Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gamal engkultur med tillegg
NEG_12_3985_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_12_3985_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Den gjødsla (dyrka) jorda kalla me eng. Det andre innanfor bøgarden heitte \[\_smågras.\] Utslåtten var samnamn på det som låg utanfor bøgarden. \[\_Ekra\] var eit stykke som hadde vóre åker. Ein bruka nemningane \[\_tjukkeng\] om den beste enga. \[\_Småeng\] var ofte i utkanten av enga. Den vart ofte gjødsla med hestemøk og vart bruka til \[\_øykjahøy\]. Ein skilde millom \[\_tåhøy\] (=enghøy. Ein kunne segja engjahøy og) og småhøy. På Himle er det mest langorvslått. Men etter gamalt var her nokre faste stuttorvslåtter. 2: Rydjinga var når ein var ferdig med vårvinna. Ein raka saman kvist og rusk med riva og la det inntil ei rot, oppå ei røys ell likn. - \[\_Runningsdyngja\] \[\_å rydja\] (uttalen nærmast: å ryggja) Kvisthaugane let ein rotna. Ein grov stundom opp steinar som stakk opp om torva. \[S. 2\] 3: Ein trudde smalemøka tok mosen. Ein kunne bruka høyfrø når ein ville leggja att ein åker. 4: Ein tok stundom opne veiter (fljaoveit) 5: Eng vart gjødsla med vintergjødsel. Utslåttar vart ikkji gjødsla. Sauemøk var god til eng. (sjå 3\] 6: Ein kunne bruka namnet \[?\_tuvdafor.\] 7: Frå mottinga kom \[\_mottingsiget.\] Ein kunne stundom spreida det med små grunne grøfter. Ein rekna at engstyke udanfor åkrane vart gjødsla av siget. 8: Det allermeste av enga vart gjødsla om våren. Ein bruka dei same reid- skapane ved åkragjødsling som ved enggjødsling. Berre horva var ulik. Ein køyrde ut gjødsla om vinteren på \[\_mykjeslede\] \[Figur: Teikning av mykjeslede\] Denne sleden var nokså stor og jarnskodd. Ein leste med \[\_styng.\] Det finst enno att \[\_trestyng\] kring i bygda. Men dei har ikkje vore i bruk siste 60 - 70 åri. \[Figur: Teikning av Styng\] Enno høyrer ein stumdom folk kalla ein greip for styng. Om våren køyrde ein gjødsla frå dei store dungane ein hadde køyrt ut om vinteren, med ein mindre \[\_mykjaslede.\] Han hadde same skap, men var mykje mindre enn vintersleden og hadde tremeiar. Dette arbeidet kalla \[\_ein å randa myk.\] Ein la lassa i render før ein breidde dei. \[\_Smalagar(d)ane\] (d.v.s. smalegjødselen) smuldra \[s. 3\] ein med eit grev. Var det fast og hardt, bruka ein hammaren, og var det brautt og seigt, bruka ein piggen. Ein smuldra denne gjødsela heilt fin, før ein breidde med ei reka av tre. No er det ingen som brukar \[Figur: Teikningar av Trereka\] trereka. Ein har bruka stål-greip og stålspade \[-sidan kring\] lang tid. Men eg hugsar sume bruka trereka kring 1915. Frå gamalt har ein bruka ein \[\_bjørkesloe\] til å smuldra møka med. Ein køyrde sloen over møka. Ein tok til øvst om jordstykket halla. Alle på garden var med og "rakte itte sloa," Ein raka dei klumpane som var att nedover, så dei kom under sloen att neste gong. Det som var att når ein kom til nedste kanten, køyrde ein sloen noken gonger over. Resten køyrde ein på åkeren. No brukar ein gjødselharv (\[*mykjerivla\] Men mange legg ein bjørkesloe ovanpå. Ein bind horva fast til sloen med streng. Ein kallar dette arbeidet \[* å rivla myk\] (Smuldringa.\] Ingen her omkring brukar gjødselspreidar enno. 9: Eng og utslåtter vart før beita haust og vår. Har ikkje høyrt at ein beita for gjødslinga si skuld. - All eng vart beita både haust og vår. 10. Men sidan det kom merkesgardar 10: millom gardane (kring 1915) har det minka med beiting av eng. Ein har meir og meir gått over til kulturbeite. No brukar visst ingen på Bordalen enga til beite. I Reppen er det enno i bruk å sleppa sauene på enga haust og vår. Sume let kyrne også beita på enga. \[s. 4\] 11: Var det ein stad der krøtera bruka liggja, så der vart mykje gødsel, breidde ein det gjerne utover med ei riva. 12: Ein hadde \[vårflor\] med bøgarden. Den bruka ein når kyrne var i marka. På heimebeite vart dei bunden inn i heimefjøset. 13 Kyrne vart alltid sette inn i fjøs over natta. 19: Eit inngjert stykka kallast \[\_eit træe\]. Sume har eit slikt træe ved vårfloren. Det vart då gjødsla med den gjødsla ein fekk der. Sume stader heiter staden der vårfloren er \[\_mjølstødl (-on)\] (Skutlesmjølstødl) 20: Alle stølar på Bordalen har \[\_stølstræ(ed)e\] Det er gamalt. Sume har no slutta med stølstrædet. Men dei fleste held fram med å slå det endå om dei ikkje er på stølen med krøtera lenger. Stølstræet vart alltid godt gjødsla avdi der vart mykje gjødsel på stølen. Ein gjødsla alltid om hausten, og \[\_rivla\] helst med riva om våren når ein kom på stølen. Sume bruka også sloe. Eit par stader har eg sett gjødselharv på stølen.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste