ut av huse var det bra -. noko liknande bruka dei å segja ved slike høve -. 188: Dersom beamannen hadde gjenge langt, bruka dei altid å beda han inn å giva han mat. I minsto so baud dei no alltid på drikke. Varm mjølk med kamferdråpa i, eller varmt øl om vettern. 189: Dei som dei ikkje kunde rekka i på annan måte, sende dei bedabrev gjerne med ein kjenning som var frå same grendi, eller frå dei kantar. 190: I eldre tid kunde gravøle vara 2 dagar for dei som kom langfarande. Elles bruka dei helst berre ein dag her. 191: Dei langfarande kom gjerne kvellen fyre begravelsesdagen. Dei fekk kvelsmat då. Dei andre gjestene fekk morgomat, middag og kvelsmat. Gjerne kaffe etter middagen og -. \[s. 20\] 192: Eg trur inkje at dei bruka rjomegraut til gravferdsmiddagar. Det var kjøtmeddagar og andre tider lutefisk bruka sume -. 193: Det var ingen serleg regel for kva mat dei skulle ha til middag - Det vart helst økonomien og hjartelaget. som vart det avgjerande. Eg har høyrt, at dersom det var ei trulova gjente, som døydde, då kunde dei finne på å laga rjomegraut, kling o.s.v. som eit bryllupsbord i slike høve. 194: Dei allernæraste skulde helst vere fri med arbeidet, så sant dei kunde få nokon flinke folk å ta det på seg - 195: Grenda tok omsyn til gravferdsdagar og om det var i onningi so stod arbeidet gjerne stille den dagen. 196: Sume gjester hadde sendingar med seg, andre bringa dei gjerne dagen i fyrevegen. 197: Dei som kom med sendingar hadde syrgje drakt. Dei som kom sist med sending var gjerne ein god ven eller nabo. 198: Alle som kom med sending, måtte bedas inn og bjodast på mat og drikke. 199: Sendinga kom gjerne i ein embar, som bar symbol, med mykje brente kors på. Eller det kom i ein rosute klut med kors over av halm eller granbar. 200: Dei kunde sende krotakling, smør, rjome. mjølk, ost, flatbrød, skinke eller det dei hadde råd på, - eller det dei trudde kom væl med i syrgjegarden 201: No møter ein helst op i kyrkja eller bede- hus. Der held presten ein tale, so fylgjer ein til gravi, og so fær ein middag etterpå, på hotel, kafe eller pensjonat, so er det slut. \[s. 21\] 202: I fyrstninga etter dei brukte å brygga heime, so hadde gjerne sume ei flaska med til kyrkja. Dei gav då dei ein sup som likte det om det var på vinteren og det var kalt. No er det heilt slut med alkohol på vore kantar i gravferdene. 203: Sendingarne hev helde seg lengst her ved bryllup. Ja dei held på det endå i dag, i sume slekter, der det er bondebryllup. I slike bryllup har dei ofte også heime- laga øl endå i dag-. 204: Sendingane er no heilt avløyste ved gravferder. No sender dei blomar og kransar mest all stader her. 205: I fyrstninga dei byrja bruka krans, batt dei kransar i heimane av tytebær- lyng og papirblomar. Det var omlag ved 1890 åri dei byrja med kransar her. 206: Då kransane vart laga i heimane, so vart dei laga på ymist vis, alt etter den kunstsans dei hadde, som batt kransen. Dei kunde vera svært fine. Mange bruka markblomar, raunebær, heggeblomar og bæger av liljor i kransen, om sum- ren var det letvint, verre var det om vetteren. Sjølve kransen kunde bittast av granbar og mose med grankongler innimillum. Her fekk fantasien flukt. 207: No brukar ein gjerne silkeband med innskrift på. Det byrja ein med fyrst omlag 1920 trur eg. 208: Heile kista er ofte belagd med kransar og alle desse fylgjer med kista i gravi Gravaren for gjerne bod om dei kransar som han skal legga uppå gravi. 209: Dei kransane som gravaren då har lagt på gravi ligg der, til dei falma burt. Seinare fjerner gravaren dei, og det kjem stein yver den dødes grav vanleg -. 210: Bevertningen ved begravelse no er grei Dei går inn på hotel, pensjonat eller kafe og får middag med kaffe etterpå. Presten og klokkeren er gjerne med på denne middagen og det er gjerne nokon som talar godt om den burtfarne ved bordet. Presten talar ogso -. 211: Dei som har råd til det held til på hotel. Til middag kan ein få det ein ber om. t.d. suppe, svinesteik og kjøt- pudding med all slags grønsaker til, og fruktgrøt etterpå (gjerne aprikoser og plommer) med fløte. Deretter får ein då god kaffe med kaker. Det er alltid billegare på pensjonat og kafe, men maten er mest like god -. 212: Alt i 1900 byrja folk å avertera dødsfall; men meir ålment vart det fyrst 1920 trur eg - Då måtte alle dødsfall i avisa -.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste