Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gamal engkultur med tillegg
NEG_12_11756_He_Trysil
Transkripsjon av filen #NEG_12_11756_He_Trysil
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Det som ligg innafor gjerdet, heiter \[\_jordet\], det som ligg utafor heiter bitslåtter. Eldre ikkje kjendt. Det som vart pløyd og ikkje isådd nokon ting, seier ein er attlagt. Det meste av jordet var tøjordet, i utkanten kan det vera noko raskeslått fordi jorda der var noko skrinn. Raskeslåtten var og tø-jordet, for den fekk gjødsel. Grasmark som ikkje får gjødsel kan ikkje verta kalla tø-jordet. Ikkje noko sers namn på grovare og finare høy. All slått vert gjord med langljå, så ein kan ikkje skilja utslåttene etter det. Ein skil etter lægje og jordlag i myrer og \[\_rønninger\] eller \[\_slåtternninger\]. Ein slåtterønning ligg ved bekk eller vatn og er rudd for tre og kjerr. Enger (jfr. PR. O. Elgshøien) er det lite av på buflod, men han kjenner dei. 2: Ein rydda ikkje slåtterønninger på ei viss tid av året; det var ettersom ein hadde tid og fekk folk til det. Difor vart det oftast etter slåttene. Kvisten vart samla i \[\_våler\] (dungar) enten på eller \[-utanfor\] like utan- for rønningen og brend. Oska vart nytta som gjødsel dersom vålene vart brend på rønningen, elles ikkje. Var det rønninga som ein venta mykje gras av, kunne ein rydda bort stubbar og, men det hende ikkje ofte. Det var ofte grannane som var med på slikt ryddingsarbeid. På jordet rydda ein bort stein, men ikkje på ut- slåtter. Oldefar (Halvor), f. 1776, rydda bort tre og reiv opp lyng på jordet og gjødsla med naturgjødsel, men let trestubbane stå. Bestefar, f. 1819, hadde sett at dei pløgde i Elverum, difor tok han til å pløya og reiv opp stubbane. “Nå øydelegg dei alt som eg har streva og fått til”, sa oldefar. \[s. 2\] 3: Kom det mose i tø-jordet, vart det pløgt og isådd \[\_høymø\] eller kjøpt grasfrø. De vart aldri sådd oppå \[\_svoren\], \[\_grassvorden\]. 4: Garden var oftast lagt slik at det ikkje kom vatn på jordet og det var difor ikkje serleg aktuelt med grøfting der. Utslåttene vart grøfta, men det vart ikkje sett så store krav i så måte til dei som til jordet. Dersom ein kan koma til med det, vert utslåttene gjødsla ved vatning. Frå ein bekk vert det grava ein xxxx kanal i overkanten av utslåtta, oftast ein rønning. Frå denne vert det så grove grunne stekkrenner nedover rønningen og små grøfter frå desse att, så vatnet skulle koma godt utover. I bekken vart det det sett ein bekk nedan- for kanalen i den eldste tid av jord og stein, seinare av bord eller plank (nåler). Dammen av første slaget vart oppsett (av siste slaget) xxxxxxxx stengd) frå tidleg om våren at ein fekk mest mogleg av flaumvatnet til å renna inn i kanalen og utover rønningen. Vatnet måtte renna så sakte utover at barnåler, jord og skogrusk vart liggjande att. Det var dette som var gjødsla. Rønningen vart ikkje liggjande heilt under vatn; ein kunne såvidt koma turrskadd over. 5: Jordet vart gjødsla med den gjødsla som vart att etter at xxx åkeren hadde fått sitt. Utslåttene vart ikkje gjød- sla med annet enn vatning. Det har vore slik så lenge K.B. kjenner til. K.B. rekner at jordet fekk 1/3 av gjødsla, men det stakk ikkje til heile jordet så ein rekna xxx at dei ymse deler av det fekk gjødsel annakvart av. Sauemøka som dei rekna var sterkast, var det så mykje ugras i, ho vart difor ikkje nytta i åker. dei ville helst ha henne på myrjord eller xxxxxxx der det var litt xxxxxxxx våtlendt. Enga fekk óg helst den gjødsla som var blanda litegrand, t.d. med gamal maurtue som vart brukt til underburd (õnnbõn). Hestemøkk vart aldri nytta til eng. Hugsar ikkje noko mål for kor sterkt dei gjødsla. 6: Tø-jordet, tø-voll, tøø (tøet). Ikkje serskilt namn på høyet. 7: Det har delvis vore så at husa vart plassert slik at siget (trekken) gjekk nedover jordet, men han har og sett husa liggja slik at trekken gjekk i bekken. Kjenner ikkje noko serleg namn på det stykket som fekk trekken, men ein sa at stykket som xxxxxxxxxxxx hadde fått mykje gjødsel gjennom lengre tid, at dei var “i god hevd”. Motsatt av “god hevd” er skrint, som óg \[s. 3\] tyde skarp jord. \[\_trekken\] vart brukt om siget, både staden og væta. Ein grov små grøfter for at trekken skulle koma betre utover. Åkrane vart vanleg lagt slik at det vart trekk på dei. 8: Gjødsla vart kjørt ut om våren, men gjødsel som kom xx i vinterfjøset etter den tid, vart ikkje så sjeldan kjørt ut om hausten. På Buflod bufører dei med det same dei har slept, dei har difor ikkje sommarfjøs heime og får difor ikkje sommargjødsel der. Men det har vori sommarfjøs der før K.B.´s tid; det er ennå ein haug som heter “Sommarfjøshøgen”. Det må ha lege i ski- garden slik: \[figur: tegning av rektangel med strek ut til venstre øverst og strek ut til høyre nederst, det står “jordet” til venstre for tegningen\] Gjødsla vart kjørt ut med slae, lesste med \[\_ruku\] (trespade med skoning). Gjødsla vart lagd i \[\_høger\] på snøen og gravbreidd så snart det var berrt med ruku. finbreiinga vart gjort med \[\_møkkesló\] og hest. Greipet kom ca. 1900, vert kjøpt. Møkkeharv kom til bygda for over 30 år sidan, men møkkeslo er ennå i bruk på mange sætrar og kan hende på nokre få gardar og. Nå vart gjødsla kjørt ut på vogn eller med \[\_slep\]. Det siste er mest van leg på sætra. 9: På Buflod har dei så lenge K. B. minnest, buført med same dei slepte og har difor ikkje beitt jordet eller utslåtte om våren. Før hans tid var det vanleg å ta buskapen ned fråsætra medan dei slo jordet, den var då heime 14 dagar - 3 viker. Grunnen er han ikkje viss på. Det har vorte gjort fordi sæterfolket skulle væra med og slå, men det kan og vera gjort fordi dei då hadde mykje folk i huset og trong meir mat enn elles. Når sætra låg omlag 2 mil unnan og sætervegen art dårleg, vart det då formålstenleg å ta buskapen ned. Rimeligvis var det på denne tida sommerfjøset vart brukt. Han kjenner og til at det på stader der sæterbeitet vart dårleg utpå hausten, var vanleg å ta buskapen heim då ein 14 dagars tid og lata han beite utslåtten. På jordet kunne han ikkje koma, for åkeren var ikkje hausta ennå. Dei flutte så til sætra att 2-3 viker; i denne tida var det ungdomen som styrde der. Dei har ikkje gjort slik på Buflod i K. B.´s tid, m.a. fordi vegen \[s. 4\] var for lang. Der var dei på sætra til sist i september, og etter heimferda, gjekk krøttera fritt. Når ein såleis om hausten beitte båe jordet og dei næraste utslåttene, var det ikkje med tanke på gjødsla. Det x var heller ikkje noko jordstykke som ikkje var beitt. 10: Dette systemet gjeld ennå på Buflod. 11: Så snart det vart berrt om våren, vart rukene på jordet raka utover med ei møkkerive. Om riva, sjå Torgal Østby. Dette vart ikkje gjort på utslåttene. 12: Den tida kjyrne beitte fritt om hausten, var dei i vinterfjøset om hausten. Etter det K.B. veit, er det ikkje noko sommerfjøs i bygda nå. 13-18. Ukjent. 19: Kve er her i Trysil eit oppdyrka og inngjerdt stykke jord utanfor skigarden. Dei andre orda er ikkje mykje nytta i Trysil. 20: Slåttemarka på sætra var inngjerd og vart kalla sætervollen. Det er gamalt i bygda, men no vert det færre og færre sætrar. Dei gardane som har sætrar, held oppe sætervollen som før. På Buflod-sætra (Tjønnåsen) er \[\_sætervollen\] 56 mål. Dei siste 40-50 åra har dei pløgd der, visse deler om gongen. Dei sår i grønfór og legg att i det, det er såleis berre eit år. Same stykket vert pløgd kvart 4. eller 5. år. Gjødsla vert kjørt utover om våren, framgangsmåten er som ved gjødselkjøring på jordet, men det som har vore oppe, vert ikkje gjødsla første året etter. 21. 21: Slåtterønningane vart og vert som nemnt gjødsla med oske etter \[\_vålene\] av og til. Elles ikkje anna gjødsel enn naturgjødsel. \[s. 5\] Bonde Karl Buflod, f. 1877 på Buflod i Trysil 1: Det som ligg innanfor \[-jordet\] gjerdet, heiter \[\_jordet\], det som ligg utanfor heiter utslåtter. Eldre ikkje kjendt. Det som vert pløygd og ikkje isådd nokon ting, seier ein er attlagt. Det meste av jordet var \[\_tøjorde\], i utkanten kan det vera noko raskeslått fordi jorda der var noko skrinn. Raskeslåtten var og tø- jorde, for den fekk gjødsel. Grasmark som ikkje får gjødsel, kan ikkje verta kalla tø- jorde. Ikkje noko sers namn på grovare og finare høy. All slått vert gjord med langljå, så ein kan ikkje skilja utslåttene etter det. Ein skil etter lægje og jordlag i \[\_myrer\] og og \[\_rønninger\] eller \[\_slåtterønninger\]. Ein slåtte- rønning ligg ved bekk eller vatn og er rudd for tre og kjerr. Enger (jfr. Per. O. Elgshøen) er det lite av på Buflod, men han kjenner dei. 2: Ein rydda ikkje slåtterønninger på ei viss tid av året; det var ettersom ein hadde tid og fekk folk til det. Difor vart det oftast etter slåttene. Kvisten vart samla i \[\_våler\] (dunger) enten på eller \[henvisning til tekst i marg: like utanfor\] utanfor rønningen og brend. Oska vert nytta som gjødsel dersom vålene vart brend på rønningen, elles ikkje. \[s. 6\] Var det rønninger som ein venta mykje gras av, kunne ein rydda bort stubber og, men det hende ikkje ofte. Det var ofte grannane som var med på slikt \[\_ryddingsarbeid\]. På jordet rydda ein bort stein, men ikkje på utslåtter. Oldefar (Halvor), f. 1776, rydda bort tre og reiv opp lyng på jordet og gjødsla med natur- gjødsel, men let trestubbane stå. Beste- far, f. 1819, hadde sett at dei pløygde i Elverum, difor tok han til å pløgja og reiv opp stub- bane. “Nå øydelegg dei alt som je har streva og fått til”, sa oldefar. 3: Kom det mose i tø-jordet, vart det pløgd og isådd \[\_høymø\] eller kjøpt grasfrø. De vart aldri sådd oppå \[\_svoren\], \[\_grassvorden\]. 4: Garden var oftast lagt slik at det ikkje kom vatn på jordet og det var difor ikkje serleg aktuelt med grøfting der. Utslåttene vart grøfta, men det vart ikkje sett så store krav i så måte til dei som til jordet. Dersom ein kan koma til med det, vert utslåttene gjødsla ved vatning. Frå ein bekk vert det grave ein kanal i overkanten av utslåtta, oftast ein rønning. Frå denne vert det så grove grunne stikkrenner nedover rønningen og små grøfter frå desse att, så vatnet skulle koma godt utover. \[s. 7\] I bekken vart det det sett ein dam nedanfor kana- len, i den eldste tida av jord og stein, seinare av bord eller plank (nåler). Dammen av første slaget vart oppsett (av siste slaget stengd) så tidleg om våren at ein fekk mest mogleg av flaumvatnet til å renna inn i kanalen og utover rønningen. Vatnet måtte renna så sakte utover at bar- nåler, jord og skogrusk vert liggjande att. Det var dette som var gjødsla. Rønningen vart ikkje liggjande heilt under vatn, ein kunne såvidt koma turrskodd over. 5: Jordet vart gjødsla med den gjødsla som vart att etter at åkeren hadde fått sitt. Utslåttene vart ikkje gjødsla med anna enn vatning. Det har vore slik så lenge K.B. kjenner til. K.B. rekner at jordet fekk 1/3 av gjødsla, men det strakk ikkje til heile jordet så ein rekna at dei ymse dele av det fekk gjødsel annakvart år. Sauemøka, som dei rekna var sterkast, var det så mykje ugras i, ho vart difor ikkje nytta i åke. Dei ville helst ha henne på myr- jord eller der det var litt våtlendt. Enga fekk og helst den gjødsla som var blanda litegrand, t.d. med gamal maurtue som vart brukt til underburd (õnnbõn). Hestmøkk vart aldri nytta til eng. \[s. 8\] Hugsar ikkje noko mål for kor sterkt dei gjødsla. 6: Tø-jordet, tø-voll, tøø (tøet). Ikkje serskilt namn på høyet. 7: Det har delvis vore så at husa vart plassert slik at siget (\[\_trekken\]) gjekk nedover jordet, men han har og sett husa liggja slik at trekken gjekk i bekken. Kjenner ikkje noke serleg namn på det stykket som fekk trekken, men ein sa at stykke som hadde fått mykje gjødsel gjennom lengre tid, at dei var “\[\_i god hevd\]”. Motsatt av “god hevd” er skrint, som og kan tyde skarp jord. \[\_Trekken\] vart brukt om siget, både staden og væta. Ein grov små grøfter for at trekken skulle koma betre utover. Åkrane vart vanleg lagt slik at det vart trekk frå dei. 8: Gjødsla vart kjørt ut om våren, men gjødsel som kom i vinterfjøset etter den tid, vart ikkje så sjeldan kjørt ut om hausten. På Buflod bufører dei med det same dei har slept, dei har difor ikkje sommarfjøs heime og får difor ikkje sommar gjødsel der. Men det har vori sommarfjøs der før K.B.´s tid; det er ennå ein haug som heite “Sommarfjøshøgen”. Det må ha lege i skigarden slik: \[figur: tegning av rektangel med strek ut til venstre øverst og strek ut til høyre nederst, det står “jordet” til venstre for tegningen\] Gjødsla vart kjørt ut med slae, lesste med \[s. 9\] \[\_ruku\] (trespade med skoning). Gjødsla vart lagd i \[\_høger\] på snøen og gravbreidd så snart det vart berrt med ruku. Finbreiinga vart gjort med møk\[\_ke\]slo og hest. Greipet kom ca. 1900, vert kjøpt. \[\_Møkkeharv\] kom til bygda for over 30 år sidan, men møkkeslo er ennå i bruk på mange sætrar og kanhende på nokre få garder og. Nå vert gjødsla kjørt ut på vogn eller med slep. Det siste er mest vanlig på sætra. 9: På Buflod har dei så lenge K. B. minnest, buført med same dei slepte og har difor ikkje beitt jordet eller utslåtter om våren. Før hans tid var det van- leg å ta buskapen ned frå sætra medan dei slo jordet, den var då heime 14 dagar - 3 viko. Grunnen er han ikkje viss på. Det kan ha vorte gjort fordi sæterfolket skulle væra med og slå, men det kan og vera gjort fordi dei då hadde mykje folk i huset og trong meir mat enn elles. Når sætra låg omlag 2 mil unnan og sætervegen vart dårleg, vart det då formålstenleg å ta buskapen ned. \[Notat: Rimelegvis var det på denne tida sommerfjøset vert brukt.\] Han kjenner og til at det på stader der sæter- beitet vart dårleg utpå hausten, var vanleg å ta bu- skapen heim då ein 14 dagars tid og lata han beita ut- slåtten. På jordet kunne han ikkje koma, for åkeren var ikkje hausta ennå. Dei flutte så til sætra att 2-3 viker; i denne tida var det ungdomen som styrde der. Dei har ikkje gjort slik på Buflod i K. B.´s tid, m.a. fordi vegen \[s. 10\] var for lang. Dei var då på sætra til sist i september, og etter heimferda gjekk krøtera fritt. Når ein såleis om hausten beitte båe jordet og dei næraste utslåttene, var det ikkje med tanke på gjødsla. Det var heller ikkje noko jordstykke som ikkje vert beitt. 10: Dette systemet gjeld ennå på Buflod. 11: Så snart det vart berrt om våren, vart rukene på jordet raka utover med ei \[\_møkkerive\]. Om riva, sjå Torgal Østby. Dette vart ikkje gjort på utslåttene. 12: Den tida kyrne beitte fritt om hausten, var dei i vinterfjøset om hausten. Etter det K.B. veit, er det ikkje noko sommarfjøs i \[\_bygda\] nå. 13-18. Ukjent. 19: Kve er her i Trysil eit oppdyrka og inngjerdt stykke jord utanfor skigarden. Dei andre orda er ikkje nytta i Trysil. 20: Slåttemarka på sætra var inngjerd og vart kalla \[\_sætervollen\]. Det er gamalt i bygda, men no vert det færre og færre sætrar. Dei gardane som har sætrar, held oppe sætervollen som før. På Buflod-sætra (Tjønnåsen) er sætervollen 56 mål. Dei siste 40-50 åra har dei pløgd der, visse deler om gangen. Dei sår i grønfor og legg att i det, det er såleis oppe bare eit år. Same stykket vert pløgd kvart 4. eller 5. år, gjødsla vert kjørt utover om våren, framgangsmåten er som ved gjødselkjøring på jordet, men det \[s. 11\] som har vore oppe, vert ikkje gjødsla første året etter. 21: Slåtterønningane vart og vert som nemnt gjødsla med oske etter vålene av og til. Elles ikkje anna gjødsel enn naturgjødsel. Nedskrive av Andreas Ropeid 3/6 1953
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste