Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gamal engkultur med tillegg
NEG_12_2989_Op_Ringebu
Transkripsjon av filen #NEG_12_2989_Op_Ringebu
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Ja, stort sett. \[\_Ekre\] er åkerland som er vorte til eng. I dag brukt om all kunstig eng. Det hende frå gamalt at \[-slått\] åkerland låg og grodde til og vart slåtteland, ei ekre. Vi kjenner og til at dei frå gamalt sådde høymo – d.v.s. høyfrø frå låvegolvet når dei vilde laga ekre. \[\_Attlego\] er åker som låg og kvilte seg. Han skulle harvast, pløyast eller ardast fleire gonger om somaren, haldast svart og rein for ugras. Attlego var nød- vendig før dei fekk det moderne skiftebruket. \[\_Tjukkeng\] var den gjødsla enga, der det var mykje på, den andre slåtten kallast \[\_hasp\] (m.) og høyet \[\_småfor\] eller \[\_skrapfor\]. Utslåtta vart stundom kalla \[?\_morkefor\]. Her i bygda minnest ikkje folk bruk av anna enn langarv. Noko anna er snautt brukt etter år 1800. 2: Tjukkenga var gjerne rein for tre og buskar. I skrap- slåtten og \[?utslåttam/utslåttom\] vilde dei gjerne ha ein del lauvskog. Ein del av steinen var gjerne rødt bort og i all gamal slåtteng finn ein småe røyser av stein som er rødt saman. 3: Som nemnt i sp.1. var bruk av frø av natureng ikkje ukjent. Nokon planmessig frøavl er ikkje kjent, men da dei slog seint var det alltid frø som var meire eller mindre \[?moje\]. 4: Det var gjort mykje for å gå vatnet bort frå åker og eng, og er ofte like svære og lange grøfter. Vatning var ikkje brukt her i bygda, i allefall svært sjeldan. \[s. 2\] 5: Ja, enkelte engstykker vart gjødsla med vintergjødsel. Heste- gjødsel vart halde for å vera god til eng, men kugjødsel vart og nytta. 6: \[\_Tjukkeng\]. Høyet vart gjerne kalla \[\_tjukkengfor\] 7: Det vart ofte tala om \[?‘’launseget’’\] og at nedanforliggjande engstykker hadde gjødselstrekk frå åkrane. 8: Kumøkk vart helst lagt på enga om hausten, lagt i lassevis, eller spreidt. Låg så slik til om våren. Det var da om å gjera å passe på å smuldre ho før ho tørka. Dei hadde møkkaklubbe dei smuldra lassa med og så køyrde dei sloe, det kunne vera anten \[\_rissloe\] eller \[\_stokksloe\] som dei fin smuldra møkka med og tilsist raka dei gjerne. Framgangsmåtane er tildels brukt enda. \[Figur: teikning av møkkaklubbe\] \[Figur: teiking av stokksloe\] \[Figur: teiking av rissloe\] 9: Ja. All eng vart beita haust og vår, men neppe av omsyn til gjødsla. 10: Nå blir eng berre beita om hausten. Stort sett gjekk det vel av bruk med vårbeiting frå 1900-talet og utover, men her fanst gardar som beita årvist om våren heilt til på 1920-talet. 11: Ja ein gjekk rundt med rive eller ei lett møkkaklubbe og slo sund rukene. 12: Kyrne var alltid inne om natta. Det fanst sumarfjøs sume stader, men det var ikkje almindeleg det folk minnest. 19-20. \[\_Stø\], ei: der krytyra står utanfor fjøset på sætra, med andre ord tunet på sætra. \[\_Kve\], ei, inngjerda slåttemark på sætra. Denne blir alltid gjødsla med somarmøkka etter dyra på sætra. Det er ikkje gått attende med eng- bruket på sætra her. Tverimot.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste