Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Død og begravelse
NEG_64_13036_Op_Ringebu
Transkripsjon av filen #NEG_64_13036_Op_Ringebu
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Det var fleire slike varsler. \[\_Daumannsljos\], såg folk ofte. Det var som eit lite lys, eller lysblink dei såg i mørket , helst da i nærleiken av den som var feig. Den feige såg det vistnok aldri sjølv. Daumannsljos vasla at ein kvan var feig, men ein kunne ikkj seie akkurat kven det var, \[\_Daumannssmell\] var ein smell dei høyrde utan forklarleg naturlig årsak. Det varsla feigd pa same måten som daumannsljos. Kom \[\_kattugla\] fram i tunet og sette seg på hus eller likn. varsla det feigt folk. Kom \[\_hakkespett\] eller \[\_ekorn\] på stuguveggen eller \[-stu\] helst stuguglaset var det likeeins. Skreik \[\_reven\] like ved husa varsla han feigt folk. 2: Julekvelden kunne ein gå i korsveg = vegkryss der det hadde vore frakta lik på båe vegar, da ville ein sjå feigda si. Såg ein inn gjennom stuguglaset jule- kvelden med dei kokte julegrauten, ville ein sjå den som skulle døy inna neste jul vera hugulaus. Det er fortalt om folk som såg etter, men ingen som som såg noko. Det var visst helst i slike tilfelle ein stunda livet av nokon. 3: Sjå sp. 2. I gravøl såg dei vel etter kva fot hesten som dro liket først sette fram. Sette han fram høgre foten først, vart den neste som skulle døy i bearlaget ein mann, tok han i veg venstre foten vart det ein kvinne. \[s. 2\] 5: ‘’Helgemaur’’ var velkjent og mykje omtala slik som det står i spørsmålet. 6: Dei sa om folk som likesom at hadde fått ordna opp for seg og gjorde unna arbeidet sitt, når dei var døde ‘’dei gjorde vel frå seg, det spådde nok feigda deira’’. 10: Det var nok vanleg å hente prest og få ‘’brød og vin’’ på gardane, noko mindre på husmannsplassane. 13: Det var sjeldan den døde fastsette noko om gravferda, men det kunne vel hende. Ein og annan småtingen hende det han gav bort til spesielle skyldfolk og vener. 14: ‘’Han slokna’’, ‘’han har stridt frå seg’’. 18: Det var vanleg legge ei salmebok under haka, og det hende dei batt band for å halde haka oppe. 23: Ganske snart. 5-10 timar det vanlegaste. 24: Liket vart oftast lagt på låven eller stabburet. Ofte låg det nok på bord eller benk inntil kista vart ferdig. 25: Om det låg på halm, veit eg ikkje, men det er truleg det var slik. Vi seier enda at ein ligg på \[-lig\] likstrå når ein ligg i ksita. 27: Likhalmen vart alltid brendt, så snart liket var flytt av senga. 28: Nei. 30: Sjå sp. 23. 31: Dei nærmaste, kone, søstra, stundom med hjelp av granne- kona. 32: Liket vart klædd i lang likskjorte (buskjorte), og ei lik- \[?bløye/bløge\] over seg. Fattigfolk måtte ofte sløyfe lik \[?bløya/bløga\], og nytte ei vanleg skjorte til likskjorte. 36: Ja. 38: \[?Buliket\]. (av å bu = gjera seg reide) 39: Buklær 42: Sjeldan 43: Det hende nok ofte. Gamle folk hadde gjerne gjort seg likskjorte som dei hadde liggande. \[s. 3\] 57: Kring hundreårsskiftet. Men for barn er det døme på at det så seint som kring 1912 var heimegjorte likklær (grannegarden heime). 52: Ja, av papir. 58: Likkisteemne hadde dei liggande på dei fleste gardar, og meire forsynlege husmannsplassar. Ofte var kista gjort ferdig, når dei venta nokon skulle dø. Ei husmannskone, Kari Kollen frå Ringebu, som døde litt over 1900-talet hadde fått gjort seg likkiste, som ho hadde ståande i mange år på \[?slindane\] oppunder taket i den vesle stugua si, med ho venta på døden. 61: Ofte var det dei nærmaste. Faren laga kiste til kona eller barna, eller det kunne vera ein bygdasnikker. Serleg på dei større gardar brukte bygdasnikkar. 62: Ofte var ho umåla, men seinare vart det skikk måle ho svart, serleg på større gardar. Umåla kiste ser ut til å vera det opphavlege. 63: Kring 1925-30-åra. Det var da berre brukt kjøpte kister. Før den tid var kjøpekistene og svartmåla. 74: Berre nærmaste skyldfolket var med la liket i kista. Det var inga serleg høgtidsstund. Kista stod oftast på låven eller stabburet. Dei strødde ofte einer på golvet. 82: Ja det var dei svært nøye med. Liket vart bore inn med føtene føre, så snudde dei liket og la det med føtene mot døra. 86: Det var vanelg at alle som kom innom på garden i den tida skulle sjå liket, og grannane gjkk ofte for å sjå liket. 87: Nei. 93: Nei aldri. Helst skal ein i dag ha mørke klær ved gravøl, men det er tvilsamt om denne skikken er gamal. Skikken med sørgeband nyttast ikkje her i bygda. 95: Folk heldt det for at det ikkje var bra for den avdøde om dei sørga for mykje. Det blir fortalt om døde som kom att og bad dei etterlevande ikkje sørge så på seg, dei fekk ikkje fred \[s. 4\] for sorga. 98: Det var aldri gravferd søndagen. For dei andre dagane var det ikkje nokon regel. 99: Gravøl, gravferd. 100: Dersom husromet tillet det skulle liket syngast ut frå stugua, men der det var smått om husrom hende det at det vart gjort ute. Som gutunge minnest eg eit slikt tilfelle. 101: Lokket var på kista når ein song ut. Men før dei bar kista inn frå Stabburet eller låven, var lokket av, og alle som var med i gravølet var borte og ‘’såg’’ liget. 102: Kista var heilt nake, utan åklæde og blomar. 110: Ukjent her. 114: Ja. Men heit til i 1925-åra var det ikkje vanleg at presten var til stades i småkårsheimane, men berre på dei større gardane. Presten held nå alltid tale i heimen. 116: Eg har vore med i mange gravøl utan prest. Det vart ikkje sagt nokon ting. Dei berre song ei salme før dei bar ut liket. Det var anten bæaren eller ein annan vanleg mann med god sangrøyst som song ut liket. 119: Næraste skyldfolk og grannar. Sønene bar ofte faren. 121: Det er slik enda. 122: Med fotenden først. 125 Ja. 128 Ja, ut på tunet. 129: Dei fleste menn var med til kjørkja. Gamle menn var ofte att heime. 130: Igrunnen ikkje i fullt omfang før bilane kom. 131: Ja. Folk snakka i lange tider etterpå om at i det og det gravølet var det så g så mange hestar i likfølget. 132: Vegen ut til grinda \[?av\] tunet pynta med bar, Grantrær ved utgangsdøra og utgangsgrinda. 134: Delvis i 1920-åra. 135: Det kan vera alle som er nemnt i spørsmålet. 138: Ein flagger alltid på halv stang heile dagen. 143: Finst ikkje minne om det. Inntil i 1850-åra var det \[s. 5\] ein del stader i bygda, der ein måtte bera kista eit godt stykke. 145 Bar. 148 Ja. 149: Da kjørte dei så fort dei ville. 150: Det kunne vera ein trufast gamal tenestkar, ofte og ein nær slektning. 151: Ja. 154 Dei tok merke av klangen frå kjørkjeklokkenem, og meinte å kunne tyde denne for sæle eller usæle. 156: Dei tok kista beinast av vogna og bar ho til grana. 159: Dei same som bar kista ut frå heimen. 161: Her er annekskjørkje. Presten var aldri møtt fram, om han ikkje var med i gravølet. Jordpåkasting var neste mes- sesøndag. 163: Nei. Det har hendt i seinare tid. 167: Utan akkurat å kunne tidfeste det skulle eg tru det var kring 1915. 169: Oftast nærmaste skyldfolka. Det var gjort før gravferda. 174: Gravene vart mest ikkje stelt med frå gamalt. Berre dei større gardane hadde gravsteinar. Elles sette dei med ein ofte utskore stav av bord, mange hadde ingenting. 177: Ein sjølmordar fekk ikkje fara gjennom kjørkjegardsporten. Kista vart lyfta over muren. Det var ikkje ringt med kjørkjeklokkene for ein sjølvmordar. 179: I nordre hjørna av kjørkjegarden, på baksida av kjørkja. 180: Det eg har høyrt om vart dei ‘’sett ned på’’ til ein kvan som elles vart gravlagt. D.v.s. det dødfødte barnet vart lagt oppå kista til ein annan som vart gravlagt. 182: Gravøl. 183: Helst ein framveksing, eller stor gutunge. Sjølv har eg som gutunge gått som \[\_bjodar\] fleire gonger. Eg \[?leverta\] da skriftleg bjoding. 184: Bearlaget var det vanlege som for bryllup. \[s. 6\] 187: Det eg minnest var bjodinga skrivi på svartkanta brev. 188: Ja allestader. 189: Ja. 190: Alltid 2 dagar. Den 3. dagen kom berre skyldfolket. 191: Eg gjev att slik eg minnest frå min barndom: Ved 9-10- tida om morgonen kom gjestene til gards. Dei fekk da kaffi og kaker. Så var det mat ‘’før dei dro til kjørkja’’- smør, ost, lefse, brød, ymse slag kjøttpålegg, heimbrygt øl- Der det var lang veg til kjørkja hadde dei gjerne med kaker og kaffe som dei åt ein stad ved kjørkja. Når gravøls- folket kom heim middag. Det var gjerne sø (sodd) og fersk kjøtt med lefse til, eller fersk fisk, ofte båe delane. Aldri dessert. Heimbrygt øl. Så kaffe og kaker. Utpå kvelden kveldsmat som ofte var graut i spann. Næste dag kom gjestane ved 10-tida. Trak- teringa var stort sett den same. Blodpølse var ofte brukt til første måltidet, hakkakjøtt og. liknande. Somme tider gjekk gjestene etter middagskaffen andre dagen. 194: Ofte var det serskilte kokker som stod for kokinga. Men dei nærmaste kvinnelege slektningar var ofte med værta opp. 195: Om det var stridaste onna stansa folk arbeidet for å gå i gravøl. 196: Gjestene hadde sindingane med seg når dei kom til gravølet første dagen. 201: I 1930-åra vart gravøla innskrenka til 1 dag, men den dagen vart stort sett halde i gamle former. Slik har dei mykje vore enda. 202: Heimbrygt øl, siroppsøl, kjøpøl. 203: Det trur eg ein kan seie, serleg brygginga. 204: Nei, nå er det helst både sending og krans frå dei nærmeste 205: Neppe kransar i større omfang før etter 1920-åra. Eg minnest heilt nakne kiste frå min barndom \[s. 7\] 206: Dei eldste kransar vart laga heime av lyng, og om sommaren med i strukne ville blomar. 207: Kring 1930-åra var trykte sløyfer vanleg. 208-09. Ein del kransar vart kasta på kista i grava. Andre vart hengt inn i kjørkjesvala, og lagt på grava om søndagene første tida etterpå, serleg da lyngkransar. 210: Kaffe og kaker før ein drar til kjørkja. Middag når ein kjem heim, kaffe etterpå og oftast kveldsmat. I enkelte tilfelle litt enklare. Øl, heimebrygt siroppsøl, pils eller alkoholsvakt kjøpeøl. 211: Her i bygda har vi ikkje hoteller, men vi har eit vakkert og triveleg undomshus, og i seinare år har det ikkje vore halde så få gravøl der. Oftast er trakteringa den vanlege, men av og til litt enklare. Det er ein tendens til forenkling. 212: Frå dei litt større gardar frå 1915-åra og utover. Først i 1930-40-åra vart avertering vanleg mellom småkarsfolk
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste